Gå til innhold
Arkivverket

Hans Iverson på Kvalsøyri i Luster (1732-1804) og borni hans som flytte bort, dels til Vik og dels til Norddalen - ei kjempeutfordring å finna dei att!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne huslyden brukte eg mykje tid på å leita etter då eg første gongen arbeidde med dei på 1980-talet, og so mykje meir har eg ikkje greidd å finna ut om dei i ettertid.  Men med dei moderne søkemetodane og andre online ressursar er det kanskje mogeleg å komma litt vidare og finna kvar det vart av denne søskenflokken frå Luster?

 

Manuskriptet mitt ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Iverson Qualsøren, opphavleg frå Kvalsviki, var f. {i Luster} kring 1732 og vart gravlaga som legdelem, truleg frå Kjøtnes(?), 11.11.1804.  Han gifte seg 22.6.1758 med Bertha Malena, kjend som Malena Olsdotter frå Øygarden under Dalsøyri.  Ho vart døypt {i Luster} 17.5.1735 og vart gravlagd frå Kvalsøyri 10.12.1795.  Hans og Malena hadde først plassen etter foreldri hennar på Øygarden under Dalsøyri.  Sidan var dei ei tid i Haugen under Dalsøyri, men kring 1780 ser dei ut til å vera komne til Kvalsøyri. Malena døydde her, men før hundreårsskiftet var Hans komen på legd på Kjøtnes.  Han og Malena fekk seks born i lag:

 1. Ole Hansson (1760‑1811), vart husmann i Kilebotn under Kilen.

 2. Ingeborg Hansdotter (1762‑1807), vart gift med husmann og enkjemann Anders Halvorson på Åsestølen under Åsen i Jostedalen (1729‑1812).

 3. Sophia Hansdotter, døypt 26.7.1764,

Sophia Hansdotter flytte frå bygdi før konfirmasjonsalderen, og

 

##### (lagnaden hennar? – budde i 1807 som tenestejente i Vik i Sogn)

 

 4. Iver Hansson, døypt 10.8.1766,

Iver Hansson flytte i ung alder til Norddalen på Sunnmøre,

 

##### (lagnaden hans? – bustaden hans var ukjend i 1807!)

 

 5. Hans Hansson, døypt 14.5.1769,

Hans Hansson må òg vera faren frå bygdi i ung alder

 

##### (lagnaden hans? – d. før 1807 utan å etterlata seg born!?)

 

 6. Margretha Hansdotter, døypt 3.10.1773,

Margretha Hansdotter flytte i ung alder til Vik i Sogn og tente i 1801 på Hopperstad i Vik,

 

##### (framleis busett i Vik i 1807 – lagnaden hennar?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kjelda for desse «adressene» i 1807 er forresten skiftet etter søsteri Ingeborg på Åsestølen i Jostedalen frå 1807: https://media.digitalarkivet.no/view/24146/154?indexing=

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå juni i fjor, som framleis ligg utan kommentarar.

 

Eg fann i dag konfirmasjonen til Margrethe Hansdotter på Kyrkjebø i Vik i 1789, som stadfester at ho budde i Vik (jmf. manuskriptet i innlegg #1).

 

Og eg oppdaga òg at den same Margretha fekk ei «uekte» dotter i Vik som ho kalla opp etter mor si:

 

* Malena Olsdotter, døypt i Vik 30.6.1812: https://media.digitalarkivet.no/view/11756/189

 

Det ser ut som om denne Malena gifte seg i Vik 13.4.1830 med Anders Nilsson Vange: https://media.digitalarkivet.no/view/11757/107

 

Og her gifte ho seg att som enkje i Vik 17.3.1839 med Erik iverson Undi: https://media.digitalarkivet.no/view/11758/157

 

Det hadde vore svært so kjekt å finna ut kva som skjedde med denne huslyden og kanskje særleg med Margretha og dotter hennar...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Erik og Malene fikk en datter Ingegjerd i 1841

 

SAB, Vik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 7, 1831-1845, s. 59
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070523650352

 

Har ikke funnet Malene død i Vik 1841 til 1865 (med forbehold), men jeg fant to Høyemfolk blandt de døde som kanskje er av interresse:

 

Nr. 55

 

SAB, Vik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 8, 1846-1865, s. 328
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306620397

 

Nr. 23

 

SAB, Vik Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 8, 1846-1865, s. 329
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306620398

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for siste innlegget om denne huslyden.

 

No har eg jobba meg igjennom ein del prenta materiale, mellom anna frå Amerika.  Namnet Undi minte meg om den første emigranten frå Vik, Peder Iverson Undi, som utvandra so tidleg som i 1839.  Og ganske riktig oppdaga eg at Erik Iverson med Malena og bofrni utvandra frå Vik i 1843.

 

Det finst fleire family trees hjå ancestry, og i alle fall eitt av dei hevda at Margretha Hansdotter hadde gift seg med John Johnson på Hove i Vik, som opptrer som fosterfar for Malena!  Eg har ikkje finne noko som stadfester dette, men kanskje bygdeboki for Vik har meir her?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hans Iverson Qualsøren, opphavleg frå Kvalsviki, var f. kring 1732 og vart gravlagd som legdelem, truleg frå Kjøtnes(?), 11.11.1804.  Han gifte seg 22.6.1758 med Bertha Malena, kjend som Malena Olsdotter frå Øygarden under Dalsøyri.  Ho vart døypt 17.5.1735 og vart gravlagd frå Kvalsøyri 10.12.1795.  Hans og Malena hadde først plassen etter foreldri hennar på Øygarden under Dalsøyri.  Sidan var dei ei tid i Haugen under Dalsøyri, men kring 1780 ser dei ut til å vera komne til Kvalsøyri. Malena døydde her, men før hundreårsskiftet var Hans komen på legd på Kjøtnes.  Han og Malena fekk seks born i lag:

 1. Ole Hansson (1760‑1811), vart husmann i Kilebotn under Kilen.

 2. Ingeborg Hansdotter (1762‑1807), vart gift med husmann og enkjemann Anders Halvorson på Åsestølen under Åsen i Jostedalen (1729‑1812).

 3. Sophia Hansdotter, døypt 26.7.1764,

Sophia Hansdotter flytte frå bygdi før konfirmasjonsalderen, og

 

##### (lagnaden hennar? – budde i 1807 som tenestejente i Vik i Sogn)

 

 4. Iver Hansson, døypt 10.8.1766,

Iver Hansson flytte i ung alder til Norddalen på Sunnmøre,

 

##### (lagnaden hans? – bustaden hans var ukjend i 1807!)

 

 5. Hans Hansson, døypt 14.5.1769,

Hans Hansson må òg vera faren frå bygdi i ung alder

 

##### (lagnaden hans? – d. før 1807 utan å etterlata seg born!?)

 

 6. Margretha Hansdotter, døypt 3.10.1773,

Margretha Hansdotter flytte i ung alder til Vik i Sogn der ho vart konfirmert i 1789.  Ho tente i 1801 på Hopperstad i Vik,

 

##### (framleis busett i Vik i 1807/1812 – lagnaden hennar?)

 

Ho fekk ei dotter:

a. Malena Olsdotter, dotter av Margretha og Ole Andersson

 

     ##### (ein framand karl utan kjend opphaldsstad - fosterfar: John Johnson Hove!)

 

     vart døypt i Vik 20.6.1812 og gifte seg første gongen i Vik 13.4.1830 med Anders Nilsson frå Vange i Vik, døypt i Vik 6.12.1797.  Anders og Malena var gardbrukarar på Hove i Vik der Anders d. 20.3.1838.  Malena gifte seg 17.3.1839 att i Vik med Erik Iverson frå Undi i Vik, døypt i Vik 27.7.1808.  Erik og Malena var gardbrukarar på Undi i Vik, men utvandra til Amerika i 1843 og skulle reisa til Lafayette Co., Wis.  Men Erik d.

 

     ##### (anten undervegs eller kort etter ankomsten til Amerika!?)

 

     og Malena gifte seg tredje gongen i Lafayette Co., Wis. 4.6.1844 med Nils Nilsson frå Sundve på Voss, i Amerika kjend som Nels Nelson.  Han vart døypt på Voss 11.8.1811, og utvandra òg til Amerika i 1843.  Nels og Malena busette seg som farmarar i Wayne township, Lafayette Co., Wis. der Nels d. kring 1853. 

 

     ##### (according to Wiota church records they went to California! - doesn't seem to be right!?)

 

     Malena vart buande i Wayne township, Lafayette Co., Wis., men kring 1878 flytte ho med fleire av borni sine til ein farm i Oakland township, Franklin Co., Ia. der ho d.  21.4.1894.  Malena fekk i alt ni born, tre frå første ekteskapet, to frå det andre og fire frå det siste.

 

     ##### (verify children:

            * John Andersson, f. i Vik 9.12.1832 - utv. 1843

            * Agatha Andersdotter, f. i Vik 14.1.1835 - utv. 1843 - g.m. Ole Olson Lunder

            * Nils Andersson, f. i Vik 12.5.1837 - utv. 1843 - gravlagd Wiota 11.6.1847

            * Iver Erikson, f. i Vik 30.1.1840

            * Ingegerd Eriksdotter, f. i Vik 24.4.1841 - utv. 1843

            * Anna, f. Lafayette Co., WI 28.11.1845

            * Elen, f. Lafayette Co., WI 14.8.1848

            * Caroline, f. Lafayette Co., WI 10.11.1850

            * Ole, f. WI 1853)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Som du vil sjå, er referansa til dette skiftet òg oppgjevi i innlegg #1, men referansa di fekk meg til å ta ein ny titt på skiftet.

 

Det som kjem tydeleg fram er at Sophia g Margretha båe tente i Vik i  Sogn, men det som kanskje kan vera av særleg interesse er det som står om bror deira, Iver Hansson.  Han reiste i ung alder til Sunnmøre og hadde butt i Norddalen, men dei visste ikkje anten han levde eller ikkje!

 

Eg kan ikkje finna nokon Iver Hansson i Norddalen, men kanskje han flytte vidare?  FT1801 syner i grunnen berre EIN skikkeleg god «kandidat», og det er denne husmannen på Sollien i Bolsøy: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058424001498

Her er dåpen til einaste sonen hans i 1797, som syner mori heitte Ane Andersdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009076540

 

Om det er den same som er vorten enkjemann og gifte seg att i Molde 29.9.1805 med ei Gunnhild Rasmusdotter, veit eg ikkje...: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001736875

 

Elles, med tanke på at mor hans heitte Malena, finn eg ein Iver Hansson i Kristiansund som med kona si i 1817 fekk ei dotter Magdalena, men det treng ikkje ha so mykje å seia...:

 

Name Magdelena Iversdatter
Gender Female
Birth Date 12 Jul 1817
Christening Date 10 Aug 1817
Christening Place Kristiansund, Møre og Romsdal, Norway
Father's Name Iver Hanssen
Mother's Name Martha Iversdatter

 

Då har eg nok meir tru på Bolsøy og Molde, og om nokon har høve til å følgja opp den eller dei Iver Hansson'ane som budde der, ville eg setja stor pris på det!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne floka!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg oppdaga i dag at eg hadde gløymt å kommentera Carsten sine funn i Vik av andre personar frå Luster, so her kjem for det første ein takk til Carsten, og so vil eg gjerne gjera merksam på at Johannes og Ole var far og son som båe høyrer til denne omstreifande hesteskjerarætti frå Luster, som eg i kveld legg ut some eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/238765-daniel-svendson-1755-1832-og-sonen-johannes-danielson-1779-1856-hesteskjerarar-på-høyeim-i-luster-som-«vandra»-utover-sognefjorden-har-dei-sett-spor-etter-seg-andre-stadar-kvar-døydde-kona-til-johannes-kirsti-sørensdotter/

 

Eg vonar eller på nye opplysningar om søskeni som er omskrivne i dette emnet, ikkje berre Margretha og Sophia i Vik, men òg Hans på Sunnmøre og takkar på ny for framifrå bistand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Ivar Hansson Kringstad var født på Kringstad ca. 1751, som sønn av Hans Nilsson og Ingebjørg Nilsdotter, så han kan vel lukes ut av søket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kjell Ove for siste innlegget!

 

Då er med andre ord enkjemannen frå Kringstad i Bolsøy «luka ut» som kandidat, og eg reknar med dette må vera same mannen i FT1801 for Bolsøy: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058424002500

 

Det vil altso seia at den Iver Hansson som i 1801 var husmann under Sollien i Bolsøy, var ein annan person, og aldersmessig høver sistnemnde Iver mykje betre på den Iver Hansson som me leiter etter...: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058424001498

 

Eller er dette den Iver Hansson som budde på Sollien i 1801?

 

Name Iver Hansen
Gender Male
Christening Date 05 Apr 1768
Christening Place BOLSOY,MORE OG ROMSDAL,NORWAY
Father's Name Hans Steenlosen
Mother's Name Caren

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

 

Margretha Hansdtr i # 5, døyr/gravlagd: 5 Jan 1813.

Kjelda: https://www.digitalarkivet.no/kb20070523650076

eller: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070523650076.jpg

 

Jon Jonson Hove 1776-1864 gift i 1807 m/ Eli Oladtr Øksdal 1773-1855, budde på L.nr 79, Hove, men hadde ikkje ongar.

I 1813 tok dei til seg Malena Olsdtr f 1812. Ved konf i 1826 står det, «meget likegyldig med undervisningen» !

Jon var mogelig ikkje nokon god fosterfar, då han var ein kranglefant - iallefall i fylla.  Det stor i Bokji på s 167, dvs Ættabokji frå 2008.

 

I 1831 bygsla Malene Olsdtr Hove og ektefellen frå 1830: Anders Nilson Vange 1797-1838. I 1837 vart bruket frikjøpt, og Malene og Anders fekk då Hove L.nr 79a. Ei syster til Anders og mannen: 79b.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om Sophie Hansdtr døypt 1764., # 5, døyr i Vik, så ser eg henne ikkje.

 

Eg f.t utan Excell. Når eg ein gang kjøper ny PC, skal eg ha med Excell. Det MÅ ein ha for å lasta ned opplysningane om fødte, vigde og døde i SF (opplysningar som Gamle DA hadde) iflg opplysningane på Arkivverket.

 

Diverre er eg vorten kjent som ein som salar hesten i dag, men som ikkje rir før på ei god stund .......

 

Så skal du ha oppl frå meg Lars, om Sophie så må du venta. Ho heiter Solvei Hansdtr v/ FT 1801 fødd 1779, i tjeneste på Hopperstad. 

Det er ein diff på 15 år Lars. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Då er med andre ord enkjemannen frå Kringstad i Bolsøy «luka ut» som kandidat, og eg reknar med dette må vera same mannen i FT1801 for Bolsøy: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058424002500

Det stemmer. Han ble enkemann like etterpå.

 

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Det vil altso seia at den Iver Hansson som i 1801 var husmann under Sollien i Bolsøy, var ein annan person, og aldersmessig høver sistnemnde Iver mykje betre på den Iver Hansson som me leiter etter...: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058424001498

Denne Ivar kalles Steenløs ved dåpen til sønnen i 1797 og er antakelig han som ble døpt derfra i 1768.

https://www.digitalarkivet.no/kb20070911630119 (12. søndag etter trinitatis)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Kjell Ove for nye interessante innlegg!

 

Eg er svært glad for endeleg å få vita kva som skjedde med Margretha Hansdotter, og omstendi kring oppveksten til dotteri Malena!

 

Sophia Hansdotter vert nok verre å finna, men du Jon greier so mangt, sjølv om eg må venta til hesteeigaren kjem attende for å ri hesten på eige hand...

 

Når det gjeld Iver Hansson, som me veit budde i Norddalen på Sunnmøre, so er han altso neppe identisk med den gode «kandidaten» frå Sollien i Bolsøy, so der er me «back to square #1»!

 

Kan han kanskje vera flytt frå Norddalen til Lom eller Skjåk?  Der var det jo samband på den tidi...

 

Kva med denne husmannen under Gauper i Lom 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058251002033

 

Eller er dette kanskje denne Iver Hansson, fødd i Lom 1768:

 

Name Iver Hansen
Gender Male
Christening Date 02 Jul 1768
Christening Place LOM,OPLAND,NORWAY
Father's Name Hans Flaa

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.