Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Irving W. Fox frå NY og Bertha Larmo frå WI - busette i St- Paul, MN 1900, men kven var Irving og kvar er vigsli deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg freistar å henta ut fleire opplysningar om dette parfolket frå St. Paul, MN:

 

FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-69P3-YYN

 

FOX, Irving W.  Jan. 1861  NY  NY  NY  cheese dealer

FOX, Bertha  Nov. 1876  WI  Nor  Nor

married two years - one child:

FOX, Bertha  Aug. 1899  MN  NY  WI

 

FT1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYC-1XX

 

FOX, Irving W.  42  NY  NY  NY  stationary fireman

FOX, Bertha  28  WI  Nor  Nor

FOX, Bertha  5  MN  NY  WI

 

So kom ho på sjukehuset i St. Peter, Nicollet Co., MN:

 

FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJ8-7KK

 

FOX, Bertha  34  WI  Nor  Nor  married  inmate

 

og der døydde ho 3.12.1917.  Dotteri Bertha døydde i St. Paul, MN 12.11.1913, 14 år gamal.

 

Truleg var det mannen Irving Fox som døydde i St. Paul, MN i 1923:

 

Name Irving W. Fox
Gender Male
Death Date 24 Sep 1923
Death Place Saint Paul, Ramsey, Minnesota
Age 65
Birth Date 1858
Marital Status Married
Spouse's Name Unknown Fox
Father's Name Unknown
Mother's Name Unknown

 

men som me ser, har denne dødsattesten ingen opplysningar om kven han var!

 

** Eg har leitt «høgt og lågt» etter vigsli til Irving Fox og Bertha Larmo kring 1898, men finn ikkje spor etter ho!

 

** Eg har òg vanskar med å identifisera Irving Fox og kven han var!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Vielsesåret var oppgitt å være 1898 i Census 1900.

 

Irving W Fox

United States Census, 1900
Name: Irving W Fox
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Election District 2 St. Paul city Ward 5, Ramsey, Minnesota, United States
Gender: Male
Age: 39
Marital Status: Married
Race: White
Race (Original): W
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household (Original): Head
Years Married: 2
Birth Date: Jan 1861
Birthplace: New York
Marriage Year (Estimated): 1898
Father's Birthplace: New York
Mother's Birthplace: New York
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Irving W Fox
Head
Male
39
New York
Wife
Female
24
Wisconsin
Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Bertha Fox

United States Census, 1900
Name: Bertha Fox
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Election District 2 St. Paul city Ward 5, Ramsey, Minnesota, United States
Gender: Female
Age: 1
Marital Status: Single
Race: White
Race (Original): W
Relationship to Head of Household: Daughter
Relationship to Head of Household (Original): Daughter
Birth Date: Aug 1899
Birthplace: Minnesota
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Wisconsin
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Head
Male
39
New York
Wife
Female
24
Wisconsin
Bertha Fox
Daughter
Female
1
Minnesota

 

----

 

Datteren Bertha?

W. Fox

mentioned in the record of Fox
Name W. Fox
birth_place United States
gender Male
Wife Berath Fox
Daughter Fox
Other information in the record of Fox
from Minnesota Births and Christenings
Name Fox
Gender Female
Birth Date 28 Aug 1899
Birthplace St, Paul, Ramsey, Minnesota
Race White
Father's Name W. Fox
Father's Birthplace United States
Mother's Name Berath Fox
Mother's Birthplace United States

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FD9K-D5L

 

Minnesota Births and Christenings, 1840-1980
Indexing Project (Batch) Number C74783-5
System Origin Minnesota-EASy
GS Film number 1309130

 

----

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Faren sitt navn var litt feilskrevet da Bertha døde i 1913

Bertha Fox

Minnesota Death Records
Name Bertha Fox
Event Type DEATH
Event Date 12 Nov 1913
Event Place Saint Paul, Ramsey, Minnesota
Gender Female
Age 14
Birth Year (Estimated) 1899
Father's Name Jabing Fox
Mother's Name Bertha

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XP8H-RQS

----

Bertha Fox

Minnesota Deaths and Burials
Name Bertha Fox
Gender Female
Death Date 12 Nov 1913
Death Place St. Paul, Ramsey, Minnesota
Age 14
Birth Date 1899
Father's Name Irving Fox
Mother's Name Bertha

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FDSM-M8B

 

 

 


 

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for interessante innlegg om denne huslyden!

 

Eg har i dag motteke kopiar av eit par dødsattestar frå Minnesota som høyrer til denne huslyden. men dei er diverre litt for store for utleggjing i Brukarforum.  Eg har bede Egil om hjelp til å forminska dei, men kan fortelja kva dei inneheld:

 

Bertha Fox, barnet, var født i St. Paul, MN 28.8.1899 og døydde på «St. Paul city hospital» 12.11.1913 av «typhoid fever».  Ho vart gravlagd i Forest cemetery i St. Paul, MN.

 

Irving W. Fox, truleg faren, fødd NY, about 65 (parents unknown), janitor, married, døydde 24.9.1923 av «chronic myocarditis» på 904 Payne Avenue i St. Paul, MN, vart òg gravlagd i Forest cemetery, St. Paul, MN.

 

Då må dette vera han i FT1920, 67 år gamal, på 904 Payne Avenue: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RX2-LTC

 

Og her i FT1910, 57 år gamal, på 908 Payne Avenue: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJW-62T

 

Han står som gift i 1910 og som enkjemann i 1920, som jo stemmer «fortreffeleg», men i 1901 står det at han hadde vore gift i 11 år med i alt 6 born, derav fire i live!  Dette tyder at han kanskje hadde vore gift ein gong før??

 

Diverre ikkje stort å få ut av dette, so opphavet til Irving W. Fox kan komma til å verta ei skikkeleg utfordring å finna ut av...

 

Hadde me berre greidd å finna vigsli kring 1898...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av dette manuskripet!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Heisan, akkurat i det eg sendte siste innlegget av stad, ser eg at det var ein Irvin W. Fox, 28 år gamal, fødd i NY, som var «cheese maker» (same yrket som «vår» Irving hadde i 1900!) og alt i 1880 budde i Morristown, St. Lawrence Co., NY: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBN-GX7

 

FOX, Irvin W  28  NY  PA  PA  cheese maker

FOX, Alice  29  NY  NY  NY  wife

FOX, Emma  6  NY  NY  NY  dau

FOX, Alexander  4  NY  NY  NY  son

FOX, Mabel  1  NY  NY  NY  dau

 

Det er vel ikkje usannsynleg at dette er «vår» Irwing!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til «oppklaring» av denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil som kjapt har «konvertert» desse dødsattestane for baby Bertha Fox, faren Irving W. Fox og mori Bertha Fox, som døydde på sjukehuset i St. Peter, MN!

 

So vonar eg at både vigsli til Irving og Bertha etter kvart vil dukka opp, saman med opphavet til Irving...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

 

701501044_Foxdeath2.jpg.46ebaaeab9feba8d7bfafc96163ef993.jpg973411759_Irvingfoxdeath.jpg.cf5edd85f9e5dd3c772e95cd053ea11a.jpg

Fox death.jpg

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Åsbjørg Susort
20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

FOX, Irvin W  28  NY  PA  PA  cheese maker

FOX, Alice  29  NY  NY  NY  wife

FOX, Emma  6  NY  NY  NY  dau

FOX, Alexander  4  NY  NY  NY  son

FOX, Mabel  1  NY  NY  NY  dau

 

Ifølge et tre på ancestry er foreldrene til denne Irvin W.:

Hannibal Fox 1813-1897 og Anna Maria Wagner

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/75211762/person/320050977284/facts?_phsrc=tuC2922&_phstart=successSource

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Åsbjørg for eit kjempespennande innlegg!

 

Dette MÅ jo vera «vår» Irving, når me ser at han var fødd i januar 1852 (jmf. «vår» Irving frå FT1900, om enn året ikkje stemmer!), og treeigaren har òg finne ut at denne Irving døydde i St. Paul, MN!

 

Eg har med opplysningane frå dette treet òg finne fleire andre family trees som omhandlar same ætti, og eitt av dei fortel oss at Alice Stauring, òg skrive Staring, var fødd i Herkimer Co., NY 28.3.1852 (skal vel vera 1851?):

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/77911258/person/46375951793/facts?_phsrc=giv542&_phstart=successSource

 

og endå eit anna family tree følgjer dotteri Mabel (1878-1969) som gift med ein George Tibbits «of Oneida Co., NY»:

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/598791/person/-2070033974/facts

 

Og ser me på desse family trees, ser me at Irving og Alice hadde tre born som ser ut til å ha levd opp.  Når me veit at Irving si dotter Bertha frå andre ekteskapet med Bertha Larmo òg levde i 1910, stemmer utsegni om at Irving Fox i 1910 hadde hatt seks born, derav fire i live, stemmer jo dette òg «fortreffeleg»!

 

Men eg finn IKKJE noko som seier at første kona Alice var avlidi, so eg børjar spekulera på, om «vår» Irving rett og slett har «stikke av» frå Første kona og borni sine for å slå seg saman med Bertha Larmo, og kanskje er nettopp det òrsaki til at me ikkje finn noki vigsle mellom dei to!  Påfallande er det jo òg at «vår» Irving ljugde godt på alderen sin etter han var komen i lag med Bertha i St. Paul, MN!

 

Eg finn det elles underleg at det ikkje er mogeleg å finna att opplysningane frå desse family trees korkje hjå ancestry.com eller FamilySearch, som til dømes fødselsdatoane til Irving, Alice og alle borni deira, samt vigselsdatoen frå 1872.  Eigarane av desse family trees må ha hatt andre kjelder som grunnlag, men kva kjelder??

 

Om desse opplysningane stemmer, er problemet so å seia løyst, men det hadde vore kjekt om me kunne finne att Alice Sta(u)ring Fox og dødsfallet hennar...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Åsbjørg for kjapt svar på siste innlegget!

 

Du har sikkert rett med denne boki, men eg trur ikkje eg vil kjøpa ho.  Me lyt vel kunna stola sopass på at opplysningane i alle fall so nokolunde stemmer...!?  Personane har jo levd, og aldrane deira stemmer jo òg godt med påviselege census records...  Kanskje bør eg likevel i alle fall kontakta minst ein av treeigarane for å få stadfest kjelda...

 

Då trur eg ikkje det er so mykje anna å gjera enn å freista finna spor etter Alice Fox og dødsfallet hennar, eventuelt denne sakna vigsli mellom Irving Fox og Bertha Larmo...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.