Gå til innhold
Arkivverket

Britha Jacobsdotter Oddekalv - fødd kring 1750 - gift i Gulen 1778 med Tollef Monsson i Tjuviki under Eivindvik prestegard - kven var denne Britha Jacobsdotter?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er henta utifrå følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201695-øyanes-påskenøtt-6-mons-torstenson-1723-1814-frå-luster-via-vik-til-sørebø-i-hyllestad-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1702644

 

Tollef Monsson, døypt i Luster 21.9.1749, gifte seg i Gulen 20.10.1778 med Britha Jacobsdotter Oddekalv: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/22

 

Trulovingi deira 23.8.1778 (10. p. Trin) syner at forlovarane deira var Johannes Olson Stokkevåg og Johannes Rasmusson Oddekalv: https://media.digitalarkivet.no/view/11444/20

 

Bygdeboki for Gulen, bd. I, side 254 hevdar at Britha Jacobsdotter var enkje og kom frå Kjellevoll i Gulen, men slår ein opp der, ser me at Britha Jacobsdotter Kjellevoll vart gravlagd 17.9.1790 i ein alder av 74 1/2 år: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769060

 

medan «vår» Britha vart gravlagd frå Tjuviki 21.1.1794, mellom 40 og 50 år gamal: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769706

 

So kven var Britha Jacobsdotter Oddekalv?

 

Eg finn ikkje noko under Oddekalv i Solund som kan hjelpa meg identifisera opphavet hennar, men ser me på barneflokken til Tollef og Britha, finn me desse namni:

 

* Henrik, f. 1778

* Jacob, f. 1782

* Kari, f. 1785

* Janniche, f. 1787

* Anna, f. 1790

 

Om dei nytta seg av oppkalling, finn eg ikkje noki forklaring på Henrik-namnet, med mindre Britha hadde vore gift før med ein Henrik?

 

Jacob var jo tydeleg oppkalla etter far hennar.

 

Kari var oppkalla etter mor hans

 

Janniche har eg ikkje noki forklaring på, med mindre det var førenamnet til mor hennar?

 

Anna har eg heller ingi forklaring på, men Tollef hadde ei eldre søster med det namnet (som me enno ikkje har greidd å oppspora!), og Anna vart døypt etter at Tollef var avliden!

 

Eg finn ikkje noki Britha Jacobsdotter døypt korkje i Gulen eller i Askvoll for den aktuelle perioden (mellom 1745 og 1760), MEN eg finn ei vigsle i Askvoll for:

 

Jacob Andersson Smilden og Janniche Jensdotter 9.7.1746: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769060

 

Kan dei vera foreldri til Britha??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje?

Et skifte etter Jacob Bendixen Odden i Gulen 28-29/8 1768, Nr. 20. Protok. 8 1766 - 72, s. 513b. https://www.digitalarkivet.no/sk20081124640133

Jacob var gift 2 ganger. 1.g. med Brithe Andersdater (skifte nr. 22, 28-29/7 1758),

og 2.g. med Brithe Pedersdatter.

I første ekteskap fikk han 2s. og 1dt.:  Anders Jacobs.17 år, Bendix Jacobs. 16 år og Brithe Jacobsdt. 20 år.

Han fikk flere barn i 2. ekteskap, men de passer ikke i alder.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hyllestad bygdebok har ingen opplysningar om Brite Jakobsdtr. ut over at ho er fødd i 1749. Mora Jannicke Jensdtr. var frå Hersvik i Solund og det er slett ikkje utruleg at Brite kom i teneste der ute. I alle fall er det ingen Jakob i Oddekalv på den tid, og Tollef og Brita er nok eit par som har vore i teneste i Oddekalv.

 

Alf Strand

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Berit og Alf for interessante innlegg!

 

Eg ser no av FamilySearch at:

 

* Birthe Jacobsdotter vart døypt i Gulen 18.6.1747 av foreldri Jacob Tungodden og kona Birthe

 

* Birthe Jacobsdotter vart døypt i Gulen 31.1.1750 av foreldri Jacob Kraagevog og kona Birthe - denne finn eg gift i Gulen 14.7.1782 med Lasse Gregoriusson Hatleim:

https://media.digitalarkivet.no/view/11444/65

 

* Birthe Jacobsdotter vart døypt i Gulen 24.10.1750 av Jacob Aslob og kona Johanne

 

Den første av desse er truleg «kandidaten» som Berit nemner i innlegg #2...

 

Alle desse «kandidatane» frå Gulen høver svært godt med omsyn til alder, men ser me på oppkallingane, held eg so absolutt ein «knapp» på jenta frå Smilden, som du Alf nemner i innlegg #3, og særleg når me veit at bygdebokskrivaren i Hyllestad ikkje greidde å finna ut kvar ho vart av!

 

Eg finn ingen barnedåp på Smilden i Askvoll for Britha Jacobsdotter; Jacob Smilden døypte Jens i 1748, Ole i 1751 og ein ny Jens i 1753.  Om den første Jens døydde, er det akkurat «plass» til Britha i 1749!  Opplysningi om namnet og alderen hennar kjem vel då truleg frå eit skifte...?

 

Då eg for to månadar sidan skreiv innlegg #1, visste eg ikkje at Jacob og Jannike på Smilden verkeleg hadde ei dotter Britha!  Denne oppkallingi høver jo heilt «perfekt», og eg er etter dette 99% sikker på at det var Britha frå Smilden som tente på Oddekalv og som so i 1778 gifte seg med Tollef Monsson i Gulen, men det kunne jo ha vore kjekt om lagnadane til dei to jentene frå Gulen med ukjend lagnad òg kunne påvisast...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brite Jakobsdtr. Kråkevåg f. 1750 gifte seg 1782 med Lasse Gregoriusson Hatleim står det i bygdeboka.

Brite Jakobsdtr. Avløyp f. 1750, kom vekk på sjøen i 1769, skriv bygdeboka.

Brite Jakobsdtr. Tungodden f. 1747, døydde ugift i 1778, står det i den same boka.

 

Mvh Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Alf for nye spennande og imponerande innlegg frå i kveld!

 

Eg ser at du har identifisert samtlege «konkurrentar» til Britha Jacobsdotter - ho som gifte seg med Tollef Monsson, so då trur eg me trygt kan slå fast at «vår» Britha endeleg er identifisert!

 

Då har eg sett opp følgjande manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Tollef Monsson {Dulsvig}, døypt {i Luster} 21.9.1749,

Tollef Monsson flytte med foreldri til Vikøyri i Vik og sidan vidare til Gulen der han 20.10.1778 gifte seg med Britha Jacobsdotter frå Smilden i Hyllestad, Askvoll.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Andersson på Smilden, opphavleg frå Værøy i Askvoll, og tredje kona Jannicke Jensdotter frå Hersvik i Solund og f. i Hyllestad, Askvoll hausten 1749.  Tollef fekk i 1780 feste på Tjuviki under Eivindvik prestegard i Gulen, og han dreiv plassen til han vart gravlagd derifrå 14.1.1790.  Britha gifte seg 2.8.1790 att i Gulen med Iver Hansson frå Nevedal i Gulen.  Han var son av

 

##### (foreldri hans med opphav? – finn ikkje desse under Nevedal i bygdeboki for Gulen!)

 

og vart døypt i Gulen 6.2.1754.  Iver tok alt i 1790 over som festar av Tjuviki under Eivindvik prestegard og budde der levetidi ut.  Britha vart gravlagd frå Tjuviki 21.1.1794, medan Iver, som òg gifte seg att, d. som kårmann same staden 3.3.1823.  Han fekk tre born, men dei var alle frå andre ekteskapet hans.  Tollef og Britha fekk desse fem borni lag:

a. Henrik Tollefson, døypt i Solund, Gulen 21.12.1778, var i 1801 tenestedreng på Sognefest i Gulen, men flytte snart etter til Bergen der han vart gravlagd frå sjukehuset 28.8.1804, ugift.

b. Jacob Tollefson, døypt i Gulen 29.9.1782, vart gravlagd frå Tjuviki 18.5.1799.

c. Kari Tollefsdotter, f. i Gulen kring 1785, d. som kårenkje på Henriksbø i Gulen 24.5.1860.  Kari vart oppfostra på Eivindvik prestegard, men gifte seg i Gulen 10.7.1810 med Iver Andersson frå Henriksbø i Gulen, døypt i Gulen 15.6.1784.  Han d. som kårmann på Henriksbø 3.3.1860.  Iver og Kari tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Henriksbø i Gulen og budde der levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

d. Jannicke Tollefsdotter, døypt i Gulen 28.11.1787, vart gravlagd frå Tjuviki 23.3.1792.

e. Anna Tollefsdotter, døypt i Gulen 15.4.1790, d. som ugift legdelem på Bjørknes i Gulen 8.9.1863.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Den einaste utfordringi som no står òpi i denne huslyden, er spørsmålet om opphavet og foreldri til Iver Hansson Nevedal...  Kanskje du Alf eller andre har tankar kring dette?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
On ‎8‎/‎15‎/‎2018 at 1:06 AM, Lars E. Øyane said:

Britha gifte seg 2.8.1790 att i Gulen med Iver Hansson frå Nevedal i Gulen.  Han var son av

##### (foreldri hans med opphav? – finn ikkje desse under Nevedal i bygdeboki for Gulen!)

og vart døypt i Gulen 6.2.1754.

 

Eg har dessverre pakka Gulen-bøkene mine godt ned i ei eske, men har notert ein stad at Iver Hansson dp. 6.2.1754 er son av Hans Hansson Nevedal (1724-1794) og Marte Ivarsdtr Nordgulen (?-ca. 1769).

 

Hans Hansson gifte seg på nytt i januar 1770.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle for siste avklarande innlegget frå sist torsdag.

 

Du har nok heilt rett i utsegni di.  Eg har truleg «bomma» på gardsnamnet då eg leitte i Gulen-bøkene etter Iver Hansson sitt opphav.  Der er jo òg ein gard i Gulen som heiter Nærdal, og eg har sikkert leitt der...  No fann eg opplysningane dine, Gisle, under Neverdal, og dette gjev oss eit komplett manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Tollef Monsson {Dulsvig}, døypt {i Luster} 21.9.1749,

Tollef Monsson flytte med foreldri til Vikøyri i Vik og sidan vidare til Gulen der han 20.10.1778 gifte seg med Britha Jacobsdotter frå Smilden i Hyllestad, Askvoll.  Ho var dotter av gardbrukar Jacob Andersson på Smilden, opphavleg frå Værøy i Askvoll, og tredje kona Jannicke Jensdotter frå Hersvik i Solund og f. i Hyllestad, Askvoll hausten 1749.  Tollef fekk i 1780 feste på Tjuviki under Eivindvik prestegard i Gulen, og han dreiv plassen til han vart gravlagd derifrå 14.1.1790.  Britha gifte seg 2.8.1790 att i Gulen med Iver Hansson frå Nevedal i Gulen.  Han var son av gardbrukar Hans Hansson på Nevedal og første kona Martha Iversdotter frå Nordgulen og vart døypt i Gulen 6.2.1754.  Iver tok alt i 1790 over som festar av Tjuviki under Eivindvik prestegard og budde der levetidi ut.  Britha vart gravlagd frå Tjuviki 21.1.1794, medan Iver, som òg gifte seg att, d. som kårmann same staden 3.3.1823.  Han fekk tre born, men dei var alle frå andre ekteskapet hans.  Tollef og Britha fekk desse fem borni lag:

a. Henrik Tollefson, døypt i Solund, Gulen 21.12.1778, var i 1801 tenestedreng på Sognefest i Gulen, men flytte snart etter til Bergen der han vart gravlagd frå sjukehuset 28.8.1804, ugift.

b. Jacob Tollefson, døypt i Gulen 29.9.1782, vart gravlagd frå Tjuviki 18.5.1799.

c. Kari Tollefsdotter, f. i Gulen kring 1785, d. som kårenkje på Henriksbø i Gulen 24.5.1860.  Kari vart oppfostra på Eivindvik prestegard, men gifte seg i Gulen 10.7.1810 med Iver Andersson frå Henriksbø i Gulen, døypt i Gulen 15.6.1784.  Han d. som kårmann på Henriksbø 3.3.1860.  Iver og Kari tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Henriksbø i Gulen og budde der levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

d. Jannicke Tollefsdotter, døypt i Gulen 28.11.1787, vart gravlagd frå Tjuviki 23.3.1792.

e. Anna Tollefsdotter, døypt i Gulen 15.4.1790, d. som ugift legdelem på Bjørknes i Gulen 8.9.1863.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden.  Problemet er løyst!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.