Gå til innhold
Arkivverket

Nils Johnson - fødd kring 1770 - innflytt til Luster før 1790 - kvar i all verdi kom han ifrå? - var han kan henda Gudbrandsdøl?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne personen har eg, til tross for over 40 års leiting, aldri greidd å finna opphavet til.

 

Nils Johnson - husmann i Kalvedalen under garden Drægni i Fortun sokn.

 

Han dukkar opp første gongen som konfirmant i 1790, då busett på Eide i Fortun sokn, men utan oppgjeven alder: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000458123

 

Han gifte seg i Luster 26.10.1797, då busett på Stegene (Fuglesteg) i Fortun sokn, med Ragnhild Gjertsdotter frå Ekrene under Yttri, døypt i Luster 22.1.1780 som dotter av husmann Gjert Johannesson og Susanna Simonsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/234

 

Då eldste dotteri Guri vart døypt 1.1.1798, budde dei på Ekrene hjå foreldri hennar: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/131

 

Då eldste sonen Gjert vart døypt 16.11.1800, var dei komne til Drægnishaugen (som Kalvedalen den gongen vart kalla): https://media.digitalarkivet.no/view/11589/139

 

FT1801 syner huslyden under Drægni, og alderen til Nils er 33 år, samstundes som kona Ragnhild er oppgjevi til 23 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398002290

 

Berre ein gong seinare får me oppgjeve ein alder på Nils, og det er ved dødsfallet hans 22.2.1833; då er han 62 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/138

 

Me er ganske so sikre på at Nils IKKJE er fødd i Luster.  Då han i 1790 vart konfirmert frå Eide i Luster, veit me at garden Eide på den tidi hadde eit visst «innslag» av innflyttarar frå Gudbrandsdalen, og det var òg tilfelle på fleire andre gardar i Fortun sokn.  Difor TRUR eg at Nils godt kan vera komen over Sognefjellet for å finna utkomme i Sogn!

 

Ser me på barneflokken til dette parfolket, hadde dei i alt sju born med desse namni:

* Guri 1797

* Gjert 1800

* John 1803

* Susanna 1806

* Britha 1811

* Johannes 1814

* Kari 1817

 

Når det gjeld dei tre siste namni, so veit me at morfar til Susanna heitte Johannes, og dei to bestemødrene hennar heitte Britha og Kari.

 

MEN, namnelista synest elles ganske klart å antyda at foreldri til Nils heitte JOHN og GURI.  So kva eg i første rekkje ville leitt etter, er ein Nils fødd kring 1770 med foreldri John og Guri!

 

I Lom finn me ein Nils Johnson døypt på Vågesar 9.10.1768, men mori er ikkje namngjevi

 

Dette er faktisk den EINASTE «kandidaten» eg finn, so då er spørsmålet: Kva heitte kona til John Vågesar??

 

Nils Johnson har svært mange etterkomarar både i Sogn og i Amerika, og det hadde vore kjempemoro om me endeleg etter so mange år skulle greia å finna ut kvar Nils kom ifrå!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for nytt innlegg.  Då kan me altso avskriva Nils Johnson frå Vågesar.  FT1801 syner jo òg at mor hans ikkje heitte Guri!

 

Eg ser ein annan mogeleg «kandidat» i Fresvik: Nils Johnson, døypt på Helleland 11.10.1765.  Kanskje litt i eldste laget, men foreldri heitte John Baardson og Guri Bentsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11566/107

 

Denne Nils er IKKJE i Fresvik i 1801!

 

Ei flytting frå Fresvik til Fortun sokn i Luster på den tidi ville vera høgst uvanleg, men kanskje det likevel kan vera verdt å sjekka?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av opphavet til Nils Johnson på Drægni!

 

PS: Kan det tenkjast at mori heitte Guro eller Gurine?  Desse namni vart ho gjerne «endra» til Guri i Luster...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bare  for ordens skyld, jeg går ut fra at du har sjekket ut Nils Johnsen døpt i Leikanger 11.10.1765 med foreldre John Baarsen og Guri Bentsdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Rune for nye innlegg.

 

Eg hadde ikkje noki særleg tru på denne Nls Johnson frå Helleland, og han synte seg altso å vera ganske so uaktuell...

 

Kven kan so denne Nils Johnson vera, som hamna på Drægni i Luster?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Bortsett fra Nils Jonsen Vågesar i Lom født 1768 så ser det ikke ut til at det er noen med dette navnet døpt i Lom/Skjåk, Lesja/Dovre eller Vågå/Sel i det aktuelle tidsrom, så han var trolig ikke fra Gudbrandsdalen.

 

Men det er en Nils Jonsen født i Borgund 23.9.1768 og døpt 2.10. Foreldrene var Jon Nilsen og Guro Ivarsdatter (i bygdeboka kalt Guri !). I kirkeboka er det ikke nevnt bosted, men i følge bygdeboka for Lærdal bodde de på plassen Bruknappen under Nedre Hegg i Borgund. Bygdeboka har følgende opplysninger om familien:

 

Jon Nilsen Bruknappen under Nedre Hegg (1735-1778), fra Dokki under Hegg

gift 1762 med Guri Ivarsdatter Hillestad (1738-1804). Barn:

a. Gro Jonsdatter (1763-1804) gift 1792 med Nils Sveinsen, bosatt Runntupp under Eråker

b. Marta Jonsdatter (1765-1852) gift 1812 med Erik Bårdsen Nevlo

c. Nils Jonsen (1768- )

d. Botolv Jonsen (1775-1844) gift med Gjertrud Jokumsdatter

e. Gjertrud Jonsdatter (1771-1834) gift 1802 med Tørres Olsen Steine under Nedre Kvamme.

 

Bygdeboka har ikke flere opplysninger om denne Nils Jonsen, men han levde da det ble holdt skifte etter faren på Bruknappen i 1778 og var da 11 år. Han er ikke konfirmert i Lærdal, men der mangler konfirmerte for året 1783. Alderen passer med at han var 33 år i 1801, og mora het Guri eller Guro. Men hvis dette er den Nils Jonsen som kom til Luster så var han 22 år da han ble konfirmert i 1790. Flytting fra Borgund til Fortun på slutten av 1700-tallet er kanskje heller ikke så sannsynlig?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser i dette skiftet etter Svend Olsen og kona Gjertrud Einersdatter Syreholten i Borgund 1792 (nederst til høyre og fortsetter på neste side) https://media.digitalarkivet.no/view/24143/189 at Jon Nilsens fem barn var i live da, sønnen Nils Jonsen sies å være 20 år men det står ikke hvor han bodde. Kurator for sønnen Nils og formynder for de andre barna ble Halvor Einersen Loe. Det ble for øvrig ingen arv til barna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for kjempespennande og utfordrande innlegg!

 

Flytting mellom Borgund og Luster/Hafslo var ikkje vanleg på den tidi, men me har fleire døme på at det skjedde.  Jens Jochumson frå Spangelo (1764-1817) flytte til dømes i 1790 til Luster og hamna til sist som husmann på Neset under Nes.  Han hadde rett nok året før gift seg i Lærdal med ei jente frå Nes, men likevel!!  Eg vil tru at folk møttes på Lærdalsmarknaden, og vart kjende der...

 

Det som i denne samanhangen er svært so underleg, er at dersom me søkjer FamilySearch for førenamn Nils og Etternamn Johnson, so får me IKKJE denne kandidaten frå Borgund fram som alternativ.  Derimot, søker ein etter førenamn Nils og fars førenamn John, då kjem han fram!!  Eg har i nyare tid opplevd nettopp dette fenomenet i andre samanhangar og har difor endra søkerutinen min!

 

Eg er ganske so overtydd om at du har finne «rett» mann, og dette er ei oppdaging som vil gleda svært mange etterkomarar, ikkje minst i Amerika!

 

Problemet er soleis løyst, og eg rettar ein ny kjempetakk for framifrå bistand i so måte!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha sett mer på dette, tror jeg at Nils Jonsen i Luster likevel ikke var fra Borgund !

 

I skifteutlodningsprotokoll for Indre Sogn D1 1838-1846 side 192b er det et skifte etter innerst Botolv Johannesen Hatleberg 16.7.1845 https://media.digitalarkivet.no/view/24517/195 (det står Johannesen i skiftet, men Jonsen i kirkeboka). I utlodningen etter Botolv nevnes følgende arvinger:

 

Søsterdatter Ingeborg Nilsdatter med verge, søsterdatter Guro Nilsdatter med verge og søsterdatter Gro Nilsdatter. Disse tre arvet halve boet.

 

Søstersønn Anders Tørresen Røsgjerdet, søstersønn Ole Tørresen Nesse, søstersønn Jon Tørresen, søsterdatter Guro Tørresdatter gift med Samuel Nilsen Rikum og søsterdatter Marita Tørresdatter gift med Peder Hansen Seltun. Disse fem arvet den andre halvdelen av boet.

 

Disse to søskenflokkene er barn av Gro Jonsdatter og Nils Sveinsen under Eråker, og Gjertrud Jonsdatter og Tørres Olsen Steine. I skiftet nevnes ikke broren Nils Jonsen, og det må bety at han døde før 1845 uten å ha etterkommere. Men søstera Marta Jonsdatter som i følge bygdeboka døde i 1852 er heller ikke nevnt i skiftet! Hun levde da skiftet ble holdt og skulle vært arving til 1/3 av boet sammen med sine søsterbarn. Det kunne derfor ha vært interessant å sjekke en eventuell registreringsprotokoll eller skiftedokumenter i saken (er ikke skannet) for å se om de inneholder flere opplysninger.

 

Hvis Nils virkelig flyttet til Luster, kan det tenkes at de ikke kjente til hans familie fordi han bodde så langt unna? Det er kanskje ikke så sannsynlig. Nils Jonsen født i Borgund 1768 levde som nevnt i 1792, han er ikke død eller gift i Lærdal fram til 1801, og er ikke der i 1801-tellinga. Så han må ha flyttet fra Lærdal før 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste meldingi!

 

Eg har faktisk opplevde fleire gongar at einskilde skifte IKKJE nemner alle ervingane, og ofte skjer det, dersom dei har butt eit stykke unna og kanskje ikkje har hatt kontakt på eit halvt hundreår!  Andre gongar kan skyldskapen vera heilt feil, som til dømes ved eit skifte på Hauge på Hafslo frå 1760.talet der eit parfolk døydde utan born og der «nestsøskenborn» var ervingar etter mannen.  Brått har dei då òg teke med nokre ervingar ein generasjon lenger ute som slett ikkje hadde rett på arv!!

 

So det faktum at ervingar ikkje vert nemnde, som burde ha vore der, er ei kjensgjerning som me må leva med, men kjekt er det sjølvsagt ikkje, so lenge som skifti normalt kan oppfattast som ein «endeleg fasit» på skyldskap!  Gudskjelov er det svært sjeldent at slikt skjer...

 

Ei anna òrsak til at ervingar kan vera uteletne, er at det ikkje var noko særleg middel i buet, og dei «braud» seg rett og slett ikkje med å leita fram alle ervingane...

 

So for meg er Nils Johnson på Drægni identifisert, til tross for dei manglande opplysningane frå skiftet som du Terje nemner...

 

Elles er skiftedokumenti samla på Statsarkivet i Bergen, og dei utgjer ei fantastisk kjelde (eg har for mange år sidan lese gjennom dei aller fleste for Luster, Jostedalen og Hafslo!), so om du har høve til å sjå på dei, er det absolutt vel verdt det.  Dei KAN jo innehalda opplysningar som elles ikkje er refererte.  Kanskje er Nils nemnd ved skifteregistreringi, men med merknad om at dei ikkje visste kvar han hadde vorte av!??  Eller dei trudde han var avliden utan å etterlata seg born...

 

Det er forresten òg mogeleg å be Statsarkivet om eit oppslag, og dei vil då skanna registreringsforretningi og kan henda sjekka andre vedlegg som dei sender kopi av...  For å gjera dette, treng dei skiftenummer og årstal...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noen ord til slutt. Jeg har søkt i Arkivportalen, og det ser ut til å mangle skifteregistreringsprotokoller for Indre Sogn 1837-1847. Når det gjelder de to manglende søsken i skiftet 1845, Marta og Nils, så er det greit med Marta. Hun er nok i bygdeboka antatt å være legdslem Marita Jensdatter Li død 17.11.1852, 85 år. Men det står tydelig Jensdatter i kirkeboka, presten skrev Jon med "h" - John. Så dette er ei anna Marta, hun som hører til i denne søskenflokken var barnløs og er altså død før 1845 og er derfor ikke nevnt i skiftet.

 

Så var det Nils. For å få sikker identifikasjon på ham kunne det kanskje likevel være av interesse å sjekke skiftedokumentene. Skiftet etter Botolv Hatleberg 1845 er merket med nummer 32, så dokumentene finnes vel hos sorenskriveren i Indre Sogn som nummer 32/1845 (eller skiftedokument 27 a/b i arkivportalen).

 

Ser at du mener Nils Jonsen på Drægni er identifisert. Antagelig har du rett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.