Gå til innhold
Arkivverket

"Slektsgransking" i politisaker - ?

Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Amerikansk politi har visstnok brukt GEDmatch.com for å løse en kriminalsak:

https://www.nrk.no/urix/brukte-database-for-slektsgransking-for-a-finne-mulig-seriedrapsmann-1.14027238

Sakset fra GED.match.com:

April 28, 2018 While the database was created for genealogical research, it is important that GEDmatch participants understand the possible uses of their DNA, including identification of relatives that have committed crimes or were victims of crimes. If you are concerned about non-genealogical uses of your DNA, you should not upload your DNA to the database and/or you should remove DNA that has already been uploaded. Users may delete their registration/profile and associated DNA and GEDCOM resources. Instructions are available.  Click here to find more information. 
 
Endret av Anita Aamo
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for interessante svar. I desse konkrete sakene som Dagbladet skriv om, er det ukjende personar som er funne - somme kanskje drepne eller teke sitt eige liv, andre berre forulykka på eit vis. Tenk om denne teknologien kunne gje ein familie det svaret dei aldri har fått så langt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Bak ein betalingsmur i Dagbladet ligg denne artikkelen, som sikkert skal bli fleire. Eg spør meg i kva grad DNA brukt som slektsgranskarverktøy KAN brukast i slike saker, og om det evt er prøvd å bruke det. Er det nokon som veit noko om dette?

https://www.dagbladet.no/magasinet/status-uidentifisert/69850056

1 time siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Takk for interessante svar. I desse konkrete sakene som Dagbladet skriv om, er det ukjende personar som er funne - somme kanskje drepne eller teke sitt eige liv, andre berre forulykka på eit vis. Tenk om denne teknologien kunne gje ein familie det svaret dei aldri har fått så langt.

Du blandar saman to ulike ting.

Det er sannsynlegvis rutine for politiet å 1) skaffe ein DNA-profil frå funn av ukjende lik, 2) skaffe DNA frå nære slektningar av sakna; og 3) sjekke desse mot kvarandre.

Det har ingenting å gjere med masse-innsamling av DNA-profilar for t.d. slektgransking.

Det einaste som kunne vere, er om ein har funne lik etter menneske som slektningane ikkje har sakna.

Ifl. (innleiinga til) artikkelen du viser til, er det slike 19 tilfelle sidan 1948. For ein del av desse (men neppe fleirtalet) er det teke vare på likdelar

slik at ein kan finne ein DNA-profil. Då kan ein gå vidare og samanlikne med slektningar av dei som er bortkomne.

Det du ynskjer deg er anten umogeleg (eldre saker) eller rutine (nyare saker); eller det kan gje svar  til familiar som ikkje visste at dei mangla nokon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No tykkjer eg du er litt kategorisk. Det finst hundrevis av sakna menneske fram gjennom åra, og mange av desse lever berre som vage overleveringar mellom generasjonane. Han som kom bort i ein snøstorm på Strynefjellet i 1870, td - "dei fann han aldri att". Han som angiveleg reiste til Amerika i 1894 men sannsynlegvis aldri gjekk om bord på båten han skulle reist med - og så vidare. Dersom ein la desse ukjende sitt DNA i ein slektsbase, ville ein vel kunne få "match" med nolevande personar, enten her eller i utlandet, og på den måten sannsynleggjere kven dei var?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Naturlegvis er eg kategorisk.  Utan leivningar, ingen prøver. Og då vert det ikkje noko å samanlikne med.

Og dersom ein faktisk finn nokon på Strynefjellet som kan ha lege der 150 år, og greier å få DNA prøver frå leivningane - så kan ein samanlikne med dei næraste

slektningane til "han dei aldri fann att" og slektningane til andre sakna.

Det føreset naturlegvis at desse slektningane kjenner så mykje på saknet at dei er viljuge til å avgje prøve.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg følgjer deg ikkje heilt. Er det ikkje slik at når du registrerer ditt eige dna vil du kunne finne personar du sannsynlegvis kan vere i slekt med? Kvifor skal dei ikkje kunne fungere slik med dna frå ein leivning, som eventuelt blir registrert inn av politiet? Eg er ikkje fagperson på dette, så eg kan sjølvsagt vere heilt på jordet.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 6.6.2018 den 18.34, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Eg følgjer deg ikkje heilt. Er det ikkje slik at når du registrerer ditt eige dna vil du kunne finne personar du sannsynlegvis kan vere i slekt med? Kvifor skal dei ikkje kunne fungere slik med dna frå ein leivning, som eventuelt blir registrert inn av politiet? Eg er ikkje fagperson på dette, så eg kan sjølvsagt vere heilt på jordet.

spørs kva du legg i "sannsynlegvis".

Dersom du og ein nær slektning begge er testa, skal ein kunne finne at de er i slekt.

Dersom du og ein ikkje fullt så nær slektning er testa, er det eit viss statistisk sannsyn for at de får treff - eller ikkje treff.

Dersom  "han dei aldri fann att" i 1870 var bror til tippoldefar din, har de 1/16 felles. Du kan finne sannsynet for treff, men det er ikkje så stort. Dvs det er langt meir

sannsynleg at du ikkje får treff enn at du får treff, jamvel om de faktisk var i slekt.

I dette tilfellet ville venteleg saka vore avslutta som politisak straks alderen på leivningane var nokolunde klarlagd.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.