Gå til innhold
Arkivverket

Oppslag i bygdebok for Sparbu og Ogndal - garden Gulstad?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Ellefson frå Luster (1737-1803) og kona Kirsti Olsdotter frå Alvdal (1746-18??), jmf. tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201566-johannes-ellefson-1737-1803-frå-luster-til-alvdal-og-vidare-til-åfjord-huslyden-hans/

er innførde i kyrkjeboki for Sparbu som busette på garden Gulstad i 1782 og 1784 i samband med barnedåpar desse åri.  Dei flytte sidan til Vinnan i Åfjord.

 

Er Johannes og Kisti omskrivne i bygdeboki for Sparbu og Ogndal under garden Gulstad og i so fall på kva vis?

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for oppslag!

 

Då svann den voni eg hadde om opplysningar frå Sparbu.  Eg veit ikkje korleis forfattaren har jobba, men truleg har han ikkje finne noko meir om denne huslyden, og då har han heller ikkje finne noko formål i å nemna dei to barnefødslene...

 

Kvar me då skal leita vidare, er ikkje godt å seia...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kikka ein gong til i bygdeboka, fann Ellefson-namnet knytt til garden: Bård Ellefson og Jon Ellefson.

Kanskje Johannes Ellefson var barnebarn til Jon?

 

image.png.ae0e62b271b108689d023a0f9c0119fc.png

 

image.png.abc333017ed528bde6570c977df10088.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Richard for siste meldingi om denne bygdeboki!

 

Var det ikkje for det at eg no etter kvart er ganske so trygg på at denne Johannes Ellefson verkeleg var frå Luster og at kona sikkert var frå Alvdal, ville nok ogso eg fatta interesse for andre personar med namn Ellef i Sparbu, men i so fall ville vel bygdebokskrivaren òg ha fatta interesse for mannen og knytt han opp mot ein av dei andre personane med dette namnet på Gaulstad?

 

Elles vert jo Ellef-namnet nytta over store delar av landet, so me har vel neppe noki særskild òrsak til å tru at Johannes må vera derifrå...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.