Gå til innhold
Arkivverket

Kjelder - slektsgransking - slutten 1700-talet


Guri Mæland
 Del

Recommended Posts

Hei -

Eg finn ikkje att eit par forfedre som truleg er fødde mellom 1760 og 1790 i Stavanger (Stavanger står i kyrkjebøkene ved konfirmasjon og giftemål i Sola). Me er ganske mange som stoppar ved desse bakover i tid på MyHeritage, og det hadde vore fint å finna dette ut. 

Spørsmåla er - kva kjelder fins for perioden i området? Kan dei vera fødde andre stader og flytta til Stavanger og deretter til Sola? Kor flytta folk vanlegvis frå til Stavanger i denne perioden?

Kan det tenkjast at dåp på desse ikkje er registrert? - reknar med at dåp var påkrevd ved konfirmasjon? Kva viss dei var ekstremt fattige, er dei ikkje registrerte då? Fins alle kyrkjebøkene frå perioden intakte? 

Summa summarum lurer eg på om eg må gi opp eller om det er andre kjelder. 

Eg klarer ikkje heilt å få oversikt over sokna og kyrkjene, har ikkje skrive ned kva eg har sjekka, men tenkjer no å gå litt meir systematisk til verks viss eg skal bruka meir tid på det. Eg tek gjerne turen til Ullandhaug dersom det er kjelder der som ikkje ligg i digitalarkivet. 

 

Eg er svært takksam for all mogleg hjelp.

 

Helsing Guri Mæland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

Det finst kyrkjebøker for døypte både for Stavanger og Sola i dette tidsrommet. Du må sjå både under A-bøker og B-bøker (presten sine og klokkaren sine) på digitalarkivet. Legg inn Stavanger som prestegjeld, så får du opp alle. På lesesalen finst det avskrifter av dei fleste av desse originalbøkene, vil eg tru, så du kan også ta turen til Ullandhaug.  Alle skal vera registrerte i kyrkjebøkene på den tida, så det vil jo vera merkeleg om dei ikkje skulle stå der.

 

 

Med helsing

 

 

Jan Alsvik

Statsarkivet

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.