Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Lasseson «Lewis» - fødd i Luster 1842 - landspekulant og svindlar i Webster/Humboldt Co., IA - flykta på 1890-talet til Oklahoma og Texas - lagnaden til han og borni hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg ønskjer i dag å presentera ei sak som eg rett nok har hatt liggjande i over 40 år, men som eg ikkje kan hugsa har vore oppe til drøfting her før!

 

Ole Lasseson (Rønnei) alias Ole Lewis utvandra 15 år gamal i 1857 med foreldri sine frå Luster til Dekorra township, Columbia Co., WI og budde der til han først på 1870-talet slo seg ned som farmar i Webster Co., IA  Alt før han flytte til Iowa dreiv Ole i lag med den eldre broren Christopher Lewis (1835-1887) med kjøp og sal av eigedomar der dei budde i Wisconsin.  Dette heldt dei fram med i Iowa, men Christopher vart sjuk og flytte i 1877 inn på ein lokal sjukeheim.  Ole derimot heldt fram inntil han ein gong tidleg på 1880-talet greidde å selja same farmen TO gongar, først til mori Unni «Julia» Lewis for ein dollar og so til svogaren Ole S. Tang for noko meir!  Dette vart det sak av, og kring 1886 tok han med seg søsteri Martha Lewis og rømte til Guthrie, Oklahoma.  Men då sheriff'en reiste dit for å henta han attende til Iowa, var han rømt på ny.  Siste kjende adresse frå 1891 var Austin, Travis Co., Texas!  Saki kom opp til handsaming i Humboldt Co., IA, og i 1982 sat eg ein heil ettermiddag i kjellaren på Humboldt County Courthouse og las meg igjennom store mengder saksdokument der desse opplysningane kom fram!  Det var altfor mykje papir til at eg kunne kopiera alt saman...!

 

Kva eg sidan fann ut, er at han og kona Anna skilde lag kring 1885, og kona og dei fem borni deira, som då framleis levde, flytte til skyldfolk av mori (Luraas) i Stoughton, WI, men eg har aldri greidd å få noko skikkeleg oversyn over lagnadane deira, bortsett ifrå at då eldste sonen James Lemark Lewis døydde i Chicago, IL i 1940, var den næraste slektningen hans ei moster som budde i Stoughton, WI.  Dette tyder på at dei andre søskeni alle var avlidne utan å etterlata seg born...!?

 

No vonar eg det skal vera mogeleg å komma litt vidare med denne biografien og ber om hjelp i dette fantastiske Brukarforum!  Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Lasseson {Rønnei}, f. {i Luster} 5.11.1842,

Ole Lewis utvandra til Amerika med foreldri sine i 1857 og gifte seg i Polk Co., Ia. 31.3.1871 med Anna J. Nelson, f. i Dane Co., Wis. 27.4.1852.  Ole Lewis farma først ei tid i Dekorra township, Columbia Co., Wis., men då han gifte seg, flytte han og Anna til ein farm i Badger township, Webster Co., Ia.  Dei skal òg ha butt i Wahkonsa, Webster Co., Ia., men Ole og Anna skilde lag i 1885, og Anna flytte attende til Stoughton, Dane Co., Wis. der ho d. 27.9.1898.  Ole vart borte på same tidi, men flytte tydeleg kring 1886 med søsteri Martha til Guthrie, Logan Co., Okla. og kring 1890 vidare til Austin, Travis Co., Tx., men etter 1891 høyrer me ikkje noko meir til Ole, og den seinare lagnaden hans er førebels ukjend.

 

##### (what became of him after 1891?)

 

Ole og Anna fekk seks born i lag:

a. James Lemark, kjend som Lemark Lewis, f. i Webster Co., Ia. 19.10.1871, d. i Chicago, Ill. 29.9.1940. 

 

     ##### (closest survivor an aunt (Luraas) in Stoughton, WI)

 

b. Ole Benjamin Lewis, f. i Webster Co., Ia. ?.1.1873, d. visstnok i Webster Co., Ia. kring 1878.

 

     ##### (exact date of his death? – ony child buried at Badger, Webster Co., IA!?)

 

c. Adolf Herman, kjend som Herman Lewis, f. i Webster Co., Ia. 16.2.1875,

 

     ##### (confirmed Stoughton, WI 1889 - d. prior to 1896?)

 

d. Daisy Alvina Lewis, f. i Webster Co., Ia. 21.1.1877,

 

     ##### (1900 and 1910: single servant Stoughton, Dane Co., WI! – died prior to 1940!)

 

e. Amalia Julietta, kjend som Millie Lewis, f. i Webster Co., Ia. 20.5.1878, d. i Stoughton, Wis. 20.6.1894.

f. Jesse Benjamin, kjend som Ben Lewis, f. i Webster Co., Ia. 2.11.1882,

 

                  ##### (was confirmed in Stoughton, WI 1897 – died before 1940! – destiny?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vil tru det må ha vore litt skriveriar om denne saki som Ole Lewis var innblanda i på 1880-talet, og kanskje finst det òg etterlysningsannonsar frå Oklahoma eller Texas?

 

Det hadde vore kjempebra å kunna komplettera denne biografen, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

The Evening Tribune (Lawrence, Kansas) 12 Sep 1889, Thursday, Page 1

The Evening Tribune (Lawrence, Kansas) 12 Sep 1889, Thursday, Page 1.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

The Evening Journal (Wichita, Kansas) 11 Sep 1889, Wednesday, Page 1

The Evening Journal (Wichita, Kansas) 11 Sep 1889, Wednesday, Page 1.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

The Guthrie Daily Leader (Guthrie, Oklahoma) 04 Feb 1909, Thursday, Page 7

The Guthrie Daily Leader (Guthrie, Oklahoma) 04 Feb 1909, Thursday, Page 7.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Egil for heilt fantastiske og overraskande funn!  Eg er meir enn imponert!

 

Dette har verkeleg utvikla seg til ei heller «makaber» soge!  Kva eg forstod av papiri i Humboldt Co., IA, var at Ole hadde «stikke av» til Guthrie, OK for å unngå straffeforfølgjing, men eg fann aldri ut kva som skjedde i Oklahoma!  Eg trudde mori døydde i Iowa.

 

Elles fekk eg for fleire år sidan vedlagte avisutklipp tilsend frå Iowa, og det er ikkje umogeleg at det var denne saki som var grunnlaget for ettermiddagen som eg sat i kjellaren på Humboldt County courthouse i 1982 for å studera...

 

Med litt fleire «haldepunkt» vil eg no freista kontakta styresmaktene i Logan Co., OK for å høyra om dei kan ha fleire detaljar om dette.  Etterlysingi frå 1909 var jo noko underleg...  Kanskje hadde Ole Lewis etterlete «herrelaus» eigedom i Logan County, OK, eller ein bankkonto i den lokale banken?

 

Eg kan forresten leggja til at søsteri Inger Lewis, som òg vert nemnd i dette avisoppslaget, var fødd i Luster 8.6.1851.  Ho levde altso i 1896, men eg har notert meg ein stad at søstrene Anna (Mrs. Ole) Tang og Ragnhild (Mrs. John) Jutland i 1896 ikkje visst KVAR Inger oppheldt seg.  Ho er forresten i 1860 referert til som  Agnes Lewis: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9G3F

Kanskje vil ho òg dukka opp ein eller annan stad...?

 

Av borni etter Ole Lewis levde i 1896 berre dei tre, Lemark, Daisy og Jesse Benjamin.  Den siste ser eg ikkje noko til nokon stad etter han vart konfirmert i Stoughton, WI i 1897.  Lemark hamna i Chicago, IL, medan Daisy Lewis siste gongen er nemnd i FT1910 i Stoughton, WI som busett hjå ein fetter, «department store milliner»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYX-RCX

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera biografien om denne utfordrande huslyden!

 1225240013_HumboldtCo.IA1895.thumb.jpg.2822389b555c2094ef8cd8d92daa0d7f.jpg

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Egil, eg har studert denne annonsa frå 1909 litt nærare og ser at annonsa er underskrivi av ein B.(?) J. L. i Waco, TX «care of general delivery».

 

Kunne det vera yngste sonen Benjamin Jesse Lewis som var i Texas for å leita etter far sin?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppklaring av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
47 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Egil, eg har studert denne annonsa frå 1909 litt nærare og ser at annonsa er underskrivi av ein B.(?) J. L. i Waco, TX «care of general delivery».

 

Kunne det vera yngste sonen Benjamin Jesse Lewis som var i Texas for å leita etter far sin?

 

Det er jo fullt mulig - skal se om jeg kan finne noe i aviser senere 😉

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Eg kan berre vona at leitingi gjev resultat, men eg forstår at det ikkje vert so heilt enkelt...

 

Eg hadde i dag ein telefon til eit lokalt museum som dekker Guthrie, OK, og eg snakka med ein person som fatta stor interesse for saki.  Me får sjå kva som kjem ut av det...  Det lokale eigedomsregisteret i Logan Co., OK har ikkje noko register, so dei vil ha store vanskar med å finna ut nøyaktoig kvar denne «claimen» til Ole Lewis kan ha vore...

 

Eg hadde òg ein telefon i dag til det statlege folkeregisteret i Oklahoma.  Dei kunne (som venta) ikkje hjelpa meg med konkrete opplysningar, men dei gjorde meg merksam på at dødsfallsregisteret for Oklahoma ligg på nettet, om enn med ein «vanskeleg» søkjeprosedyre:

 

https://ok2explore.health.ok.gov/

 

Eg freista søkja etter Martha «Marty» Lewis som skulle vera avlidi i Cleveland Co., OK etter 1920, men fann ho ikkje...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
9 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg freista søkja etter Martha «Marty» Lewis som skulle vera avlidi i Cleveland Co., OK etter 1920, men fann ho ikkje...

 

?

Last Name First Name Middle Name Gender Death County Death Month Death Day Death Year
LEWIS MARY M F Cleveland 3 27 1922

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste meldingi!

 

No vart eg veldig i stuss.  Martha er kalla Martha Lewis i alle dei tre teljingane, 1900, 1910 og 1920, men den einaste Mary Lewis eg finn i Cleveland Co., OK i 1920, er eit barn med namn Mary Ellen Lewis på 3 år.  «Logisk» sett kan Mary M. Lewis frå 1922 godt vera «vår» Martha, men det er vel berre ein måte å finna det ut på...., å tinge ein kopi.

 

Eg får «tyggja» litt på denne og sjå kva eg gjer vidare...  Berre nær slekt kan tinga og få ut sjukeaktar frå dette sjukehuset i Oklahoma...  Alt i aftes sende eg ei melding til ein etterkomar etter søsteri Anna Lewis Tang i California.  Kanskje han kan tinga denne saki...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
44 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Eg kan berre vona at leitingi gjev resultat, men eg forstår at det ikkje vert so heilt enkelt...

 

Lite å finne foreløpig, men gir ikke opp......🧐

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Ole Lewis har vel kanskje endret navn ettersom han var på "rømmen"? Da blir det vanskelig....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for dei siste kommentarane.

 

Eg har òg vore inne på same tanke som deg, men eg har òg spekulert på om Ole kanskje rømte vidare til Mexico...?  Det vert uansett ikkje noko anna enn reine spekulasjonar...

 

Elles ser eg at Waco, TX, der vedkommande som i 1909 etterlyste Ole, heldt til, ikkje er meir enn vel 100 miles frå Austin...  Kanskje hadde dei eintydig prov på at Ole kan ha vore der?  Waco, TX har eit stort innslag av norske emigrantar!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
Skrevet (endret)

Legger ut fler i morgen Lars (eller senere i dag 😏)

 

BJ Lewis.jpg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for hjelpi med å leggja ut ymse artiklar som eg i kveld har motteke frå Amerika om Ole Lewis og huslyden hans!

 

Særleg spennande var kanskje denne som Egil nettopp har lagt ut og som gjorde at eg no fann Ben J. Lewis i FT1910 for Monte Vista i Rio Grande Co., CO.  Det syner seg at han då hadde vore gift i tre år med ei skodespelar F. Virginia ...., fødd i NY av svensk far kring 1889:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNT-QTN

 

Då kan jakti halda fram...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til oppsporing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Og her fann eg vigsli til Benjamin Lewis i Chicago, IL 16.12.1907 med Virginia Anderson:

 

Name Benjamin Lewis
Age 25
Birth Year (Estimated) 1882
Birth Date 1882
Spouse's Name Virginia Anderson
Spouse's Age 18
Spouse's Birth Year (Estimated) 1889
Spouse's Birth Date 1889
License Type Marriage
Event Date 16 Dec 1907
Event Place Chicago, Cook, Illinois

 

Då er me eitt steg vidare, men kven var Virginia og kvar vart dei av etter 1910?

 

Kanskje er dette gravferdi hans i Fairmount cemetery, Denver, CO:

 

https://www.findagrave.com/memorial/123468102

 

I so fall kan dette vera gravferdi til kona Virginia med gravferd same stad:

 

https://www.findagrave.com/memorial/123516872

 

Kanskje kan OBITUARIES finnast?

 

Eller kanskje er dette dødsfallet hans i Monte Vista, CO (der han budde i 1910) men med feil forbokstav?

 

https://billiongraves.com/grave/person/26478209#/

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
Skrevet (endret)
15 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Kanskje er dette gravferdi hans i Fairmount cemetery, Denver, CO:

 

https://www.findagrave.com/memorial/123468102

 

I so fall kan dette vera gravferdi til kona Virginia med gravferd same stad:

 

https://www.findagrave.com/memorial/123516872

 

Kanskje kan OBITUARIES finnast?

 

Lite informasjon dessverre.....

 

Denver Rocky Mountain News Saturday, Oct 26, 1912 Denver, CO Page 5

Denver Rocky Mountain News Saturday, Oct 26, 1912 Denver, CO Page 5.png

 

Denver Post Sunday, Jun 21, 1914 Denver, CO Page 24

Denver Post Sunday, Jun 21, 1914 Denver, CO Page 24.png

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk for Egil for siste meldingi!

 

Eg er vel ganske so overtydd om at dette må vera «våre» folk.  Eg har freista å komma inn på Denver, CO city directories, men kjem ikkje igjennom...  Eg lyt freista att i morgon...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har no studert city directories for Denver, CO og finn i 1911 ein Benjamin J. Lewis busett på 1115 Columbine i Denver med yrke «service observer Phone Co.»

 

https://www.ancestry.com/interactive/2469/14404999?pid=897392371&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D897392371%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9539%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9539&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Det er einaste året han er nemnd.  Kanskje flytte Benjamin og Virginia til Denver, CO for at Benjamin skulle finna seg ein ny jobb?

 

Elles er det no berre søsteri Daisy me saknar av borni til Ole Lewis.  Kvar kan det ha vorte av ho?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
Skrevet (endret)

Hei Lars!

 

Jeg valgte å redigere fila du sendte slik at du har hver artikkel for seg. De er sendt til deg på e-post. Da kan du selv velge hvilke du vil legge ut på forumet 😊

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Egil for redigeringsjobben!

 

Ikkje alle artiklane er like spennande, men her er i alle fall nokre av dei.  Mellom anna får me vita at det var etter det endelege skilsmålet frå kona i februar 1889 at Ole «stakk av» til Oklahoma.  Elles finn me ein ny omtale av kva som skjedde då mori døydde hausten same året...

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!1680629735_OleLewisNewspaperMentions_3.png.7aab40cbcee17c0c20f4ae334f3e7245.png1136000971_OleLewisNewspaperMentions_4.jpeg.fd6be526d4566cbfd70a1f7d6446a81f.jpeg131468000_OleLewisNewspaperMentions_10.jpeg.39c4cead538e82c5cf6299bd0e1dcac3.jpeg1673251221_OleLewisNewspaperMentions_11.jpeg.d984080351d3fd0bc703efeacb06d6e1.jpeg1005655800_OleLewisNewspaperMentions_12.jpeg.16df92bdd33b285c641284f9fd9ca0fe.jpeg1486079835_OleLewisNewspaperMentions_13.jpeg.811ada36831b864c6b95c8fbeee0c22a.jpeg

Ole Lewis Newspaper Mentions_14.jpeg

Ole Lewis Newspaper Mentions_15.jpeg

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein telefon i dag til Fairmount cemetery i Denver, CO var utan nemneverdig resultat!  Virginia og Benjamin Lewis ligg i to separate gravar langt ifrå kvarandre, men det som kan leggjast til, var at Virginia vart gravlagd ilag med eit dødfødt barn!

 

Lenger kjem me truleg ikkje der, med mindre opphavet til Virginia, og slekti hennar, kan finnast?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kompkettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Kan dette være Virginia Anderson?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:2WZX-N6J

 

Florence Virginia Anderson

New York, New York City Births, 1846-1909
Name: Florence Virginia Anderson
Event Type: Birth
Event Date: 20 Jan 1889
Event Place: Brooklyn, Kings, New York, United States
Gender: Female
Race: White
Father's Name: Walfred Anderson
Father's Birthplace: Sweden
Father's Age: 25
Mother's Name: Hulda Amanda Nelson
Mother's Birthplace: U.S.
Mother's Age: 23

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for nye og skikkeleg spennande innlegg!

 

Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at du har finne den rette Virginia!  Og eit lite søk etter foreldri hennar har ogso avslørt at far hennar var sakførar og døydde i Massachusetts alt 20.8.1896; han tok livet sitt med eit pistolskòt:

 

https://www.ancestry.com/interactive/2101/41262_b139427-00353?pid=4475945&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2101%26h%3D4475945%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx9664%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx9664&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Dette er vel kanskje omskrive i aviser frå den tidi?

 

Kvar var so Virginia i 1900?

 

Ein ny kjempetakkl for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.