Gå til innhold
Arkivverket

Endre Larsson Optun - truleg av Bratt-ætt - fødd i Luster kring 1685 - busett 1701 som dreng på Maristova på Borgund, Lærdal - men kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Det har lokalt i Luster vore hevda at den gamle ætti på Yttri, etterkomarar etter Endre Yttri (1600-1649), skulle vera av same slekti som Bratt-ætti på Sandbu i Vågå og líkeins ha tilknytting til den gamle stormannsætti på Sundre på Ål.  Debatten kring desse påstandane vil eg i denne omgongen lata liggja, men ein son av Endre Yttri var:

 

Lars Endreson (1648-1725), gardbrukar på Optun i Luster.  Denne Lars var visstnok gift to gongar og hadde med siste kona si (Anna?) ein son:

 

** Endre Larsson, fødd kring 1685, som i 1701 var dreng på Maristova i Borgund, Lærdal: https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000630458

 

Eg har i over 40 år speklulert på kvar denne Endre Larsson kan ha vorte av, men er det i det heile tatt mogeleg å finna han att?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med litt «famling» finn eg i dag at ein:

 

Endre Larsson dukkar opp i Bergen som gift med ei Ide Olsdotter, og dei har i alle fall desse borni, alle døypte i Krosskyrkja:

 

* Ole, døypt 21.3.1710: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006087689

* Ingeborg Marie, døypt 21.10.1712: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006090074

* Anna, døypt 17.8.1714: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006091739

* Synneva, døypt 30.11.1716: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006093999

* Peter, døypt 10.2.1719: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006096091

 

men eg finn ingen namn mellom fadrane til desse borni som kan bidra til identifikasjon av Endre...

 

Heller ikkje finn eg vigsli til Endre og Ide...

 

Kanskje nokon kjenner til denne huslyden i Bergen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.