Gå til innhold
Arkivverket
Anne Marie Bøtun Øyri

Jordskifte i 1907, er det digitalisert?

Recommended Posts

Anne Marie Bøtun Øyri

Ei utskiftningssak i 1907 over innmark på garden Hov i Fresvik, dåverande Leikanger herad, no Vik kommune. Eg har funne kart på digitalarkivet, men er også dokumenta til jordskiftet digitaliserte? Viss ikkje, kvar kan eg få tak i dei?

Det same gjeld ei utskiftning for  garden Hatlelid bruksnr 47 i 1902,  Flethe i 1907 og  Breilid same året.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
AnitaRiise (Statsarkivet Bergen)

Sjølve utskiftingsforretninga vil verte tinglyst og dermed kan du finne den igjen i det tinglyste eigedomsmaterialet i pantebøkene som er lagt ut pånett t.o.m. 1950. I tillegg kan det vere at statsarkiva har sjølve jordskiftemappa. For så tidlege saker som du viser til er det som regel ikkje stort meir enn boniteringslister i desse.

 

For å finne utskiftingsforretningane slår du først opp i grunnboksbladet på eigedommen det gjeld og der får du referanse til kvar i pantebøkene du finn forretninga:

 

MANUELL/GAMAL GRUNNBOK (REGISTER)

Dette er eit register over kva som er tinglyst på den enkelte eigedom og er oppdatert til ca 1991. Du gjer oppslag i registeret via lenka under:

https://media.digitalarkivet.no/self-service/grbb

Øvst på grunnboksbladet ser du om eigedommen har høyrt til i ei anna kommune tidlegare. På høgre side ser du referansen til kvar du skal finne det enkelte dokument.(For eksempel 14-182 betyr i protokoll 14 på side 182).

FINNE DOKUMENT FØR 1936

Bruk lenka nedanfor og skriv inn kommune og årstal og trykk søk. Då får du opp oversikt over protokollar som kan innehalde det aktuelle dokumentet. Vel protokoll og bla fram til riktig side. Ofte er det ført inn fleire dokument på kvar side i panteboka. Då må ein gjerne bruke gardsnamn eller gardsnummer for å identifisere dokumentet:

https://media.digitalarkivet.no/tl/pbok/browse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.