Gå til innhold
Arkivverket

Lars Olson Økdalen - fødd i Noreg kring 1830 - foreldri Ole Andersson og Ingeborg - utvandra til Amerika før 1869 - kven var denne mannen? - frå Os i Hedmark eller frå Numedal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Denne utfordringi tek utgongspunkt i ei vigsle som fann stad i Blue Mounds Lutheran church nær Mt. Horeb, Dane Co., WI 4.9.1869 der Sophia Jansdotter Berge frå Luster (1836-1918), som utvandra i 1862, gifte seg med denne mannen:

 

Lars Olson Økdalen, oppgjeven alder 38 år og foreldre Ole Andersson og Ingeborg:

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314951-00415?pid=3430421&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DELCAbmd%26h%3D3430421%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60525&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

FT1900 for Okoboji township, Dickinson Co., IA syner han som Lewis Olson, fødd i Noreg i oktober 1828 og utvandra i 1867:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WKW-9NR

 

Eit ancestry.com family tree påstår at Lars var fødd i Numedal, men han døydde i Dickinson Co., IA 1.3.1902, og frå Find-a-grave kan ein lesa at han skulle vera fødd på Nora i Os, Hedmark 15.2.1831: https://www.findagrave.com/memorial/33219226

Find-a-grave har òg opplysningar om foreldri, båe fødde i 1801, og om ei søster Julia Gundelfinger Nelson, fødd 1825, som ligg gravlagde andre stadar!

 

Eg har mest tru på at huslyden kom frå Os i Hedmark, MEN det merkelege er at eg ikkje kan finna spor etter denne huslyden på Os!  Eller er eg funnstendig blind vorten?

 

Eg lyt leggja til at eg ein gong såg ein merknad i Amerika om at Lars skulle vera fødd i SVERIGE.  Kan det tenkjast at dei flytte litt fram og attende?  Det er jo ikkje langt frå Os til svenskegrensa...

 

Elles er jo dette Økdalen-namnet svært so spesielt!  Kvar kan det komma ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til å finna det norske (eller svenske?) opphavet til Lars Olson Økdalen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Utvandringen til Ole Andersen Øgtedalseiet med hustru Ingeborg Larsdt og sønn Lars og datter Astrid  fra Nore i 1867

SAKO, Nore kirkebøker, F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1856-1871, s. 238
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051111030353

 

Fra Christiania i 1867

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=1387&ps=96106

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for fantastiske og imponerande innlegg!

 

So synte det seg altso at denne huslyden likevel kom frå Numedal, men det var ikkje so lett å gissa etter omtalen frå Find-a-grave!  Diverre ser me stundom døme på «feiltolkingar» av opphavsstadar, særleg i det norske Amerika.  Eg hadde for ei tid sidan eit anna tilfelle med ei som skulle vera frå Ringsaker i Telemark!

 

Det som eg no stussar litt på, er om bygdeboki for Nore kan ha fleire detaljar om foreldri.  Eg ser at Ole Andreson Skjønnelien (23) og Ingeborg Larsdotter Lofthus (22) gifte seg i Nore kyrkje 13.10.1823: https://media.digitalarkivet.no/view/1119/195

 

So finn eg under Skjønnelien i 1801 dei som må vera foreldri til Ole, Anders Svendson og Jøran Olsdotter, husmann og betlar, men står det noko under Skjønnelien i bygdeboki om kva denne plassen heitte: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058281004173

 

Under Lofthus i 1801 finn eg derimot ingen med namnet Lars som kan vera far til Ingeborg, so då er spørsmålet kvar ho eigentleg hadde barndomsheimen sin...: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058281001365

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av eit utfordrande utvandrarspørsmål!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner ikke noe om Ingeborg Larsd. i bygdebøkene, men jeg tror dette er hennes foreldre i ft 1801

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18010632&gardpostnr=98&personpostnr=1201&merk=1201#ovre

 

Ingeborg Larsdt døpt 24/1 1802 i Veggli

SAKO, Rollag kirkebøker, F/Fa/L0005: Ministerialbok nr. I 5, 1792-1814, s. 116-117
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070315620322


Her er det som står om familien i rollag bygdebok nr 2

image.png.cc9c3eb7243393c89a20bac9146a5a5b.png

 

 

Endret av Anne Tonby
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for nye spennande innlegg!

 

Men no har det skjedd noko merkeleg hjå meg:

 

Innlegg #4, som eg las istad, er borte vekk, og innlegg #6, som eg ikkje har lese, og som kan henda gjeld huslyden til Anders Svendson på Skjønnelien(?), er òg borte...!?

 

Elles, når det gjeld opphavet til Ingeborg Larsdotter, ser dette ut til å verta ei skikkeleg utfordring i seg sjølv....

 

Eg fann konfirmasjonen til søsteri Ambjørg Larsdotter i 1815, Bogstrandeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/1119/210

 

Og konfirmasjonen til Ingeborg Larsdotter i 1817, Nordre Helle: https://media.digitalarkivet.no/view/1119/218

 

Elles ser ein her eit godt døme på slikt som kan skje når eit gamalt prestegjeld (Rollag) vert oppdelt i fleire, og forfattarane for kvar del ikkje har oversyn over resten av det gamle prestegjeldet!  Ein eller annan stad vil nok dødsfalli til Lars Hermanson og Gullaug Knutsdotter vera å finna, og då får me KANSKJE svar på spørsmålet om seinare bustad etter 1802...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne for nye interessante innlegg!

 

Då er opphavet til Ole Andersson «på plass», og me manglar berre definisjonen av opphavet til Ingeborg Larsdotter, men som nemnt i innlegg #9 over, kan det verta ei skikkeleg «hard nøtt» å knekka...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har dei siste dagane jobba litt med å kartleggja huslyden til Lars Olson Økdalen og har fått det meste på plass, men han hadde ein son som vart luthersk prest, og der skulle eg gjerne hatt litt hjelp til å finna obituaries?

 

Henry Albert Okdale, fødd i Fayette Co., IA 21.6.1878, var prest i Ellsworth, Pierce Co., WI då han døydde 29.7.1951.

 

Cora Josephine Okdale, kona hans, var fødd i Illinois (dotter av Tormod Thompson) 9.9.1882 og døydde i Duluth, MN 16.2.1966, men skal òg ha butt i Minot, Ward Co., ND.

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Henry Albert Okdale, fødd i Fayette Co., IA 21.6.1878, var prest i Ellsworth, Pierce Co., WI då han døydde 29.7.1951.

 

The Chippewa Herald (Chippewa Falls, Wisconsin) 31 Jul 1951, Tuesday, Page 4

The Chippewa Herald (Chippewa Falls, Wisconsin) 31 Jul 1951, Tuesday, Page 4.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Cora Josephine Okdale, kona hans, var fødd i Illinois (dotter av Tormod Thompson) 9.9.1882 og døydde i Duluth, MN 16.2.1966, men skal òg ha butt i Minot, Ward Co., ND.

 

Eau Claire Leader (Eau Claire, Wisconsin) 20 Feb 1966, Sunday, Page 19

Eau Claire Leader (Eau Claire, Wisconsin) 20 Feb 1966, Sunday, Page 19.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for kjappe og gode svar!

 

Det var godt å få på plass dødsstaden til Henry.  Han «lurte» meg nesten...

 

Einaste spørsmålet eg no sit att med når det gjeld desse to, er kor mange born dei fekk.  Eit family tree hjå ancestry.com syner tre born, men eg meiner eg har sett ein annan stad at dei skal ha hatt FIRE born!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Einaste spørsmålet eg no sit att med når det gjeld desse to, er kor mange born dei fekk.  Eit family tree hjå ancestry.com syner tre born, men eg meiner eg har sett ein annan stad at dei skal ha hatt FIRE born!?

 

Kan IKKE se at de skulle ha hatt 4 barn - legger ved FT 1925, SD - https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-D18W-NQC?i=3065&cc=1476077

 

De 3 døtrene var:

Margaret Sedell (g. Tellekson) f. 25.10.1911 - d. 29.8.2007

Olive Theodora (g. Kildahl) f. 11.4.1914 - d. 11.7.2009

Esther Judith (g. Jensen) f. 20.5.1919 - d. 19.9.2001 (hun ble kalt Judy)

 

Legger ved OBIT for Margaret S Tellekson som bekrefter kun 2 søstre

 

2007_Tellekson M_I.png

 

2007_Tellekson M_II.png

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste overtydande innlegget om huslyden til Henry Okdale.

 

Då må det vera so at Henry berre hadde dei tre døtrene, og eg oppdaterer manuskriptet mitt tilsvarande!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Nordisk Tidende, 16.08.1951 (har ikke tatt med hele OBIT, men dersom du ønsker det, kan jeg gjerne legge inn resten også)

Okdale_I.jpg

Okdale_II.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget om Henry Okdale.  Eg ser dei her har fått feil dødsstad på Henry, men gudskjelov la du jo inn den andre obituarien i aftes, so me har «full kontroll»!

 

Det er ikkje naudsynt å leggja inn resten...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden.  Det einaste som no manglar er opphavet til Ingeborg Larsdotter (jmf. innlegg #9), men kanskje finn ein eller annan ut av det ogso...

 

Eg ser at Herman Larsson, ein av brørne til Ingeborg Larsdotter, døydde som husmannsson under Bogestrand i Veggli 2.10.1821, 20 1/2 år: https://media.digitalarkivet.no/view/1121/113

 

Eg finn ingen av foreldri Lars Hermanson eller Gullaug Knutsdotter gravlagde innan utgongen av 1830, men det hadde vore interessant å sjå om denne huslyden er nemnd under Bogstrand, som vel er gnr. 5 i noverande Rollag!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.