Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Skifteaktene i Bergen 1782-1795 - korleis kan eg gå inn og sjå på korti?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg saknar ei rettleiing korleis ein skal gå inn for å sjå på skifteaktene for Bergen 1782-1795.

 

Kan nokon forklara dette for meg?

 

Eg finn til dømes denne referansen: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000000743649

 

Her seier dei at skifteakten skal vera på side 82, men kvar finn eg kjelda for å kunna bla meg fram til rett side??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

9 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Her seier dei at skifteakten skal vera på side 82, men kvar finn eg kjelda for å kunna bla meg fram til rett side??

 

Jeg tror ikke disse er skanna, så dette er kun et register til arkivmateriale som man på lesesalen til Statsarkivet i Bergen for å se.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian og Åsbjørg for interessante svar!

 

Eg las òg denne merknaden om at skifteprotokollane er borte for denne perioden, men eg er NESTEN 100% sikker på at eg har sett skanna sider med innhald frå desse korti, og det her i Brukarforum!  Eg har sogar sett kortet til Anna Thomasdotter, og so mange år sidan er det ikkje.  Eg har ikkje vore på Statsarkivet i Bergen på nesten 20 år!

 

Me hadde jo for ikkje lenge sidan eit liknande tilfelle med sjømannsrullar frå Bergen som ikkje var skanna, og so dukka sidene brått opp i Brukarforum dagen etter...!

 

So eg vonar at skanna kopier likevel finst og er tilgjengelege...

 

Og sjå det, før eg fekk lagt inn svaret er Inge komen med ein skanna kopi.  Hjarteleg takk, Inge, men kvar fann du den?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inge for siste avklarande innlegg!

 

Der er skiftekorti godt «gøymt», men no har eg merka meg «linken» og sett bokmerke!

 

Problemet er soleis løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Der er skiftekorti godt «gøymt», men no har eg merka meg «linken» og sett bokmerke!

 

Fint at dette ble avklart. Selve skifteaktene er altså ikke skanna, men de er oppsummert på disse skiftekortene.

 

Skiftekortene er ikke vanskelige å finne. Du finner dem med et av følgende søk:

 

Dette er standad kildesøk som ikke forutsetter kunnskap om arkivenes ordning, men du må vite hva du skal ha (skiftemateriale), for hvilken 1947-kommune (Bergen) og for hvilket tidsrom (1782-1796). Skiftemateriale fra Nordhordland sorenskriveri kommer med i treffene, fordi Nordhordhordland sorenskriveri i sin tid omfattet områder (Årstad) som pr. 1947 tilhørte Bergen kommune.

 

Hvis man er kjent med inndeling i arkiver, kan man utføre Inge Nygårds søk (arkiv = Byfogd og byskriver i Bergen) og eventuelt avgrense med tidsrom 1782-1796: https://media.digitalarkivet.no/sk/browse?archives[]=no-a1450-07000000001090&start_year=1782&end_year=1796&text=

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

En rask måte for å få oversikt over skannede skiftekort, er å gå til skannet skiftemateriale:

https://media.digitalarkivet.no/sk/browse  - og så bare velge kildetype 'Skiftekort'.

 

Da kommer det tydelig frem at det er svært få skiftekort som er skannet fra Statsarkivet i Bergen ... og forholdsvis mange fra Statsarkivene i Trondheim, Hamar og Kongsberg.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kristian og Elin for nye presiseringar om desse skiftekorti.

 

Du Elin nemner dette med at helst få skiftekort frå Statsarkivet i Bergen er skanna, men det heng vel saman med at der ikkje finst so mange å skanna?  Eg hugsar frå den tidi då eg tok til med ættegransking, so var det i farsætti mi frå Sogn, og eg kjente ikkje til anna enn å bla i dei store skifteprotokollane til eg ein gong vitja Statsarkivet i Kirkegata i Oslo for å arbeida med morsslekti mi frå Ringerike,  Der vart eg brått konfrontert med dei sokalla skiftekorti, og dei var jo sjølvsagt mykje enklare å jobba med!

 

Kvifor skifteprotokollane i dei ulike distrikti har vore «handsama» so ulikt, har eg ingen forklaring på, men var det ikkje slik at utarbeidingi av desse skiftekorti i si tid vart gjort på dugnad av slektsinteresserte pensjonistar?

 

Vel, me lyt vel etter kvart forventa at alle originalskifte frå heile landet snart vert tilgjengelege, d.v.s. at me får digitaliserte REGISTER til skifteprotokollane for å unngå timevis med blaing og leiting, utan å vita om det i det heile finst eit skifte...

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg reknar med at Digitalarkivet har avgrensa med ressursar, slik at registera må lagast på dugnad av slektsinteresserte. Men ein kan jo drøyme om korleis det hadde vore å finne fram dersom alle namn og roller i kvart einaste skifte (og altså ikkje berre "hovudpersonen") var transkriberte i slike register. Då trur eg at ein ville få teikna opp mange slektsforhold som ein elles aldri ville ha funne, anna enn når ein kjem over relevante skifte ved reine tilfeldigheiter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Eg reknar med at Digitalarkivet har avgrensa med ressursar, slik at registera må lagast på dugnad av slektsinteresserte. Men ein kan jo drøyme om korleis det hadde vore å finne fram dersom alle namn og roller i kvart einaste skifte (og altså ikkje berre "hovudpersonen") var transkriberte i slike register. Då trur eg at ein ville få teikna opp mange slektsforhold som ein elles aldri ville ha funne, anna enn når ein kjem over relevante skifte ved reine tilfeldigheiter.

 

Arkivverket har ikke ressurser til å utarbeide slike registre; det er riktig. Men detaljerte registre til skifter vil selvsagt være svært nyttige, ikke minst i tilfeller hvor arvinger har flyttet langt, slik at det er vanskelig å spore opphavet deres ved bruk av kildemateriale fra deres nye hjemsted.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når arvingane er utgangspunktet og ein ikkje veit kvar ein skal leite etter potensielle skifte (kyrkjebøker manglar) kan det vere utfordrande nok å leite innanfor eit lite område. Av og til kjem ein over skifte etter barnlause, og kan dermed finne folk langt ute i slekta og samanhengar som ikkje er nemnt verken i bygdebøker eller andre stader. Når ein prøver å gå andre vegen er slike skifte ofte umogeleg å finne anna enn ved reine tilfeldigheiter så snart folk har flytta til ein annan gard.

 

Eit eksempel på eit skifte frå Sunnfjord som eg kom over ved reine tilfeldigheiter har eg teke for meg her:

https://www.geni.com/people/Mari-Boge/6000000077438832151

Skiftet nemner 12 syskenborn.

 

Nokre samanhengar i skiftet er kurante. Andre stader manglar eg så mykje informasjon at eg berre kan leggje inn forfedrar eller formødre som NN, ein veit ikkje noko meir om dei enn at dei må ha vore der for at treet skal henge saman. Og enkelte av syskenborna får eg ikkje til anna enn at dei er familie, men ikkje i slekt. Er det då feil i skiftet, eller er det eg som rotar? Når det gjeld Sunnfjord har ein skifteregister som inneheld "hovudpersonane", men ikkje arvingar, formyndarar osv. Om det finst fleire skifte enn dei eg alt har funne som kunne ha kasta lys over dei usikre samanhengane, og som kunne ha gitt namn på dei namnlause personane får ein kanskje aldri vite, så lenge ein ikkje veit kva  gardar eller namn ein skal leite på.

 

Kyrkjebøkene for Fjaler byrjar ikkje før i 1755, og er mangelfulle og inneheld få opplysningar fram til rundt 1820. Kyrkjebøkene fram til 1821 er dataregistrerte, og finst i samledatabasane frå Sogn og Fjordane i "gamle" Digitalarkivet. (Berre 1800-1815 er registrert på nytt i "nye" Digitalarkivet). Når "gamle" Digitalarkivet vert slått av for godt mistar ein dermed eit viktig hjelpemiddel til å finne fram i "kråketærne" i dei kronologiske kyrkjebokslistene. 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.