Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Halvor Torbjørnson frå Utvær i Solund - fødd 1808 - gift i Bergen, men kvar vart det av han? - kven var foreldri hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg jobba med alt på 1980-talet, men grunna manglande tilgong på kjelder, fann eg ikkje svar på alt eg ville vita.  Kanskje tidi no er komi til å gjera noko med det?

 

Inga Larsdotter frå Luster gifte seg i Bergen med ein ung kar frå Utvær i Solund, men han veit me diverre svært lite om.  Me kan heller ikkje sjå at dei fekk born i lag, og han ser ut til  forsvinna frå Bergen...  Men eg mistenker Inga for å ha hatt ei dotter før ho gifte seg(?).  Her følgjer eit oppdatert manuskriptutdrag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Inga Larsdotter {Hengesteg}, døypt {i Luster} 1.8.1813,

Kring 1840 flytte Inger Larsdotter til Bergen der ho 26.12.1842 gifte seg i Nykyrkja med Halvor Torbjørnson frå Utvær i Solund, i Bergen kjend som Halvor Torbjørnsen.  Han var son av strandsitjar Torbjørn Simonson på Utvær, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Kvalvik??)

 

og kona Kari Halvorsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Solund 7.8.1808, men flytte til Bergen i 1838.  Halvor Torbjørnsen var matros, og han og Inger vart buande i Bergen der Halvor d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865! – ikkje finne!?)

 

Inger Torbjørnsen budde sidan som enkje i Kong Oscars gate i Bergen, men d. på «fattighuset» i Bergen 10.1.1892.  Me kjenner ikkje til born etter dette parfolket.

 

##### (NB: Kan dette vera ei dotter av Inga (mor hennar heitte Malena!):

       * Karen Malene, f. «uekte» KK, Bergen 18.10.1840 – far: tømmermann Jacob Mikkelson Njøs!?  https://media.digitalarkivet.no/view/8646/78

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld denne huslyden.  Kanskje nokon med lokal ekspertise på Solund kan fylla ut det som manglar om opphavet til Halvor og foreldri hans?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Grethe Flood

Fra Solund gards- og ættesoge til 1980 : 1

 

 

Solund 1.jpg

Solund 2.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for nye innlegg!

 

Når det gjeld Halvor Torbjørnson på Fåberg i Jostedalen (1809-1854), gift med Martha Knutsdotter, er det ein heilt annan person som ikkje har noki tilknytting til Solund...

 

Elles har ogso eg for mange år sidan blatt i Solundbøkene, men eg finn ikkje denne bustaden Kvalvik nokon stad, so eg kjem ikkje noko lenger der...

 

Men ser me på namnet Torbjørn Simonson, so finst det vel i heile Sogn berre eitt alternativ for kven han kan vera:

 

* Torbjørn, døypt i Sogndal 8.7.1764 som son av husmann Simon Holgerson i Hamnen (under Kaupanger) og kona Martha Torbjørnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/212?indexing=

Ifølgje bygdeboki for Kaupanger er lagnaden hans ukjend...

 

Når det gjeld Kari Halvorsdotter, ser eg at ei Kari Halvorsdotter vart døypt frå Nautøy i Solund 7.7.1765.  Kanskje det er ho som vart kona til Torbjørn Simonson?

 

Elles er lagnaden til Halvor Torbjørnson i Bergen like ukjend.  Kanskje er han bortkomen på sjøen og difor ikkje innskriven som gravlagd i Bergen?

 

Eg har ogso søkt etter Karen Malene Jacobsdotter, fødd i Bergen 1840, men finn heller ikkje spor etter ho nokon stad...

 

Nei, enkelt skal det ikkje vera, men eg har tru på Brukarforum og vil retta ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen
Skrevet (endret)
1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Men ser me på namnet Torbjørn Simonson, so finst det vel i heile Sogn berre eitt alternativ for kven han kan vera:

 

* Torbjørn, døypt i Sogndal 8.7.1764 som son av husmann Simon Holgerson i Hamnen (under Kaupanger) og kona Martha Torbjørnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/212?indexing=

Ifølgje bygdeboki for Kaupanger er lagnaden hans ukjend...

Solund gard og ætt bd 1 omtaler Torbjørn Simensen på Kvalvik under Nautøy (nr 93, side 114). Bygdeboka henviser til militærrulle under Husøy, ifølge denne skal han være født i Kaupanger i 1770. Men, som bygdebokforfatteren skriver: "dei rota med alderen i rullene ogso".

 

Kari Halvorsdtr skal ha vært enke etter Ola Hansson Indrøy.

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget om denne utfordringi!

 

Etter kva du seier, er det ingen tvil om at Torbjørn Simonson verkeleg kom frå Kaupanger, so då er opphavet hans «i boks».

 

So får me vona at kanskje Gisle Hersvik kan komma på bana for å svara for Kari Halvorsdotter?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Johannessen
Skrevet (endret)

Kari Halvorsdtr. er omtalt i Solund gard og ætt bd 1, side 130 (34 k), født 1765, foreldre er Halvard Kjeldson Husøy og Synnøve Hendriksdtr.

Hun er også omtalt på side 111 under Nautøy (80 a).

 

Dåpen til Kari Halvorsdtr Nautøy https://media.digitalarkivet.no/view/11443/120 (nede til venstre)

Endret av Lars Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars J. for siste overtydande innlegget!

 

Alderen til denne Kari synest jo òg å passa svært so bra, og ikkje minst bustaden hennar.  Me lyt gå ut ifrå at denne ættesamanhangen stemmer, og då får me ein ny versjon av manuskriptet mitt som ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Inga Larsdotter {Hengesteg}, døypt {i Luster} 1.8.1813,

Kring 1840 flytte Inger Larsdotter til Bergen der ho 26.12.1842 gifte seg i Nykyrkja med Halvor Torbjørnson frå Utvær i Solund, i Bergen kjend som Halvor Torbjørnsen.  Han var son av strandsitjar Torbjørn Simonson på Utvær, opphavleg frå Hamni øvre under Kaupanger i Sogndal, og kona Kari Halvorsdotter frå Nautøy i Solund og vart døypt i Solund 7.8.1808, men flytte til Bergen i 1838.  Halvor Torbjørnsen var matros, og han og Inger vart buande i Bergen der Halvor d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865! – ikkje finne!?)

 

Inger Torbjørnsen budde sidan som enkje i Kong Oscars gate i Bergen, men d. på «fattighuset» i Bergen 10.1.1892.  Me kjenner ikkje til born etter dette parfolket.

 

##### (NB: Kan dette vera ei dotter av Inga:

       * Karen Malene, f. «uekte» KK, Bergen 18.10.1840 – far: tømmermann Jacob Mikkelson Njøs!? - https://media.digitalarkivet.no/view/8646/78

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette er det berre lagnaden til Halvor som står att som den store utfordringi, i tillegg til å identifisera denne Karen Malene som eg trur kan vera dotter av Inga...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik

Hei Lars,

Eg har dessverre lite å tilføye til det som er diskutert over, men skulle gjerne funne ut kvar og kva tid Torbjørn m.fl. døde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Bustaden Kvalvik finn du under gnr. 3 Nautøy. Torbjørn Simonson døydde 9/1 1841, Kari Halvarsdtr. d. 14/2 1832. Viss det er skifte etter ein av dei, skulle vi finne ut om Halvar levde då. Torbjørn Simonson gifte seg 1. gong 17/7 1791 m. Katrine Nilsdtr. Utvær. Dei fekk to born: Marta Kristine f. 1794 og Nils f. 1796. Vi veit ikkje kva tid Katrine Nilsdtr. døydde.

 

Alf Strand

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Alf Strand

Gløymde å nemna at då Torbjørn Simonson døydde, var han legdslem og budde i Ravnøy. så vi treng ikkje sjå etter noko skifte.

 

Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for dei siste innleggi i denne debatten!

 

Det ser vel ut som ei ganske so vonlaus oppgåve å finna dødsfallet til denne Halvor Torbjørnson, men EG trur at sidan det ikkje er registrert born etter Halvor og Inga, so har truleg Halvor sett livet til på sjøen ikkje so lenge etter at dei gifte seg i 1842!?

 

Om Halvor er registrert i sjømannslistene for Bergen, veit eg ikkje, men kan henda ville ein gjennomgong av dødsmeldingsregisteret for Bergen gje resultat.  Der har eg finne andre sjøfolk før som var bortkomne...

 

Eg kunne elles godt tenkja meg å setja som eit prosjekt på «blokken» min å gå gjennom dødsmeldingsprotokollane for Bergen for å plukka ut sjøfolk og andre som døydde andre stadar enn i Bergen...  Andre friviljuge til denne dugnaden??

 

Ei anna utfordring i denne huslyden er forresten identifikasjonen av Karen Malene, som eg er nesten sikker på må ha vore ei dotter som Inga fekk før ho gifte seg med Halvor. 

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gisle Hersvik
On ‎8‎/‎3‎/‎2018 at 10:13 PM, Alf Strand said:

Bustaden Kvalvik finn du under gnr. 3 Nautøy. Torbjørn Simonson døydde 9/1 1841, Kari Halvarsdtr. d. 14/2 1832. Viss det er skifte etter ein av dei, skulle vi finne ut om Halvar levde då. Torbjørn Simonson gifte seg 1. gong 17/7 1791 m. Katrine Nilsdtr. Utvær. Dei fekk to born: Marta Kristine f. 1794 og Nils f. 1796. Vi veit ikkje kva tid Katrine Nilsdtr. døydde.

 

Alf Strand

 

 

Når det gled Torbjørn Simonson så vart han gift andre gong med Kari Halvarsdtr. 31.12.1803, men eg har også notert at han fekk 2 born hhv 1798 og 1802 med ei Sesilia Andersdtr Klubben (u. Nautøy). Katrine Nisldtr. var vel då muligens dø omkring 1796-1798 ?

 

Veit du Alf kvar denne Katrine Nilsdtr. vart fødd?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget i dette emnet!

 

Eg kan diverre ikkje svara deg på spørsmålet om Katrine Nilsdotter...

 

Eg har elles vore på leiting etter dødsfallet til Halvor Torbjørnsen i dødsmeldingsprotokollane for Bergen, men det er ei møysommeleg oppgåve å bla igjennom desse protokollane, og førebels har eg ikkje sett noko til mannen....

 

MEN, eg ønskjer å henta fram att problemstillingi kring denne «uekte» barnefødsli i Bergen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8646/78

 

Inger Larsdotter og tømmermann Jacob Mikkelson Njøs som foreldre til Karen Malene, fødd 18.10.1840 og døypt i Domkyrkja 20.12.1840.

 

Njøs-namnet kjem frå Leikanger, men eg finn ikkje nokon Jacob Mikkelson på Njøs, so kan henda var han fødd i Bergen av ein far som kom frå Njøs?  Uansett, eg mistenker denne karen for å vera barnefaren:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000371935

 

Denne Jacob Mikkelsen var fleire gonger inn og ut av slaveriet og vart oppgjeven fødd i Bergen kring 1810.

 

** Er det mogeleg å finna lagnaden til Karen Malene Jacobsdotter, f. 1840?

 

** Kven var barnefaren Jacob Mikkelson Njøs?

 

En ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.