Gå til innhold
Arkivverket

Christen Olssén (1839-1894) - frå Hafslo via Lærdal og Bergen til Sverige


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Emnet som Ivar Moe òpna i midten av april: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/

 

er etter kvart vorte svært so stort og er samansett av fleire huslydar som ikkje har samband med kvarandre.  Den siste tidi har særleg oppdagingi av Christen Olssén frå Hafslo, som hamna i Gävle i Sverige, teke mykje merksemd og sytt for mange innlegg.  Men no ser det ut til at denne saki kanskje er i ferd med å verta «gløymd», og eg vil difor leggja ut den siste «statusmeldingi» (innlegg #75 frå fredag) som eige tema.  Kanskje er det mogeleg å finna inalle fall nokre av svari på spørsmåli som står att?

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

No børjar eg å forstå gongen i dette:  Christen Olssén vart kjend med Georgine Smith alt medan han var i Bergen, og Georgine kjenner me jo att frå følgjande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/220996-øyanes-påskenøtt-2018-9-anna-haaversdotter-1793-1873-frå-luster-til-bergen-med-forgreiningar-til-amerika-ei-kjempeutfordring/

 

og dei «stakk av» i lag til Karlstad der dei tok ut lysing i 1867!  Georgine budde nok framleis i Karlstad då Christen stakk av i 1869 (kanskje er ho nemnd i husforhörslengder derifrå?), men i 1872 var ho i alle fall attende i Bergen, då som mor til ein uektefødd son, sitt ANDRE leigarmål (kan det første ha vore med Christen Olssén i Karlstad???):

 

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007389650

https://media.digitalarkivet.no/view/8328/10

 

og ho gifte seg i Bergen i 1876 med Ole Johan Høyer Lambertsen.  Det var då hennar første ekteskap!

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000849013

 

Etter alle desse kjempemessige innleggi er nesten heile «seksjonen» om Christen Olssén «i boks».  Eg saknar i grunnen berre desse detaljane:

 

** Visshet om at skilsmålet frå Karlstad frå 1889 gjaldt lysingi med Georgine Smith?

 

** Fekk kan henda Christen og Georgine eit barn i lag i Karlstad?

 

** Yrket til Lydia - anført ved vigsli hennar i innlegg #56 over, som eg har vanskar med å tyda...?

 

NB: Innlegg #56: Vielse nummer 22 på høyre side; Christen Olsen og Lydia Söderberg: https://sok.riksarkivet.se/bildvisning/A0010799_00040

 

** Og endeleg vigslelsstaden for Lydia med Per August Wahlström frå 1896?

 

Eg vil samstundes kontakta Statsarkivet i Bergen for å sjå kva ervingar Georgine etterlét seg i 1936....

 

Her kjem so eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #52 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Olssén, f. i Hafslo 23.7.1839, flytte òg til Bergen i 1859, men fór vidare til Karlstad i Värmland, Sverige der han 13.1.1867 vart trulova med Georgine Elisabeth, kjend som «Gine» Gabrielsdotter Smith frå Bergen, ei dotterdotter av husmannsdotteri Anna Haaversdotter frå Lovolden under Fortun i Luster (1793-1873).  Ho var f. i Bergen 13.9.1848.  Gine flytte kring 1870 attende til Bergen der ho 22.10.1876 gifte seg med enkjemannen Ole Johan Høyer Lambertsen frå Bergen, f. i Bergen 17.7.1830.  Ole Lambertsen var bokbindarmeistar i Bergen der han d. 26.3.1909.  Gine Lambertsen d. same staden 7.11.1936.  Ho fekk ingen born, men Ole Lambertsen hadde fire born frå to tidlegare ekteskap samt ein son utanfor ekteskap som voks opp hjå far sin.  Christen rømte frå Karlstad i 1869, men dukka opp att og vart formelt skild frå Georgina i Karlstad 9.1.1889. 

 

     ##### (har eg oppfatta dette rett? – eller kven vart han skild ifrå? - fekk dei kan henda eit barn i lag?)

 

     I mellomtidi flytte Christen 27.3.1874 til Valbo i Gävleborgs län der han snart etter vart sambuande med Brita Maria Eriksdotter Storm, f. i Maxmo i Finland 25.11.1841.  Ho d. i Gävle 14.9.1923.  Christen arbeidde som murar, medan Brita var syerske, men dei flytte frå kvarandre før 1880.  Dei flytte båe til Gävle i Gävleborgs län der Christen kring 1882 vart sambuande med Kristina, kjend som Stina Gustafsdotter, f. i Lysvik i Värmland 5.9.1856.  Ho d. ugift i Österfärnebo, Gävleborgs län 7.7.1904.  Men denne sambuarskapen varte heller ikkje lenge, og Christen flytte i 1887 på ny til Valbo der han 15.9.1889 gifte seg att med Lydia Laurentia Christina Larsdotter Söderberg frå Gävle, f. i Gävle 7.6.1865. 

 

     ##### (kva yrke hadde ho? – kva er oppgjeve ved vigsli i 1889? – sjå innlegg #56!)

 

     Christen og Lydia flytte 7.11.1889 til Gävle der Christen dei siste leveåri livnærte seg som slaktar.  Han d. i Gävle 27.1.1894, og Lydia gifte seg 28.1.1896 att

 

     ##### (vigselsstaden? – i Gävle?)

 

     med Per August Persson Wahlström frå Gävle, f. i Rättvik 1.1.1861.  Per var stueriarbeidar, og parfolket vart buande i Gävle til dei i 1915 flytte inn hjå son hennar i Tierp, Uppsala län, men ikkje so lenge etter flytte dei båe attende til Gävle.  Per og Lydia vart skilde i 1920, og Lydia Olssén-Wahlström d. i Gävle 23.8.1922, medan Per Wahlström d. same staden 5.12.1926.  Christen fekk to søner, ein frå sambuarskapen med Brita Storm og ein frå ekteskapet med Lydia Söderberg.

 

     ##### (sønene var:

            * Edvard Christian (Storm), f. (uekte) i Valbo 8.1.1877 – d. i Gävle 10.4.1892

            * Gustaf Heliodorus Olsén, f. i Gävle 2.11.1890, d. Gävle 16.10.1953 – gift 1913, bus. Tierp i Uppsala län!)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framfrå bistand til kartleggjing av denne skikkeleg utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for kjempeflotte innlegg!

 

Særleg likte eg det siste som fortel oss at Georgine Elisabeth Smith då budde i Karlstad «med særbarn», 2 stk,, ein gut og ei jente!  Kanskje hadde ho fått tvillingar med Christen Olssén??

 

Elles greier eg framleis ikkje å tyda denne yrkestitelen til Lydia ved vigsli hennar med Christen i 1889...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karlstads stadsförsamlings kyrkoarkiv, Födelse- och dopböcker, SE/VA/13275/C I/10 (1861-1873)

1868 - fødselsdatoen er 20.09.1868

 

Christen og Georgine barn .jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit fantastisk innlegg!  Då hadde eg altså rett i at Christen og Georgine hadde (minst eitt) barn i lag, og er me heldige, dukkar det kanskje opp eitt til?

 

Men kvar vart det av desse borni hennar?  Eg finn ingen svenskfødde born i Bergen 1875 som kan høva, men kanskje bør ein søkja etter ein konkret fødestad i Sverige?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men i jøsse namn, nettopp då eg har sendt siste innlegg kjem Lars W. med eitt barn til!  Eg er skikkeleg imponert og seier berre TAKK TAKK TAKK!

 

Og der er ogso dødsfallet til Olof Arendt!  Fantastisk!

 

Dette gjev verkeleg «blod på tann», og eg kan ikkje la vera å spørja: Kvar vart det av Anna Christina??

 

Dette var skikkeleg kjempeklaff, og eg takkar på ny for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Dette gjev verkeleg «blod på tann», og eg kan ikkje la vera å spørja: Kvar vart det av Anna Christina??

 

Kan det være hus om finnes her i folketellingen 1875 for Askøy?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052284000525

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1247&kenr=002&bnr=0045&lnr=00

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Askøy
  • Kommunenummer: 1247
  • Navn på bosted: Øvre Kleppe

Antall personer registrert på bostedet: 7. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Berte Knudsdatter Husmoder e Gaardeier og Bruger 1836 Askøens Sogn og Præsteg Erdal  
  Elias Kristiansen Søn ug Hjelper sin Moder 1858 Askøens Sogn og Præsteg Ø.Kleppe  
  Kristian Bertin Kristiansen Søn ug Hjelper sin Moder 1862 Askøens Sogn og Præsteg  
  Andreas Johan Kristiansen Søn ug   1865 Askøens Sogn og Præsteg  
  Bernt Simondsen Pleiebarn ug Forsørges af Bergens Fattigv. 1873 Bergen Korskirken  
  Anna Kristina Olsen Pleiebarn ug Forsørges af Bergens Fattigv. 1866 Karlstad Sverige  
  Maria Ellingsdatter Kaarkone e Kaarkone 1802 Askøens Sogn og Præs. Myren,Alvøen
Endret av Grethe Flood
  • Liker 1
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje ord!  Hjarteleg takk til Lars W. og Grethe for nye fantastiske og imponerande innlegg!

 

Sjølv sat eg nettopp med eit søk i FT1910 og fann denne jenta på Hvaler i Austfold, men der er eg skkert langt utpå «landet»:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036337003972

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

 

PS: Er det mogeleg å finna ut kva tid Georgine og dotteri flytte attende frå Karlstad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Georgine flyttet vei fra Karlstad i 1869? se #5 - i husforhörslängden står det et tall: 203 og det stemmer med tallet (løpenummeret?) som står i utflytterlisten jeg har funnet i #5. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Jau, du har jo rett.  Det var ei liste over utflytte du refererte til i innlegg #5, so då er den saki klar.  Berre at sonen døydde før ho var dregi frå Karlstad...

 

Det er i tider som desse at FT1870 for Bergen hadde vore av stor interesse, men den vert vel ikkje skanna i mi levetid...

 

No har eg forresten søkt igjennom konfirmantlistene for Askøy, men eg finn ikkje Anna Christine konfirmert der mellom 1880 og 1884.  So lagnaden hennar ser ut til å verta ei sann utfordring...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne «spesielle» huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er et utsnitt av lysningen 1889 for Christen og Lydia - med tanke på hennes yrke, men jeg blir ikke så veldig mye klokere:

 

 

Lysning 1889.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Jau, kva kan det står her?  Er det kan henda «småskolelärarinde»???  Eg likte berre ikkje den første bokstaven...

 

Kva står det då ho gifte seg att i 1896 med Per Wahlström?  Har nokon greidd å finna den vigsli?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg fant Per August Wahlström, født 1861 i Rättvik, som ugift i folketellingen 1900 - hvis det er rett mann. Se innlegg #2 i denne tråden. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Jau, kva kan det står her?  Er det kan henda «småskolelärarinde»???  Eg likte berre ikkje den første bokstaven...

 

Kva står det då ho gifte seg att i 1896 med Per Wahlström?  Har nokon greidd å finna den vigsli?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne huslyden!

Småskolelærerinnan?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Og endeleg vigslelsstaden for Lydia med Per August Wahlström frå 1896?

 

Jeg lurer på om det står 28.1.1906 på den øverste raden? Lenger ut til høyre er det henvist til lysning 253/05. På rad fire står det riktig nok 28.1.1896, men kan det være en skrivefeil? https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-CSGH-S3N7-P?cc=2790465

 

Man må logge seg inn for å se vielser for 1906.

 

1494666102_Skjermbilde2018-06-03kl_18_42_25.png.28e487db79ebff4afc3f8a76d014a516.png

 

70494745_Skjermbilde2018-06-03kl_18_47_35.png.254e30fb81cc9271f7472f2ffaf08628.png

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.