Jump to content
Arkivverket

LØYST: Samuel Olson - fødd i Søndre Land 1851 - via Jostedalen til Amerika i 1866 - gift med Bergit Buxengard - sist sett i Dunn Co., ND 1920 - kvar vart det av dei og kven var Bergit? - ei amerikansk utfordring!


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Samuel Olson var fødd i Søndre Land 10.6.1851 som «uekte» son av målar Ole Samuelson og Anna Marie Hansdotter Fuglerudeiget: https://media.digitalarkivet.no/view/8975/23

 

Faren Ole Samuelson, opphavleg frå Viken i Sunndal på Nordmøre, flytte kring 1857 til Jostedalen der han gifte seg med Kari Endresdotter Elvekrog, og i 1866 utvandra dei til Amerika.  Med «på lasset» til Jostedalen i 1857 var sonen Samuel; jmf. FT1865:

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1427&kenr=002&bnr=0002&lnr=000

 

Han følgde òg med dei til Amerika i 1866 og skreiv seg etter kvart for Samuel OLSON.

 

Eg har finne at Samuel kring 1876 gifte seg med ei Bergit Buxtegard, som var fødd kring 1853(?) - dotter av ein Ole Knutson og kona Margretha som i 1870 budde i Wilmington township, Houston Co., MN.  Desse skreiv sidan for Buxtegard: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LDQ-2N9

 

Og i fødselsregisteret til NAGC i Madison, WI finn eg fødsli hennar i Winnebago Co., IL 3.10.1853:

 

Birth Date 1853-10-03
Age  
Sex  
Child's Name Bergith
Father's Name Oley Knudsen
Mother's Name Magritta Svendsdatter
Source Rock Run
County Winnebago
State Illinois

 

Eg har finne Samuel og Bergit i ulike folketeljingar:

 

FT1880 Fossum township, Polk (Norman) Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBH-RJN

 

FT1885 Flom, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-XCQV-NR

 

FT1900 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67M9-BNL

 

FT1905 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY4-L6P

 

FT1910 Twin Valley, Norman Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RKH-782

 

FT1920 Halliday, Dunn Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJM-WH3

 

Etter 1920 ser eg ikkje noko meir til korkje Samuel eller Bergit!  Kvar i all verdi vart det av dei?  Ifølgje FT1910 hadde Bergit i alt elleve born, men berre seks av desse levde, og heller ikkje desse borni er det so lett å følgja...

 

Av borni deira finn eg:

 

* Louise Mathilde, f. 5.10.1878 og døypt i Lake Park Lutheranb church, Becker Co., MN : https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314422-00219?pid=4074543&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx11070%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DmwSbo3kv/1dp45yq0EpmIQ%3D%3D%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DLouise%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln%3DOlson%26gsln_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1879%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26msbpn__ftp%3Dminnesota,%20usa%26msbpn%3D26%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DSamuel%26msfns%3DOlson%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D4074543%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11070&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Elles budde dei lenge i Twin Valley, MN, og desse borni vart døypte i Wild Rice Lutheran church:

 

* Helmer Hosaias Olson, f. 9.1.1886

 

* Augusta Severine Olson, f. 31.8.1888 - ho gifte seg med George F. Davis og døydde i Dunn Co., ND 17.2.1921

 

* Almer Olai Olson, f. 26.4.1891

 

* Edmund Garfield Olson, f. 27.2.1894 - einaste barnet nemnt 1920

 

Utfordringane mine er i første rekke desse:

 

** Dato og stad for vigsli til Samuel Olson og Bergit Knutson/Buxtegard?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Samuel Olson?

 

** Dato og stad for dødsfallet til Bergit «Bessie» Olson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

The Bismarck Tribune (Bismarck, North Dakota) · 13 Nov 1933, Mon · Page 2

bessie.jpg

 

Denne artikkelen sier at hennes far het Swen Bogsengjord. Dette er ifølge et slektstre på ancestry hennes bror.

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/27753985/person/26221332071/facts

Edited by Sven Hjortland
Link to comment
Share on other sites

Vielsen til Bessies foreldre, nummer 24 i 1848

 

Buskerud fylke, Gol, Hemsedal i Gol, Ministerialbok nr. I 2 (1837-1863), Viede 1848, Side 380-381
Permanent bilde-ID: kb20061115040377
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061115040377
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061115040377.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven og Lars W. for kjempemessige og nyttige innlegg!

 

Det er tydeleg dei ikke var so nøye med fødselsdatoen til Bergit «Bessie» Olson.  Eg ser at både

 

* dødsfallsregisteret for ND:

OLSON, BESSIE  11/12/1933  Burleigh FEMALE  78 Years  12/11/1854  North Dakota  Burleigh

 

* og kyrkjegarden i Bismarck, ND: https://www.findagrave.com/memorial/126309885

 

nyttar 11.12.1854 som fødselsdato, medan t.d. FT1900 seier oktober 1853

 

Her er forresten fødsli til broren Svein:

 

Birth Date 1856-12-14
Age  
Sex  
Child's Name Svein
Father's Name Ole Knudsen
Mother's Name Margrethe Svensdatter
Source  
County Houston
State Minnesota

 

Eg ser ikkje noko til Bessie Olson i FT1930, men no fann eg at Sam og Bessie med sonen Edvin i 1925 var busette i Cass Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99LV-6996

 

Vigsli er kommi på plass, so einaste detaljen som no manglar for meg, er:

 

** Dødsfallet til Sam Olson - som truleg har inntreft mellom 1925 og 1930?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

So har eg finne dødsfallet til Sam Olson, i Moorhead, MN 14.1.1929:

 

Name Samuel Olson
Gender Male
Death Date 14 Jan 1929
Death Place Moorhead, Clay, Minnesota, Unted States
Age 79
Birth Date 1850
Marital Status Married
Spouse's Name Betsy Brigengaard
Father's Name Ole Samuelson
Mother's Name Unknown

 

Med dette er problemet forsovidt løyst, men kanskje er det mogeleg å finna ein OBITUARY for Samuel Olson for å setje «krona på verket»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven for det siste «konkluderande» innlegget med obituarien til Sam Olson!

 

Soleis er dette problemet heilt løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand i so måte!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.