Gå til innhold
Arkivverket

Henrik Andersson Vestad x 2 - frå Luster til Veøy i 1832 - ætti deira med forgreiningar til mellom anna Trondheim og Christiania?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

9 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

g. Martine Christine Henriksdotter Vestad, f. i Borgund 26.10.1870, gifte seg på Bakklandet, Trondheim 13.8.1895 med Carl Ludvig Thomasson Dahl frå Trondheim, f. i Trondheim 26.3.1862.  Carl Dahl var matros, og han og Martine budde i Trondheim til dei i 1906 utvandra til Amerika. 

 

     ##### (lagnaden deira i Amerika? – utvandra med reisemål New York!)

 

Vet ikke om du har sett denne. Ved ankomsten i New York står det at de skal reise videre til svogeren F. Bruun i Harlem, New York: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:JFNQ-M6J

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Ann-Mary og Lars W. for nye spennande innlegg frå i aftes om denne huslyden!

 

Eg har litt besvær med å definera desse bustadane i og kring Trondheim, men eg trur eg har forstått det meste og har sett opp eit oppdatert manuskript der eg òg har teke med nye opplysningar frå Amerika.  Det som eg no oppfattar som «hovudutfordringar» i denne huslyden, vil vera:

 

** Plassnamnet under Vestad der Henrik og Sophia, sidan Karen, budde - om det var på Vestadsletten eller ein annan stad?

 

** Lagnaden til Karen Ingebrigtsdotter etter 1865?

 

** Plassnamn under Bartnes i Innerøy der Lorents Lindgaard var fødd og oppvaksen?

 

** Lagnaden/Dødsfallet til Marie Aasen i Chicago?  Kvar vart det av borni?

 

** Borni etter Ole Jacobsen i Trondheim?

 

** Vigsli til Sofie Margrethe Vestad og Nils Christophersen, truleg i Christiania?

 

** Vigsli til Jette Elisabeth «Henriette» Vestad, kan henda i Kristiansund?

 

** Lagnadane til Martine Christine og Carl Ludvig Dahl i Amerika?

 

** Og endeleg dødsfallet til Frantz Bruun i Connecticut?

 

Og her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Andersson Vestad, opphavleg frå Ormberg i Jostedalen, vart døypt i Jostedalen 26.3.1777 og gifte seg første gongen i Luster 16.7.1797 med Sophia Larsdotter frå Dulsviki under Lingjerde, døypt i Hafslo 5.6.1774.  Henrik og Sophia budde første åri hjå foreldri hans på Ormberg i Jostedalen, men flytte kring 1800 til Garen under Sperle i Jostedalen.  Ikkje lenge etter finn me dei att på ein plass under Myklemyr i Jostedalen, men dei var visstnok òg ein tur attende til Ormberg før dei kring 1813 flytte hit til Øyane under Flattun.  Me kan ikkje sjå at dei fekk nokon tinglesen festesetel på plassen, men dei vart likevel buande her fram til 1832.  Plassen hadde dei då alt kring 1828 léte frå seg til ein av sønene (sjå nedanfor).

Henrik og Sophia flytte i 1832 til Veøy i Romsdalen og busette seg som husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under garden Vestad.  Sophia d. som husmannskone på Vestad 15.3.1844, og 30.12.1845 gifte Henrik seg att i Veøy med Karen Ingebrigtsdotter frå Morkestrand i Veøy.  Ho var dotter av gardbrukar Ingebrigt Andersson på Morkestrand og andre kona Mali Andersdotter frå Selgesvoll og f. i Veøy 12.3.1810.  Dei vart buande på plassen som Henrik hadde under Vestad i Veøy, og Henrik d. der som husmann 5.8.1856. 

 

##### (seinare lagnad for Karen Ingebrigtsdotter? – budde 1865 på Vestadsletten under Vestad, men var dette plassen som Henrik hadde?

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1541&kenr=005&bnr=0021&lnr=000

 

##### (hadde Henrik og Karen born i lag? – neppe...)

 

Henrik og Sophie hadde med seg ein soneson til Veøy i 1832 (som hadde mist far sin året før):

 1. Henrik Andersson {Vestad}, f. {i Luster} 2.6.1829,

Henrik Vestad flytte i 1832 med besteforeldri sine til Veøy i Romsdalen og voks soleis opp på ein husmannsplass under Vestad i Veøy.  I 1851 flytte han til Ålesund der han 12.1.1860 gifte seg med Metta Marie Lorentsdotter Lindgaard frå Bakklandet i Strinda, Sør-Trøndelag.  Metta var dotter av sjømann Lorents Johnson Lindgaard på Bakklandet, opphavleg frå Bartnes i Innerøy,

 

##### (foreldri plassfolk under Bartnes 1801 der Lorents var fødd 1796 – namn på plassen??)

 

og kona Paulina Ingebrigtsdotter frå Bakklandet og f. i Strinda 24.4.1831.  Henrik Vestad var snikkar, og han og Metta vart buande i Ålesund der Metta d. 19.11.1909.  Henrik Vestad d. same staden 29.9.1911.  Dei fekk åtte born i lag; dessutan hadde Metta ei dotter frå før:

a. Maria Lorentine Pauline Ludvigsdotter, dotter av Metta og frisør Ludvig Henrik Amundsen, var f. i Borgund 2.10.1856.  Ho gifte seg i Ålesund 19.7.1879 med bøkkersvein og enkjemann Andreas Edvard Andersson Aasen, opphavleg frå Løkken under Åsen i Grytten, f. i Grytten 18.11.1852.  Han gifte seg første gongen i Ålesund 29.6.1876 med Antonette Elise Andreasdotter frå Ålesund, f. i Ålesund 23.4.1854.  Men Antonette d. etter barselseng i Ålesund 22.1.1878.  Dei fekk to born i lag.  Andreas var bøkkarsvein og budde for det meste i Ålesund og sidan i Kristiansund, men i 1885 utvandra Andreas Aasen til Amerika.  Kona og dei fire borni følgde etter i 1886.  Reisemålet deira var Chicago, Ill., men Andreas d. der alt 13.6.1886, og grunna sorg skal Marie Aasen vera avlidi kort etter,

 

     ##### (to be verified? – date and place of her death? – don’t find Chicago, IL!)

 

     Dei fekk fire born i lag.

 

     ##### (borni var:

            * Andrea Mathilde Aasen, f. Ålesund 11.10.1879

            * Henriette Amanda Aasen, f. Ålesund 21.4.1881, var hjå besteforeldri i 1885

            * Alfred Marius Aasen, f. Kristiansund 22.10.1882, kom attende og voks opp hjå besteforeldri i Ålesund!

            * Eugen Aasen, f. Kristiansund 1884)

 

b. Anna Berntina Henriksdotter Vestad, f. i Ålesund 28.7.1860, d. i Trondheim 24.4.1923.  Anna gifte seg i Ålesund 19.8.1879 med enkjemannen Ole Jacobson, opphavleg frå Lade, kjend som Ole Jacobsen.  Ole var f. i Lade 13.1.1841 og d. på eit sjukehus i Trondheim 30.12.1914.  Ole Jacobsen var maskinist, og han og Anna budde i Trond­heim levetidi ut.  Ole hadde i alt minst fem born; av dei var visstnok fire frå andre ekteskapet med Anna Vestad.

 

     ##### (sjekka desse opplysningane?)

 

c. Herman Magnus Henrikson Vestad, f. i Ålesund 31.12.1861, reiste heimefrå i ung alder, truleg som sjømann.  Han var heime ein gong, og mor hans vart då så overraska at ho svima av.  Sidan fór han att, og familien høyrde aldri meir gjete han.

 

     ##### (lagnaden til Herman Vestad?)

 

d. Jensine Amalie Henriksdotter Vestad, f. i Ålesund 14.2.­1864, var syerske i Ålesund der ho d. 11.7.1941.  Ho var ugift, men fekk to døtrer.

e. Sophie Margrethe, kjend som Sofie Henriksdotter Vestad, f. i Borgund 2.4.1866, d. i Oslo 27.8.1929.  Sofie flytte i ung alder til Trondheim og derifrå til Christiania (Oslo) der ho gifte seg første gongen

 

     ##### (dato og stad for første vigsli hennar? – etter 1894!)

 

     med Nils Christophersen frå Christiania, f. i Christiania 5.7.1862. 

 

     ##### (sjekka fødselsdato? – oppgjeven ved konfirmasjonen! – ved dødsfallet oppgjeve 8.7.1863!)

 

     Nils var jarnbanekontorist, og han og Sofie budde på Frogner i Christiania der Nils d. 9.10.1898.  Sofie vart kring 1901 sambuande og gifte seg 30.6.1908 borgarleg att i Christiania med Josef Martinson Johansen frå Christiania.  Josef ætta frå Odalen, men var f. i Christiania 1.2.1876 og d. i Christiania 22.9.1923.  Josef var ei tid sjefskokk i marinen og deretter verkstadarbeidar, men arbeidde elles som kelnar i Christiania.  Sofie fekk i alt fem born, eitt før første ekteskaøet og fire frå andre ekteskapet.

f. Jette Elisabeth, kjend som Henriette Henriksdotter Vestad, f. i Borgund 12.2.1868, d. i Ålesund 25.8.1963.  Henriette gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar? – kring 1895?)

 

     med Johan Severin Lorentsson Eriksen, f. i Kristiansund 23.12.1868.  Han d. i Ålesund 6.5.1941.  Johan Eriksen var blikkenslagar, og han og Henriette budde først nokre år i Kristiansund, men flytte kring 1905 til Ålesund der dei sidan vart buande levetidi ut.  Dei var barnlause.

g. Martine Christine Henriksdotter Vestad, f. i Borgund 26.10.1870, gifte seg på Bakklandet, Trondheim 13.8.1895 med Carl Ludvig Thomasson Dahl frå Trondheim, f. i Trondheim 26.3.1862.  Carl Dahl var matros, og han og Martine budde i Trondheim til dei i 1906 utvandra til Amerika. 

 

     ##### (lagnaden deira i Amerika? – utvandra med reisemål Harlem, NY!)

 

h. Olivie Pauline Leonora, kjend som Pauline Henriksdotter Vestad, f. i Borgund 28.5.1873, flytte i ung alder til Christi­ania (Oslo) der ho 23.10.1901 gifte seg med prestesonen Frantz Frantzson Bruun, opphavleg frå Talvik i Finnmark, men dels oppvaksen i Horten og i Christiania.  Frantz var f. i Talvik 2.5.1864 og utdanna seg som ingeniør.  Frå 1886 til 1894 var han soleis busett i England, og i 1904 utvandra han og Pauline til Amerika.  Dei budde visstnok ei tid i Harlem, N.Y., men flytte sdan til East Orange, Essex Co., N.J. der Frantz arbeidde som mekanisk ingeniør («mechanical engi­neer»).  Men Frantz Bruun d. i Groton, Conn.

 

     ##### (exact date of his death? – buried Noank Valley cemetery!)

 

     1927, og ikkje lenge etter flytte Pauline attende til Ålesund der ho d. som enkje 11.12.1932.  Dei var barnlause.

i. Larsine Gurine Johanna Henriksdotter Vestad, f. i Ålesund 28.1.1876, d. i Ålesund 21.1.1892.

 

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.