Gå til innhold
Arkivverket

Kva var siste feide i 1694?


Erling Hagerup
 Del

Recommended Posts

På sommartinget 27. juni 1694 for Vågøy åtting i Romsdal kom det opp ei rettssak mellom to brør, Ole Hansen Kalsnes («Olle Kalsnæs») og Tore Hansen Øvre Gule («Tore øvergule»). (Saka er ført inn i protokoll nr. 3 for Romsdal sorenskriveri, folio 7a til 7b.)

https://www.digitalarkivet.no/rg20090514650567

 

Saka var reist av Ole for såkorn som han påstod «at have opsaad ermelte øvergule med, tillige med hannem» [Tore] før han «udi sidste Feide udgich» som soldat. Tore var usamd i dette, og Ole tapte saka.

Mor deira, "Sidselle Thorsdatter", møtte i retten og gav vitneforklaring. Ho sa at det "forholder sig iche saaledis" som Ole sa. Det var ho og mannen som "Gaarden opsaade oc Kornet betalte". Tore vart etter dette frifunnen fordi Ole ikkje kunne bevise kravet. Kravet var dessutan svært gammalt og ikkje lovleg "i tide paatalt".

Eg er i tvil om kva som var den «sidste Feide» i 1694, og vil vere takksam for all hjelp til oppklaring av dette. (Det vil i så fall seie noko om kva tid Tore seinast tok i bruk gardparten i øvre Gule. Det er på det reine at han brukte denne i 1687 – Fogderegnskap, Leidang.)

 

Eit alternativ kunne kanskje ha vore felttoget mot Sverige 1676-1679 (Den skånske krigen). Etter opplyst alder (13 år i 1664 og 15 år i 1666) kunne Ole ha vore fødd rundt 1651, og vere rundt 25 år i 1676. (Eg ser då vekk frå opplyst alder i 1701 som kan vere ca. 10 år feil -  60 år i 1701.) Men ut frå alderen til broren Tore ser det ut til at siste halvdel av 1670-åra likevel kunne vere for tidleg.

I prestemanntalet 1666 har Tore alderen 8 år. Dette tilseier at han var fødd rundt 1658. (I 1701-manntalet har han alderen 48 år, dvs. f. ca 1653, men dette er kanskje mindre påliteleg.) Om han var fødd ca. 1658, var han myndig (25 år) ca. 1683. Eg går difor ut frå at han ikkje hadde bygselkontrakt på gardparten tidlegare enn ca. 1683, noko som i så fall tilseier at Ole ikkje kunne ha reist ut som soldat før denne tid.

Kan «sidste Feide» ha vore det mislukka danske åtaket mot Gottorp (1684-1689)? Var norske soldatar med der?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg ville nok tro at det er Gyldenløvefeiden (Skånske krig) 1676-79 det var snakk om, det var siste gang hæren i Norge ble mobilisert. 

 

Med feide mente man nok en krig og mobilisering, som ble følt av bøndene: https://ordnet.dk/ods/ordbog?entry_id=60156781&query=feide&hi=Feide

 

Det var ikke norske avdelinger med ved Gottorp på 1680-tallet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for klår tilbakemelding!

I og med at det ikkje var norske avdelingar ved Gottorp, kan det vel knapt vere anna alternativ enn krigen 1676-1679.

Synd. 1680-åra "passa" så godt!😆

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For ordens skuld: 1676 "passar" også godt. I Leilendingsskatt 1675 var det to brukarar på øvre Gule (Arne og Knut), og ein part låg øyde. I 1676 var det 3 brukarar: "Torre Hanss., Arrne og Knuds Enche". Då kan det stemme at det vart sådd korn på gardparten til Tore Hansen på øvre Gule før Ole reiste ut som soldat i Gyldenløvefeiden ca. 1676.

 

Men Tore kunne ikkje vere meir enn ca. 18 år då han fekk bygsel på gardparten (om eg skal tru aldersopplysninga i manntalet 1666). Han var då mindreårig, men personleg myndig, om han hadde fylt 18 år, og måtte vel då handle med samtykke frå kurator - går eg ut frå. Er nokon kjent med opplysningar om kor vanleg det var at mindreårige tok bygsel på gardsbruk?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.