Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Hans Iverson på Kvalsøyri i Luster (1732-1804) og borni hans som flytte bort, dels til Vik og dels til Norddalen - ei kjempeutfordring å finna dei att!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden brukte eg mykje tid på å leita etter då eg første gongen arbeidde med dei på 1980-talet, og so mykje meir har eg ikkje greidd å finna ut om dei i ettertid.  Men med dei moderne søkemetodane og andre online ressursar er det kanskje mogeleg å komma litt vidare og finna kvar det vart av denne søskenflokken frå Luster?

 

Manuskriptet mitt ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Iverson Qualsøren, opphavleg frå Kvalsviki, var f. {i Luster} kring 1732 og vart gravlaga som legdelem, truleg frå Kjøtnes(?), 11.11.1804.  Han gifte seg 22.6.1758 med Bertha Malena, kjend som Malena Olsdotter frå Øygarden under Dalsøyri.  Ho vart døypt {i Luster} 17.5.1735 og vart gravlagd frå Kvalsøyri 10.12.1795.  Hans og Malena hadde først plassen etter foreldri hennar på Øygarden under Dalsøyri.  Sidan var dei ei tid i Haugen under Dalsøyri, men kring 1780 ser dei ut til å vera komne til Kvalsøyri. Malena døydde her, men før hundreårsskiftet var Hans komen på legd på Kjøtnes.  Han og Malena fekk seks born i lag:

 1. Ole Hansson (1760‑1811), vart husmann i Kilebotn under Kilen.

 2. Ingeborg Hansdotter (1762‑1807), vart gift med husmann og enkjemann Anders Halvorson på Åsestølen under Åsen i Jostedalen (1729‑1812).

 3. Sophia Hansdotter, døypt 26.7.1764,

Sophia Hansdotter flytte frå bygdi før konfirmasjonsalderen, og

 

##### (lagnaden hennar? – budde i 1807 som tenestejente i Vik i Sogn)

 

 4. Iver Hansson, døypt 10.8.1766,

Iver Hansson flytte i ung alder til Norddalen på Sunnmøre,

 

##### (lagnaden hans? – bustaden hans var ukjend i 1807!)

 

 5. Hans Hansson, døypt 14.5.1769,

Hans Hansson må òg vera faren frå bygdi i ung alder

 

##### (lagnaden hans? – d. før 1807 utan å etterlata seg born!?)

 

 6. Margretha Hansdotter, døypt 3.10.1773,

Margretha Hansdotter flytte i ung alder til Vik i Sogn og tente i 1801 på Hopperstad i Vik,

 

##### (framleis busett i Vik i 1807 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kjelda for desse «adressene» i 1807 er forresten skiftet etter søsteri Ingeborg på Åsestølen i Jostedalen frå 1807: https://media.digitalarkivet.no/view/24146/154?indexing=

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Trude Nilsen

Slettet.

Endret av Trude Nilsen
Helt på bærtur.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.