Jump to content
Arkivverket

Johanna Hermundsdotter Sandvik - fødd i Luster 1860 - gift to gongar i Flakstad, men kvar er dødsfalli til Johanna og til ektemakane hennar?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Då eg første gongen på 1980-talet leitte etter lagnaden til denne jenta frå Luster, hadde slektningane hennar sørpå ingen opplysningar om Johanna i det heile, bortsett ifrå at ho «skal ha vore gift i Vesterålen eller Lofoten, men at ho ikkje fekk born!»

 

Med «moderne» kjeldbruk har eg no finne ut at ho bsette seg i Flakstad.  Ho var gift to gongar, men fekk ingen born (berre fleire fosterborn...)

 

Men eg finn ikkje dødsfalli korkje til Johanna eller til nokon av ektemakane hennar.  Er det augi mine som sviktar på ny?

 

Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Hermundsdotter Sandvik, f. {i Luster} 26.4.1860,

Johanna Hermundsdotter flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Flakstad 19.9.1889 med Anders Mattias Arneson frå Pilleberg i Selje, kjend som Anders Pilleberg.  Han var son av gardbrukar Arne Martinus Jensson på Pilleberg, opphavleg frå Lisæter, og kona Marthe Anna Monsdotter frå Pilleberg og f. i Selje 28.9.1858.  Anders var fiskar, og han og Johanna busette seg som plassfolk på Knubben under Andopsnes i Flakstad der Anders Pilleberg d. 9.12.1900.  Johanna gifte seg so 17.10.1905 att i Flakstad med enkjemannen Martinus Andreassen, opphavleg frå Sund i Flakstad.  Han var son av husmann Andreas Martinus Andreasson på Fjøsdalen under Sund, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – f. Buksnes 1827 – sjå vigsli 20.9.1860: https://media.digitalarkivet.no/view/10001/154

 

og kona Fredrikke Christiane Schønning Jensdotter frå Haukland i Buksnes og f. i Flakstad 25.7.1857.  Martinus Andreassen var skomakar, og han og Johanna budde som plassfolk på Blomsterø under Sund i Flakstad der

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910/før 1937!)

 

Martinus Andreassen d. som enkjemann same staden 14.2.1937.  Johanna fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men tok til seg fleire fosterborn.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dei manglande detaljane!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for nyttig og spennande innlegg!

 

Eg tykte nok det var merkeleg at ikkje dette dødsfallet skulle vera registrert, men eg har rett og slett oversett det...!  No har eg oppdatert manuskriptet i innlegg #1 tilsvarande!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografen!

Link to post
Share on other sites
Berit Knudsen

I FT 1910 ser jeg at de kaller seg Johanna Andreasen og han Martin Andreasen, og at de bor på Blomsterø(Sund) gnr. 15/1.

Jeg vet ikke om det finnes gårdshistorie fra Flakstad.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit og Lars W. for nye innlegg!

 

Eg trur Blomsterøy må vera bruksnamnet, medan Sund var garden.

 

Og soleis er dødsfallet til Martinus kome «på plass». 

 

Eg har retta opp manuskriptet i innlegg tilsvarande...

 

Merkeleg at ikkje Johanna kan finnast...  Kan ho vera avlidi på eitt eller anna sjukehus og so «gløymd»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp

Med litt flaks fant jeg en artikkel i Nordlandsposten hvor det står at Martinus og Johanne bodde en tid på Steinsland i Steigen. Da fant jeg Johannes dødsfall 15.3.1916 i Steigen. Hun står oppført som "Johanne Blomsterø": https://media.digitalarkivet.no/view/43885/58

 

Nordlandsposten 5.7.1983

667185625_Skjermbilde2018-06-19kl_19_00_36.png.a23e66bb7bed209db32d5e3565a44132.png

 

  • Like 2
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit fantastisk og imponerande innlegg!

 

Utan den avisartikkelen hadde det vore nesten umogeleg å komma på sporet etter dette dødsfallet i Steigen, særleg når presten ikkje skreiv fødestaden slik han skulle ha gjort!

 

Elles har eg sjølv no i kveld jobba litt med kyrkjebøkene i Buksnes, og eg meiner eg har finne konfirmasjonen til Andreas Martinus Andreasson i 1846, med bustad Grenen: https://media.digitalarkivet.no/view/2636/182

 

Soleis er dette problemet no heilt løyst, og eit ferdig manuskript ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johanna Hermundsdotter Sandvik, f. {i Luster} 26.4.1860,

Johanna Hermundsdotter flytte i ung alder til Nordland og gifte seg første gongen i Flakstad 19.9.1889 med Anders Mattias Arneson frå Pilleberg i Selje, kjend som Anders Pilleberg.  Han var son av gardbrukar Arne Martinus Jensson på Pilleberg, opphavleg frå Lisæter, og kona Marthe Anna Monsdotter frå Pilleberg og f. i Selje 28.9.1858.  Anders var fiskar, og han og Johanna busette seg som plassfolk på Knubben under Andopsnes i Flakstad der Anders Pilleberg d. 9.12.1900.  Johanna gifte seg so 17.10.1905 att i Flakstad med enkjemannen Martinus Andreassen, opphavleg frå Sund i Flakstad.  Han var son av husmann Andreas Martinus Andreasson på Fjøsdalen under Sund, opphavleg frå Grenen i Buksnes, og kona Fredrikke Christiane Schønning Jensdotter frå Haukland i Buksnes og f. i Flakstad 25.7.1857.  Martinus Andreassen var skomakar, og han og Johanna budde som plassfolk på Blomsterøy under Sund i Flakstad, men flytte sidan til Steinsland i Steigen der Johanna d. 15.3.1916.  Martinus flytte då attende til Blomsterøy under Sund i Flakstad der han d. som enkjemann 14.2.1937.  Johanna fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men tok til seg fleire fosterborn.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.