Jump to content
Arkivverket

Christen Nilsson Qvale (1789-1841) - soldat og sidan dagarbeidar i Bergen - kvar vart det av kona Anna frå Lærdal og dei tre sønene deira?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg jobba med tidleg på 1980-talet, men som eg den gongen berre måtte gje meg på grunna vanskar med kjeldetilgong.  No tenkte eg det ville vera lettare, og nokre opplysningar har eg finne, særleg om einaste dotteri i huslyden, men kven kona var og kvar det vart av dei tre sønene deira, er ei stor utfordring!  Dei gøymer seg svært so godt, og eg vonar no på lite vetta hjelp i Brukarforum til å komplettera dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje leiting har eg no greidd å finna att to av sønene i denne huslyden, som tydeleg har vore «bortsette» som born, ein i Mæland og ein i Fana.  Eit oppdatert manuskript følgjer i innlegg #2!

 

Kanskje kan nokre av dei vera flytte nordover?  Ein eller annan stad må dei jo ha teke vegen...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden.

 

Nærare undersøkjingar har dessutan synt at Anna Andersdotter frå Lærdal IKKJE kan vera frå Molde i Lærdal, og opphavet hennar er soleis ukjent.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Christen Nilsson {Qvale}, vart døypt {i Luster} 10.12.1789 og budde heime med mor si i 1801.

Christen Nilsson Qvale flytte som soldat til Bergen der han 28.5.1820 gifte seg i Nykyrkja med Anna Andersdotter frå Ljøsne i Lærdal,

 

##### (sjekka opphavet hennar? – fødd kring 1787?)

 

Christen var dagarbeidar, og han og Anna budde ulike stadar i Bergen der Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Christen Qvale d. som legdelem i Bergen 21.3.1841.  Me kjenner til fire born etter dei:

 

##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire?)

 

a. Nils Andreas Christenson, f. i Bergen 20.2.1820,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Birgitte Martine Christensdotter, f. i Bergen 2.11.1822, d. som arbeidarkone i Bergen 11.1.1896.  Birgitte gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 5.7.1857 med Andreas Johan Johnsen frå Bergen, f. i Bergen 22.9.1835.  Han d. som bryggedreng i Bergen 14.11.1903.  Andreas var i mange år garvarsvein, men livnærte seg sidan som dagarbeidar og bryggearbeidar.  Dei budde i Bergen og fekk fire born i lag.

 

     ##### (borni deira var:

            * Bernt Johan, f. KK, Bergen 27.12.1857 – d. kort etter

            * Johanne Berntine, f. KK, Bergen 27.4.1859 – n. 1865/75/85

            * Anne Kristine, f. KK, Bergen 14.7.1862 – n. 1865/75

            * Jondine, f. KK, Bergen 9.6.1865 – n. 1865/75)

 

c. Jens Christenson, f. i Bergen 2.3.1826, d. som husmann på Mjåtvedtstøen i Mæland, Hamre 19.7.1851.  Jens voks opp på Fosse i Mæland, Hamre der han 6.7.1851 gifte seg med enkja Martha Olsdotter frå Mjåtvedt i Mæland, f. i Hamre 10.7.1824.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Martha gifte seg første gongen i Hamre 28.6.1846 med Tørris Andersson frå Mjåtvedt i Mæland, Hamre, f. i Hamre 24.5.1817.  Men Tørris d. som husmann på Mjåtvedtstøen i Mæland, Hamre 31.1.1851.  Som enkje etter Jens gifte so Martha seg tredje gongen i Hamre 26.6.1853 med Johannes Olson frå Fosse i Mæland, Hamre, f. i Hamre 6.9.1833.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Alle tre ektemakane hennar Martha var husmenn på Mjåtvedtstøen under Mjåtvedt i Mæland, Hamre, og ho fekk i alt

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Anders Tørrisson, f. Hamre 21.7.1847

            * Elisabeth Tørrisdotter, f. Hamre 24.6.1848

            * Inga Tørrisdotter, f. Hamre 2.2.1851

            * Jens Olai Johannesson, f. Hamre 5.1.1854 – n. 1865

            * Ingeborg Johannesdotter, f. Hamre 3.12.1855 – n. 1865

            * Ole Johannesson, f. Hamre 8.12.1857 – n. 1865

            * Oline Johannesdotter, f. Hamre 11.3.1860 – n. 1865

            * Inga Johannesdotter, f. Hamre 4.7.1862 – n. 1865

            * Ingebrigt Johannesson, f. Hamre 11.2.1866

            * Ingeborg Johannesdotter, f. Hamre 14.3.1867)

 

d. Ingebrigt Christenson, f. i Bergen 23.9.1827, d. som tidlegare skomakar på Øvsttun i Fana 8.12.1915.  Ingebrigt voks visstnok opp på Totland nedre i Fana og gifte seg i Birkeland kyrkje i Fana 28.5.1860 med Anna Olsdotter frå

 

     ##### (budde òg på Totland nedre i 1860! – f. i Bruvik – far Ole Erikson!)

 

     f. på Jamnebrekka i Bruvik, Haus 1.8.1831.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1915)

 

     Ingebrigt var skomakar, og han og Anna budde ei tid i Sandbrekka i Fana, men flytte sidan til Øvsttun i Fana.  Dei fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Ingebrigt Ingebrigtson, f. Fana 14.4.1855 – n. 1865

            * Christian Ingebrigtson, f. Fana 4.7.1860 – n. 1865/1875(m.t.)

            * Ole Ingebrigtson, f. Haus 18.12.1862 – n. 1865/1875

            * Anne Marie Ingebrigtsdotter, f. Fana 27.8.1867

            * Gjertrud Malene Ingebrigtsdotter, f. Fana 12.1.1870 eller 1871 – n. 1875

            * Hanna Marie Ingebrigtsdotter, f. Fana 1875 – n. 1875/1900/1910 – gift med bakar Johannes Johnsen)         

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...
På 5.6.2018 den 13.23, Lars E. Øyane skrev:

    * Ingebrigt Ingebrigtson, f. Fana 14.4.1855 – n. 1865

 

            * Christian Ingebrigtson, f. Fana 4.7.1860 – n. 1865/1875(m.t.)

 

            * Ole Ingebrigtson, f. Haus 18.12.1862 – n. 1865/1875

 

            * Anne Marie Ingebrigtsdotter, f. Fana 27.8.1867

 

            * Gjertrud Malene Ingebrigtsdotter, f. Fana 12.1.1870 eller 1871 – n. 1875

 

            * Hanna Marie Ingebrigtsdotter, f. Fana 1875 – n. 1875/1900/1910 – gift med bakar Johannes Johnsen)         

 

 

 

Familien i 1875:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052285002050

 

  * Ole Ingebrigtson, f. Haus 18.12.1862 – n. 1865/1875

1910 Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708078633

1922 Bergen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522052857

 

Gjertrud i 1910?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522052857

 

Gjertrud Malene: 

Hordaland fylke, Birkeland i Fana, Klokkerbok nr. A 2 (1863-1876), Fødte og døpte 1871, Side 42
https://media.digitalarkivet.no/view/8808/40

 

 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

På 5.6.2018 den 13.23, Lars E. Øyane skrev:

Hanna Marie Ingebrigtsdotter, f. Fana 1875 – n. 1875/1900/1910 – gift med bakar Johannes Johnsen)   

 

Folketellingen 1910:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036693008992

 

I 1910 står det Anna Johnsen, født 04.11.1875. Dåpen viser at hun heter Anna Marie, født 02.11.1875 - da er vel den eldre søsteren født 1867, antakelig død:

Hordaland fylke, Birkeland i Fana, Klokkerbok nr. A 2 (1863-1876), Fødte og døpte 1875, Side 91
https://media.digitalarkivet.no/view/8808/88

 

Og her er dødsfallet til datteren Anne Marie Ingebrigtsdatter Store Midthun i 1871:

Hordaland fylke, Birkeland i Fana, Klokkerbok nr. A 2 (1863-1876), Døde og begravede 1872, Side 113
https://media.digitalarkivet.no/view/8808/110

 

 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

39 minutter siden, Grethe Flood skrev:

* Christian Ingebrigtson, f. Fana 4.7.1860 – n. 1865/1875(m.t.)

 

Er dette Christian i f.t. 1910 for Askøy?

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036692007074

 

44 minutter siden, Grethe Flood skrev:

  * Ingebrigt Ingebrigtson, f. Fana 14.4.1855 – n. 1865

 

Militær loddtrekningsliste for Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000092643

 

I 1875 er Ingebrigt i Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/view/44/pp00000000092643

 

 

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...
På 5.6.2018 den 13.23, Lars E. Øyane skrev:

c. Jens Christenson, f. i Bergen 2.3.1826, d. som husmann på Mjåtvedtstøen i Mæland, Hamre 19.7.1851.  Jens voks opp på Fosse i Mæland, Hamre der han 6.7.1851 gifte seg med enkja Martha Olsdotter frå Mjåtvedt i Mæland, f. i Hamre 10.7.1824.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Martha gifte seg første gongen i Hamre 28.6.1846 med Tørris Andersson frå Mjåtvedt i Mæland, Hamre, f. i Hamre 24.5.1817.  Men Tørris d. som husmann på Mjåtvedtstøen i Mæland, Hamre 31.1.1851.  Som enkje etter Jens gifte so Martha seg tredje gongen i Hamre 26.6.1853 med Johannes Olson frå Fosse i Mæland, Hamre, f. i Hamre 6.9.1833.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

Johannes Olsen døde 4.4.1911 i Meland: https://media.digitalarkivet.no/view/2979/147

 

Martha Olsdatter døde 28.10.1890 i Meland: https://media.digitalarkivet.no/view/3669/158

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Grethe, Carsten og Lars W. for mange spennande og nyttige innlegg om denne huslyden!

 

Eg er svært glad for å sjå at so mange dødsfall er komne på plass, og «hovudutfordringane» som no står att i denne huslyden, er pr. i dag følgjande:

 

** Opphavet til Anna Andersdotter (Ljøsne) frå Lærdal, kona til Christen Qvale?

 

** Lagnaden (dødsfallet) til den same Anna Andersdotter i Bergen?

 

** Lagnaden til eldste son hennar, Nils Andreas, fødd i Bergen 1820?

 

** Og endeleg spørsmål kring oppvekststaden til Anna Olsdotter, kona til Ingebrigt Christenson på Midtun/Øvsttun i Fana?  Dette siste kan kanskje løysast gjennom bygdeboki for Bruvik?

 

Her følgjer so eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christen Nilsson {Qvale}, vart døypt {i Luster} 10.12.1789 og budde heime med mor si i 1801.

Christen Nilsson Qvale flytte som soldat til Bergen der han 28.5.1820 gifte seg i Nykyrkja med Anna Andersdotter frå Ljøsne i Lærdal,

 

##### (sjekka opphavet hennar? – fødd kring 1787?)

 

Christen var dagarbeidar, og han og Anna budde ulike stadar i Bergen der Anna d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Christen Qvale d. som legdelem i Bergen 21.3.1841.  Me kjenner til fire born etter dei:

 

##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire?)

 

a. Nils Andreas Christenson, f. i Bergen 20.2.1820,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

b. Birgitte Martine Christensdotter, f. i Bergen 2.11.1822, d. som arbeidarkone i Bergen 11.1.1896.  Birgitte gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 5.7.1857 med Andreas Johan Johnsen frå Bergen, f. i Bergen 22.9.1835.  Han d. som bryggedreng i Bergen 14.11.1903.  Andreas var i mange år garvarsvein, men livnærte seg sidan som dagarbeidar og bryggearbeidar.  Dei budde i Bergen og fekk fire born i lag.

 

     ##### (borni deira var:

            * Bernt Johan, f. KK, Bergen 27.12.1857 – d. kort etter

            * Johanne Berntine, f. KK, Bergen 27.4.1859 – n. 1865/75/85

            * Anne Kristine, f. KK, Bergen 14.7.1862 – n. 1865/75

            * Jondine, f. KK, Bergen 9.6.1865 – n. 1865/75)

 

c. Jens Christenson, f. i Bergen 2.3.1826, d. som husmann på Mjåtvedtstøen i Mæland, Hamre 19.7.1851.  Jens voks opp på Fosse i Mæland, Hamre der han 6.7.1851 gifte seg med enkja Martha Olsdotter frå Mjåtvedt i Mæland, f. i Hamre 10.7.1824.  Ho d. som gardbrukarkone på Mjåtvedt 13-10.1890.  Martha gifte seg første gongen i Hamre 28.6.1846 med Tørris Andersson frå Mjåtvedt i Mæland, Hamre, f. i Hamre 24.5.1817.  Men Tørris d. som husmann på Mjåtvedtstøen i Mæland, Hamre 31.1.1851.  Som enkje etter Jens gifte so Martha seg tredje gongen i Hamre 26.6.1853 med Johannes Olson frå Fosse i Mæland, Hamre, f. i Hamre 6.9.1833.  Han d. som kårenkjemann på Mjåtvedt i Mæland 4.4.1911.  Alle tre ektemakane hennar Martha var husmenn på Mjåtvedtstøen under Mjåtvedt i Mæland, Hamre, men siste mannen Johannes kjøpte ut plassen og vart sjølveigar.  Martha fekk i alt ti born, tre frå første ekteskapet og sju frå det siste, men ingen med Jens Christenson.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne:

            * Anders Tørrisson, f. Hamre 21.7.1847

            * Elisabeth Tørrisdotter, f. Hamre 24.6.1848

            * Inga Tørrisdotter, f. Hamre 2.2.1851

            * Jens Olai Johannesson, f. Hamre 5.1.1854 – n. 1865

            * Ingeborg Johannesdotter, f. Hamre 3.12.1855 – n. 1865

            * Ole Johannesson, f. Hamre 8.12.1857 – n. 1865 – 1910: gardbrukar og slaktar på Mjåtvedtstøen

            * Oline Johannesdotter, f. Hamre 11.3.1860 – n. 1865

            * Inga Johannesdotter, f. Hamre 4.7.1862 – n. 1865

            * Ingebrigt Johannesson, f. Hamre 11.2.1866

            * Ingeborg Johannesdotter, f. Hamre 14.3.1867)

 

d. Ingebrigt Christenson, f. i Bergen 23.9.1827, d. som tidlegare skomakar på Øvsttun i Fana 8.12.1915.  Ingebrigt voks visstnok opp på Totland nedre i Fana og gifte seg i Birkeland kyrkje i Fana 28.5.1860 med Anna Olsdotter frå

 

     ##### (budde òg på Totland nedre i 1860! – f. i Bruvik – far Ole Erikson!)

 

     f. på Jamnebrekka i Bruvik, Haus 1.8.1831.  Ho d. som skmakarenkje på Øvsttun 8.5.1922.  Ingebrigt var skomakar, og han og Anna budde ei tid i Sandbrekka i Fana, men flytte sidan til Store-Midtun, Øvsttun i Fana.  Dei fekk seks born i lag.

 

     ##### (sjekka at alle er medkomne:

            * Ingebrigt Ingebrigtson, f. Fana 14.4.1855 – n. 1865 – 1875 i Bergen

            * Christian Ingebrigtson, f. Fana 4.7.1860 – n. 1865/1875(m.t.) – 1910: Kristian Midtun – entreprenør på Laksevåg

            * Ole Ingebrigtson, f. Haus 18.12.1862 – n. 1865/1875 – 1910/1922: arbeidsformann Sandviken, Bergen

            * Anne Marie Ingebrigtsdotter, f. Fana 27.8.1867 – d. Fana 15.12.1871

            * Gjertrud Malene Ingebrigtsdotter, f. Fana 12.1.1871 – n. 1875

            * Anna Marie Ingebrigtsdotter, f. Fana 2.11.1875 – n. 1875/1900/1910 – gift med bakar Johannes Johnsen)         

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.