Gå til innhold
Arkivverket

Absalon Taranger


Reidar Olav Meling
 Del

Recommended Posts

Eg er hamna i ein liten diskusjon om fødestaden til rettshistorikaren Absalon Taranger, fødd i august 1858 i Sund prestegjeld, død i Oslo i 1930. Hans far Anders Absalonsen var frå Austevoll, som i 1858 låg i Sund prestegjeld. Namnet Taranger er elles ei omskriving av gardsnamnet storangrep i Austevoll kommun e. Mor hans, Inga Nilsdotter, var frå Finnås prestegjeld (det heiter så idag og, men kommunenamnet idag er Bømlo).

Eg finn Absalon i minesterialboka for Austevoll sokn, Sund prestegjeld. Så då trudde eg at saka var grei. Dette var og i samsvar med det som mi svigermor frå Austevoll har fortalt meg (hennar farfar var søskenbarnet til Absalon Taranger). Men i klokkarboka står han i boka for Sund sokn. Så då er eg litt forvirra. Kan nokon hjelpa med dette? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn lenker til de aktuelle KB

# 90 - Hordaland fylke, Sund, Austevoll, Møkster i Sund, Ministerialbok nr. A 14 (1850-1866), Fødte og døpte 1858, Side 66, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050825020089

 

# 40 - Hordaland fylke, Sund i Sund, Klokkerbok nr. B 1 (1852-1873), Fødte og døpte 1858, Side 19, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050825020513

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger også inn konfirmasjonen i 1873

# 1 - Hordaland fylke, Sund, Austevoll, Møkster i Sund, Ministerialbok nr. A 15 (1867-1881), Konfirmerte 1873, Side 173, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070103630393

 

# 1 - Hordaland fylke, Sund i Sund, Klokkerbok nr. B 1 (1852-1873), Konfirmerte 1873, Side 99, Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050825020604

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

6 timer siden, Reidar Olav Meling skrev:

Eg finn Absalon i minesterialboka for Austevoll sokn, Sund prestegjeld.

 

Nå dekker jo MIN BOK; Austevoll sokn, Møkster sokn og Sund sokn - så hvordan kan du si at det er MIN BOK for kun Austevoll Sokn?

 

cb5c67d5869ae91b268e4479708b6ad0.png

 

9866a1666356f09637003760b7547ecd.png

Endret av Egil Johannessen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I både ministerialboka og klokkerboka står det Sund som fødested, det vil her si Sund prestegard. Familien er forøvrig omtalt i bygdeboka "Sund på søre Sotra", bd I, side 311f.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Egil. Eg meinte at eg hadde sett Absalon Andersen Taranger nemnd i ei særskild ministerialbok for Austevoll sokn. Men mykje kan tyda på at dette er feil, at det ikkje finst noko særskild min.bok (og klokkarbok) for Austevoll, men berre samla bøker for heile Sund prestegjeld. Det kan utifrå dette vera like rimeleg at Absalon er fødd i Sund sokn, dvs i noverande Sund kommune på øya Sotra, som at han er fødd i Austevoll. Far hans (Anders) og namnet Taranger kjem frå Austevoll, men Absalon treng likevel ikkje vera fødd i det som idag heiter Austevoll kommune.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 5.6.2018 den 6.19, Reidar Olav Meling skrev:

Eg er hamna i ein liten diskusjon om fødestaden til rettshistorikaren Absalon Taranger, fødd i august 1858 i Sund prestegjeld, død i Oslo i 1930. Hans far Anders Absalonsen var frå Austevoll, som i 1858 låg i Sund prestegjeld. Namnet Taranger er elles ei omskriving av gardsnamnet Toranger i Austevoll kommune. Mor hans, Inga Nilsdotter, var frå Finnås prestegjeld (det heiter så idag og, men kommunenamnet idag er Bømlo).

Eg finn Absalon i minesterialboka for Austevoll sokn, Sund prestegjeld. Så då trudde eg at saka var grei. Dette var og i samsvar med det som mi svigermor frå Austevoll har fortalt meg (hennar farfar var søskenbarnet til Absalon Taranger). Men i klokkarboka står han i boka for Sund sokn. Så då er eg litt forvirra. Kan nokon hjelpa med dette? 

 

Ser elles at det har sneke seg inn ein merkeleg feil i det første innlegget mitt her. Det skulle altså vera slik som det no er referert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.