Jump to content
Arkivverket

Torkild Johannesson (Haugen) - fødd i Luster 1822 - utflytt til Rødøy i Nordland 1851 - er det mogeleg å finna ut noko om lagnaden hans der oppe?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Torkild Johannesson, son av Johannes Torkildson (1789-1849) og første kona Anna Cathrine Jensdotter (1788-1833), gardbrukarar på garden Haugen i Luster, var fødd i Luster 7.9.1822 og fekk i 1851 flytteattest for å flytta til Rødøy i Nordland!

 

Er det mogeleg å finna denne mannen att i Rødøy - eller andre stadar i Nordland?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

1852 - Nr. 24 

Nordland fylke, Meløy i Rødøy, Ministerialbok nr. 841A09 /2 (1845-1862), Inn- og utflyttede 1852, Side 219
https://media.digitalarkivet.no/view/37859/112

 

Innflytter Torkel Johannesen oppholdt seg på Marken i Meløy sokn. Da er det vel Torkel som er fadder her i 1853:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008690603

 

Antakelig samme Torkel, som er fadder i 1857 - nå bosatte på Fore:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000008692661

 

 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Svenn Ruskedal

Hvor tok "Torkild" vegen etter 1857 kan man undre? Finner han ikke i Ft 1865 eller utflyttningslister for "Melöy/ Rödöy"?

Edited by Svenn Ruskedal
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Svenn og Grethe for interessante innlegg om denne utfordrande unge mannen!

 

Då har me altso prov for at han verkeleg budde på Marken og sidan på Fore i Meløy sokn.  Han har sikkert vore innerst eller fiskar på desse stadane.  Men om han forsvinn etter 1857 og ikkje finst korkje i utflyttelistene for Meløy/Rødøy eller i FT1865 nokon stad i heile landet, ser eg berre to alternativ:

 

* Han må vera avliden, kan henda omkomen på sjøen under fiske?

 

* Eller han har «stikke av» til Amerika utan å få med seg flytteattest?

 

Ikkje godt å seia...  Me kan berre vona at han ein eller annan gong dukkar opp...

 

Han hadde forresten fleire søstrer frå Luster som utvandra til Amerika, men dei reiste mykje seinare...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å finna lagnaden til Torkild Johannesson frå Haugen i Luster!

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
  • 2 years later...
Lars E. Øyane

Innlegg #6:

 

Etter lengre tid «i dvale» ønskjer eg i kveld å henta fram att denne utfordringi, som ingen greidde å finna svar på då emnet sist var framme til drøfting.

 

Eg har heller ikkje greidd å finna noko meir om Torkild, men har vel ein sterk mistanke om at han kan ha sett livet til på sjøen??

 

Eg held fingrer og tær krossa og vonar på hjelp til å løysa denne gåta!  Kanskje han er nemnd i ei eller annan etterlysing eller kunngjering?

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.