Gå til innhold
Arkivverket

Petter Svendson «Peter Swenson» frå Fjell i Nes, Hedmark, fødd 1845 - til Amerika - opphavet hans samt lagnaden til han og borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Du må ikkje ta meg heilt seriøst Lars - det kan henda eg fekk solstikk i går.

Men dette er den einaste Petter Svendsen i Amerika som eg har høyrt om og her er alt eg veit :

 

Han var fra en by ved kysten

Petter Svendsen hette han

og som ungdom fikk han lysten

på eventyrets land.

Han til USA bega seg

for å lete efter gul(d)

han lot aldri høre fra seg

enda lykken var ham huld.

Han fant opp et vaskepulver gitt

og kalte det for Akvavitt

og på det ble Petter millionær

uten møye og besvær..

(......)

Ukjent forfattar.

 

Tilgi meg - eg berre måtte.

  • Haha 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg har no motteke skifteopplysningar frå Minnesota etter Peter Swenson, og dette syner følgjande ervingar:

 

Martha Swenson – Widow
Sam Swenson– Son
Palmer Swenson – Son
Arthur Swenson – Son
Maria Hawley – Daughter
Petra Halvorson – Daughter
Alma Barrett – Granddaughter
Myrtle Nelson – Granddaughter
Selmer Nelson – Grandson
Morris Nelson – Grandson
Helen Nelson - Granddaughter
Lucile Nelson – Grandaughter

 

Eg har på eigi hand finne ut av Petra Halvorson og av Sena Nelson, som var mor til alle dei seks barneborni som er nemnde, men eg har vanskar med:

 

Maria HAWLEY (Martha Marie f. Swenson, fødd i Fillmore Co., MN 23.5.1872)

 

Kanskje nokon kan hjelpa meg?

 

Eg er ganske so sikker på at det må vera denne jenta frå FT1900 for Minneapolis, Hennepin Co., MN - då gift med jarnbanearbeidar Willard F. Hawley:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6S83-CJ2

 

men eg finn ikkje noki vigsle for dei to, og heller ikkje ser eg noko meir til denne Willard.  Derimot trur eg ganske sikkert dette må vera dødsfallet til Marie Hawley i Minneapolis, MN i 1933:

 

Name Marie Hawley
Event Type Death
Event Date 08 Jul 1933
Event Place Hennepin, Minnesota
Record Number 648072
Certificate Number 004956
Certificate Year 1933
File Name 004956
Affiliate Batch Identifier NF306DO

 

Og her er gravi hennar på Lakewood cemetery: https://www.findagrave.com/memorial/135064127

 

No er det at eg lurer på:  Er det nokon som greier finna ein OBITUARY etter Marie eller andre opplysningar om mann hennar og lagnadane deira?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no motteke ein kopi av dødsattesten for Marie Hawley frå Minneapolis, MN frå 1933, men som me ser, var dette eit «blindskot»; namn, alder og bustad synest høva svært so bra, men ikkje resten!

 

So då lyt me attende til Marie og Willard Hawley frå FT1900 og spekulera vidare på kvar dei gjorde av seg.  Me veit at Marie levde i 1915, men kvar kan ho vera??

 

Eg skal freista få litt fleire opplysningar ut frå Amerika, men om nokon ser kvar Martha Marie Swenson Hawley kan ha gjort av seg, so ville eg setja svært stor pris på å få høyra om det!

 

Ein  ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Marie Hawley death.JPG

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er Martha Marie og mannen i census 1910 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MLYP-MT8 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MLYP-MTZ

 

May Hawley

United States Census, 1910
Name: May Hawley
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Portland Ward 9, Multnomah, Oregon, United States
Gender: Female
Age: 39
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): White
Relationship to Head of Household: Wife
Relationship to Head of Household (Original): Wife
Birth Year (Estimated): 1871
Birthplace: Minnesota
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Sheet Letter: A
Sheet Number: 21

 

Millard Hawley

United States Census, 1910
Name: Millard Hawley
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Portland Ward 9, Multnomah, Oregon, United States
Gender: Male
Age: 39
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): White
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household (Original): Head
Birth Year (Estimated): 1871
Birthplace: Minnesota
Father's Birthplace: New York
Mother's Birthplace: New York
Sheet Letter: A
Sheet Number: 21
Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

??

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:V4CZ-KS3

 

May Hawley

Minnesota Death Index, 1908-2002

 

Typed or Handwritten: H
Name: May Hawley
Event Type: Death
Event Date: 31 Dec 1915
Event Place: Hennepin, Minnesota
Record Number: 182313
Certificate Number: 020693
Certificate Year: 1915
File Name: 020693
Affiliate Batch Identifier: NN061DO
Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for skikkeleg spennande innlegg!

 

Eg ser jo no at eg har mistolka førenamnet til mann hennar Marie som Willard, medan han verkeleg heitte Millard F. Hawley.  Dei flytte altso frå Minneapolis, MN til Portland, OR ein gong mellom 1905 og 1910 og dreiv der «appartment house» til May, etter han døydde i 1914, etter kvart tok til som møbelhandlar...

 

Men merkeleg er det at det ikkje er registrert noko dødsfall for Millard Hawley i Oregon for 1914 eller dei kringliggjande åri, og det kan sjå ut som om ogso May forlet Oregon etter 1918, for ikkje er ho registrert avlidi der, og ikkje finn me ho i FT1920...  Kan ho vera attgift??

 

Ein merkeleg huslyd dette, men me er no i alle fall komne eit steg vidare...!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fant disse avisutklippene om Millard Hawley:

 

The Sunday Oregonian., December 06, 1914

1167068925_Skjermbilde2018-06-07kl_18_21_14.png.03e01b2ec4c8377c6d2a70e88bd84afe.png

 

The Sunday Oregonian., December 20, 1914

930982023_Skjermbilde2018-06-07kl_18_22_12.png.eb38469af53847b63a8cce1f5dcfe11e.png

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit kjempemessig innlegg!

 

Dette dødsfallet er IKKJE registrert i det statlege dødsfallsregisteret for Oregon.  Eg har tidlegare opplevd det same med andre dødsfall som òg skal ha finne stad i Oregon, so det tek eg ikkje so høgtideleg.  Derimot er det òg høgst besynderleg at det ikkje er registrert noki vigsle for Millard Hawley med Martha Marie «May» Swenson i Hudson, St. Croix Co., WI i perioden mellom 1892 og 1900, sjølv om obituarien seier at dei gifte seg der i 1897!

 

Det går jo fram av FT1910 at dei hadde vore gifte i 12 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVJ-T9R

 

Eg har forresten i kveld òg motteke ein obituary for Sam P. Swenson som døydde 12.1.1936 (sjå vedlegg).  Dette nemner mellom anna at han vart etterlevd av EI ikkje namngjevi søster, men denne søsteri må ha vore Petra Emilia, som døydde i Los Angeles, CA i 1968!  Dette tyder altso at Martha Marie «May» Swenson Hawley må vera avlidi FØR 1936!

 

Obituarien for Millard var svært omfattande med omsyn til søskeni hans, og utifrå denne har eg no finne huslyden i FT1880 for Wright Co., MN med Hawley stava Holly og sonen Millard kalla Willard(!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB4-WHD

 

Men i FT1875 er dei i Minneapolis, Hennepin Co., MN, og her heiter sonen Millard: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-653S-Q49

 

Dei er komne til Minneapolis, MN før 1870, men her er sonen Millard enno ikkje fødd: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6QKQ-QBJ

Her er nemnd ein Seward Hawley på 6 månadar (i juni 1870), men denne Seward må vera avliden.  Soleis kan me trygt seia at «vår» Millard må vera fødd i juli 1871(og ikkje i juli 1869, som FT1900 hevda...)!

 

Her er vigsli til foreldri Walter G. Holly og Naoma Markham i Grand Traverse Co., MI 11.7.1858: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939J-42KM-5

 

Men desse opplysningane hjelper oss diverre ikkje i «kjernespørsmåli»:

 

** Dato og stad for vigsli til Millard F. Hawley/Holly og Martha Marie «May» Swenson?

 

** Lagnaden til Martha Marie «May» Hawley etter 1918?

 

Ancestry.com syner forresten at ei Marie Hawley gifte seg i Multnomah Co., OR 22.11.1919, men brudgomen er ikkje oppgjeven!  Kan dette vera «vår» May?  Kanskje er denne vigsli nemnd i ei lokal avis??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

TXT.rtf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for interessante opplysningar og for «linken» til avisene frå Oregon!

 

Då var det altso Hal Billings denne Marie Hawley gifte seg med, men eg har no sjekka FT1920 og FT1930 og oppdaga ganske so kjapt at dette var eit «blindskòt».  Dersom May gifte seg att, var det i alle fall IKKJE med Hal Billings.

 

Eit søk på May Hawley i avisbasen gjev over 300 «treff», so der lyt ein ha tålmot om ein skal bla igjennom alle dei...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra avisen Morning Oregonian., May 15, 1916, Page 11, Image 11

 

Kan May Hawley ha flyttet til østover til Minnesota, siden hun hadde slektninger der?

mhaw.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye interessante innlegg!

 

Eg ser ikkje bort ifrå at du har finne dødsfallet til «vår» May Hawley i 1929, men når eg leiter etter ein obituary i avisbasen til Lars W., ser det ut til at basen ikkje går langt nok fram i tid...?

 

Diverre er dødsattestane frå Oregon ikkje tilgjengelege online, berre dødsregisteret, so der er me avhengige av at ein eller annan kan vitja the Oregon state Historical Society for ein «look-up»...  Eg trur diverre ikkje det er store hjelpen å få der via telefon...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det MÅ bare være rett Martha Mary.

Her refereres det til svigersøster Ada Hawley https://www.findagrave.com/memorial/29320186/ada-d-holley gift med broren (Chester Alonzo) til Millard

 

Artikkelen er ikke mulig å åpne. Hvis du søker på "martha mary hawley" får du samme bildet: http://nl.newsbank.com/nl-search/we/Archives/?p_product=HA-ORGB&p_theme=histpaper&p_nbid=&p_action=keyword&p_queryname=8&d_locations=&d_dates=all&d_publication=

mmh.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for eit fantastisk innlegg!  Du greidde det igjen!

 

Eg sat nettopp og spekulerte på korleis eg kunne få tak i ein dødsattest frå 1929 frå Oregon.  No kan eg spara meg den jobben!

 

Det som no manglar om dette parfolket, er:

 

** Dato og stad for vigsli til Millard Hawley og Mary Swenson?

 

** Millard F. Hawley's mellomnamn?

 

** Nøyaktig fødselsdato for Millard? (Eg fann ein avisartikkel frå 26.7.1914 der May Hawley var omskrivi som «hostess» 19.7.1914 i samband med feiring av fødselsdagen til mann sin, men nokon fødselsdato stod ikkje...)

 

https://oregonnews.uoregon.edu/lccn/sn83045782/1914-07-26/ed-1/seq-36/#index=5&rows=20&proxtext=Millard+Hawley&searchType=basic&sequence=0&words=Hawley+Millard&page=1

 

Men desse detaljane vert truleg ganske so kompliserte å finna svar på.....

 

Men kanskje ein eller annan kan finna ein OBITUARY for halvbroren til May Hawley:

 

* Palmer Melvin Swenson, som døydde i New Ulm, Brown Co., MN 15.12.1956, men som i mange år hadde vore postmeister i Dawson, Lac qui parle Co., MN?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noen som klarer å finne brudgommen som giftet seg med Martha Marie Swensen i St. Croix, Wisconsin 14. desember 1896?

Hudson ligger vel i St. Croix?

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc=nwi104&_phstart=successSource&usePUBJs=true&indiv=1&db=wimarr1820&gss=angs-d&new=1&rank=1&gsfn=martha marie&gsfn_x=1&msgdy=1896&msgdy_x=1&msgdp=1&msgpn__ftp=Hudson, St Croix, Wisconsin, USA&msgpn=54377&MSAV=1&uidh=enc&pcat=34&fh=0&h=3338438&recoff=8 9&ml_rpos=1

 

EDIT: Det er denne damen https://www.findagrave.com/memorial/125619253

 

 

Martha Marie Swensen

 in the Wisconsin, Marriage Index, 1820-1907

Name: Martha Marie Swensen
Marriage Date: 14 Dec 1896
Marriage Place: St. Croix, Wisconsin, USA
Volume: 3
Page: 464
Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for det siste lovande innlegget!

 

Eg har faktisk ogso sett denne innførsli, men hjå FamilySearch er vigsli ført slik:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Name Charles Russell McCarl
Event Type Marriage
Event Date 14 Dec 1896
Event Place , St. Croix, Wisconsin, United States
Gender Male
Father's Name Norman Mccarl
Mother's Name Eliza Eggston
Spouse's Name Martha Marie Swensen
Spouse's Gender Female
Spouse's Father's Name Swen Bergesen
Spouse's Mother's Name Olson

 

~~~~~~~~~~~~

 

og dette ser ikkje heilt ut til å stemma med den Martha Marie me leiter etter...  MEN det kan sjølvsagt foreliggja feil i registeri, so eg har tinga ein utskrift for å sjå kva som verkeleg står i protokollen...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

 

NB: Eg hadde ikkje fått med meg kommentaren din, Sven, då eg sat meg med dette spørsmålet.  No ser eg at ei tinging av dokumentet er til lita nytte...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.