Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ingebrigt (1849) og Ole (1852) Anderssøner Leirmo frå Luster, til Amerika med utfordrande lagnadar - Sør-Amerika/Australia/Alaska/Canada?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Då det i 1897 vart halde skifte på husmannsplassen Kjødni under garden Leirmo i Luster etter husmannsenkja Ingeborg Christensdotter Leirmo (1814-1897), kjem det mellom anna fram at dei to yngste sønene hennar budde «langt borte»:

 

* Ingebrigt Andersson Leirmo, fødd i Luster 16.11.1849, utvandra til Amerika i 1868 og var etter slektis meining i 1897 busett anten i Sør-Amerika eller i Australia!  Ingen andre opplysningar ligg føre!

 

* Ole Andersson Leirmo, fødd i Luster 11.10.1852, utvandra til Amerika i 1881 og skulle i 1897 bu i Alaska som gullgravar!  Om han kunne etterkomarar etter søsken i Sogn på 1980-talet fortelja meg at Ole sidan flytte til British Columbia, og dei meinte han skulle vera avliden der kring 1932, kan henda i byen Trout Lake.  Det skal ha komme arv til Noreg etter Ole, men Utanriksdepartementet greidde ikkje å finna spor etter noko slikt då eg forspurte om dette for 30 år sidan!

 

Er det mogeleg i dag å finna ut noko meir om lagnadane til desse brørne?

 

Eg finn ikkje stort på FamilySearch, men litt graving på ancestry.com gjev følgjande resultat:

 

Ei passasjerliste frå Québec 1868 syner ankomsten til Ingebrigt Andersson Leirmo: https://www.ancestry.com/interactive/1263/C4523-00155?pid=7281874&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1263%26h%3D7281874%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx10095%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10095&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Ei kriminalkjelde frå NSW, Australia frå 1882 syner ein Albert Larmee, men det er vel svært tvilsamt om han har noko med «vår» Ingebrigt å gjera..: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=5325&h=110085&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10099&_phstart=successSource

 

Ei «mining directory» frå British Columbia frå 1897 nemner ein Ole A. Lermo med adresse Rossland: https://www.ancestry.com/interactive/3789/40403_107004-00056?pid=2870976&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10090&_phstart=successSource

 

So ser eg òg at ein Ole Larmo, ugift, 66 år gamal, «miner», innvandra til Canada i 1896, i 1921 var busett i Trout Lake, West Kootenay district, BC: https://www.ancestry.com/interactive/8991/1921_015-E002871280?pid=8133262&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DCanCen1921%26indiv%3Dtry%26h%3D8133262&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Og no ser eg at han budde der òg i 1911, men med ein alder som ancestry har tolka 20 år feil: Ole Lermo, fødd Norway Oct. 1856, innvandra 1890: https://www.ancestry.com/interactive/8947/e078_e001937087?pid=1585110&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D8947%26h%3D1585110%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx10093%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10093&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Og Find-a-grave syner denne gravplassen, men utan gravstøtte: Olie Larmo: https://www.findagrave.com/memorial/170997031

 

Den største utfordringi her vert utan tvil å freista finna lagnaden til Ingebrigt Andersson (Leirmo), men om Ole kan sporast, anten ein obituary eller sogar eit skifte, kan det hjelpa oss langt på veg til å finna lagnaden til Ingebrigt og kanskje andre slektningar!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til oppsporing av desse utvandrarane litt «utanom det vanlege»...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå sist onsdag i von om at kanskje ein eller annan har høve til å hjelpa meg finna fleire opplysningar?  Eller kanskje er Trout Lake, BC altfor langt utanfor «allfarveg»?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har i dag teke spørsmålet om arveskifte etter Ole Leirmo opp i «Andre spørsmål til digitalarkivet» med følgjande innlegg:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Andersson Leirmo, fødd i Luster 11.10.1852, utvandra til Amerika i 1881 og døydde barnlaus i eller nær Trout Lake, BC kring 1932.  Det skal ha kome arv til Noreg etter Ole, men Utanriksdepartementet greidde ikkje å finna spor etter noko slikt då eg forspurte der om dette for meir enn 30 år sidan!

 

Han ligg gravlagd i Trout Lake, BC, men støtta syner berre namnet hans som Olie Larmo: https://www.findagrave.com/memorial/170997031

 

Kan henda er arkivet til Utanrikesdepartementet litt betre «sortert» sidan den gongen?

 

Eg er interessert vi å sjå kva som står om dødsfallet hans, og kven ervingane hans var?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eller kanskje er det nokon som har andre forslag å komma med om korleis me skal spora opp Ole og huslyden hans?  Eg vil tru det må ha vore kunngjort i alle fall i den lokale pressa etter Ole var avliden??

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips i denne saki!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Litt på siden - tror det må være Ole i Kootenay West FT 1901 - står som svensk, f. dato 11. oktober, f. år 1856, yrket = miner

 

The 1901 Census of Canada - Lenke Ancestry: https://search.ancestry.ca/cgi-bin/sse.dll?db=1901canada&indiv=try&h=11415698
Name:    Ole Larrno
Gender:    Male
Marital Status:    Single
Age:    44
Birth Day & Month:    11 Oct
Birth Year:    1856
Birthplace:    Sweden
Relation to Head of House:    Head
Immigration Year:    1890
Racial or Tribal Origin:    Swedish
Nationality:    Canadian
Religion:    Lutheran
Occupation:    Miner
Province:    British Columbia
District:    Yale & Cariboo
District Number:    5
Sub-District:    Kootenay (West/Ouest), (Revelstoke Riding/Division Revelstoke)
Sub-District Number:    G-10
Household Members:    
Ole Larrno    44
Gust Berg    45

 

Lenke BACLAC - https://www.bac-lac.gc.ca/eng/census/1901/Pages/item.aspx?itemid=87884

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget om Ole Leirmo.  Eg er vel ikke so overraska over at han budde i Kootenay-området ogso i 1901, men han hadde altso gjort svenske av seg, og alderen var han tydeleg heller ikkje so trygg på...

 

Ole har nok vore ein ganske so «einsam ulv» i dette området.

 

Ein underleg huslyd dette, halvbroren Henrik forsvinn for oss til Nordland i 1852,

https://forum.arkivverket.no/topic/222714-henrik-andersson-leirmo-fødd-i-luster-1830-flytte-i-1852-til-nordland-og-forsvinn-kvar-kan-han-ha-vorte-av-kan-henda-til-amerika-ei-kjempeutfordring/?tab=comments#comment-1884166

 

og broren Anders som budde i Wisconsin var far til den før omskrivne Trond «Thomas» Larmo (1874-1929) som hamna på Filippinane!

https://forum.arkivverket.no/topic/222718-thomas-larmo-fødd-1874-norskamerikansk-offiser-på-filippinane-kvar-vart-det-av-denne-huslyden/?tab=comments#comment-1884954

 

Eg vonar sjølvsagt at etterlatenskapane etter Ole Leirmo i Canada kan bidra til å kasta meir ljos over denne huslyden og takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å finna dødsfallet og skiftet hans!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Det er no dukka opp eit notat som eg gjorde for fleire år sidan (kjelde ukjend) om at:

 

Ole A. Larmo døydde i Trout Lake, BC 29.11.1833.  Kanskje kjem ein noko lenger med denne datoen?

 

Elles finst ifølgje Find-a-grave denne gravstøtta på kyrkjegarden i Arrowhead cemetery, Arrowhead, BC:

 

Andrew Larmo

Birth 1874
Death 21 Mar 1909 (aged 34–35)
Burial Arrowhead, Columbia-Shuswap Regional District, British Columbia, Canada

 

 

Dette må vera ein søsterson av Ingebrigt og Ole Leirmo, som eg ikkje før har kjent lagnaden til:

 

Anders Olson alias Andrew O. Larmo, fødd i Luster 20.11.1870 og utvandra i 1898.

 

Kanskje kan han finnast i lokale kjelder mellom 1898 og 1909 - som til dømes i FT1901 og/eller FT19o6?

 

Elles har eg oppdaga ein annan spennande person på ancestry.com:

 

Surname: Larmo
Age: 33
Sex: M (Male)
Race: White
Occupation: Miner
Place of Birth: Norway
Head of Household: Separate households not identified for this part of Storey county. Not listed with anyone of the same surname.
Community: Storey County

 

Problemet er berre at biletet av denne innførsli ikkje er teke med, eller har eg oversett det??  Kan dette vera Ingebrigt Leirmo???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
41 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Problemet er berre at biletet av denne innførsli ikkje er teke med, eller har eg oversett det??

 

Nei, du har ikke oversett noe. Dette er Nevada census 1875 - legger ved lenke - http://www.onlinenevada.org/articles/census-and-demography-nevada

 

og forklaring:

 

"The project did not digitize data from the Nevada territorial census or the 1875 state census because they asked too few questions to justify the expense. Simple name indexes available at libraries are sufficient for these resources."

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Eg er ikkje heilt sikker på om eg har forstått dette rett.  FT1875 for Nevada er ikkje digitalisert, men ho er tydeleg skanna!?  Kvar er so innførsli om Larmo?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

"This database was compiled from a transcription made in 1876 from the original enumerator's records. While there were apparent errors in the original source, it has been recorded intact, and the interpretation has been left to the researcher."

 

"Source Information
Barghouti, Kim, comp.. Nevada State Census, 1875 [database on-line]. Provo, UT, USA: Ancestry.com Operations Inc, 2000.
Original data: Report booklet published for the state in 1876. Carson City, NV, USA: State Publishing Office, 1876."

 

https://search.ancestry.com/search/db.aspx?dbid=4873

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.