Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter - husmannsfolk i gamle Aker 1802-1822 - er det mogeleg å finna ut noko meir om denne huslyden? - finst det bygdebøker for denne delen av det «landlege» Christiania?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg har fått ein huslyd å jobba med som tydeleg har utspring i gamle Aker, og eg vonar no å finna nokon som har greie på huslydane i denne delen av det «landlege» Christiania:

 

Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter gifte seg i Aker 22.6.1802 - ingen gardsnamn er oppgjevne:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002205055

 

I løpet av dei følgjande 20 åri fekk dei fire born i Aker:

 

* Anna Nilsdotter, døypt i Sognseiget 17.10.1802: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012823764

 

* Karen Nilsdotter, fødd i Riiseiget 9.12.1808, døypt 19.12.1808:  https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012828004

 

* Johan Christian Nilsson, fødd i Riiseiget 3.8.1815, døypt 5.11.1815: https://media.digitalarkivet.no/view/757/65

 

* Nils Nilsson, fødd i Vinderneiget 4.7.1822, døypt 4.8.1822: https://media.digitalarkivet.no/view/7719/80)

 

Her finn eg vigsli til Johan Christian Nilsson i Aker 30.12.1842 - det står noko om Riis og Toten(?): https://media.digitalarkivet.no/view/570/435

 

Her finn eg vigsli til Nils Nilsson i Domkyrkja i Bergen 30.7.1854 - fødestad «Ager»: https://media.digitalarkivet.no/view/8333/13

 

og at dette må vera «rett» Nils, kan vel provast gjennom innførsli i FT1910 der fødselsdatoen er oppgjeven til 4.6.1822: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708071644

 

Men so var det altso opphavet til denne huslyden.  Nils og Martha ser ut til å ha vore ganske so «bufaste» i Aker, men er det mogeleg å seia noko om:

 

** Kvar i Aker kan me seia at dette parfolket enda opp? - kva plass under kva gard?

 

** Kvar var Nils Nilsson og Martha Aamundsdotter fødde og oppvaksne?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som eg fryktar for kan gå i «gløymeboki»...

 

Eg vonar at einkvan med lokal kunnskap i det «landlege» Christiania har høve til å sjå på dette og hjelpa meg litt på veg!

 

Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

Marthe Amundsdt. Eneste mulighet i Aker i 1801 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058216002635

 

Trolovelsen 24/4 1802 https://www.digitalarkivet.no/kb20061109030610

Her ser det ut til at Nils kom fra Ness i Akershus.

FT 1801. Der finnes det 2 Nils Nilsen, alder 22 og 25 år, begge tjenestefolk på Brøther gård.

Det ser ut til at faren til Marthe var kausjonist.

Det står noe under forlovelsen, men jeg klarer ikke å lese det, så jeg vet ikke om det har noe med dem å gjøre.

Endret av Berit Knudsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Per Otto Egeberg Asak

Henning Sollied skreiv under krigen en bygdebok kalt for "Akersgaarder 1947?)". Han skreiv bare bruker og eierhistorie for hovedbølet under hvert gårdsnummer.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit og Per Otto for dei siste innleggi frå tidleg i veka.  Eg seier meg lei for seint svar, men det har vore ganske so hektisk hjå meg dei siste dagane...

 

Det høyrest ut som om bygdeboki som Henning Sollied skreiv under krigen, ikkje vil vera til særleg hjelp til å finna ut om dei folki me her leiter etter...

 

Elles går det klart fram av trulovingi til Nils og Martha at Nils må vera komen frå Nes der Finklihagen(!) var prest på den tidi.  Eg går ut ifrå det er tale om Nes på Romerike...: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058228000008

 

Martha Amundsdotter Sogn er nok ho som i 1801 var dotter av husmann Amund Andersson under Sogn vestre - far hennar har jo òg skrive under som kausjonist!

 

Men kva står det under som merknad?  Eg freistar lesa dette...:

 

«NB: Karlens Moder har været hos mig og beklaget sig at ... ey bliver .... ..... af sin Kiereste og SvigForeldre».

 

Kanskje nokon greier dette betre?

 

Eg finn elles berre ein Nils Nilsson døypt i Nes på den tidi som her kan vera aktuell:

 

* Nils Nilsson Lund(?) - døypt 4.12.1774: https://media.digitalarkivet.no/view/7651/248

 

Kanskje kan ei bygdebok for Nes på Romerike stadfesta om denne Nils frå Lund flytte til Aker: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058228004840

 

Eller kanskje det er ein heilt annan Nils Nilsson??

 

** Elles er vel då den «sentrale» utfordringi her å finna ut kvar Nils Nilsson og Martha Amundsdotter «enda opp»?  Siste kjende bustad frå 1822 var i Vinderneiget!  Utan bygdebok lyt ein kanskje «tråla» dødsfallslistene for Aker...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.