Gå til innhold
Arkivverket
Arnfinn Kjelland

Facebook-gruppe for dei som arbeider profesjonelt med busetnadshistorie (gards- og ættesoge)

Recommended Posts

Arnfinn Kjelland

Eg har nettopp oppretta ei slik gruppe, som altså er meint å vere for profesjonelt (seriøst) arbeid med prosjekt innan busetnadshistorie ("gards- og ættesoge"), som er ein delsjangern innan bygdebokarbeid.

 

Velkomne som medlemer er aktive eller tidlegare forfattarar, medlemer i bygdebokkomitear eller historielag/liknande som sysler med eller draumer om å få i gang slike prosjekt.

 

Tanken min er at i denne gruppa kan ein utveksle tips og erfaringar frå slikt arbeid, spørje om kjelder eller korleis andre løyser ymse meir problem osv. (NB: vurder først om det luraste er å poste eit spørsmål her på Digitalarkivet - gruppa skal absolutt ikkje konkurrere med alle dei gode hjelparane her).

 

Tips gjerne inn andre du trur kan ha nytte av å vere med i gruppa. Det er sjølvsagt ikkje nødvendig å vere "FB-ven" med meg eller andre der.

 

Og ei presisering: eg skal ikkje nytte FB-gruppa for marknadsføring av dataprogrammet Busetnadssoge (BSS), men eg vil sjølvsagt svare på spørsmål om programmet, ev. etter å ha konsultert programmeraren.

 

Gruppa er "lukka". Det betyr at alle kan sjå gruppa og kven som er medlemer, men ein må vere medlem for å lese innlegga. Innmeldingar må godjennast av ein som er i gruppa frå før, og det går normalt nokså raskt. Klikk på denne lenka til gruppa. Velkomen!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg ønskjer engasjementet ditt velkomen, Arnfinn, berre so synd at du ønskjer at dette skal gå gjennom eit medium som eg aldri har brukt og heller ikkje planlegg å bruka i framtidi...  For emnet er spennande og vil sikkert få god støtte av dei vil involvera seg med fjesboki...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Arnfinn Kjelland

Eg har forståing fordi du ikkje vil på FB, Lars, og denne gruppa er mest for teori- og metodespørsmål kring sjangeren. Dei har vel du for lengst avklara, reknar eg med. Og eg ser du får formidabel og imponerande hjelp til søk i kvalitetssikra nettinformasjon av aktive deltakarar her på DA-forum – hjelp du neppe kunne fått på FB.


Men etter ein rask sjekk på NB ser eg at du i bøkene om Luster òg fører relativt detaljert personinformasjon fram til notida. Til det ser eg du i forordet til eine bandet takkar bygdeboknemnda og sogelaga for hjelp. Eg ser ikkje bort frå dei nyttar FB i innsamlingsarbeidet.


I den samanhengen kan eg fortelje ei lita historie: det var da vi sommaren 2012 var i innspurten med siste bandet av Busetnadssoga for Volda. Bandet tok for seg Rotset og Øyralandet, sentrumsområdet. Volda har ein relativt gamalt tettstad, først og fremst på grunn av lærarskulen frå slutten av 1800-talet og sjukehuset frå 1930-åra. Det har altså vore mange bustader som ikkje var knytt til jordbruk og ein god del flytting inn til og ut av bygda, med lite informasjon i tilgjengelege arkiv, så nyare informasjonen vart som vanleg i slike prosjekt samla inn ved papirskjema og mange gode hjelparar. Men spørsmål av typen: «kven budde i Storgata X før familie Y flytta inn i 1946?» var det mange av, og vi sleit med å finne svar trass i innsatsen til hjelparane.

 

Da var det ein av desse som sa til meg: «Vi skulle hatt ei FB-gruppe ‘Vi som vil hjelpe til med informasjon til Busetnadssoga for Volda’ – da hadde vi nok fått fleire hundre medlemer med ein gong, og kunne spurt dei.» - Sjølvsagt! tenkte eg, men det var nok for seint i høve fristen for å sende boka til trykking. Men for andre prosjekt eg har blitt spurt om råd til, har eg tilrådd ei slik gruppe.

 

Kanskje ikkje direkte relevant, men utfordringa om den nyaste tida skreiv eg om i Lokalhistorisk magasin for 10 år sidan (2008, nr. 2 s. 32-34), før FB var blitt så omfattande.
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.