Gå til innhold
Arkivverket

Peder (1752) og Endre (1770) Nilssøner - flytte frå Luster til «Nordlandene» - men kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Då det 11.2.1790 vart halde skifte på plassen Yttrishaugen i Luster etter Christen Nilsson:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/24143/136?indexing=

 

kjem det fram at Christen var barnlaus, og ervingane var åtte søsken, som alle var born av gardbrukar Nils Monsson på Svangstu i Luster (1710-1786), dels frå første ekteskapet med Ragnhild Olsdotter (1720-1764) og dels frå andre ekteskapet med Britha Endresdotter (1730-1777).  Alle desse borni budde i Luster med unntak av to søner:

 

* Peder Nilsson frå første ekteskap, døypt i Luster 9.1.1752.  Om han heitte det i 1790: «opholder sig i Nordlandene og siges at være død, men vides ej om der er Børn efter ham»

 

* Endre Nilsson frå andre ekteskap, døypt i Luster 4.3.1770.  Om han heitte det i 1790: «opholder sig i Nordland»

 

Eg har i årevis (sidan 1980-talet!) vore på leiting etter desse brørne i «Nordlandene», men har oppdaga at Endre er eit svært uvanleg namn på dei kantar, og eg står heilt «bom fast».

 

No vonar eg at kanskje ein eller annan i Brukarforum har høyrt gjete desse halvbrørne og kan bidra med eitt og anna «gullkorn»?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette er jo heilt fantastisk!  Hjarteleg takk, Jostein, for eit skikkeleg spennande innlegg!

 

Odd sin «blogg» inneheld mellom anna følgjande:

 

  • Peder Nilssen Svangstu (1751-1783)
  • Karen Elisabet Pedersdotter (1755-1789) (Breivik)

 

og neste generasjon:

 

  • Nils Pedersen Svangstu (1778-1853)
  • Maren Anna Jakobsdatter (1813) (1)
  • Ingeborg Petrikke Jacobsen (1823) (Fiskenes) (2)

 

Dessutan skriv Odd følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Etter opptegnelse av Emil Pedersen, Saura, så flyttet rundt 1770 2 unge menn og brødre hit til Dverberg fra Sogn, formodentlig Hosanger prestegjeld. Den ene het Endre og den andre Peder med tilnavnet Svangstu, trolig gårdens navn de hadde hjemme. Den av brødrene hvis navn var Peder giftet seg og bosatte seg på gården Breivik i Dverberg. Men etter 4 års ekteskap var han og broren borte på handelsreise og ved hjemkomsten forulykket de ved Breivikøyra og satte livet til begge to. En av sønnene til Peder (Nils Pedersen Svangstu) var bestefar til vår bestefar Peder. Emil og Peder var brødre.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Dei to brørne kan ikkje ha forulukka på same tid, for eg ser no at Endre Nilsson vart konfirmert i Dverberg i 1789, 17 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/16740/10

 

Eg reknar med at Nils Pederson, fødd 1778, må vera han som i 1801 var tenestedreng på Furfjorden i Dverberg: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058489000910

Ein Nils Pederson vart konfirmert i 1792, 16 år gamal, kan vera same mann: https://media.digitalarkivet.no/view/16740/17

 

Ei Ragnhild Kirstine Pedersdotter vart konfirmert i 1794, 15 år gamal, er kan henda ei søster, oppkalla etter bestemori i Luster(?): https://media.digitalarkivet.no/view/16740/21

Men kan henda var det ho som vart gravlagd 10.p.Trin 1800, 20 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/16740/35

 

Ein Peder Pederson vart konfirmert i 1800, 17 år gamal - kanskje ein son som var fødd etter at faren forulukka: https://media.digitalarkivet.no/view/16740/36

 

Karen Elisabeth Pedersdotter skal vera avlidi i 1789, men dette dødsfallet finn eg ikkje i kyrkjeboki...

 

Eg finn heller ingen Endre Nilsson gravlagd mellom 1789 og 1801, men det er ganske so slitsamt å bla i denne kyrkjeboki, so eg kan godt ha oversett han...

 

No er eg sjølvsagt svært interessert i å høyra kva bygdeboki for Dverberg (Andøy) har å seia om huslyden til Peder Nilsson, men eg vil uansett ta kontakt med Odd!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til løysing av ei kjempeutfordring!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg finner dette på geni, men det må selvsagt sjekkes!

 

https://www.geni.com/people/Nils-Pedersen/6000000004330461934

 

Peder Martinus Andreas Nilsen skal ha giftet seg i 1867 i Dverberg:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N716-GW6

 

Dåpen til Peder Martinus Andreas i 1842:

Nordland fylke, Dverberg, Bjørnskinn, Andenes i Dverberg, Ministerialbok nr. 897A04 (1842-1866), Fødte og døpte 1842, Side 5
https://media.digitalarkivet.no/view/2653/7

 

Faren Nils Pedersen ser ut til å være gårdbruker på Saura. Gift med Ingeborg Petrikke Jacobsdatter. 

 

Nils og Ingeborg Petrikke giftet seg i 1823::

Nordland fylke, Dverberg, Bjørnskinn, Andenes i Dverberg, Ministerialbok nr. 897A03 (1820-1841), Viede 1823, Side 376-377
https://media.digitalarkivet.no/view/9627/130

 

Finner også denne tråden om Nils Pedersen Saura:

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=45872

 

Her står det blant annet følgende:

"Nils Pedersen er av min slekt på morsiden. Hans far Peder Nilsen kom fra Luster i Sogn (Svongtun) til Andenes i 1770. 
Peder Nilsen betalte jordskatt i Breivik f.o.m. 1778 t.o.m. 1783. 
I 1784 er det enken som betaler skatten. I 1786 er enken fraflyttet fra plassen. Bruket ble overtatt av Bernt Bay. 
Endre var en yngre halvbror som kom sammen med Peder til Andøy. De omkom sammen utfor Breivikøra i 1783. 
Ektefellen Karen Elisabeth flyttet deretter til Skjolde i Bjørnskinn sokn. 
Hun ble gift 2. gang - ektefellen døde få år etter 
Gift for 3. gang på samme gård. Karen satt imidlertid livet til på kirkereise til Bjørnskinn med 2 menn. Jordfestet i Bjørnskinn kirkegård. ". 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er Google du skal takke.

Og eg er imponert over dei som står på heile natta her inne......

 

Men det er noko med tidslina her: Når kan ein tenkje seg at ei vaksen kar tar med seg ein 18 år yngre bror og drar til Nordland - ei lang reise frå inst i Sognefjorden.

i 1770 kan det knapt ha vore - det året  vart  Endre fødd. Mora hans levde til 1777 - før det kan det knapt ha vore. Og då var han berre sju år og hadde mange søsken som truleg kunne ta seg av han.

 

Meir var det ikkje.

 

Mvh Jostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Jostein for nye spennande innlegg om denne huislyden!

 

Etter dei opplysningane som no er framkomne, har eg sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire timers ny forsking på denne huslyden har eg i kveld erstatta dette manuskriptet med eit nytt i innlegg #9 under!

 

Eg har ei kjensle av at eg framleis «famlar litt i blinde» for liksom å få oversyn over ætti til dei to halvbrørne i Dverberg, men kanskje finst det svar der ute ein stad?  Bygdeboki for Andøy,. band III, synest vera den kanskje sikraste prenta kjelda?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jostein for siste meldingi som gjorde meg i stand til å finna dødsfallet til Karen Elisabeth Pedersdotter i 1791 og samstundes namnet til tredje mann hennar.  Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #6 tilsvarande!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no vore i kontakt med bygdebokskrivar Johan Borgos, som har sendt med ei aneliste over etterkomarane til Peder Nilsson, og utifrå denne har eg leitt meg fram til ymse andre opplysningar om ætti, mellom anna gjennom ekstraskattmanntali frå 1760-talet, men både Johan og eg slit med dei mangelfulle kyrkjebøkene frå 1700-talet!

 

Men no har eg i alle fall etter fleire timers innsats greidd å skapa eit nokolunde «bra» oversyn over denne ætti og presenterer opplysningane i eit nytt manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #6 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peder Nilsson {Svangstu}, døypt {i Luster} 9.1.1752,

Peder Nilsson flytte nok sist på 1760-talet til Dverberg i Nordland og gifte seg kring 1775 med Karen Elisabeth Pedersdotter frå Nåløyet indre i Andenes.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Larsson på Nåløyet indre,

 

##### (opphavet hans? – kven var kona –med opphav? – kan det vera at Karen var dotter av Peder Larsson i Breivika og kona Marit Johansdotter/Larsdotter, som budde der i 1760-åri!?)

 

og f. i Andenes kring 1755.  Peder var fiskar, men han og Karen busette seg  som gardbrukarar i Breivika i Dverberg.  Peder miste livet på sjøen ved Breivikøyra i Dverberg kring 1783, og Karen gifte seg att

 

##### (andre mann busett på Skjolde i Bjørnskinn sokn, Dverberg – info?)

 

So gifte ho seg tredje gongen i Dverberg 2.8.1789 med enkjemannen Isak Torbergson, opphavleg frå Åse i Dverberg.  Han var son av gardbrukar Torberg Ingebrigtson på Åse og kona Inger Isaksdotter

 

##### (opphavi deira?)

 

f. i Dverberg kring 1751.  Isak og Karen var òg gardbrukarar på Skjolde i Bjørnskinn sokn, Dverberg, men Karen drukna ved ei kyrkjereise til Bjørnskinn 30.10.1791.  Isak, som gifte seg endpå ein gong etter Karen var borte, heldt fram som gardbrukar på Skjolde, men flytte sidan attende til Åse i Dverberg, og derifrå vart han gravlagd 18.8.1811.  Peder og Karen fekk visstnok fire born i lag:

 

##### (sjekka om dei kanskje hadde fleire? – Karen hadde ein son med tredje mannen:

       * Martinus Isakson, døypt i Dverberg 26.6.1790 – n. 1801 hjå far sin på Skjolde)

 

a. Nils Pederson, f. i Dverberg kring 1776, d. som gardbrukar på Saura i Dverberg 26.12.1853.  Han gifte seg første gongen i Dverberg 20.10.1811 med Maren Anna Jacobsdotter frå Delen i Andenes, døypt i Andenes 30.3.1794.  Men ho d. som gardbrukarkone på Saura 10.6.1821.  Nils gifte seg so att i Dverberg 31.8.1823 med Ingeborg Petrikke Jacobsdotter frå Saura, f. i Dverberg kring 1803.  Ho d. som gardbrukarenkje på Saura 16.9.1880.  Nils var gardbrukar på Saura i Dverberg og fekk i alt ni born, tre frå første ekteskapet og seks frå det andre.

b. Ragnhild Kirstine Pedersdotter, f. i Dverberg kring 1779, vart gravlagd i Dverberg 17.8.1800.

c. Peder Pederson, f. i Dverberg kring 1782, d. som innerst på Myre i Dverberg 18.4.1838.  Han gifte seg i Dverberg 28.11.1813 med Karen Mikkelsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? – ikkje i Dverberg 1801! – truleg innflytt!?)

 

     f. i Dverberg kring 1769.  Ho d. som innerstenkje på Myre 23.4.1838.  Peder var fiskar, og han og Karfen bdde som innerstfolk på Myre i Dverberg.  Dei var barnlause.

d. Johannes Pederson, f. i Dverberg kring 1784,

 

     ##### (lagnaden hans? – truleg d. før 1801!)

 

~~~~~~~~~~

 

Endre Nilsson {Svangstu}, døypt {i Luster} 4.3.1770,

Endre Nilsson flytte liksom halvbroren Peder i svært ung alder til Dverberg i Nordland der han vart konfirmert i 1789 og framleis levde i 1790. 

 

##### (seinare lagnad? – miste kan henda livet til sjøs på 1790-talet?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Dei store utfordringane no synest vera følgjande:

 

* Sikker identifikasjon av foreldri til Karen Elisabeth Pedersdotter?

 

* Opplysningar om andre ekteskapet hennar på Skjolde?

 

* Opphavi til Torberg Ingebrigtson og Inger Isaksdotter på Åse?

 

* Opphavet til Karen Mikkelsdotter, kna tilm Peder Pederson?

 

* Lagnaden til Johannes Pederson?

 

^Og sist, men ikkje minst, lagnaden til Endre Nilsson!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #10:

 

Eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan 2018.  Diverre er ikkje kyrkjebøkene frå Dverberg frå den tidi dei mest fullstendige, og eg har ikkje greidd å komma noko lenger med ætti til desse to brørne.  Spørsmåli frå den gongen står soleis framleis utan svar... (jmf. føregåande innlegg), men ikkje desto mindre ville eg verta overlukkeleg om nokon kunne supplera med i alle fall noko for å komplettera manuskriptet mitt!

 

Uansett tykkjer eg det er ein ganske so god prestasjon å kunna føra ættene til desse brørne til Nordland på 1700-talet!  Dei fleste «søringane» flytte jo til Nordland mykje seinare...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ang. Torber Ingebrigtson gift med Inger Isaksdatter på Aase fant jeg denne stamtavlen på nett. http://104.248.17.188/webtrees/family.php?famid=F28769&ged=killi
Det står ikke hvor opplysningene kommer fra, men i mantals og skatteprotokoll for 1789 fant jeg

https://www.digitalarkivet.no/rk10101506080425
Torber Ingebrigts Aase
Mentz Torbersen Aase 
på samme side  Knud Ingebrigts og Ole Ingebrigts

påfølgende side https://www.digitalarkivet.no/rk10101506080426
Ingebrigt Torbersen Aase

 

Mentz er ikke et særlig vanlig navn, og i følge stamtavlen skal mor til Torber Ingebrigtson på Aase være Berit/Birgitte Mensdatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Torber var på Aase også ved ekstraskatten av 1762 https://www.digitalarkivet.no/rk10051112050095 Det står ingen ting om barn over 12 år.

Ingebrigtsen/Datter var nokså vanlige navn i strøket, jeg ser på gården Sellevold(?) nevnt før Aase var det f. eks. en Elen Ingebrigtsdatter.  Men noen av dem var det kanskje. Noen av dem var kanskje søsken av Torber. Jeg ser en Mens Ingebrichts på Nos https://www.digitalarkivet.no/rk10051112050099 

 

Du har kanskje sett skiftet etter Torber Ingebrectsen Aase før https://www.digitalarkivet.no/sk20090302710431

Enchen: Ingri Isachsdatter

Sønner Ingebrict Torbersen, Aase, Isach Torbersen Aase, Torber Torbersen Sellevold, Mens Torbersen 25 år, 

Døtre: Martha Torbersdatter g.m. Lars ..bye, Berethe Torbersdatter 20 år, Anna Cathrine Torbersdatter 11(?) år

 

Det ser ut som om Jørgen Olsen Sellevold og Knud Ingebrichtsen var formyndere, så Knud er trolig bror av Torber. Boet er sluttet 1788.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1779 ble det holdt skifteforretning etter Ments Ingebrechtsen Nor https://www.digitalarkivet.no/sk20090302710029 Jeg finner ikke nevnt noen søsken av faren.

 

Den Elen Ingebrigtsdatter som var på Sellevold (?) var kanskje datter av Ingebright Olson Ulstad, for i skiftet etter ham devnes en datter ved samme navn https://www.digitalarkivet.no/sk20090302710080. Den Elen Ingebreighssdatter hadde en bror Jacob Ingerightsøn, og ingen ander slektinger så de hører ikke til samme søskenflokk som Torber.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er nok et familietre uten referanser https://visitusinmaputo.com/webtree/tree/familie/individual/I2178/Torber-Ingebrigtsen

Mer av samme ulla, men med flere detaljer https://www.torgerborresen.dk/29317747

 

Jeg prøver å sette samen data, men foreløpig går ikke slektskapsforholdene heli i hop.
Det ser ut som om det har bodd Ingebrect/Engebrect'er og sønner/døtre på Aase før også.

I 1717 var det en Engebrect Anderson cum Uxore på Aase. https://media.digitalarkivet.no/view/16737/51918/24
På samme side, Copulered Michel Engebrechtson med Lisbeth Joensdatter Aase Dom. 7tima a Trinit

I 1718 Lisbeth Joensdatter  introduseres. Graffsat Michel Engebrechtsens Barn af Aase https://www.digitalarkivet.no/kb20071108640600     

 

1721 Michel Engebrechtson cum uxore https://www.digitalarkivet.no/kb20071108640630       

1721 Engebrecht Anderson cum Uxore på Myhre https://www.digitalarkivet.no/kb20071108640635

1722 samme https://www.digitalarkivet.no/kb20071108640640

 

I 1724 hører vi om en Michel Anderson og Anders Michelson på Myhre, Michel Anderson kan være bror av Engebrect Anderson Myhre. https://www.digitalarkivet.no/kb20071108640675

I 1725 en Elen Michelsdatter Myhre https://www.digitalarkivet.no/kb20071108650002

1726, 26.01 sykeleie og sakrament for Engebrecth Guudmund? https://www.digitalarkivet.no/kb20071108650007

samme år hører vi om Ingeborg Michelsdatter Myre https://www.digitalarkivet.no/kb20071108650008

Samme år gravlagt Engebrecht Andersen Myre 57 år https://www.digitalarkivet.no/kb20071108650009

Samme år trolovet Michel Andersen og Maritte Knudsdatter Myre https://www.digitalarkivet.no/kb20071108650013

Det ble lyst for dem Dom 10 a Trinit, andre gangs ekteskap

 

1727 Anders Michelsen Myre gravlagt 89 år gamml https://www.digitalarkivet.no/kb20071108650022

 

Neste ministerialbok starter i 1758.

 

Det er skifte etter en Michel Ingebrechtsen Myre i 1757, hans gjenlevende hustru heter Else Olsdatter, og barna er Ingebrect Michelsen 14 år, og Erich Michelsen 11 år

Skifte etter Ingebrecht Michelsen Myre i 1787, hand gjenlevende kone ... borg Helena 
5 døtre: Petricha, Ellen Chatharina, Berethe Margrethe, Else Elisabeth, Anne Dorthea

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er skifte etter Karen Pedersdatter "Schiolle i Myhre Fierding", datert 14 august 1792.

https://media.digitalarkivet.no/view/25003/77

 

Her nevnes enkemannen Isaach Torbersen, og hennes fem barn:

  1. Martines Isaachsen
  2. Niels Pedersen
  3. Peder Pedersen
  4. Johannes Pedersen
  5. Ole Mensen

Det er nevt diverse sølv merket M:J:S som barna arver. Også et tinnfat merket O:N:S.

Det er merkelig at Ragnhild Kirstine ikke er nevnt i skiftet...

 

Når vi vet at Ole Mensen er sønn av Karen Pedersdatter, så blir det lett å finne skiftet etter faren.

 

Det er skifte etter Mens Olsen "Schiolde i Myhre Fierding", datert 13 September 1788.

https://media.digitalarkivet.no/view/25003/152

 

Her nevnes enka Karen Pedersdatter, og sønnen Ole Mensen 1 aar, samt dattera Lisabeth Mensdatter.

 

Mens Olsen på Schiolde i Myhre er nevnt i skiftet etter broren Joen Olsen Medbye i 1756, sammen med andre søsken, Povel, Ole og Ellen.

 

Mens Olsen på Skiolle i Myre er nevnt i skiftet etter hans første kone Berethe Larsdatter i 1784. De har to døtre:

  1. Elisabet Mensdatter, Gavelen nevnt sammen med hennes ektemann Valentin Iversen
  2. Elen Mensdatter

 

Det er skifte etter "Fallanthin Iwersen" fra Gavelen på Myre datert 13 September 1787. Der går det frem at Valentin og Elisabeth hadde en sønn "Iver Fallanthinsen".

 

Det er skifte etter en Ole Mentsen, Skarstein i Myre datert 27 Mai 1821, som jeg vil tippe er sønnen etter Karen's andre ekteskap. Her nevnes enka Ingeborg Serine Hansdatter og 3 barn Hans Martinus (6), Andreas (2), Anne Kristine (15), Margrethe Kristine (4): https://media.digitalarkivet.no/view/25009/521

 

Vi finner noen av disse i de transkriberte kirkebøkene:

Endret av Roy Østensen
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det eneste jeg har klar å finne i løpet av dagen er sannsynliggjøring/bekreftelse på at enken Karen Pedersdotter ikke bodde på Brævigen i 1786, i tilfelle du mangler en referanse på det. Se 'Rettighets Liste' på venstre side, Brævigen er nevnt i andre kolonne. For 1786 er det 2 stykker i Brævigen som er oppført med 1 daler: Johanes Christens. og Niels Andersen. Halsteen Nielsen står oppført med (0)-1-(0) Beren Bey, og Michel Pedersen har ikke noe beløp etter navnene. https://www.digitalarkivet.no/sk10711502020116

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.