Gå til innhold
Arkivverket

Aamund Henrikson Leirmo (1800-1874) - frå Luster til Bergen - sat fengsla på Akershus festning - kva skjedde med borni hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Etter at Ivar Moe i dag har henta fram rettsdokument on denne sogningen som i mange år sat fengsla på Akershus festning for tredje gongs tjuveri, fekk eg lyst til å leggja ut denne utfordringi i Brukarforum.  Eg jobba med denne huslyden på 1980-talet, men fann lite eller inkje ut om dei tre borni som levde att då mori døydde i barselseng i 1831.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Henrikson {Leirmo}, døypt i Hafslo 23.2.1800,

Aamund Leermoe flytte til Bergen i samband med militærtenesta si og gifte seg i Krosskyrkja der 1.6.1828 med Bertha Andersdotter frå

 

##### (kvar var ho oppvaksi? – Kaupanger?)

 

i Sogndal.  Ho var dotter av husmannssonen Anders Johannesson frå Uri under Kaupanger og husmannsdotteri Margretha Rasmusdotter frå Strondi under Ølnes, sidan gift og busett i Sogndalsfjøra, og vart døypt i Sogndal 22.7.1804.  Aamund vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde mellom anna i Værftsgaten i Bergen.  Men Bertha d. i barselseng i Bergen alt 24.7.1831, og det var visstnok ikkje lenge etter at Aamund kom i konflikt med lovi.  Han vart i 1835 dømd til tukthusstraff for tjuveri, og dette gjentok seg to goinger, og i 1840 vart han dømd til livsvarig.  Han vart etter ei tid i Bergen overført til Akershus festning i Christiania (Oslo) der han framleis sat i 1865, men vart sidan lauslaten og d. som almisselem i Bergen 23.9.1874.  Aamund og Bertha fekk tre born i lag:

a. Karen Margrethe Aamundsdotter, f. i Bergen 21.12.1825,

 

     ##### (lagnaden hennar? - levde i 1885!)

 

b. Henrikke Johanne Aamundsdotter, f. i Bergen 29.1.1829, d. som enkje på Nedre Møllendal i Årstad 6.9.1885.  Henrikke gifte seg i Årstad 1.11.1863 med Rasmus Nilsson frå

 

     ##### (kvar oppvaksen? – fødd på Stivold i Førde – p: husmann Nils Zachariasson og Kari Baardsdotter)

 

     f. i Førde 2.4.1835.  Han d. som garvarsvein i Bergen 30.10.1875.  Rasmus Nilsen var garvarsvein, og han og Henrikke bdde på Fløen nordre i Årstad, men flytte sidan inn til Bergen. 

 

     ##### (sjekka bustad: 1865: bus. Fløen nordre i Årstad – 1875: Henrikke enkje og innerst, vaskekone Nedre Møllendal i Årstad)

 

     Dei var barnlause.

c. Berent Andreas Aamundson, f. i Bergen 19.7.1831,

 

     ##### (lagnaden hans? - d. før 1885)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Som me ser, er eg heilt framleis «heilt blank» når det gjeld lagnadane til Karen Margrethe og Berent Andreas, men dei bør nok finnast der ute, ein eller annan stad!?  Dødsmeldingi etter Henrikke frå 1885 (langt nede på høgre side) seier at ho let etter seg ei myndig søster: https://media.digitalarkivet.no/view/23987/29

 

Og kanskje er det nokon som kjenner geografien i Førde og som kan supplera med opplysningar om opphavet til Rasmus Nilsson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne utfordrande huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåp nummer 16

Hanna Marie Bernthine

 

Nordland fylke, Tjøtta, Vevelstad i Tjøtta, Alstahaug, Klokkerbok nr. 817C01 (1841-1869), Fødte og døpte 1861, Side 65-66
Permanent bilde-ID: kb20050429011034
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050429011034
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050429011034.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 9

Karen Margrete Amundsdatter

 

Nordland fylke, Tjøtta i Tjøtta, Klokkerbok nr. 817C03 (1884-1920), Døde og begravede 1895, Side 357
Permanent bilde-ID: kb20070215660690
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070215660690
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070215660690.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse nummer 2 i 1860

 

Nordland fylke, Tjøtta, Vevelstad i Tjøtta, Alstahaug, Klokkerbok nr. 817C01 (1841-1869), Viede 1860, Side 217-218
Permanent bilde-ID: kb20050429011098
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050429011098
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050429011098.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Berent Andreas Aamundson, f. i Bergen 19.7.1831,

 

     ##### (lagnaden hans? - d. før 1885)

 

Fant denne i Bergens Adressecontoirs Efterretninger 5.5.1838:

 

1765836602_Skjermbilde2018-05-30kl_20_28_09.png.c6df3e6493d8a468c97acd3a27378d78.png

145001836_Skjermbilde2018-05-30kl_20_29_01.png.215f091714273a69809fb8e9594f96e7.png

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

50 minutter siden, Sven Hjortland skrev:

Vielse nummer 2 i 1860

 

Nordland fylke, Tjøtta, Vevelstad i Tjøtta, Alstahaug, Klokkerbok nr. 817C01 (1841-1869), Viede 1860, Side 217-218
Permanent bilde-ID: kb20050429011098
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050429011098
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050429011098.jpg

 

? Karl Andersen Tjølv, død 15.9.1871 (nr. 12): https://media.digitalarkivet.no/view/16551/143

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 9

Hanna Marie Bertine Karlsdatter

 

Nordland fylke, Tjøtta i Tjøtta, Klokkerbok nr. 817C03 (1884-1920), Døde og begravede 1908, Side 377
Permanent bilde-ID: kb20070215660710
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070215660710
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070215660710.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for kjempeflotte og nyttige innlegg!

 

De har finne att både Karen Martgrethe og Berent Andreas, og er ganske so imponert!

 

No kan me etter kvart «konsentrera» oss til ei «utfordringsliste» som ser slik ut:

 

** Kva gard i Bodø voks Carfl Andersson opp på? - faren var gardbrukar på Bertmneslien i 1801, opg der vart Carl fødd, men han er kalla Løb (Laup?) både i 1830 og i 1831!  Bygdebøkene for Bodø vil sikkert ha svar på dette...?

 

** Opphavet til første kona Maren Hansdotter samt hennar fødsel og død?  Var kan henda òg frå Løb (Laup?) i Bodø?

 

** Kvar vart Carl og Maren eigentleg buande?

 

** Kvar i Førde voks Rasmus Nilsson opp?

 

** Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til vesle Berent Andreas Aamundson?

 

Og her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden tkl erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Henrikson {Leirmo}, døypt i Hafslo 23.2.1800,

Aamund Leermoe flytte til Bergen i samband med militærtenesta si og gifte seg i Krosskyrkja der 1.6.1828 med Bertha Andersdotter frå

 

##### (kvar var ho oppvaksi? – Kaupanger?)

 

i Sogndal.  Ho var dotter av husmannssonen Anders Johannesson frå Uri under Kaupanger og husmannsdotteri Margretha Rasmusdotter frå Strondi under Ølnes, sidan gift og busett i Sogndalsfjøra, og vart døypt i Sogndal 22.7.1804.  Aamund vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde mellom anna i Værftsgaten i Bergen.  Men Bertha d. i barselseng i Bergen alt 24.7.1831, og det var visstnok ikkje lenge etter at Aamund kom i konflikt med lovi.  Han vart i 1835 dømd til tukthusstraff for tjuveri, og dette gjentok seg to goinger, og i 1840 vart han dømd til livsvarig.  Han vart etter ei tid i Bergen overført til Akershus festning i Christiania (Oslo) der han framleis sat i 1865, men vart sidan lauslaten og d. som almisselem i Bergen 23.9.1874.  Aamund og Bertha fekk tre born i lag:

a. Karen Margrethe Aamundsdotter, f. i Bergen 21.12.1825, d. som enkje på Tjøtta i Tjøtta 28.1.1895.  Karen gifte seg på Tjøtta 2.1.1860 med enkjemannen Carl Andersson, opphavleg frå Løb i Bodø,

 

     ##### (var fødd på Bertneslien, men vart kalla Løb i 1830/1831)

 

     døypt i Bodø 4.8.1805.  Han d. som strandsitjar på Tjøtta 15.9.1871.  Carl gifte seg første gongen i Bodø 2.1.1831 med Maren Hansdotter frå Løb,

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Carl og Karen budde som tenarfolk og sidan som strandsitjarar på ein plass under Tjøtta hovudgard i Tjøtta og fekk ei dotter i lag, men Carl hadde òg tre søner frå første ekteskapet sitt.

 

     ##### (borni var:

            * Anders Andreas, f. Løb i Bodø 3.5.1830

            * Herman Bernhard, f. Rønvik i Bodø 7.7.1833

            * Johan Andreas, f. indb. Løb i Bodø 18.9.1835

            * Hanna Marie Berntine, f. i Tjøtta, Alstahaug 8.9.1860)

 

b. Henrikke Johanne Aamundsdotter, f. i Bergen 29.1.1829, d. som enkje på Nedre Møllendal i Årstad 6.9.1885.  Henrikke gifte seg i Årstad 1.11.1863 med Rasmus Nilsson frå

 

     ##### (kvar oppvaksen? – fødd på Stivold i Førde – p: husmann Nils Zachariasson og Kari Baardsdotter)

 

     f. i Førde 2.4.1835.  Han d. som garvarsvein i Bergen 30.10.1875.  Rasmus Nilsen var garvarsvein, og han og Henrikke budde på Fløen nordre i Årstad, men flytte sidan inn til Bergen. 

 

     ##### (sjekka bustad: 1865: bus. Fløen nordre i Årstad – 1875: Henrikke enkje og innerst, vaskekone Nedre Møllendal i Årstad)

 

     Dei var barnlause.

c. Berent Andreas Aamundson, f. i Bergen 19.7.1831, vart utsett til oppfostring på

 

     ##### (kvar? – ein eller annan stad utanfor Bergen!?)

 

     der han d.

 

     ##### (dødsdatoen hans? – 1ste kvartal 1838 – 18.3.?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppdatering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

c. Berent Andreas Aamundson, f. i Bergen 19.7.1831, vart utsett til oppfostring på

 

     ##### (kvar? – ein eller annan stad utanfor Bergen!?)

 

     der han d.

 

     ##### (dødsdatoen hans? – 1ste kvartal 1838 – 18.3.?)

 

Tallet "18" i avisutklippet er nok ikke datoen, men "Almisse-No."

 

Her er forresten lenke til avisutklippet: https://www.nb.no/items/bbc9f09bf07fb8198540435df9829a8b?page=7&searchText=

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit interessant svar på siste spørsmålet mitt!

 

Dette tyder at me lyt leita etter dette dødsfallet i første kvartal ein eller annan stad «på strilelandet» utanfor Bergen, med mindre det finst eigne almisselem-protokollar.  Men kvar er i so fall dei?  Kanskje eit spørsmål i arkivforum kan gje ei avklaring?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 31.5.2018 den 0.42, Lars E. Øyane skrev:

Herman Bernhard, f. Rønvik i Bodø 7.7.1833

 

            * Johan Andreas, f. indb. Løb i Bodø 18.9.1835

 

Brødrene var bosatt i Tjøtta i 1910 - ugifte begge to:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036902001359

 

Herman og Johan i 1900:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037507002731

 

Herman Bernhard i 1875:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052412002835

 

Herman ble konfirmert i Tjøtta i 1850:

Nordland fylke, Herøy, Tjøtta, Alstahaug, Sandnessjøen (Stamnes) i Alstahaug, Ministerialbok nr. 830A11 (1831-1854), Konfirmerte 1850, Side 42
https://media.digitalarkivet.no/view/2579/45

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Etter at eg i dag har motteke ei direkte melding om denne huslyden, vil eg nytta høvet til å blåsa lite vetta «støv» av denne utfordringi, som har stått urøyrd sidan juni...

 

Me sit her att med følgjande «hovudutfordringar», som òg kjem fram av innlegg #11 over:

 

** Kva gard i Bodø voks Carfl Andersson opp på? - faren var gardbrukar på Bertmneslien i 1801, opg der vart Carl fødd, men han er kalla Løb (Laup?) både i 1830 og i 1831!  Bygdebøkene for Bodø vil sikkert ha svar på dette...?

 

** Opphavet til første kona Maren Hansdotter samt hennar fødsel og død?  Var kan henda òg frå Løb (Laup?) i Bodø?

 

** Kvar vart Carl og Maren eigentleg buande?

 

** Kvar i Førde voks Rasmus Nilsson opp?  (eller voks han kan henda opp i Bergen?)

 

** Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til vesle Berent Andreas Aamundson?

 

Og her følgjer siste versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Henrikson, døypt i Hafslo 23.2.1800,

Aamund Leermoe flytte til Bergen i samband med militærtenesta si og gifte seg i Krosskyrkja der 1.6.1828 med Bertha Andersdotter frå

 

##### (kvar var ho oppvaksi? – Kaupanger?)

 

i Sogndal.  Ho var dotter av husmannssonen Anders Johannesson frå Uri under Kaupanger og husmannsdotteri Margretha Rasmusdotter frå Strondi under Ølnes, sidan gift og busett i Sogndalsfjøra, og vart døypt i Sogndal 22.7.1804.  Aamund vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde mellom anna i Værftsgaten i Bergen.  Men Bertha d. i barselseng i Bergen alt 24.7.1831, og det var visstnok ikkje lenge etter at Aamund kom i konflikt med lovi.  Han vart i 1835 dømd til tukthusstraff for tjuveri, og dette gjentok seg to goinger, og i 1840 vart han dømd til livsvarig.  Han vart etter ei tid i Bergen overført til Akershus festning i Christiania (Oslo) der han framleis sat i 1865, men vart sidan lauslaten og d. som almisselem i Bergen 23.9.1874.  Aamund og Bertha fekk tre born i lag:

a. Karen Margrethe Aamundsdotter, f. i Bergen 21.12.1825, d. som enkje på Tjøtta i Tjøtta 28.1.1895.  Karen gifte seg på Tjøtta 2.1.1860 med enkjemannen Carl Andersson, opphavleg frå Løb i Bodø,

 

     ##### (var fødd på Bertneslien, men vart kalla Løb i 1830/1831)

 

     døypt i Bodø 4.8.1805.  Han d. som strandsitjar på Tjøtta 15.9.1871.  Carl gifte seg første gongen i Bodø 2.1.1831 med Maren Hansdotter frå Løb,

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Carl og Karen budde som tenarfolk og sidan som strandsitjarar på ein plass under Tjøtta hovudgard i Tjøtta og fekk ei dotter i lag, men Carl hadde òg tre søner frå første ekteskapet sitt.

 

     ##### (borni var:

            * Anders Andreas, f. Løb i Bodø 3.5.1830

            * Herman Bernhard, f. Rønvik i Bodø 7.7.1833

            * Johan Andreas, f. indb. Løb i Bodø 18.9.1835

            * Hanna Marie Berntine, f. i Tjøtta, Alstahaug 8.9.1860)

 

b. Henrikke Johanne Aamundsdotter, f. i Bergen 29.1.1829, d. som enkje på Nedre Møllendal i Årstad 6.9.1885.  Henrikke gifte seg i Årstad 1.11.1863 med Rasmus Nilsson frå

 

     ##### (kvar oppvaksen? – fødd på Stivold i Førde – p: husmann Nils Zachariasson og Kari Baardsdotter)

 

     f. i Førde 2.4.1835.  Han d. som garvarsvein i Bergen 30.10.1875.  Rasmus Nilsen var garvarsvein, og han og Henrikke budde på Fløen nordre i Årstad, men flytte sidan inn til Bergen. 

 

     ##### (sjekka bustad: 1865: bus. Fløen nordre i Årstad – 1875: Henrikke enkje og innerst, vaskekone Nedre Møllendal i Årstad)

 

     Dei var barnlause men tok til seg ei fosterdotter.

c. Berent Andreas Aamundson, f. i Bergen 19.7.1831, vart utsett til oppfostring på

 

     ##### (kvar? – ein eller annan stad utanfor Bergen!?)

 

     der han d.

 

     ##### (dødsdatoen hans? – 1ste kvartal 1838 – 18.3.?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Kva gard i Bodø voks Carfl Andersson opp på? - faren var gardbrukar på Bertmneslien i 1801, opg der vart Carl fødd, men han er kalla Løb (Laup?) både i 1830 og i 1831!  Bygdebøkene for Bodø vil sikkert ha svar på dette...?

 

Bodin bygdebok. 2:2. : Gårds- og slektshistorie for Nordstranda

 

983559471_Skjermbilde2018-08-28kl_20_46_23.png.48bebd88d9a34e9373150e6b5c26dfc3.png

779337803_Skjermbilde2018-08-28kl_20_47_07.png.3566af7b758b7770ed231721be602882.png

978391914_Skjermbilde2018-08-28kl_20_47_26.png.c66c3f525fe39c11184150ab0a4036fa.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for dei siste innleggi frå i går

 

Det ser ut for meg som om dei inneheld alt eg treng av opplysningar om Carl Andersson og første kona hans i Bodø, men eg sit med ein liten laptop, og skrifti er rett og slett so liti at eg ikkje greier å lesa heile innhaldet!  Det lyt nok venta til eg kjem heimatt til den store skjermen min..

 

Men ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg greidd å forstørra teksten nok til at eg kunne lesa det aller meste, og eg slår fast at opplysningane frå Bodø bygdebok fyller alle spørsmåli om Carl og første ekteskapet hans.

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Henrikson, døypt i Hafslo 23.2.1800,

Aamund Leermoe flytte til Bergen i samband med militærtenesta si og gifte seg i Krosskyrkja der 1.6.1828 med Bertha Andersdotter frå

 

##### (kvar var ho oppvaksi? – Kaupanger?)

 

i Sogndal.  Ho var dotter av husmannssonen Anders Johannesson frå Uri under Kaupanger og husmannsdotteri Margretha Rasmusdotter frå Strondi under Ølnes, sidan gift og busett i Sogndalsfjøra, og vart døypt i Sogndal 22.7.1804.  Aamund vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde mellom anna i Værftsgaten i Bergen.  Men Bertha d. i barselseng i Bergen alt 24.7.1831, og det var visstnok ikkje lenge etter at Aamund kom i konflikt med lovi.  Han vart i 1835 dømd til tukthusstraff for tjuveri, og dette gjentok seg to goinger, og i 1840 vart han dømd til livsvarig.  Han vart etter ei tid i Bergen overført til Akershus festning i Christiania (Oslo) der han framleis sat i 1865, men vart sidan lauslaten og d. som almisselem i Bergen 23.9.1874.  Aamund og Bertha fekk tre born i lag:

a. Karen Margrethe Aamundsdotter, f. i Bergen 21.12.1825, d. som enkje på Tjøtta i Tjøtta 28.1.1895.  Karen gifte seg på Tjøtta 2.1.1860 med enkjemannen Carl Andersson, opphavleg frå Bertneslia i Bodø, døypt i Bodø 4.8.1805.  Han d. som strandsitjar på Tjøtta 15.9.1871.  Carl gifte seg første gongen i Bodø 2.1.1831 med Maren Andrea Hansdotter frå Ner-Rønvika i Bodø, døypt i Bodø 1.5.1808.  Ho d. som innerstkone på Løp 1.8.1847.  Carl og første kona Maren budde som innerstfolk på Løp i Bodø, men som enkjemann flytte Carl som innerst til Tjøtta der han og Karen sidan vart strandsitjarar på ein plass under Tjøtta hovudgard.  Carl og Karen fekk ei dotter i lag, men Carl hadde òg tre søner frå første ekteskapet sitt.

b. Henrikke Johanne Aamundsdotter, f. i Bergen 29.1.1829, d. som enkje på Møllendal nedre i Årstad 6.9.1885.  Henrikke gifte seg i Årstad 1.11.1863 med Rasmus Nilsson frå

 

     ##### (kvar oppvaksen? – fødd på Stivold i Førde – p: husmann Nils Zachariasson (Frøysland), f. 1794, døydde i Bergen 4.2.1865, gift 29.9.1818 med Kari Baardsdotter, f. 1794, d. Bergen 1.12.1865 – flytte dei kan henda til Bergen, medan Rasmus var barn?)

 

     f. i Førde 2.4.1835.  Han d. som garvarsvein i Bergen 30.10.1875.  Rasmus Nilsen var garvarsvein, og han og Henrikke budde på Fløen nordre i Årstad, men flytte sidan til Møllendal nedre i Årstad.  Dei var barnlause, men tok til seg ei fosterdotter.

c. Berent Andreas Aamundson, f. i Bergen 19.7.1831, vart utsett til oppfostring på

 

     ##### (kvar? – ein eller annan stad utanfor Bergen!?)

 

     der han d.

 

     ##### (dødsdatoen hans? – 1ste kvartal 1838 – 18.3.?)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette sit me i dag att med to hovudutfordringar innan denne huslyden:

 

** Kvar i Førde voks Rasmus Nilsson opp?  (eller voks han kan henda opp i Bergen?)

 

** Nøyaktig dato og stad for dødsfallet til vesle Berent Andreas Aamundson?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kompletterta denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen Lars.

 

Jeg har dessverre ikke svar på noen av de gjenstående spørsmålene her.

Jeg finner at Niels Zachariassen og Kari Baardsdtr. døper en sønn Samuel i Førde 01.01.1819. Det står ikke noe gårdsnavn oppført på dem da. Så finner jeg ikke flere barn i kirkeboka for Førde før  Rasmus blir døpt i 1835.

Spørsmålet er jo da hvor de har oppholdt seg i mellomtiden. Det virker noe underlig om de ikke har fått barn mellom 1819 og 1835.

 

Imidlertid må de ha vært på Stevold allerede i 1828 for bygdeboka forteller at Niels overtok ansvaret for broen over Jølstra på det tidspunktet.

Det er imidlertid ingen Niels Zachariassen i Førde 1801, men der er en født i 1791 i Jølster. Så spørs det da om det er dit vi må for å finne dem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...

Hei Lars

 

Min kone er tippoldebarn av Karl og Karen Margrethe.

Send meg gjerne en e-post om du er interessert i noe mer av etterslekten

 

mvh

Robert Krane

rkrane@live.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #22:

 

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå gløymsli, samstundes som eg takkar Rune og Robert for siste innleggi.  Innlegget frå Robert kom, medan eg låg alvorleg sjuk våren 2019, so eg fekk ikkje gjort noko med den då.

 

For prosjektet mitt treng eg ikkje fleire opplysningar om ætti til Karl og Karen Margrethe i Bodø, og eg trur me kan formulera det slik at Rasmus Nilsson må vera oppvaksen i Bergen og at foreldri flytte dit, medan Rasmus var ung.  Eller vart kan henda Rasmus konfirmert i Førde??

 

Det er soleis berre lagnaden til vesle Berent Andreas me ikkje kan gjera greie for.  Han burde vel ha vore i basen til Digitalarkivet over avlidne i 1838, men eg finn han ikkje der...!

 

Her følgjer siste versjon av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Aamund Henrikson {Leirmo}, døypt i Hafslo 23.2.1800,

Aamund Leermoe flytte til Bergen i samband med militærtenesta si og gifte seg i Krosskyrkja der 1.6.1828 med Bertha Andersdotter frå Kaupanger i Sogndal.  Ho var dotter av husmannssonen Anders Johannesson frå Uri under Kaupanger og husmannsdotteri Margretha Rasmusdotter frå Strondi under Ølnes, sidan gift og busett i Sogndalsfjøra, og vart døypt i Sogndal 22.7.1804.  Aamund vart sidan dagarbeidar, og parfolket budde mellom anna i Værftsgaten i Bergen.  Men Bertha d. i barselseng i Bergen alt 24.7.1831, og det var visstnok ikkje lenge etter at Aamund kom i konflikt med lovi.  Han vart i 1835 dømd til tukthusstraff for tjuveri, og dette gjentok seg to goinger, og i 1840 vart han dømd til livsvarig.  Han vart etter ei tid i Bergen overført til Akershus festning i Christiania (Oslo) der han framleis sat i 1865, men vart sidan lauslaten og d. som almisselem i Bergen 23.9.1874.  Aamund og Bertha fekk tre born i lag:

a. Karen Margrethe Aamundsdotter, f. i Bergen 21.12.1825, d. som enkje på Tjøtta i Tjøtta 28.1.1895.  Karen gifte seg på Tjøtta 2.1.1860 med enkjemannen Carl Andersson, opphavleg frå Bertneslia i Bodø, døypt i Bodø 4.8.1805.  Han d. som strandsitjar på Tjøtta 15.9.1871.  Carl gifte seg første gongen i Bodø 2.1.1831 med Maren Andrea Hansdotter frå Ner-Rønvika i Bodø, døypt i Bodø 1.5.1808.  Ho d. som innerstkone på Løp 1.8.1847.  Carl og første kona Maren budde som innerstfolk på Løp i Bodø, men som enkjemann flytte Carl som innerst til Tjøtta der han og Karen sidan vart strandsitjarar på ein plass under Tjøtta hovudgard.  Carl og Karen fekk ei dotter i lag, men Carl hadde òg tre søner frå første ekteskapet sitt.

b. Henrikke Johanne Aamundsdotter, f. i Bergen 29.1.1829, d. som enkje på Møllendal nedre i Årstad 6.9.1885.  Henrikke gifte seg i Årstad 1.11.1863 med Rasmus Nilsson frå Bergen, men f. på Stevold i Førde 2.4.1835.  Han d. som garvarsvein i Bergen 30.10.1875.  Rasmus Nilsen var garvarsvein, og han og Henrikke budde på Fløen nordre i Årstad, men flytte sidan til Møllendal nedre i Årstad.  Dei var barnlause, men tok til seg ei fosterdotter.

c. Berent Andreas Aamundson, f. i Bergen 19.7.1831, vart utsett til oppfostring på

 

     ##### (kvar? – ein eller annan stad utanfor Bergen!?)

 

     der han d.

 

     ##### (dødsdatoen hans? – 1ste kvartal 1838 – 18.3.?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.