Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torkild Salomonson (1745-1785), gift med ei ukjend Inga Eriksdotter - husmannsfolk i Amla i Sogndal - Inga attgift og forsvinn - minst tre søner i ung alder til Vesterålen - men kvar vart det av dei og mor deira?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg grubla veldig på i 1980-åri, men som eg aldri greidde å verta «klok» på!  Kan tidi no vera kommi?

 

Torkild Salomonson og Inga Eriksdotter kom båe i ung alder som tenestefolk hjå Bisgaard i Amla i Sogndal, han frå Luster og ho med ukjent opphav.  Etter nokre år gifte dei seg og fekk slå seg ned på husmannsplassen Haugen under Amla.  Men gleda varte ikkje so lenge.  Torkild døydde alt i 1785, og ikkje før var mannen avliden, forsvann Inga frå Kaupanger med dei fire attlevande sønene deira.  Ho gifte seg att og fekk to born til, men kven ho gifte seg med og kvar dei budde, er ei kjempeutfordring!

 

Me veit i grunnen berre at tre av dei fire sønene etter Torkild og Inga alt i 1801, mellom 19 og 23 år gamle, var flytte til Vesterålen, Salomon til Øksnes og Ole og Otto til Dverberg.  Det vart i 1821 halde skifte i Dverberg etter Ole Torkildson på Skaugvold i Dverberg, som då hadde drukna i lag med broren Otto og 28 andre personar (må ha vore ein stor båt!?), og me får greie på dei to halvsøskeni.

 

Slik ser denne huslyden ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter oppdatering av opplysningane om denne huslyden er manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Eg står ganske so «bom fast» og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

Legger inn det tidligere temaet om familien.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum

 

d. Otto Torkildson, døypt på Kaupanger 4.8.1782, reiste liksom eldste broren i ung alder til Dverberg i Nordland og gifte seg i Andenes 4.11.1810 med Gunnhild Johanna Iversdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     Otto var innerst, og han og Gunnhild busette seg på Flandberg lille i Andenes, men Otto vart som nemnt òg borte på sjøen i lag med broren Ole og 28 andre personar 6.2.1821.  Gunnhild d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Torber Johan, f. Dverberg 20.5.1810)

 

 

 

Vielse 4 nov 1810.

Spons:

Peder Monsen Stave og Morten Hans. Andenæs.

Nordland fylke, Dverberg, Andenes, Bjørnskinn i Dverberg, Andenes, Ministerialbok nr. 897A02 (1788-1820), Kronologisk liste 1810, Side 136-137
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20071108650523

 

 

Fant ikke Gunhild Johanna Iversdatter i 1801 i Dverberg.

 

----

 

Mulig kandidat?

 

Gunnil Johanna Iversdatter

Norway Baptisms, 1634-1927

christening:
25 July 1779
Sortland, Nordland, Norway
residence:
 
Sortland, Nordland, Norway
father:
Iver Nielsen

 

Høyre side.

Nordland fylke, Sortland i Hadsel, Ministerialbok nr. 895A01 (1730-1794), Kronologisk liste 1779, Side 96
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20071106650601
 

Edited by Ann-Mary Engum

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for kjempefine innlegg og takk for at du gjorde meg merksam på det gamle emnet mitt om denne huslyden.  Dette er diverre slikt som KAN skje (men ikkje burde skje), når ein arbeidar samstundes med mange hundre huslydar, og søkesystemet til Digtalarkivet for å finna att gamle tema, er diverre heller ikkje det beste, i mine auge...!

 

Elles er det ei gløymsle frå mi side at eg ikkje under Salomon-ætti hadde notert meg sambandet mellom Torkild Salomonson og Bisgaard-ætti.  Dette tok eg med då eg skreiv om Bisgaard-ætti under garden Sjøtun i band XI, men det børjar verta ei stund sidan...

 

Uansett, den store utfordringi her er først og fremst LAGNADEN til Inga Eriksdotter og borni hennar, og der er me diverre ikkje komne noko lenger sidan emnet var framme i 2014!

 

Eit oppdatert manuskript følgjer i innlegg #5 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til freistnadane mine på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

So har eg på ny studert denne huslyden, og her følgjer siste oppdaterte versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Torkild Salomonson {Berge}, døypt i Jostedalen 14.2.1745,

Torkild Salomonson flytte i ung alder til Kaupanger i Sogndal der han 8.6.1777 gifte seg med Inga Eriksdotter Bisgaard frå Amla nedre, ei dotter av handselsmanns- og gardbrukardotteri Gunnhild Sophie Larsdotter frå Sjøtun i Hafslo (1726-1821).  Inga var f. i Hafslo kring 1755.  Torkild og Inga vart husmannsfolk på Haugen øvre under Amla nedre på Kaupanger, og derifrå vart Torkild gravlagd 25.3.1785.  Inga

 

##### (seinare lagnad? – ifølgje skiftet etter Ole på Skaugvold i Andenes 1821 må Inga ha vore attgift og fekk to born til, Torkild og Sophia Cathrine; Torkild skulle vera faren til sjøs, men hadde ukjend opphaldsstad, medan Sophia var avlidi utan å etterlata seg born)

 

Torkild og Inga fekk fem born i lag:

a. Sophia Torkildsdotter, døypt på Kaupanger 21.7.1776, vart gravlagd frå Amla 27.4.1777.

b. Ole Torkildson, døypt på Kaupanger 1.1.1778, reiste i ung alder til Dverberg i Nordland der han 14.1.1807 gifte seg med Dorthea Hansdotter frå Skogvoll i Dverberg, f. i Dverberg kring 1765.  Ole og Dorthea vart gardbrukarar på Skogvoll i Dverberg, men Ole kom bort på sjøen i lag med broren Otto og 28 andre personar 6.2.1821.  Dorthea d. som enkje på Skogvoll 20.6.1839.  Dei var barnlause.

c. Salomon Torkildson, døypt på Kaupanger 5.7.1780,

 

     ##### (1801: tenestedreng på Støe i Øksnes – d. barnlaus før 1821 – lagnaden hans?)

 

d. Otto Torkildson, døypt på Kaupanger 4.8.1782, reiste liksom eldste broren i ung alder til Dverberg i Nordland og gifte seg i Dverberg 4.11.1810 med Gunnhild Johanna Iversdotter frå Steiro i Sortland, Øksnes, døypt i Øksnes 25.7.1779.  Men ho vart gravlagd frå Rise lille i Sortland 22.3.1817.  Otto var innerst og budde i mange år på Skogvoll i Dverberg og sidan på Flandberg lille i Dverberg, men Otto vart som nemnt òg borte på sjøen i lag med broren Ole og 28 andre personar 6.2.1821.  Han og Gunnhild fekk ein son i lag, men han d. som barn, og einaste ervingen etter Otto var i 1821 ein son som han i 1805 fekk med ei søster av svigerinna, Martha Malene Hansdotter frå Skogvoll, f. i Dverberg kring 1778.  Ho d. som «enkje» på Skogvoll 7.6.1839.

 

     ##### (borni til Otto:

            * Peder Otteson, døypt Dverberg 10.11.1805, d. 1878 – mor Martha Malene Hansdotter

            * Torber Johan Otteson, f. Dverberg 20.5.1810, d. på Skogvoll, Dverberg 1813)

 

e. Johannes Torkildson, døypt på Kaupanger 27.11.1784,

 

     ##### (n. 1821 – var reist ut som sjømann, men ingen kjente opphaldsstaden hans i 1821).

 

~~~~~~~~~~~~

 

Som eg nemnte i føregåande innlegg, so er den store utfordringi her først og fremst å finna ut kva som skjedde med enkja Inga Eriksdotter og dei ukjende borni hennar!

 

Eg har finne konfirmasjonane til to av sønene:

 

* Salomon Torkildson i Øksnes 1797

 

* Otto Torkildson i Dverberg 1801

 

Korkje Ole eller Johannes finst konfirmerte i nokon av dei to prestegjeldi, og for ordens skuld; Ole er heller ikkje konfirmert i Sogndal, so finn me konfirmasjonen hans, og eventuelt den til Johannes, kan det vera løysingi på heile gåta...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
På 18.6.2018 den 0.57, Lars E. Øyane skrev:

følgje skiftet etter Ole på Skaugvold i Andenes 1821 må Inga ha vore attgift og fekk to born til, Torkild og Sophia Cathrine; Torkild skulle vera faren til sjøs, men hadde ukjend opphaldsstad, medan Sophia var avlidi utan å etterlata seg born

 

Nordland fylke, Lofoten og Vesterålen, Skifteprotokoll nr. 3A 12 (1814-1825), Skifteprotokollside, Side 574b-575a
https://media.digitalarkivet.no/view/25009/580

 

 

Skifte 1821.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
På 18.6.2018 den 0.57, Lars E. Øyane skrev:

Ole kom bort på sjøen i lag med broren Otto og 28 andre personar 6.2.1821. 

 

Fant dette på Odd sin blogg:

https://oddpettersen.wordpress.com/2017/12/09/storskaden-pa-andenes-6-februar-1821-dodsliste/

Otto Torkildsen, Lille Flanberget, Andenes. (Sønn: Peder 16 år)

Ole Torkildsen, Skogvoll. (Hustru: Doret Hansdtr.)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for dei siste innleggi om denne utfordrande huslyden!

 

Eg har ei kjensle av at me ikkje greier komma stort lenger med denne huslyden.  Johan Borgos gjorde meg merksam på at Ole Torkildson vart konfirmert i Dverberg alt i 1791 med oppgjeven alder 17 år!  I røyndi var han berre 13 (eller nesten 14) år gamal, og han budde då på Skarstein i Dverberg.

 

Eg foreslo for Johan at kanskje mori Inga hadde reist nordover og teke med seg dei unge gutane sine.  Ho kunne jo teoretisk ha gift seg att på Skarstein - me manglar jo vigselsprotokollar for Dverberg før 1789!  Men siste svaret frå Johan lyder kort og godt:

 

«Hei!

Verken Inga eller Salomon finnes i mine databaser.

Johan»

 

Eg er nok litt forundra over at han ikkje har registrert Salomon, sidan han budde i Øksnes både ved konfirmasjonen i 1797 og ved FT1801, og då veit ikkje eg korleis ein kan komma lenger med denne utfordringi.  Kanskje vil både Inga Eriksdotter og Salomon Torkildson dukka opp ein eller annan stad, heilt uventa?

 

Eg har elles spekulert svært på dette skiftet etter Ole og Otto frå 1821 og dei heller «merkelege» opplysningane om søsken.  So fell det meg inn:  Dei einaste som levde att etter Ole og Otto var den 16 år gamle sonen til Otto og enkja etter Ole, og me kan jo spørja oss kor mykje dei eigentleg visste om denne ætti!?  Ole og Otto hadde jo ei søster Sophia som døydde kort etter fødsli, og dette kan ha vore omsnakka i heimen hjå Ole, og likeins denne broren Johannes, som dei ikkje visste kvar det vart av, kan ha vore samanblanda med Torkild?  Salomon visste dei tydeleg var avliden, for han budde jo «i nabolaget».  Kanskje bleiv han på sjøen?

 

Ein kan sikkert stilla seg mange spørsmål her, men kjem me nokon gong nærare sanningi?

 

Eg kjem aldri til å gje opp freistnadane på å løysa denne gåta og takkar på ny for framifrå bistand i so måte!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.