Gå til innhold
Arkivverket

Leiting etter ein barnefar i Lærdal(?) som fekk ein son i Wisconsin i 1886? - ei skikkeleg utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Olina Olsdotter Sjøbakken, fødd i Lærdal 3.2.1865 som dotter av Ole Olson og Ragnhild Larsdotter på Sjøbakken, utvandra til Amerika frå Lærdal i 1886:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=19786&merk=19786#ovre

 

Kyrkjeboki for West Prairie Lutheran church i Vernon/Crawford Co., WI syner denne barnedåpen frå mars 1887 (sorry, finst berre hjå ancestry.com):

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314961-00119?pid=1643356&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx10310%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1890%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3Dvernon,%20wisconsin,%20usa%26msbpn%3D2993%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DLars%26msfng_x%3D1%26msmng%3DOline%26msmng_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D1643356%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10310&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314961-00118

 

Elmer Lewis, fødd 7.10.1886 av foreldre: T. Torkelsen og Oline Olsen med ein merknad som seier: «uægte, fader i Norge»

 

Etterkommarane etter Elmer Lewis, som sidan tok ættenamnet Peterson etter stefaren Lars Pederson frå Luster i Sogn, er svært opptekne av å finna ut kven som var far til Elmer Lewis, og med dette er spørsmålet lagt vidare «til høyring» i Brukarforum!

 

Dersom denne barnefaren var frå Lærdal, ser eg berre eitt alternativ, ein Tørris Torgilson som i 1865 budde på Skårheim i Borgund, Lærdal, men eg er langt frå sikker på om det er «syndebukken» vår: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1422&kenr=001&bnr=0036&lnr=000

 

Faktisk so finn eg ingen andre alternativ i heile indre Sogn!!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard Johan for eit nytt interessant innlegg.

 

Du har sjølvsagt rett i kva du seier.  Som det går fram av denne biografien for denne slekti, saksa frå Luster, bd. XI (Valaker), flytte foreldri til Bergen i 1883:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ragnhild Larsdotter {Valaker}, f. {i Hafslo} 2.6.1841,

Ragnhild Larsdotter gifte seg i Hafslo 13.11.1862 med Ole Olson frå Haugane, Sjøbakken i Lærdal, sidan kjend som Ole Sjøbakken.  Han var son av gardbrukar Ole Olson på Haugane, Sjøbakken, opphavleg frå Merket under Helland, og andre kona Kari Eriksdotter frå Ty i Aurland og f. i Lærdal 2.10.1843.  Ole og Ragnhild var i fleire år gardbrukarar på Haugane, Sjøbakken i Lærdal, men flytte kring 1871 til Lærdalsøyri i Lærdal der Ole Sjøbakken var arbeidar og matros.  Kring 1883 flytte Ole og Ragnhild til Bergen der Ole heldt fram som arbeidar.  Ragnhild d. i Bergen 9.12.1885, og Ole gifte seg 22.5.1896 att i Bergen med enkja Mette Malene Pedersdotter, opphavleg frå Kjerrefjord på Tys-nes, f. på Tysnes 1.6.1847.  Ho hadde før vore gift med ein Anders Jacobsen som d. 12.12.1877.  Ole og Mette vart buande i Bergen der Ole d. 25.11.1903.  Mette Sjøbakken d. same staden 26.3.1907.  Ole fekk i alt ni born, som alle var frå første ekteskapet med Ragnhild:

a. Kari Olsdotter, kjend som Karen Olsen, f. i Lærdal 25.2.1863, flytte til Bergen med foreldri sine og livnærte seg dels som tenestejente og dels som fabrikkarbeidar.  Ho vart sjuk og d. på eit sjuke-hus i Bergen 7.4.1903.  Ho var ugift, men fekk ein son.

b. Olina Olsdotter, kjend som Olena Olson (1865-1921), utvandra til Amerika i 1886 og vart der borte gift med husmannssonen Lars Pederson frå Dversdalen (Teigen) under Sandviki i Luster (1848-1917) (s.d.).

c. Ragnhild Olsen, f. i Lærdal 3.6.1868, flytte med foreldri til Bergen der ho d. 16.10.1888 gifte seg med Oluf Johan, kjend som Olaf Hansson Helgesen frå Bergen, f. i Bergen 26.5.1866.  Olaf var maskinist, og han og Ragnhild budde i Bergen til dei i 1900 flytte til Ålesund.  Ragnhild d. i Åle-sund 22.12.1943, medan Olaf Helgesen d. same staden 9.5.1950.  Dei fekk åtte born i lag.

d. Peder Olsen, f. i Lærdal 24.10.1870, flytte òg med foreldri til Bergen der han 23.4.1893 gifte seg med Oline Ludvikke Ludvigsdotter Hansen frå Bergen, f. i Bergen 14.2.1870.  Peder var ei tid fyr-bøtar, men 1904 utvandra han åleine til Brooklyn, N.Y.  Då Peder eit par etter kom attende, liv-nærte han seg som hamnearbeidar i Bergen der han og Oline vart buande levetidi ut.  Oline d. i Bergen 21.2.1942, medan Peder Olsen d. same staden 18.12.1944.  Dei fekk tre born i lag.

e. Johanna Olsen, f. i Lærdal 14.5.1873, flytte likeins med foreldri til Bergen og gifte seg der 10.10. 1893 med Einer Jacobson frå Åsmul i Hyllestad, i Bergen kjend som Einar Aasmul, f. i Hyllestad, Askvoll 3.4.1853.  Einar var handelsmann, og han og Johanna vart buande i Bergen der Einar d. 7.12.1906.  Johanna Aasmul livnærte seg sidan som reingjeringsassistent og d. i Bergen 11.3. 1929.  Dei fekk fire born i lag, men Johanna fekk òg tre born etter ho vart enkje.

f. Anna Olsdotter, f. i Lærdal 25.1.1877, d. i Lærdal 1.3.1877.

g. Anna Olsdotter, f. i Lærdal 26.3.1878, d. i Lærdal 8.6.1878.

h. Ole Andreas Olsen, f. i Lærdal 28.11.1879, flytte med foreldri sine til Bergen der han 2.12.1913 gifte seg med Alvilda Sigvardsdotter Nilsen frå Bergen, f. i Bergen 14.6.1890.  Ole var stuert i utanriksfart, men han og Alvilde budde i Bergen.  Ole d. på eit sjukehus i Bergen 24.4.1930, og Alvilda, som sidan livnærte seg som bryggeriarbeidar, gifte seg att i Bergen 29.10.1938 med enkjemannen Johan Alfred Carlsson Lamberg, f. i Råda, Värmland i Sverige 27.5.1884.  Johan var varebilførar, og han og Alvilda vart buande i Bergen der Johan d. 1.10.1963.  Alvilda Lamberg d. same staden 5.12.1976.  Alvilda fekk ein son, som var frå første ekteskapet.

i. Lovise Karine Olsen, f. i Bergen 24.4.1883, d. i Bergen 14.10.1883.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

so denne «syndebukken» T. Torkildsen var utan tvil òg busett i Bergen.  Og då vert han nok ikkje so enkel å finna...  Men eg ser i farten berre to alternativ i FT1885 for Bergen:

 

* Tobias Torkelsen, fødd 1848, skipsførar frå Koparvik: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=F81201&gardpostnr=8344&merk=8344#ovre

 

* Torkel Torkelsen, fødd 1855, stuert frå Bergen: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=F81201&gardpostnr=25803&merk=25803#ovre

 

Problemet er berre at båe var gifte på den tidi Olina vart svanger...  So kanskje er det ikkje nokon av dei heller, med mindre barnefaren betalte billetten og sendt Olina av stad til Amerika...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.