Gå til innhold
Arkivverket

Olaus «Ole» (1863) og Endre «Andrew» (1864) Samuelson - fødde i Jostedalen, men utvandra i 1866 til Wisconsin med foreldri - forsvinn etter 1880, men kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Etter at lagnaden til Samuel Olson (1851-1929) vart so grundig drøfta med stor success:

https://forum.arkivverket.no/topic/223402-løyst-samuel-olson-fødd-i-søndre-land-1851-via-jostedalen-til-amerika-i-1866-gift-med-bergit-buxengard-sist-sett-i-dunn-co-nd-1920-kvar-vart-det-av-dei-og-kven-var-bergit-ei-amerikansk-utfordring/

fekk eg no lyst til å leggja ut eit tema om to av halvbrørne hans:

 

Ole Samuelson (1816-188?) og Kari Endresdotter (1840-1911) utvandra til Amerika i 1866 og farma i Utica township, Crawford Co.,. WI

 

I tillegg til sonen Samuel, som Ole hadde frå før, fekk han og Kari ni born i lag som eg kjenner til.  Ein son døydde barn i Noreg.  Alle dei andre åtte levde i 1880, jmf. FT1880 for Utica township, Crawford Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBG-97Z9

 

Ifølgje FT1900, då Carrie var enkje og budde hjå yngste sonen i Albert Lea, MN, hadde ho hatt heile elleve born, og av dei var seks då i live: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTF7-C5X

 

FT1910, då ho framleis budde med yngste sonen, men då nær Hazen, Mercer Co., ND, er det diverre ikkje oppgjeve noko tal på born: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV5-LFC

 

Ho døydde nær Hazen, ND 18.9.1911

 

Me veit at dei tre døtrene frå FT1880, Lena, Mary og Carrie, alle levde lenge etter mori, og det same gjorde Erick og George.  Erik var forresten den einaste av desse brørne, med unntak av halvbroren Samuel, som i mange år nytta Olson som ættenamn!  Eg var for mange år sidan i kontakt med ein etterkomar etter George, og vedkommande fortalte meg at ein av brørne, ein viss «Frank» «forsvann»,men ingen av brørne heitte noko slikt...

 

Både Erick og George var innom snikkaryrket, og eg trur at sonen Hans døydde som ugift snikkar i Chicago, IL i 1892.  Men so var det dei to siste:

 

** Olaus Andreas, kjend som Ole A. Samuelson, fødd i Jostedalen 26.2.1863

 

** Endre, truleg kjend som Andrew Samuelson, fødd i Jostedalen 31.7.1864

 

Eg ser ikkje noko til Ole, men FT1900 for La Grange village nær Chicago, IL syner ein ugift snikkar Andrew Samuelson, fødd i Noreg juli 1864, men med ukjent utvandringsår: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6S49-M9S

 

Eg har stor tru på at denne Andrew kan vera «vår» Endre, men kvar vart det i so fall av han etter 1900?  Og kvar vart det av Olaus «Ole A.»?

 

Kan det tenkjast at det finst ein OBITUARY etter mori Kari «Carrie» Samuelson som døydde nær Hazen, ND 18.9.1911?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

eg trur at sonen Hans døydde som ugift snikkar i Chicago, IL i 1892

 

Mortuary Notice
Daily Inter Ocean Sunday, Dec 04, 1892 Chicago, IL, Page 7

Daily Inter Ocean Sunday, Dec 04, 1892 Chicago, IL, Page 7.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget!

 

Det står diverre ikkje so mykje, men eg har tinga ein kopi av dødsattesten hans, so får me sjå om det der står noko meir...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempeutfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du skriver at Kari Samuelson døde 18.9.1911.

 

Samme Kari?

Ser at det står 9 sept 1911 som dødsdato på Kary Samuelson på Find a grave.

Født 20 jan 1838.

 

 

https://old.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=samuelson&GSbyrel=all&GSdy=1911&GSdyrel=in&GSst=30&GScntry=4&GSob=n&GRid=140001254&df=all&

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Dødsdatoen til Kari 18.9.1911 fekk eg for om lag 20 år sidan frå ein etterkomar i North Dakota, so eg er overraska over at gravstøtta hennar tydeleg har ein annan dato...  Eg skal freista å få undersøkt dette lokalt...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.