Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Anna Monsdotter - fødd i Luster 1744 - flytte til Vik i 1760 - men kvar vart ho av?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne jenta har utgongspunkt i følgjande gamle tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201695-øyanes-påskenøtt-6-mons-torstenson-1723-1814-frå-luster-via-vik-til-sørebø-i-hyllestad-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1702644

 

men me har inntil i dag ingen sikre opplysningar om lagnaden hennar!

 

Anna Monsdotter (Dulsvig), døypt i Luster 27.3.1744

 

I kveld har eg gjort ein spennande observasjon som KAN bringa oss nærare ei løysing på denne kjempeutfordringi:

 

I basen over vigde i Vik finn me desse to vigslene:

 

* Christen Sjurson Limmesand og Anna Monsdotter Finden - vigde i Vik 8.6.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/92

 

* Bendik Olson Nissestad og Anna Monsdotter Haalen - vigde i Vik 21.11.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/95

 

I eit anna tema har eg teke opp til drøfting lagnaden til søsteri Lucia Monsdotter: https://forum.arkivverket.no/topic/223070-lucia-monsdotter-1756-1839-frå-luster-via-vik-til-bergen/

 

og som me såg der, budde Lucia nettopp på garden Finden då ho gifte seg i 1781.  Kan me tenkja oss at dei to søstrene har tent på same gard etter dei kom til Vik?

 

Eg finn ingen born i Vik etter Christen og Anna, men derimot ser me at Bendik Olson og Anna Monsdotter fekk fleire: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap

 

* Kari Bendiksdotter, døypt uekte13.1.1779

* Thuri Bendiksdotter, døypt i Arnafjorden 8.2.1782

* Mons Bendikson, døypt frå Nissestad 5.8.1783

* Morten Bendikson, døypt frå Lillesand 3.5.1789

* Arne Bendikson, døypt frå Lillesand 1.6.1790

 

Og me skal ikkje gløyma at mor til «vår» Anna Monsdotter heitte nettopp Kari!

 

MEN, ser me på FT1801, ser me at Anna Monsdotter på Lillesand då berre var 41 år gamal, og ho hadde boprnb fødde so seint som i 1800, so det utelukker ho som «kandidat» for oss: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392002333

 

Elles var det jo òg helst den første av dei to Anna'ne eg hadde størst tru på kunne vera «vår» Anna...

 

Eg er spent på kva bygdebøkene for Vik har å seia...?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Anna Monsdotter frå Luster!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Eg har oppdaga eg gjorde ein feil i aftes då eg søkte etter born av Christen Sjurson og Anna Monsdotter (eg tenkte i farti ikkje på at Sjurson som regel vart skrive Siurson på den tidi!), og det har dukka opp følgjande born:

 

* Sjur Christenson, døypt Finden, Vik 5.7.1778: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/65

   vart gravlagd frå Finden 17.8.1778. 6 veker gamal.

* Henrik Christenson, døypt Hellen, Vik 4.12.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/74

* Anna Christensdotter, døypt Svolsvik, Vik 17.2.1782: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/87

   vart gravlagd frå Svolsvik 7.3.1782, 17 dagar gamal

* Mons Christenson, døypt Svolsvik, Vik 27.3.1783: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/104

 

Og so ser eg at Christen Sjurson og ei Kari Johnsdotter fekk to søner i lag:

* John Christenson, døypt Valsvik 15.10.1788: https://media.digitalarkivet.no/view/11756/9

* Sjur Christenson, døypt Holum 14.6.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/11756/29

 

Og FT1801 syner Christen Sjurson, 56, i andre ekteskap, med kona Kari Johnsdotter, 54, i første ekteskap, med sonen Sjur, 8, som strandsitjarar under Holum: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392001885

 

Sonen Sjur Christenson er truleg han som døydde som strandsitjar på Vikøyri 20.11.1846, 57 år gamal

 

Det er nok den same Christen Sjurson me ser her i to ekteskap, og dette tyder at Anna Monsdotter døydde etter 1783 og før 1788, medan han gifte seg att kring 1787 med Kari Johnsdotter.  Både dødsfallet hennar Anna og andre vigsli hans Christen fell nettopp i dei åri me manglar kyrkjebøker for i Vik!

 

Og Christen Sjurson ser ut til å ha gifte seg ein tredje gong i Vik 2.7.1816 med Gjertrud Hermundsdotter Tennefoss: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002209684

 

Han døydde 9.5.1837 som husmann under Holum, 91 år gamal: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogngrav&gardpostnr=16993&merk=16993#ovre

 

Eg ser fleire tungtvegande òrsaker til at dette godt kan vera «vår» Anna Monsdotter:

 

* Fadrane til eldste sonen Sjur var alle frå Finden, m.a. Mons Finden og Synneva Finden - kan vera far og søster?

* Mellom fadrane til Henrik i 1779 var ein Tollef Valsvik, som KAN ha vore bror til Anna, kort attende i Vik før han i 1780 fdekk bygsel på ein husmannsplass under Eivindvik prestegard?

* Mellom fadrane til Anna i 1782 var Elling Sjurson Wiigøren, truleg ein bror av Christen(?), og Britha Pedersdotter Rørvigen, kan henda stemori til Anna?  Ei tredje faddar var Gjertrud Monsdotter Svardal, som derimot IKKJE høyrer til denne ætti...

* Mellom fadrane til Mons i 1783 var Synneva Monsdotter Finden, som ville høva som søster av Anna!?

 

Og ikkje minst dette argumentet meiner eg veger SVÆRT tungt: Henrik Christenson, 22 år, var i 1801 tenestedreng på Sørebø i Hyllestad hjå Johannes Monsson, halvbror av Anna, og der budde då òg bestefaren Mons Torstenson med andre kona si:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058400001848

 

I dei gamle bygdebøkene for Vik (Arnafjorden) av Olav Hoprekstad frå 1957 er ikkje husmenn nemnde i det heile, so eg finn ikkje nokon av desse nemnde der, men eg er spent på kva kommentarar andre kan ha om denne huslyden, og kva seier dei nye bygdebøkene for Vik (som eg IKKJE har...)?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera biografien til Anna Monsdotter frå Luster!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen
Skrevet (endret)

Lars !

Bendik Olson Nissestad og Anna Monsdotter Haalen - vigde i Vik 21.11.1779: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/95

Denne Anna kan du stryka !  Ho kjem fra Arnafjorden.  Frå plassen Liabø, Hola

s. 389 og s. 309 i Ættabokji for Vik utg 2008.

Endret av Jon Sværen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget som nettopp «tikka inn» hjå meg.  Då er me samde om at den Anna Monsdotter som var gift med Bendik Olson, IKKJE er ho eg leiter etter...!  Men eg er i grunnen meir spent på kva bygdeboki seier om hi Anna, gift med Christen Sjurson...

 

Eg kan forresten leggja til:

 

Mellom fadrane til Anna Christensdotter i 1782 var det ein Elling Sjurson Wiigøren, som eg gissa på kunne vera bror hans Christen.  No ser eg av FT1801 berre ein Elling Sjurson i Vik som høver med omsyn til alder, og han var strandsitjar under Vollevik i Arnafjorden, gift med Synneva Monsdotter, båe 50 år gamle, og hjå dei budde òg konas søsterson Johannes Olson på 11 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058392002283

 

Eg tykkjer dette liknar mistenkeleg på bror hans gift med den siste ukjende søsteri hennar, Synneva Monsdotter, fødd i Luster 1753, men Johannes Olson kan eg ikkje plassera, med mindre han er son av søsteri Lucia Monsdotter??

 

Dette KAN vera dåpen til Elling Sjurson frå Holen i Arnafjorden 16.10.1754: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=18739&merk=18739#ovre

 

Og i so fall er nok dette dåpen til Christen Sjurson same stad 28.4.1752: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=18757&merk=18757#ovre

 

Og ser me på namnekombinasjonen her, er det nok foreldri deira dei Sjur Christenson Nissestad og Anna Ellingsdotter Dale som gifte seg i Vik 13.7.1749: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=18757&merk=18757#ovre

 

Ei ny sak for bygdeboki for Vik!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av ei kjempeutfordrande huslyd!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Eg retta opp eit sidetal i mitt forrige innlegg. Av ein eller annan grunn er nr på innlegga no borte vekk ! 

ENDÅ EIN NY IDE frå dei kloke og vitige borte i Oslo som vi andre må gå på kurs for å få kjennskap til ???

----------------------------------

Til saken Lars (og vekk m/ frustrasjonen ) på s. 314, under plass til L.nr 17, registrert under Husmenn under Holane, av Gudmund Balvoll (GB) i Ættabokji frå 2008, skulle du ha lese.

Kristen Sjurson Flæte (1752-1838), husmannson frå Hola, gift m/ Anna Monsdtr f 1745. Død:  Ukjent. Anna vart konfirmert m/stadnavnet Vollevik, men gift som Finden.

Vi (GB) trur at ho var syster til Lussi på ein plass til Finden og til Synneva på ein plass i Vollevik. Foreldra UKJENTE !!

Anna må ha døydd før 1788.  For Kristen giftar seg (ukjent når) igjenn m/ Kari Jonsdtr. og fyrste ongjen i dette ekskapet er Jon f 1788.

------

Side 309 i Ættabokji frå 2008:

Husmenn i 1762 på Flete:  Sjur Kritanson Nissestad 1705-65, gift 1749 m/ Anna Ellingsdtr "Dale" 1715-81. Desse ongane:

1. Alis f. 1749

2. Kristen f 1752 (plass Holane)

3. Erling f 1754 (plass Vollevik) Mellom fadrane til Anna Christensdotter i 1782 var det ein Elling Sjurson Wiigøren, som eg gissa på kunne vera bror hans Christen. 

                                              Korrekt gissa, Lars !  Og gift (når ??) m/ Synneva Monsdtr f 1751 d 1815.  Barnlause.  Side 381

4. Gunnar f 1757

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars !

 

Du har ikkje ei fjerde syster, syster nr 4 ??

Vi har frå før Synneva, Lussi og Anna.  Men har du ei til, som får ein son Johannes Olsen f ca 1790, som av ukjente grunnar til no, er busett i Vollevik i FT 1801 hos Mosti si, Synneva Monsdtr ??

--------------------------------

Dette trur Gudmund Balsvoll i Ættabokji frå 2008 på s. 381 !

------------------------

Når det gjeld nr på innlegg, så tyder på at dette kurset kan vi kutta ut. Då dette trulig var ein teknisk feil, der og då. Sjå innlegg nr 5

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for kjempespennande og utfordrande innlegg!  Då ser det ut til at me endelege nærmar oss MÅL når det gjeld denne utfordrande ætti frå Luster, men eg lurer på, godeste Jon, om du har høve til å senda meg det som konkret står i bøkene om desse søstrene, særleg om Lucia, som sidan flytte til Bergen (sjå òg eige tema).  Og kvar vart det av borni til Anna Monsdotter og Christen Sjurson?  Og kva med Johannes Olson, «fostersonen» hjå Synneva og Elling?

 

Som det kjem fram av «hovudemnet» om denne ætti (ref. heilt først i innlegg #1 over), meiner eg at foreldri til denne søskenflokken, Mons Torstenson med første kona Kari Tollefsdotter, må vera flytte til Vik kring 1760.  Mons og sonen Tollef er nemnde som legdelemmar(!) i Gaupne i 1759, men dei er ikkje registrerte i ekstraskatten for Luster frå 1762.  Derimot ser eg at ekstraskatten for Vikøyri 1762 nemner Mons Torstenson med kone: https://media.digitalarkivet.no/view/47516/269

 

Kari må vera avlidi på 1760-talet, og faren Mons Torstenson «Wiigøren», gifte seg 1.6.1771 att med enkja Britha Pedersdotter Wolleviigen: https://media.digitalarkivet.no/view/11754/57

 

Mons og Britha fekk ein son i lag, Johannes, fødd på Vikøyri 18.6. og døypt 21.6.1772: https://media.digitalarkivet.no/view/11755/5

 

Eg reknar med at den nye bygdeboki for Vik vil ha ein omtale av Mons og Britha, men kva står det om dei?  Kven hadde Britha vore gift med før?  Ein eller annan Johannes??

 

Av bygdeboki for Hyllestad kjem det fram at Britha var fødd på garden Sørebø kring 1730 som dotter av Peder Willatson Bugge og andre kona Anna Jensdotter, og til denne garden i Hyllestad flytte Mons og Britha attende i 1774!  Sonen Johannes tok over etter dei.

 

Elles etterlyser du, Jon, ei fjerde søster, og tidmessig KAN det ha vore ei søster til, fødd kring 1759/1760 i Luster då kyrkjeboki har ein «lakune»!  Kanskje den Gjertrud Monsdotter Svardal, nemnd som faddar i 1782 (sjå innlegg #2) likevel høyrer til her??

 

Dette er litt av ein huslyd å «bryna» seg på, men slikt er spennande!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til freistnadane på å oppklara lagnaden til denne utfordrande huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

So har eg forfatta nye manuskript for dei to søstrene Anna og Synneva Monsdøtrer, og desse ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~

 

Anna Monsdotter {Dulsvig}, døypt {i Luster} 27.3.1744,

Anna Monsdotter flytte med foreldri til Vik og gifte seg i Arnafjorden, Vik 8.6.1778 med Christen Sjurson frå ein plass

 

##### (kva plass?)

 

under Flete i Arnafjorden, ein bror av Elling Sjurson gift med søsteri Synneva.  Christen var soleis òg son av Sjur Christenson opphavleg frå Nissestad, og kona Anna Ellingsdotter frå Dale

 

##### (truleg frå plassar under desse gardane, men kva plassar?)

 

og vart døypt i Arnafjorden, Vik 28.4.1752.  Christen og Anna slo seg ned som husmannsfolk på Svolsvik

 

##### (kvar er det?)

 

der Anna d. alt kring 1785.  Christen gifte seg so att i Vik kring 1787 med Kari Johnsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1755?)

 

Christen og Kari flytte kring 1790 til plassen Holelien under Holum i Arnafjorden, Vik, og derifrå vart Kari gravlagd 10.12.1815.  Christen gifte seg so tredje gongen i Vik 2.7.1816 med Gjertrud Hermundsdotter frå Tennefoss i

 

##### (sjekka opphavet hennar?)

 

Ho var dotter av

 

##### (foreldri hennar?)

 

og vart døypt

 

##### (dato og stad for dåpen hennar? – kring 1766?)

 

Gjertrud vart gravlagd som husmannskone frå Holelien 15.10.1820, medan Christen d. som husmann og enkjemann under Holum 9.5.1837.  Han fekk i alt seks born, fire frå første ekteskapet med Anna og to frå det andre med Kari:

a. Sjur Christenson, døypt i Arnafjorden, Vik 5.7.1778, vart gravlagd frå Finden 17.8.1778.

b. Henrik Christenson, døypt i Arnafjorden, Vik 4.12.1779, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Henrik kom i ung alder som tenestedeng hjå morbroren på Sørebø i Hyllestad og gifte seg i Hyllestad 27.12.1817 med enkja Anna Østensdotter frå Skivenes, f. i Hyllestad kring 1788

 

     ##### (ho gift 1.g. 1815 med Hans Johannesson Hatløy)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1821 husmann Dyretoppen (Lutentun) - gnr. 74 i Askvoll!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Helene Henriksdotter, f. i Hyllestad 28.5.1818

            * Anna Henriksdotter, f. i Askvoll 26.10.1821 - konf. 1836)

 

c. Anna Christensdotter, døypt i Arnafjorden, Vik 17.2.1782, vart gravlagd frå Svolsvik 7.3.1782.

d. Mons Christenson, døypt i Arnafjorden, Vik 27.3.1783,

 

     ##### (lagnaden hans? – ikkje n. 1801!)

 

e. John Christenson, døypt i Arnafjorden, Vik 15.10.1788,

 

     ##### (lagnaden hans? – ikkje n. 1801!)

 

f. Sjur Christenson, døypt i Arnafjorden, Vik 14.6.1792,

 

     ##### (n. 1801 – kan henda strandsitjar Sjur Christenson d. på Vikøyri 20.11.1846, 57 år gamal?)

 

~~~~~~~~~~

 

Synneva Monsdotter {Dulsvig}, døypt {i Luster} 16.6.1753,

Synneva Monsdotter flytte òg til Vik med foreldri og gifte seg der kring 1785 med Elling Sjurson frå ein plass

 

##### (kva plass?)

 

under Flete i Arnafjorden, ein bror av Christen Sjurson gift med søsteri Anna.  Elling var soleis òg son av Sjur Christenson opphavleg frå Nissestad, og kona Anna Ellingsdotter frå Dale

 

##### (truleg frå plassar under desse gardane, men kva plassar?)

 

og vart døypt i Arnafjorden, Vik 16.10.1754.  Elling og Synneva vart husmannsfolk på ein plass

 

##### (kva plass?)

 

under Vollevik i Arnafjorden, Vik der dei budde levetidi ut.  Synneva vart gravlagd som husmannskone frå Vollevik 22.7.1815, medan Elling Sjurson d. som husmann same staden 11.3.1822.  Dei var barnlause, men fostra opp ein søsterson hennar.

 

##### (sjekka dette – Johannes Olson, f. kring 1790?)

 

~~~~~~~~~~

 

Som ein vil sjå, manglar det framleis ein del detaljar, men eg reknar med at dei nye bygdebøkene frå Vik vil ha dei fleste svari?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av desse biografiane!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.