Gå til innhold
Arkivverket

Halvor Torbjørnson frå Utvær i Solund - fødd 1808 - gift i Bergen, men kvar vart det av han? - kven var foreldri hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg jobba med alt på 1980-talet, men grunna manglande tilgong på kjelder, fann eg ikkje svar på alt eg ville vita.  Kanskje tidi no er komi til å gjera noko med det?

 

Inga Larsdotter frå Luster gifte seg i Bergen med ein ung kar frå Utvær i Solund, men han veit me diverre svært lite om.  Me kan heller ikkje sjå at dei fekk born i lag, og han ser ut til  forsvinna frå Bergen...  Men eg mistenker Inga for å ha hatt ei dotter før ho gifte seg(?).  Her følgjer eit oppdatert manuskriptutdrag:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Inga Larsdotter {Hengesteg}, døypt {i Luster} 1.8.1813,

Kring 1840 flytte Inger Larsdotter til Bergen der ho 26.12.1842 gifte seg i Nykyrkja med Halvor Torbjørnson frå Utvær i Solund, i Bergen kjend som Halvor Torbjørnsen.  Han var son av strandsitjar Torbjørn Simonson på Utvær, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Kvalvik??)

 

og kona Kari Halvorsdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Solund 7.8.1808, men flytte til Bergen i 1838.  Halvor Torbjørnsen var matros, og han og Inger vart buande i Bergen der Halvor d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865! – ikkje finne!?)

 

Inger Torbjørnsen budde sidan som enkje i Kong Oscars gate i Bergen, men d. på «fattighuset» i Bergen 10.1.1892.  Me kjenner ikkje til born etter dette parfolket.

 

##### (NB: Kan dette vera ei dotter av Inga (mor hennar heitte Malena!):

       * Karen Malene, f. «uekte» KK, Bergen 18.10.1840 – far: tømmermann Jacob Mikkelson Njøs!?  https://media.digitalarkivet.no/view/8646/78

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips når det gjeld denne huslyden.  Kanskje nokon med lokal ekspertise på Solund kan fylla ut det som manglar om opphavet til Halvor og foreldri hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Sven for nye innlegg!

 

Når det gjeld Halvor Torbjørnson på Fåberg i Jostedalen (1809-1854), gift med Martha Knutsdotter, er det ein heilt annan person som ikkje har noki tilknytting til Solund...

 

Elles har ogso eg for mange år sidan blatt i Solundbøkene, men eg finn ikkje denne bustaden Kvalvik nokon stad, so eg kjem ikkje noko lenger der...

 

Men ser me på namnet Torbjørn Simonson, so finst det vel i heile Sogn berre eitt alternativ for kven han kan vera:

 

* Torbjørn, døypt i Sogndal 8.7.1764 som son av husmann Simon Holgerson i Hamnen (under Kaupanger) og kona Martha Torbjørnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/212?indexing=

Ifølgje bygdeboki for Kaupanger er lagnaden hans ukjend...

 

Når det gjeld Kari Halvorsdotter, ser eg at ei Kari Halvorsdotter vart døypt frå Nautøy i Solund 7.7.1765.  Kanskje det er ho som vart kona til Torbjørn Simonson?

 

Elles er lagnaden til Halvor Torbjørnson i Bergen like ukjend.  Kanskje er han bortkomen på sjøen og difor ikkje innskriven som gravlagd i Bergen?

 

Eg har ogso søkt etter Karen Malene Jacobsdotter, fødd i Bergen 1840, men finn heller ikkje spor etter ho nokon stad...

 

Nei, enkelt skal det ikkje vera, men eg har tru på Brukarforum og vil retta ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Men ser me på namnet Torbjørn Simonson, so finst det vel i heile Sogn berre eitt alternativ for kven han kan vera:

 

* Torbjørn, døypt i Sogndal 8.7.1764 som son av husmann Simon Holgerson i Hamnen (under Kaupanger) og kona Martha Torbjørnsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11654/212?indexing=

Ifølgje bygdeboki for Kaupanger er lagnaden hans ukjend...

Solund gard og ætt bd 1 omtaler Torbjørn Simensen på Kvalvik under Nautøy (nr 93, side 114). Bygdeboka henviser til militærrulle under Husøy, ifølge denne skal han være født i Kaupanger i 1770. Men, som bygdebokforfatteren skriver: "dei rota med alderen i rullene ogso".

 

Kari Halvorsdtr skal ha vært enke etter Ola Hansson Indrøy.

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget om denne utfordringi!

 

Etter kva du seier, er det ingen tvil om at Torbjørn Simonson verkeleg kom frå Kaupanger, so då er opphavet hans «i boks».

 

So får me vona at kanskje Gisle Hersvik kan komma på bana for å svara for Kari Halvorsdotter?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kari Halvorsdtr. er omtalt i Solund gard og ætt bd 1, side 130 (34 k), født 1765, foreldre er Halvard Kjeldson Husøy og Synnøve Hendriksdtr.

Hun er også omtalt på side 111 under Nautøy (80 a).

 

Dåpen til Kari Halvorsdtr Nautøy https://media.digitalarkivet.no/view/11443/120 (nede til venstre)

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste overtydande innlegget!

 

Alderen til denne Kari synest jo òg å passa svært so bra, og ikkje minst bustaden hennar.  Me lyt gå ut ifrå at denne ættesamanhangen stemmer, og då får me ein ny versjon av manuskriptet mitt som ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Inga Larsdotter {Hengesteg}, døypt {i Luster} 1.8.1813,

Kring 1840 flytte Inger Larsdotter til Bergen der ho 26.12.1842 gifte seg i Nykyrkja med Halvor Torbjørnson frå Utvær i Solund, i Bergen kjend som Halvor Torbjørnsen.  Han var son av strandsitjar Torbjørn Simonson på Utvær, opphavleg frå Hamni øvre under Kaupanger i Sogndal, og kona Kari Halvorsdotter frå Nautøy i Solund og vart døypt i Solund 7.8.1808, men flytte til Bergen i 1838.  Halvor Torbjørnsen var matros, og han og Inger vart buande i Bergen der Halvor d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865! – ikkje finne!?)

 

Inger Torbjørnsen budde sidan som enkje i Kong Oscars gate i Bergen, men d. på «fattighuset» i Bergen 10.1.1892.  Me kjenner ikkje til born etter dette parfolket.

 

##### (NB: Kan dette vera ei dotter av Inga:

       * Karen Malene, f. «uekte» KK, Bergen 18.10.1840 – far: tømmermann Jacob Mikkelson Njøs!? - https://media.digitalarkivet.no/view/8646/78

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette er det berre lagnaden til Halvor som står att som den store utfordringi, i tillegg til å identifisera denne Karen Malene som eg trur kan vera dotter av Inga...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei Lars,

Eg har dessverre lite å tilføye til det som er diskutert over, men skulle gjerne funne ut kvar og kva tid Torbjørn m.fl. døde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bustaden Kvalvik finn du under gnr. 3 Nautøy. Torbjørn Simonson døydde 9/1 1841, Kari Halvarsdtr. d. 14/2 1832. Viss det er skifte etter ein av dei, skulle vi finne ut om Halvar levde då. Torbjørn Simonson gifte seg 1. gong 17/7 1791 m. Katrine Nilsdtr. Utvær. Dei fekk to born: Marta Kristine f. 1794 og Nils f. 1796. Vi veit ikkje kva tid Katrine Nilsdtr. døydde.

 

Alf Strand

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for dei siste innleggi i denne debatten!

 

Det ser vel ut som ei ganske so vonlaus oppgåve å finna dødsfallet til denne Halvor Torbjørnson, men EG trur at sidan det ikkje er registrert born etter Halvor og Inga, so har truleg Halvor sett livet til på sjøen ikkje so lenge etter at dei gifte seg i 1842!?

 

Om Halvor er registrert i sjømannslistene for Bergen, veit eg ikkje, men kan henda ville ein gjennomgong av dødsmeldingsregisteret for Bergen gje resultat.  Der har eg finne andre sjøfolk før som var bortkomne...

 

Eg kunne elles godt tenkja meg å setja som eit prosjekt på «blokken» min å gå gjennom dødsmeldingsprotokollane for Bergen for å plukka ut sjøfolk og andre som døydde andre stadar enn i Bergen...  Andre friviljuge til denne dugnaden??

 

Ei anna utfordring i denne huslyden er forresten identifikasjonen av Karen Malene, som eg er nesten sikker på må ha vore ei dotter som Inga fekk før ho gifte seg med Halvor. 

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...
On ‎8‎/‎3‎/‎2018 at 10:13 PM, Alf Strand said:

Bustaden Kvalvik finn du under gnr. 3 Nautøy. Torbjørn Simonson døydde 9/1 1841, Kari Halvarsdtr. d. 14/2 1832. Viss det er skifte etter ein av dei, skulle vi finne ut om Halvar levde då. Torbjørn Simonson gifte seg 1. gong 17/7 1791 m. Katrine Nilsdtr. Utvær. Dei fekk to born: Marta Kristine f. 1794 og Nils f. 1796. Vi veit ikkje kva tid Katrine Nilsdtr. døydde.

 

Alf Strand

 

 

Når det gled Torbjørn Simonson så vart han gift andre gong med Kari Halvarsdtr. 31.12.1803, men eg har også notert at han fekk 2 born hhv 1798 og 1802 med ei Sesilia Andersdtr Klubben (u. Nautøy). Katrine Nisldtr. var vel då muligens dø omkring 1796-1798 ?

 

Veit du Alf kvar denne Katrine Nilsdtr. vart fødd?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget i dette emnet!

 

Eg kan diverre ikkje svara deg på spørsmålet om Katrine Nilsdotter...

 

Eg har elles vore på leiting etter dødsfallet til Halvor Torbjørnsen i dødsmeldingsprotokollane for Bergen, men det er ei møysommeleg oppgåve å bla igjennom desse protokollane, og førebels har eg ikkje sett noko til mannen....

 

MEN, eg ønskjer å henta fram att problemstillingi kring denne «uekte» barnefødsli i Bergen:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/8646/78

 

Inger Larsdotter og tømmermann Jacob Mikkelson Njøs som foreldre til Karen Malene, fødd 18.10.1840 og døypt i Domkyrkja 20.12.1840.

 

Njøs-namnet kjem frå Leikanger, men eg finn ikkje nokon Jacob Mikkelson på Njøs, so kan henda var han fødd i Bergen av ein far som kom frå Njøs?  Uansett, eg mistenker denne karen for å vera barnefaren:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000371935

 

Denne Jacob Mikkelsen var fleire gonger inn og ut av slaveriet og vart oppgjeven fødd i Bergen kring 1810.

 

** Er det mogeleg å finna lagnaden til Karen Malene Jacobsdotter, f. 1840?

 

** Kven var barnefaren Jacob Mikkelson Njøs?

 

En ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Det er ganske nøyaktig eit år sidan dette emnet sist var oppe til drøfting, og eg ønskjer i dag å henta fram att spørsmåli frå innlegg #15 som framleis står uløyste.  Eg gjentek det vesentlege frå innlegg #15:

 

Inger Larsdotter og tømmermann Jacob Mikkelson Njøs som foreldre til Karen Malene, fødd 18.10.1840 og døypt i Domkyrkja 20.12.1840: https://media.digitalarkivet.no/view/8646/78

 

Njøs-namnet kjem frå Leikanger, men eg finn ikkje nokon Jacob Mikkelson på Njøs, so kan henda var han fødd i Bergen av ein far som kom frå Njøs?  Uansett, eg mistenker denne karen for å vera barnefaren: https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000371935

 

Denne Jacob Mikkelsen var fleire gonger inn og ut av slaveriet og vart oppgjeven fødd i Bergen kring 1810.

 

** Er det mogeleg å finna lagnaden til Karen Malene Jacobsdotter, f. 1840?

 

** Kven var barnefaren Jacob Mikkelson Njøs?

 

Eg takkar endå ein gong for alle gode tips om desse personane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne Karen Malene som døde 8-2-1841, far står som tømmerarb. Jacob Askildsen ? Jacob Michelsen var også tømmerarb. ser jeg. Ingen Karen Malene med far Jacob Askildsen er funnet døpt i Bergen rundt 1840.

 

SAB, Korskirken Sokneprestembete, H/Haa/L0043: Ministerialbok nr. E 1, 1834-1848, s. 174
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070321650175

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

On ‎6‎/‎27‎/‎2018 at 6:39 PM, Grethe Flood said:
Quote

Gravlagde i Bergen 1816-1886

År Gravlagd Død dato Stilling Førenamn Etternamn Bustad Alder Kjønn Fødestad Far stilling Far førenamn Far etternamn Årsak Merknad Kyrkjebok

1878 1204 0604 Arbeidsmand, gift Mikal Knuds. 23-83 1814 M Lønningen, Fane Nyrebetændelse Mariakirken

 

Det står bare at han etterlot seg enken Helene Torbjørnsdatter.

(Yngve Nedrebø, SAB / DA)

Quote

Vigde i Bergen 1816-1911

Brudgom førenamn Brudgom etternamn Brudgom stilling Brudgom fødestad Brudgom alder Brud førenamn Brud etternamn Brud stilling Brud fødestad Brud alder Vigd År Sokn

Mikkel Knudsen Lønningen Uk tjenestedreng Faøne 31 6m Helene Torbjørnsdtr Pige Evindvig 39 Nov 09 1845 KK

 

1865-telling for 1301 Bergen

Listenr. Gardnr Gate Bydel Kjøpstad Gardseigar

2208 108 22 Korskirkens Sogn Bergen Peder Johnsen

Personnr. Førenamn Etternamn Fam. stilling Sivilstand Alder Kjønn Fødestad

1 Peder Johnsen Husfader Børstenbinder g 64 m Bergen

2 Gunelle Hansdatter hans Kone g 62 f Lyster

3 Michael Knudsen Husfader Daglønner g 52 m Fanøe Sogn

4 Helene Torbjørnsdatter hans Kone g 60 f Udvær

 

Folketeljing 1875 for Bergen

Nytt hushald Personnr. Førenamn Etternamn Etasje Kjønn Stilling Sivilstand Yrke Fødd år Fødestad Fødestad, normalisert Adresse

* 228 Mikael Knudsen Bolig d 1ste Etage m Husfader g Bordarbeidsmand 1814 Fane Sogn og Pr.gj. Fane 23-83c

229 Helene Sofie Bolig d 1ste Etage f hans Kone g 1830 Evindvigs Pr.gj. Evindvik 23-83c

230 Ragnhild Knudsdatter Bolig d 1ste Etage f Tyende ug Tjenestepige 1857 Fane Sogn og Prgj. Fane 23-83c

 

Om det hadde vore mogeleg å finne ut kva tid Helene døde, kanskje et skifte/dødsmelding kan gi info om Halvor sin lagnad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten og Gisle for nye interessante og nyttige innlegg!

 

Du Carsten har finne rett dødsfall, og eg har no ogso identifisert barnefaren som Jacob Askildson Mjøs frå Hosanger, altso ikkje Njøs...!

 

So har eg ogso vore på leiting etter dødsfallet hennar Helene Torbjørnsdotter i Bergen, men ho er tydeleg ikkje so lett å finna!  Det kan nesten sjå ut som Mikkel Knutson har ei ny kone i 1875 som òg heitte Helene, men kanskje alderen er feil...  Uansett finn eg heller ikkje noko dødsfall for Mikkel i Bergen, so kanskje flytte dei frå Bergen att??

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av dette manuskriptet der det no berre er dødsfallet til Halvor Torbjørnson som manglar...:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Inga Larsdotter {Hengesteg}, døypt {i Luster} 1.8.1813, budde framleis i Leirhola i 1840.

Kring 1840 flytte Inger Larsdotter til Bergen der ho 26.12.1842 gifte seg i Nykyrkja med Halvor Torbjørnson frå Utvær i Solund, i Bergen kjend som Halvor Torbjørnsen.  Han var son av strandsitjar Torbjørn Simonson på Utvær, opphavleg frå Hamni øvre under Kaupanger i Sogndal, og andre kona Kari Halvorsdotter frå Nautøy i Solund og vart døypt i Solund 7.8.1808, men flytte til Bergen i 1838.  Halvor Torbjørnsen var matros, og han og Inger vart buande i Bergen der Halvor d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865! – ikkje finne!?)

 

Inger Torbjørnsen budde sidan som enkje i Kong Oscars gate i Bergen, men d. på «fattighuset» i Bergen 10.1.1892.  Me kjenner ikkje til born etter dette parfolket, men Inga hadde ei dotter frå før:

a. Karen Malene Jacobsdotter, dotter av Inga og tømmermann Jacob Askildsen i Bergen (1812-1870), opphavleg frå Mjøs i Hosanger, var f. i Bergen 18.10.1840 og d. i Bergen 8.2.1841.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg trur elles framleis at Halvor må vera omkomen på sjøen, men leiting i dødsmeldingsregisteri for Bergen var utan resultat...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Inge for det siste imponerande innlegget!

 

Det er jo berre heilt fantastisk at du har finne skifteoppgjeret eter Halvor Torbjørnsen i Bergen!  Det burde vel då i prinsippet vera ei skifteregisreringsforretning ein eller annan stad, eller ei dødsmelding?  Eg har på ny blatt bakover frå ebruar 1859, og eg finn ein som eg tykkjer liknar svært mykje:

 

Haldor Olai Torbjørnsen, sjømann, 23-23 - 48 år, døydde 27.1.1858, meldt 23.2.1858, og buet hans vart registrert 27.2.1858: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/225

 

No ser eg at han i skifteoppgjeret er kalla Halvor Olai, so då MÅ det vera rett person!

 

Kan det tenkjast at skifteregistreringi kan gje oss fleire opplysningar om dette dødsfallet?  Eller finst det andre kjelder (til dømes aviser?).  Han er jo tydeleg avliden undervegs ein eller annan stad, sidan dødsfallet ikkje vart meldt før fire veker etter det skjedde!"?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 hours ago, Inge Nygård said:

her er skiftet i 1859 etter Halvor Torbjørnsen: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111720327

 

Då ser vi at begge heilsøskena hans, som levde opp, er i livet.

Ein halvbror, Ola Torbjørnsson, er død og etterlet seg to søner, Ola (hospitalslem) og Bertel.

Ei halvsøster, Christie Olsdtr. På dette tidspunktet var ho gift med Kristoffer Mathiassen (son til Guri Halvorsdotter, døypt i Hafslo 4.7.1768....).

 

Men skulle gjerne visst kven Ola Torbjørnsson var gift med og når/kvar dei to sønene, Ola og Bertel, vart fødde (og evt om han hadde fleire born)?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Gisle og Ivar for nye interessante innlegg!

 

Dødsannonsa til Halvor Torbjørnsen stadfester det eg «gissa» på ovanfor, men diverre ser me ikkje noko om KVAR dette skjedde.  Finst det kan henda sjømannsrullar frå denne tidi som kan hjelpa oss vidare?  Eg meiner å hugsa at det finst rullar, men at dei ikkje enno er systematiserte for enkle søk??

 

So vil eg gjerne gripa fatt i «linken» du Gisle nemner frå Hafslo.  Mor hans Christopher Mathiasson heitte Guri Christophersdotter og var fødd på Buskaker i Hafslo.  Ætti vart debattert i 2006 under det gamle tema #21186: https://forum.arkivverket.no/topic/106906-21186-guri-christophersdotter-1768-frå-hafslo-til-losna-son-christopher-mathiasson/?tab=comments#comment-876894

Men kanskje ikkje alt vart komplett utdebattert den gongen, for manuskriptet mitt frå 2012 for denne huslyden ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Guri Christophersdotter, døypt {i Hafslo} 4.7.1768,

Guri Christophersdotter flytte med foreldri sine til Sogndal i 1770-åri og sidan vidare til Losneøen i Gulen der ho var tenestejente i 1801.  Då det i 1810 vart halde skifte etter mosteri Mari, visste dei ikkje om Guri framleis levde, og lagnaden hennar er framleis ukjend

 

##### (lagnaden til Guri - dødsfallet hennar?)

 

men me veit ho fekk ein son:

a. Christopher Mathiasson, son av Guri og gjestgjevarsonen Mathias Aamundson frå Sognefest i Gulen (1773-    ), som igjen var son av gardbrukarsonen Aamund Mathiasson frå Bruheim i Jostedalen (1735-1778), vart døypt i Gulen 30.3.1795 og d. som legdelem på Tungodden i Solund, Gulen 6.1.1868.  Han gifte seg i Gulen 11.4.1824 med enkja Christi Olsdotter, opphavleg frå Utvær i Solund.  Ho vart døypt i Solund (Gulen) 10.5.1789 og d. visstnok som legdelem på Ødejord i Solund 8.3.1881.  Ho gifte seg første gongen i Gulen 3.4.1808 med Joseph Gregoriusson frå Bergen.  Han var f. i Bergen 20.3.1784, men miste far sin berre fire år gamal og vart visstnok oppalen på Utvær i Solund.  Joseph var fiskar, og han og Christi var strandsitjarar på Utvær og sidan på Kverhella i Solund, og derifrå vart Joseph gravlagd 2.4.1815.  Christi flytte som enkje attende til Utvær, der ogso Christopher budde nokre år før parfolket flytte til ein plass under Ytterøy og vidare til ein plass under Tungodden.  Christi fekk i alt sju born; av dei var fire frå andre ekteskapet med Christopher Mathiasson.  Mellom borni hennar var:

- Olina Josephsdotter (1812-1905), vart gift med strandsitjarsnen Lars Bottolfson frå Marifjøra almenning i Hafslo (1816-1907) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~

 

Veit du, Gisle (eller andre), noko meir om lagnaden til Guri Christophersdotter?  Eller veit du kva plassar under Ytterøy og Tungodden Christopher og Christi budde på?

 

Når det gjeld Ole Torbjørnson, har eg litt vanskar med å «plassera» han, men lurer på om dette kan vera sonen Bertel: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1301&kenr=0001&bnr=1178&lnr=000

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med oppsporingi av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei og takk Lars,

Eg har leita etter lagnaden til Mathias Aamundson frå Sognefest i Gulen (1773-    ) og til Guri Christophersdotter frå Buskaker (1768-    ), men utan hell...

 

Finnes det skifte etter mora til Mathias; https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001043419 som kan kaste lys over familien? Her er ho ved FT1801; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391001813.

Eg har notert at Mathias hadde 3 søsken: Lars, Anna Helene og Helene Kristine. Lars og Anna bur saman med mora i 1801, og eg trur at dette må vere (Helene) Kristine som dø i 1780, men då med litt feil på alderen (eller finnes det fleire med same navn?); https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001733293 ?

 

Anna gifter seg i 1802; https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000617468, og får et dotter Sicilia i 1803; https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006752865 (broren Lars er dåpsvitne). Cecilia (Sicilia) vert konfirmert i 1819:

SAB, Gulen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 18, 1816-1825, s. 253

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070305350021 

Cecilia gifter seg i 1829; https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002360045

- dei bur under Rise i Gulen, får sonen Søren O. i 1832. Cecilia dø i 1868, mannen hennes i 1864.

- Anna dø 1850, og mannen hennes Søren P. i 1848.

Anna og Søren får også dottera Anna i 1809; https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006901121 - ho vert gift i 1850 med Tortsien Monsson Breivik frå Brekke.

 

Kva med Lars? Kan hans lagnad gi meir info om Mathias, dersom Lars var ugift og det finnes dødsmelding/skifte etter han?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.