Gå til innhold
Arkivverket

Anna Thomasdotter - døydde barnlaus i Bergen 1783 - einaste erving broren Thomas i Stavanger - var dei kan henda frå Kvelland i Nedstrand?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er dukka opp som ein del av følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/194513-sersjant-og-gardbrukar-christian-hansson-schnell-i-luster-1691-1758-huslyden-hans-i-bergen-og-andre-stader/

 

Christian Dominicusson Schnell, døypt i Luster 25.11.1758, gifte seg nemlig i Krosskyrkja i Bergen 25.5.1783 med ei:

 

Anna Thomasdotter, som døydde på barselseng og vart gravlagd i Bergen alt 16.9.1783, 30 år gamal.  Skiftet hennar frå Bergen, som eg i farten ikkje har framfor meg, fortel oss at Anna var barnlaus og at einaste ervingen hennar var broren Thomas Thomasson i Stavanger.  Og med kjend alder på Anna, er det ikkje so mange alternativi!  Eg tykkjer denne passar svært so godt:

 

** Anna Thomasdotter Qvelland, dotter av Thomas og Kari, døypt i Nedstrand 5.3.1752: https://media.digitalarkivet.no/view/15834/74

 

Det ser nemlig ut til at ho hadde ein bror:

 

** Thomas Thomasson, døypt i Nedstrand 5.8.1747: https://media.digitalarkivet.no/view/15834/48

 

men kanskje er dette berre eit «blindspor»?

 

Finst det ei bygdebok for Nedstrand som kan gje oss eit svar på om dette kan stemma?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har bygdebok for Nedstrand, men den hjelper ikkje her. Folka her er fra Sjernarøy sokn...

Trur Bjergøyna kanskje er i bygdebok for Finnøy, men usikker her...

 

Endret av Åsbjørg Susort
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for kjappe svar på spørsmålet mitt.

 

Utifrå det som du finn i bygdeboki, er det heilt klart at Anna Thomasdotter og Thomas Thomasson IKKJE kan vera søskeni frå Kvelland/Bjerga i Nedstrand (Stjernarøy)..., noko som tyder at me er «back to square #one!»!

 

Men so sleg eg fast noko anna merkeleg:

 

Ser me på FT1801 for Stavanger, finst det INGEN som heiter Thomas Thomasson der i byen.

 

Og ifølgje FamilySearch er ingen Thomas Thomasson korkje vigde eller skrivne som barnefedrar i Stavanger mellom 1750 og 1800!

 

So uttalen om at bror til Anna skulle bu i Stavanger i 1782, held ikkje mål!

 

Kva kan då løysingi vera?  Kanskje er det Stavanger amt det er meint i skiftet frå 1783??

 

FT1801 har overraskande få Thomas Thomasson i Rogaland i det heile, faktisk berre 8 stk.  Av dei er 5 under 20 år, og er det ikkje han som var fødd på Stjernarøy i 1766 som bror av den Anna som er utgongspunktet for denne debatten, ser eg berre EITT anna alternativ, og det er denne i Nedtrand fødd kring 1746!

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058360000371

 

Men han må vel vera identisk med den Thomas Thomasson som eg i innlegg #1 trudde var bror av «vår» Anna!?

 

Ikkje so lett å verta «klok» på dette, men eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det kan nesten stemme.

Ifølge bygdeboka har han ei søster Anna "ikkje nemnd i amtet 1758", men ho skal være døypt 18. febr. 1743

Anna har ei søster Kari som heller ikkje er "nemnd i amtet 1758", men ho har 4 brør som fortsatt lever i 1783.

Tormod 1740 - 1804, Tomas 1747 - 1816, Anders 1750 - etter 1807 bur alle på Strannå  i 1801.

Broren Karl dør i 1792.

Endret av Åsbjørg Susort
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for siste innlegget!

 

 I mellomtidi er det dukka opp ein skanna kopi av skiftekortet etter Anna frå Bergen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/39937/943

 

og som me ser, vert det her òg referert til skiftet etter far hennar, ein Thomas Einerson, og at ho òg hadde ei søster Karen gift i Nordland!  Kanskje vart alderen til Anna oppgjeven 10 år feil ved dødsfallet hennar?

 

Dette børjar då verkeleg å likna på den siste huslyden me drøfta i Nedstrand, eller?  Kanskje dei berre nemnde den eine broren Thomas, og at han møtte på vegne av dei andre?  Heitte far deira Thomas Einerson??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å skaffa fram dei manglande detaljane om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Heitte far deira Thomas Einerson??

 

Gløymde å svare på dette 😊: Nei, han heitte Tomas Tormodsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for nye spennande innlegg!

 

Eg trur du kan vera på sporet etter noko med denne soldaten Thomas Einerson.  Det er nok han som vart gravlagd på St. Jørgen 1.10.1770, 57 år gamal:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=14112&merk=14112#ovre

 

Kanskje finst det òg eit skifte etter mannen?

 

Ifølgje opplysningar eg har frå Knut Bryn, var Thomas Einerson frå Dalaker i Årdal, medan Gjertrud Olsdotter var frå Seimsdalen.  Eg ser at dei i alle fall fekk to born i Årdal før dei flytte til Bergen:

 

* Ole, døypt i Årdal 7.6.1740, gravlagd i Årdal 3.7.1740

 

* Ole, døypt i Årdal 6.8.1741

 

Første barnet i Bergen må vera den dotteri som vart gravlagd på St. Jørgen 5.8.1745, 16 veker gamal:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=9384&merk=9384#ovre

 

So må Gjertrud Olsdotter vera avlidi, rimelegvis gravlagd på St. Jørgen 5.10.1753:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=10887&merk=10887#ovre

 

for 11.8.1754 gifte Thomas seg att i Domkyrkja i Bergen med ei Judith Knutsdotter:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=3106&merk=3106#ovre

 

og dei fekk i alle fall to born i lag:

 

* Ingeborg, døypt i Domkyrkja 11.2.1759: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005886584

 

* Einer, døypt i Domkyrkja 17.7.1763: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005892817

 

Mellom fadrane til Einer ser me Thomas Thomasson, som rimelegvis må vera fødd kring 1743 dersom han er son til Thomas!

 

No har me sjølvsagt den ekstra utfordringi her at fødselslistene for Domkyrkja manglar mellom 1750 og 1758, men eg er vel etter kvart ganske so overtydd om at «vår» Anna må vera fødd der kring 1753.  Kanskje mori døydde i barsel?

 

Men truleg treng me skiftet etter Thomas Einersen for å vera heilt sikre...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å løysa denne kjempegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg finne skiftet etter Thomas Einerson i Bergen, registrert 3.12.1770, og det vart full BINGO!

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24004/431?indexing=

 

Ervingane hans er, forutan enkja Judithe Knutsdotter, fire born, tre av første ekteskap og eitt av det siste:

 

* Thomas, myndig, busett i Stavanger

* Anna, 28 år

* Karen, 25 år

* Einer 9 år

 

Frå før har me at Karen Kirstine vart døypt i Bergen 6.1.1747, og so har me ei dotter utan namn som døydde i august 1745, fødd våren 1745.

 

Sidan sonen Ole var fødd i Årdal i 1741, må Anna vera fødd kring 1743.  Thomas var myndig i 1770 og må då vera fødd FØR 1745, kan henda før foreldri gifte seg?

 

Me finn ikkje dåpen til Anna kring 1743 og heller ikkje til den dotteri som døydde i august 1745, so kan henda budde Thomas og første kona Gjertrud kort ein annan stad etter dei flytte frå Årdal og før dei kom til Bergen?  Kanskje gjorde dei, som eg veit andre utflyttarar frå Årdal gjorde på den tidi, ein mellomstopp i Sogndal der kyrkjebøkene manglar på den tidi?

 

Uansett, bortsett frå at me ikkje har nøyaktig dato og stad for fødsli/dåpen til Anna, er problemet med dette heilt løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette ser absolutt interessant ut, men det er behov for en justering. Det var nemlig to stk. Thomas Einarsen i Årdal på den aktuelle tiden. Den eldste var sønn av Einar Knutsen Dalåker og var født rundt 1696. Den andre var sønn av Einar Thomassen Brekken og født i 1716 (dpt. palmesøndat 5. april). I bygdeboka (Laberg) er begge disse omtalt, men skjebnen er uviss. Nå ser vi imidlertid av  kirkeboka fra Bergen at soldaten Thomas Einarsen som døde der i 1770, var 57 år da han døde. Dette må altså være den yngste av disse to, og han var dermed fra Brekken på Hæreid i Årdal (og for øvrig søskenbarn av min TTT-oldemor Anne Larsdatter, oppr. fra Hestetun).

 

Jeg har gjennomgått de forskjellige oppføringer i kirkeboka for å se om jeg kan ha blandet disse sammen, men heldigvis er de i kirkebøkene fra Årdal (Lærdal) fornuftig nok stort sett ført som Thomas Brekken og Thomas Dalåker. Det var Thomas Einarsen Brekken som var gift med Gjertrud Olsdatter og var far til to stk. Ola født i 1740 og 1741.

 

De neste barna, Thomas og Anna finner jeg ikke dåpen av. Kanskje var de døpt i Sogndal? Kirkeboka derfra mellom 1741 og 1747 har visst ikke overlevd. Men det er sikkert andre muligheter.

 

 

Endret av Knut Bryn
Jeg glemte et "ikke" i siste avsnitt.
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Knut for eit interessant innlegg.

 

Då har me i alle fall riktig far til Anna Thomasdotter, men fødsli eller dåpen hennar er framleis ei utfordring.

 

Faktum er at INGEN Anna Thomasdotter synest vera registrert døypt korkje i Sogn og Fjordane eller i Hordaland/Bergen i perioden 1741-1744 som ikkje er plasserte andre stadar, so då må ho vera døypt ein stad der kyrkjebøker manglar, eller er mangelfulle.  Me veit det manglar barnedåpar i Årdal på den tidi, men gjennom introduksjonen til mori fangar me vel opp dei fleste som manglar der.  So eg helde på Sogndal som den mest sannsynlege fødestaden...

 

Eg tenkte meg òg at alderen hennar ved skiftet kunne vera feil.  Ved dødsfallet vert ho jo oppgjevi med ein ti år yngre alder.  Men so er det slik at konfirmantlistene for Domkyrkja, der denne huslyden budde etter dei flytte til Bergen, manglar fram til 1763, og INGEN av desse borni frå første ekteskaet er konfirmerte der.  Dei må soleis ha vore so gamle at dei var konfirmerte FØR...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Domkyrkja, der denne huslyden budde etter dei flytte til Bergen, manglar fram til 1763, og INGEN av desse borni frå første ekteskaet er konfirmerte der.

Karen Kirstine er konfirmert i 1764, men fant ikke Tomas eller Anna...

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), Konfirmerte 1765, Side 2
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070306660024

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for siste innlegget!

 

Sjølvsagt har du rett, Åsbjørg.  Augi mine lurte meg då eg sat og leitte..  Eg oversåg rett og slett konfirmasjonen til Karen Kirstine.  Hadde protokollane gått eit par år lenger attende, ville me sikkert òg ha finne både Anna og Thomas...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.