Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Christenson Fortun (1835-1921) - frå Luster til Nordland og attende - huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg samla opplysningar om på 1980-talet, men som eg aldri greidde å gjera heilt komplett.  No har Ivar Moe gjort meg merksam på desse folki, og eg tillet meg å leggja huslyden ut som eige tema.  Kanskje er det nokon med lokal kunnskap, særleg i Kvernes, som kan supplera med detaljar?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript frå gnr. 57 Sørheim i Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Christenson Fortun, opphavleg frå Kvenolane under Berge i Fortun, var f. {i Luster} 17.7.1835,

Johannes Fortun flytte i 1863 til Helgeland og tente ei tid på garden Tjøttøy i Tjøtta, men flytte før 1875 til Buksnes der han 9.8.1885 gifte seg med Judith Eriksdotter frå Langø i Kvernes.  Ho var dotter av husmann og fiskar Erik Johannesson på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Langø, opphavleg frå

 

##### (far Johannes Erikson Langø)

 

og første kona Jacobine Jacobsdotter frå

 

##### (far Jacob Johannesson Bulnes? - sjå vigsli i Kvernes 2.12.1847: https://media.digitalarkivet.no/view/2281/296

 

og f. i Kvernes 17.4.1850.  Johannes var murar og fiskar, og han og Judith budde på Huldrehaugen under Svarholt i Buksnes der Judith d. 7.3.1892.  Johannes vart buande på Huldrehaugen fram til kring 1905.

Som enkjemann flytte Johannes Fortun, til dagleg kalla «nordlendingen», kring 1905 attende til Luster, og då plassen på Nylenda vart ledig i 1908, flytte han inn her.  Han livnærte seg som jordbruksarbeidar og budde på Nylenda til han kring 1915 vart «bortsett» på ein plass under Ottum der han d. 17.6.1921.  Då «nordlendingen» flytte herifrå, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.  I 1950 vart Nylenda ein del av Gelseng, Sørheim (bnr. 17), og stovehuset på plassen vart ståande like til Ragnvald Fjøsne reiv det i 1960-åri.  Me kjenner til tre born etter Johannes og Judith:

 

##### (kan det ha vore fleire?)

 

a. Johan Kristian Johannesson Fortun, f. i Buksnes 13.1.1886, d. i Buksnes 3.8.1888.

b. Johan Kristian Johannesson Fortun, tvilling, f. i Buksnes 9.7.1889,

 

     ##### (n. 1900 – lagnaden hans? – døydde før 1921!)

 

c. Gjertina Sofia Johannesdotter Fortun, likeins tvilling og f. i Buksnes 9.7.1889, kom attende til Luster med far sin og d. på Mørkrid 23.7.1960.  Ho var ugift, men fekk ein son:

‑ Julius Hansson Mørkrid (1911‑1965), son av Gjertina og husmannssonen Hans Hansson Havreberg frå Hilleren under Havraberg (1889‑1911), vart oppalen på Mørkrid midtre, Mørkrid (bnr. 6) og vart gardbrukar der (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit interessant innlegg!

 

Eg hadde oversett denne utvandringi, truleg fordi fødestaden er oppgjeven til noko helt anna enn Luster!

 

Men eg finn han no som busett i Willmar, Kandiyohi Co., MN i 1910 (han kom ikkje opp på FamilySearch, berre på ancestry...):

 

https://www.ancestry.com/interactive/7884/31111_4330232-00172?pid=13158867&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D7884%26h%3D13158867%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx10158%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10158&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Men eg ser ikkje noko meir til han etter 1910, heller ikkje i WW1 draft records.  Kanskje fór han til Canada?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Me kjenner til tre born etter Johannes og Judith:

##### (kan det ha vore fleire?)

 

Folketelling 1891 for Buksnes (Hol sokn), tellingskrets 7, husliste nr. 23: Johs. Forthun m/familie:

https://media.digitalarkivet.no/view/53175/5131

https://media.digitalarkivet.no/view/53175/5132

https://media.digitalarkivet.no/view/53175/5133 - sønn Johan Kristian

https://media.digitalarkivet.no/view/53175/5134 - datter Gjertine 

 

Ingen flere personer i familien i 1891. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men eg finn han no som busett i Willmar, Kandiyohi Co., MN i 1910 (han kom ikkje opp på FamilySearch, berre på ancestry...):

 

På FamilySearch er navnet feilskrevet "Johan Forthren": https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M2GV-44C

 

Her er for øvrig innvandringen til USA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QK3Y-ZFL9 og https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QK31-GM7G

 

Endret av Lars Waaltorp
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 1.6.2018 den 13.50, Lars E. Øyane skrev:

Judith Eriksdotter frå Langø i Kvernes.  Ho var dotter av husmann og fiskar Erik Johannesson på ein plass

##### (kva for ein plass?)

under Langø, opphavleg frå

##### (far Johannes Erikson Langø)

og første kona Jacobine Jacobsdotter frå

##### (far Jacob Johannesson Bulnes? -

 

Her er Erik og Jakobine i Kvernes i 1865 - Erik var født (beregnet) 1826, Jakobine var født (beregnet) 1823:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038300005439 

 

Folketellingen 1875

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1553&kenr=009&bnr=0010&lnr=00

 

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Kvernes
  • Kommunenummer: 1553
  • Navn på bosted: Langøen

Antall personer registrert på bostedet: 14. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Johannes Johns. Husfader g Gaardbruger og Selveier. Handelsbetjent 1811 Bremsnæs S. Kv.  
  Frederikke Johansd. Hans Kone g   1823 Kværnæs S. Kv.  
  Kristian Johanness. Søn ug Hjelper Faderen med Gaardsbruget 1858 Bremsnæs S. Kv.  
  Magdalene Petternella Johannesd. Datter ug Hjemm hos Forældrene 1856 Bremsnæs S. Kv.  
  Engeborg Frederikke Johannesd. Datter   %Jordarbeider, Fisker% 1863 Bremsnæs S. Kv.  
  John Johanness. Johannes s.Søn Husfader g Jordarbeider, Fisker 1849 Bremsnæs S. Kv.  
  Hanna Johannesd. Hans Kone g   1852 Kornstad S. Kv.  
  Johannes Johns. Deres Søn     1873 Kornstad S. Kv.  
  Johanna Fredrikke Johnsd. Datter     1872 Kornstad S. Kv.  
  Petternella Korneliusd. Tjenestepige ug Tjenestepige 1855 Kornstad S. Kv.  
  Erik Johannes. Husfader g Inderst Fisker 1826 Bremsnæs S. Kv.  
  Beret Anna Larsd. Hans Kone g   1817 Fredø S. Kristiansund  
  John Elias Eriks. Deres Søn ug Hjemme hos Foræld 1860 Bremsnæs S. Kv.  
  Edevard Olaus Eriks. Deres Søn     1866 Bremsnæs S. Kv.  
 
 
 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til Erik i Bremsnes sokn i 1826:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NC17-S29 

 

Møre og Romsdal fylke, Bremsnes i Kvernes, Ministerialbok nr. 568A09 /2 (1820-1830), Fødte og døpte 1827, Side 96-97
https://media.digitalarkivet.no/view/17012/53139/20 

 

????

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWPN-W13

 

Jacobina Jacobsen

Norway Baptisms
Name Jacobina Jacobsen
Gender Female
Christening Date 17 Nov 1824
Christening Place BREMSNES,MORE OG ROMSDAL,NORWAY
Father's Name Jacob Henden
Mother's Name Sophie Endresd

 

   

Møre og Romsdal fylke, Bremsnes i Kvernes, Ministerialbok nr. 568A09 /2 (1820-1830), Fødte og døpte 1824, Side 78-79
https://media.digitalarkivet.no/view/17012/53139/11

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N75B-STG 

Jacob Jonsen Hennæs V. Bullsnæs

mentioned in the record of Jacob Jonsen Hennæs V. Bullsnæs and Sophia Endresdatter Stolen
Name Jacob Jonsen Hennæs V. Bullsnæs
Spouse's Name Sophia Endresdatter Stolen
Event Date 18 Nov 1810
Event Place Kristiansund, Møre Og Romsdal, Norway
Marital Status

Single

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW4Y-63D 

Jacob Jonsen

mentioned in the record of Jacob Jonsen and Sophie Endresdr
Name Jacob Jonsen
Spouse's Name Sophie Endresdr
Event Date 18 Nov 1810
Event Place Bremsnes,More Og Romsdal,Norway

 

Nederst på venstre side:

Møre og Romsdal fylke, Kvernes, Kornstad, Bremsnes, Grip, Kristiansund i Kvernes, Ministerialbok nr. 568A04 (1802-1845), Trolovede 1810, Side 45
https://media.digitalarkivet.no/view/16081/45 

 

Møre og Romsdal fylke, Bremsnes i Kvernes, Ministerialbok nr. 569A03 (1805-1819), Viede 1809-1815, Side 306-307
https://media.digitalarkivet.no/view/16089/73 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for nye spennande og utfordrande innlegg!

 

For å ta opphavi til Erik og Jacobine først, so kan det sjå ut som om Erik Johannesson var fødd og oppvaksen på ein plass under Langø, og me kan vel gissa på at det var barndomsheimen han tok over etter foreldri sine...?  Men noko NAMN på plassen får me vel ikkje...?

 

Når det gjeld Jacobine, ser eg ho er fødd som husmannsdotter på Henden, men då ho i 1841 vart konfirmert, står det fødestad Bugten:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/2281/229

 

Bugten er i 1865 ein plass under Sæther i Kvernes, medan Henden er ein gard med fleire bruk og ogso fleire plassar, so her står eg «fast».

 

Finst det kanskje ei bygdebok for Bremnes som kan hjelpa oss «definera» føde- og opphavsstadane til både Erik og Jacobine?

 

Når eg stilte spørsmålet om Johannes og Judith eventuelt hadde fleire born, var det med tanke på at Judith kanskje døydde i barselseng eller at dei hadde born som døydde kort etter fødsli.  No har eg blatt igjennom fødde og døypte i Hol sokn for 1890-1892, men finn ikkje nokon, so truleg hadde dei nok berre dei tre bprni me alt kjenner til...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

42 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Finst det kanskje ei bygdebok for Bremnes som kan hjelpa oss «definera» føde- og opphavsstadane til både Erik og Jacobine?

 

Bremsnes og Kvernes er begge en del av dagens Averøy. Jeg har sett gjennom alle fire bindene for Averøya, men jeg klarte ikke å finne noe om Langø eller Bugten. Det skal visstnok komme flere bind etter hvert, så det er mulig at dette er et område som ikke er omtalt ennå.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget frå sist sundag!

 

Eg har no fått bragt på det reine at dette er eit område utan bygdebokdekning, men eg har fått lokal hjelp og kan no syna fram eit NESTEN komplett manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Christenson Fortun, opphavleg frå Kvenolane under Berge i Fortun, var f. {i Luster} 17.7.1835,

Johannes Fortun flytte i 1863 til Helgeland og tente ei tid på garden Tjøttøy i Tjøtta, men flytte før 1875 til Buksnes der han 9.8.1885 gifte seg med Judith Eriksdotter frå Langøy i Bremsnes, Kvernes.  Ho var dotter av husmann og fiskar Erik Johannesson på ein plass under Langøy og første kona Jacobine Jacobsdotter frå Bullsneset under Henden og f. i Kvernes 17.4.1850.  Johannes var murar og fiskar, og han og Judith budde på Huldrehaugen under Svarholt i Buksnes der Judith d. 7.3.1892.  Johannes vart buande på Huldrehaugen fram til kring 1905.

Som enkjemann flytte Johannes Fortun, til dagleg kalla «nordlendingen», kring 1905 attende til Luster, og då plassen på Nylenda vart ledig i 1908, flytte han inn her.  Han livnærte seg som jordbruksarbeidar og budde på Nylenda til han kring 1915 vart «bortsett» på ein plass under Ottum der han d. 17.6.1921.  Då «nordlendingen» flytte herifrå, vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden.  I 1950 vart Nylenda ein del av Gelseng, Sørheim (bnr. 17), og stovehuset på plassen vart ståande like til Ragnvald Fjøsne reiv det i 1960-åri.  Johannes og Judith fekk tre born i lag:

a. Johan Kristian Johannesson Fortun, f. i Buksnes 13.1.1886, d. i Buksnes 3.8.1888.

b. Johan Kristian Johannesson Fortun, tvilling, f. i Buksnes 9.7.1889,

 

     ##### (n. 1900 – utvandra 1907 frå Skjolden til Minnesota – budde 1910 i Willmar, Kandiyohi Co., MN – lagnaden hans? – døydde før 1921!)

 

c. Gjertina Sofia Johannesdotter Fortun, likeins tvilling og f. i Buksnes 9.7.1889, kom attende til Luster med far sin og d. på Mørkrid 23.7.1960.  Ho var ugift, men fekk ein son:

‑ Julius Hansson Mørkrid (1911‑1965), son av Gjertina og husmannssonen Hans Hansson Havreberg frå Hilleren under Havraberg (1889‑1911), vart oppalen på Mørkrid midtre, Mørkrid (bnr. 6) og vart gardbrukar der (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Då er det berre lagnaden til sonen Johan Kristian i Amerika som står òpe, men den vert det sikkert ikkje so lett å finna ut av..?  Uansett skal han vera avliden FØR 1921...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg ønskjer i dag å henta fram att denne utfordringi som gjeld lagnaden til unge Johan Kristian Fortun i Amerika.

 

Johan Kristian er ikkje nemnd i W1 draft records frå 1917/1918, i alle fall ikkje med den fødselsdatoen som me har på han, so kanskje var han alt då avliden.  Kan han ha endra namnet sitt i Amerika??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppspora Johan Kristian i Amerika!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Hei. Jeg har started med å nøste opp i min slekt fra Averøy. Min farfar het Johan Kjønø, hans far var Edvard Olaus Eriksen Kjønø (Langø). Hans far igjen var Erik Johannesen Langø. Er det mulig å finne ut hvem hans foreldre er og når de var født. Antar de begge bodde på Langøen, Kværnes.

I ovenstående er det listet opp personer som bodde sammen i en folketelling i 1875. Her bor Erik Johannesen sammen med kone Beret og de to barna Edvard og John. Hvilken relasjon har de andre som står på den listen til Erik og Beret? Johannes og Fredrikke som står øverst på listen er på ca samme alder Erik. Kan det være bror/søster med barn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.