Gå til innhold
Arkivverket

Elling Nilsson Bringe (1795-1859) gift med Ingrid Larsdotter Svarverud frå Odalen (1795-1851) - huslyden deira i Bergen og Christiania? - ein utfordrande huslyd!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med på 1980-talet, men grunna utilgjengelege kjelder var eg den gongen ikkje i stand til å finna «riktig» ut om dei.  Denne lustringen var ei tid lærar og klokkar i Luster og henta seg ei kone frå Odalen(!).   Dei flytte til Bergen, der i alle fall ei av døtrene vart buande, men dei andre ser alle ut til å vera bortflytte!  Ein son var i Christiania i 1865, men vert sidan borte ogso derifrå.  Kvar vart det av dei??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg og nye oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ville òg setja stor pris på oppslag i bygdeboki for Odalen for å fylla på med detaljopplysningar om Ingrid Larsdotter Svarverud og foreldri hennar!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

   * Terese Larsen, f. Christiania 1853 – n. 1865

            * Aksel Larsen, f. Christiania 1856 – n. 1865

            * Hjalmar Larsen, f. Christiania 1859 – n. 1865

            * Amandus Larsen, f. Christiania 1963 – n. 1865

            * NN son Larsen, f. Austre Aker 1865 – n. 1865)

 

Wilhelm Roland, f. 1865, døpt 1866:  

Akershus, Oslo fylke, Østre Aker i Østre Aker, Ministerialbok nr. I 1 (1861-1869), Fødte og døpte 1866, Side 93
https://media.digitalarkivet.no/view/579/103

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

   * Adolph Andreas, f, NK, Bergen 24.2.1849

 

            * Johan Cato, f. NK, Bergen 26.7.1850

 

            * Joachim Cato, f. NK, Bergen 17.8.1851

 

            * Johanne Cathrine, f. NK, Bergen 2.12.1852

 

            * Adolf Andreas, f, NK, Bergen 8.11.1853

 

            * Inger Berthine, f. NK, Bergen 3.3.1855

 

            * August Emil, f. NK, Bergen 24.5.1856

 

            * Sigvald Abel, f. NK, Bergen 6.2.1859

 

            * Marius Alexander, f. DK, Bergen 12.8.1860

 

            * Olaf Marius, f, DK, Bergen 10.12.1861)

 

 

 

 

Giftermålet i 1848:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000194363

 

Johan Cato døde i 1850

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000795051

 

Johanne Cathrine døde i 1852

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000646268

 

Joachim Cato døde i 1852

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000644383

 

Adolph Andreas døde i 1852 (eldste sønn f. 1849)

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000644356

 

Marius Alexander døde i 1860 - far er forhenværende kjøpmann: 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000774280

 

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 28.12.1852:

 

Dødsfall 1852.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sitat

Bygdebok for Nord Odal nr 1 er vel digitalisert. Jeg har en god del av forfedrene til Ingrid og jeg ser at vi har felles "stammor"     Det er avstander mellom Nord Odal og Luster, faktisk i dag og mye "større avstander" før 1800.    Da det er slike avstander lurer jeg alltid på hvor og hvordan de to personene treftes og ble kjente og til slutt gifte.  Det er vel her muligens en teoretisk mulighet at de kunne treffes i Christiania. 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Lars Andreas Ellingson, f. i Bergen 1.9.1830, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1865!)

 

Utvandret til Chicago rundt 1867.

 

Lars Andrew Ellingson på Find-A-Grave: https://www.findagrave.com/memorial/138617356/lars-andrew-ellingson

Dødsfallsregisteret i Illinois: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2MQ-CMYW

 

Sønnen Axel med obituary: https://www.findagrave.com/memorial/114236177/axel-ellingson

 

Bosatt i Chicago i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MSQ2-M1L

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Trond Geir og Lars W. for kjempefine og nyttige innlegg!

 

Sjølv har eg oppdaga at Anna Gurine og mannen Andreas Erikson òg utvandra til Chicago, IL, rimeligvis i 1862 eller 1863, so den einaste me no er heilt «blanke» på, er sonen Elias.  Han var fråverande alt i 1859, men kvar kan no han vera faren??  Eg ser ingen «kandidatar» i FT1865 nokon stad i landet, so kanskje var han alt då utvandra til Amerika??

 

Når det gjeld Ingrid Larsdotter frå Svarverud, trur eg at eg har ei rimeleg god forklaring på korleis ho hamna i Luster:  Me hadde ei svært sterk haugianarrørsle i Luster på den tidi.  Det er sannsynleg at Elling Nilsson høyrde til denne, men sikkert er det at kvernbrukseigar Johannes Rasmusson Feigum i Luster (1775-1827) var ein særs ihuga haugianar, og han henta seg ei kone frå Odalen, Kari Eriksdotter.  Ho var fødd på Haug i Odalen og vart døypt der 7.7.1776 som dotter av gardbrukar Erik Hansson på Haug og kona Eli Olsdotter frå Holt.  Eg har aldri finne vigsli deira, men dei må ha gift seg kring 1812 og fekk fire born i Luster mellom 1814 og 1820!  Kanskje kom Ingrid til Luster for å tena hjå Johannes og Kari?  Du, Trond Geir, kan sikkert seia om Ingrid og Kari var i slekt?

 

Elles ville det vore kjekt om nokon kunne finna t kvar foreldri til Ingrid Svarverid hadde opphavi deira...?  Og er dette Nord-Odal eller Sør-Odal?

 

Her følgjer ein ny versjon av manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at opphavet til Ingrid Larsdotter no er oppklart, er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingrid og Kari var faktisk i slekt.  De var søskenbarn.  Frem til 1819 var Odalen én kommune, basert på det gamle hovedsognet Strøm som omfattet kirkene Strøm, Ullern, Opstad, Øyset, Sand og Mo. Øyset ble borte etter reformasjonen, mens de andre fortsatte å eksistere. Da ble kommunen delt og Sør og Nord Odal kommune "ble opprettet", dog ikke med den inndelingen som vi har i dag.  Ingrid og Kari var fra Nord Odal eller Nordre Odalen som det het i "gamle dager"   Deres forfedre kommer fra gårdene Haug og Holt som ligger nord i Nord Odal fra et område vi i dag kaller Bruvoll.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I bygdebokverket finner jeg familien på plassen Svarverud under Songnes i Nord-Odal, selv om de står oppført under Øvre Øyen i Sør-Odal i FT 1801. Grunnen til det er at eierne av Øvre Øyen også eide Songnes, derfor er flere steder Svaverud omtalt som en plass under Øvre Øyen.

 

LARS HANSEN fra Haug i Nord-Odal ca. 1758-1831, g. 1784 m. GORO OLSD. fra Hansstua Holt i Nord-Odal 1759-1801. Barn 1) Hans, f. ca. 1785, tok over Svarverud, seinere bruker av Nord-Songnes, 2) Ola, f. 1787, 3) Erik, f. 1789, 4) Kari, f. 1792, g. 1818 m. Hans Sørensen Suterud, 5) Ingrid, f. 1795, 6) Eli, f. 1797, 7) Lars, f. 1800.

Lars Hansen ble 2. gang gift 1803 med Dordi Olsdatter på Fossen.

 

Som du ser er det flere av barna her som ikke er "gjort rede for" i bygdeboka - det kan jo tyde på at flere i søskenflokken flytta ut fra Odalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Trond Geir og Frank for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Då er opphavet til Ingrod Larsdotter godt «definert», og eg har oppdatert ,manuskriptet frå innlegg #9 i følgjande versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Elling Nilsson Bringe, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 1.2.1795 og fekk 22.10.1810 bygsel hjå far sin på den vesle parten som faren i 1807 hadde kjøpt frå Bringe (bnr. 1).  Men Elling kan ikkje ha drive denne jordi meir enn eitt år eller to.  Derimot vart han lærar og klokkar liksom faren, i alle fall for ei tid, men han hadde nok ikkje same lynnet som far sin, for han vart avsett i dei stillingane alt kring 1821.  Han gifte seg elles i Luster 4.11.1821 med Ingrid Larsdotter frå Songnes i Nord-Odal.  Ho var dotter av husmann Lars Hansson på Svarverud under Songnes, opphavleg frå Haug, og kona Guro Olsdotter frå Hansstua under Holt og vart døypt i Odalen 4.3.1795.  Elling og Ingrid vart buande på Bringe fram til kring 1823.

Kring 1824 flytte Elling og Inger Bringe til Bergen, og der fekk Elling arbeid som tollrorskar eller røyert.  Dei budde helst i Fritznersmuget i Bergen der Inger d. 5.7.1851.  Elling Bringe sette livet til ved drukning i Bergen 18.11.1859, og då budde han i Døschergården.  Inger og Elling Bringe fekk sju born i lag:

 

 

##### (NB: dødsmelding 1851 seier fire born – eitt fråverande! – 1859 seier fire born, derav to fråverande – skiftet registrert 26.11.1859: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/261

 

 

a. Abelone Ellingsdotter Nielsen, f. i Luster 15.7.1822, flytte til Bergen med foreldri og d. som skipparenkje i Bergen 3.8.1893.  Abelone gifte seg i Nykyrkja i Bergen 7.1.1849 med Samuel Nilsen Samuelson Amland frå Bergen, f. i Bergen 25.4.1817.  Han d. som tidlegare skippar i Bergen 19.1.1891.  Samuel Amland var styrmann og sidan skipsførar og skipparborgar i Bergen der parfolket budde levetidi ut.  Dei fekk to søner i lag.

 

 

     ##### (sønene:

            * Samuel Nicolai Amland, f. NK, Bergen 28.2.1851 – d. i Bergen 2.12.1879!

            * Julius Emil Amland, f. NK, Bergen 25.2.1854 – n. 1891 ugift styrmann – 1893 farer på Amerika!)

 

 

b. Lars Ellingson Bringe, f. i Bergen 3.4.1824. d. i Bergen 3.6.1828.

c. Nils Olai Ellingson Bringe, f. i Bergen 6.5.1826, d. i Bergen 17.3.1834.

d. Anna Gurine Ellingsdotter Nielsen, f. i Bergen 4.9.1828, gifte seg i Nykyrkja i Bergen 24.9.1848 med enkjemannen Anders Erikson, opphavleg frå Bergen, kjend som Andreas Erichsen.  Han var f. i Bergen 3.8.1817 og livnrte seg som kjøpmann i Bergen til han og Anna i 1862

 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1863 eller til naud 1864?)

 

 

     utvandra til Amerika.  Under namni Andrew og Anna Erickson finn me dei at i Chicago, Cook Co., Ill. der Andrew livnærte seg som dagarbeidar («day laborer»).

 

 

     ##### (at death called merchant! – both buried Mt. Olive!)

 

 

     Han d. i Chicago, Ill. 31.12.1890, medan Anna Erickson d. same staden 7.2.1896.  Dei fekk tolv born i lag.

 

 

     ##### (sjekka borni? – inkl.:

            * Adolph Andreas, f, NK, Bergen 24.2.1849 – d. 27.6.1852

            * Johan Cato, f. NK, Bergen 26.7.1850 – d. 23.8.1850

            * Joachim Cato, f. NK, Bergen 17.8.1851 – d. 27.8.1852

            * Johanne Cathrine, f. NK, Bergen 2.12.1852 – d. 26.12.1852

            * Adolf Andreas, f, NK, Bergen 8.11.1853

            * Inger Berthine, f. NK, Bergen 3.3.1855 – n. 1870

            * August Emil, f. NK, Bergen 24.5.1856 – n. 1870

            * Sigvald Abel, f. NK, Bergen 6.2.1859 – n. 1870

            * Marius Alexander, f. DK, Bergen 12.8.1860 – d. 4.9.1860

            * Olaf Marius, f, DK, Bergen 10.12.1861 . n. 1870

            * Caroline, f. IL 1864 – n. 1870

            * Johanna, f. IL 1868 – n. 1870)

 

 

e. Lars Andreas Ellingson, f. i Bergen 1.9.1830, gifte seg i Christiania (Oslo) 18.6.1857 med Dorothea Nilsdotter frå Kolstadeiget

 

 

     ##### (kva plass? – foreldri Nils Monsson og Tonetta Larsdotter!)

 

 

     på Ringsaker, f. på Ringsaker 20.7.1832.  Lars var snikkar, og han og Dorothea budde dels i Christiania og dels på Rodeløkka i Austre Aker til dei i 1867

 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1900 seier Lars i 1867 og Dorothea med borni i 1868!)

 

 

     utvandra til Amerika.  Dei busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Lars heldt fram som møbelsnikkar («cabinet maker»).  Han d. i Chicago, Ill. 2.11.1904, medan Dorothea Ellingson d. same staden 24.1.1908.  Dei fekk elleve born i lag, men Dorothea hadde òg ei dotter frå før.

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Therese Natalie Larsen, f. DK, Christiania 7.4.1853 (far Christian Gundersen) – n. 1865

            * Axel Larsen, f. DK, Christiania 14.2.1856 – n. 1865

            * Inga Amalie Larsen, f. DK, Christiania 14.9.1857, d. 1858

            * Hjalmar Larsen, f. DK, Christiania 1.8.1859 – n. 1865/1880/1900

            * NN dotter Larsen, f. Austre Aker 25.9.1861, d. 25.9.1861

            * Ingjer Amandus Larsen, f. Austre Aker 18.4.1863 – n. 1865/1880 (Amandus)

            * Wilhelm Roland, f. Austre Aker 6.10.1865 – n. 1865

            * Valborg Dorothea, f. Illinois 15.9.1870 – n. 1880/1900

            * Girard Alfred, f. Chicago, IL 9.8.1873 – n. 1880/1900)

 

 

f. Elias Ellingson Bringe, f. i Bergen 26.6.1833,

 

 

     ##### (n. 1851 «til stades» - levde 1859, men fråverande! – finn ikkje FT1865! – lagnaden hans?)

 

 

g. Nils Olai Ellingson Bringe, f. i Bergen 24.11.1836, d. i Bergen 23.3.1837.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hadde me no berre greidd å finna ut kvar det vart av Elias...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tore og Trind Geir for korreksjonane.

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt tilsvarande og korrigert teksten i innlegg #12!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då er det kome ei attendemelding frå Statsarkivet i Bergen med omsyn til skifteregistreringi etter Elling Nilsson Bringe frå 1859.  Den eine fråverande var som me alt visste sonen Lars i Christiania, medan hin, heller ikkje uventa, var yngstesonen Elias.  Elias var «søefarende», men dei hadde ikkje høyrt gjete han på fem år, og den gongen reiste han frå HOLLAND!

 

So då spørst det om det let seg gjera finna ut noko meir om lagnaden hans...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

Innlegg #17:

 

Etter fleire år «i dvale» ønskjer eg i kveld å henta fram att denne utfordrande huslyden til ny drøfting.

 

Om ein ser på manuskripet mitt i Innlegg #12 over, vil ein oppdaga at det ikkje er so hakkande gale.  Dei største utfordringane som står att i dag, er:

 

** Utvandringsåret til Anna Gurine og Andreas Erichsen frå Bergen kring 1863?

 

** Utvandringsåret/-åri til Lars Andreas og Dorothea Ellingson frå Christiania kring 1867/1868?

 

** Og endeleg lagnaden til Elias Ellingson som sist vart høyrd ifrå då han kring 1854 siglde frå Holland?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Innlegg # 18:

 

 I Fasabokji under «Vi som driver Slektsforskning» er ein «ute etter» bruda gift i Balestrand 13 nov 1876:

Nr 14: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302620315.jpg

 

Sjølv om her står at far til Bruda er Erling Sylfestson Bringe, er ein inne på at Erling Nilsson Bringe f 1795, etter at han er ekkjemann, «er vorten besovet» av ei jenta mellom 1851 og hans død i 1859.

 

Kva veit du, Lars, om ho som vært gift i Balestrand i 1876, kvar ho kom frå ? Kvar ho er døypt ?

Ho er alt 8 år gamal i Fjærland, då ho vært vaksinert 1 juni 1860:

  https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302620172.jpg

 

Sylvestson og Nilson.  Og Bringa på begge to.

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #19:

 

Hjarteleg takk til Jon for eit spennande innlegg!

 

Dette er ei jente som eg aldri har sett noko til før, og det er merkeleg kor godt ho gøymer seg!

 

* Eg finn ikkje nokon fødsel for ho i Bergen, der det vert påstått at ho skal vera fødd, og

 

* Eg finn ho heller ikkje konfirmert i Balestrand!

 

Merkeleg!  Sølfest-namnet finn me nemlig òg på Bringe...

 

Her er ho i FT1875: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01052301002226

 

Her er ho i FT1891: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01053002001559

 

Finst ho kan henda òg i FT1910 med ein oppgjeven fødselsdato?

 

Du får halda meg orientert om noko skulle dukka opp!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #21:

 

Hjarteleg takk til Carl for siste innlegget!

 

Dette er høgst merkeleg!  Ved dødsfallet står det at ho var fødd i Luster, og dette Abelone-namnet ligg òg i denne ætti frå Bringe.  Det er for meg ei kjempegåte kven denne jenta kan vera!

 

* Kvar kan ho ha vorti konfirmert??

 

* Og kvar budde ho i FT1865??

 

Alt tyder på ei tilknytting til Luster, men på kva vis?

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg # 22:

 

Lars !

 

Anna Abelone døyr 24 april 1897. Mundal. 44 år.

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk10611901042033.jpg

 

Fasabokji trur at det er ho som er i FT 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038254002212?fbclid=IwAR1A4hFX2mnUSq8q_DPbvgS_IqQ3C7lxAiJOawow613-flbbbYtvxukINhg

 

Fasabokji trur at ho er døypt i Os, der far er Erling Larsen, nr 60, uekte:

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050825040690.jpg

 

Og konfirmert i Fjærland i 1870:

https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070302620274.jpg

For dei siste: Dåp og konfirmasjon er f 11 mars 1852 på begge to.

————-

Så det storespyrsmålet: Er det Erling Larsen, den same som Erling Nilson Bringe 1795-1859 ??

Og kvifor er janta i Fjærland, Balestrand ei Sylfesdtr ??

 

—-

Du får setja deg ned i eit rykende varmt bad (dersom det ikkje er Korona-stengt) Lars, og teinkja så det knaker ....  

 

 

 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #23:

 

Hjarteleg takk til Jon for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Eg «oversåg» konfirmasjonen hennar då eg søkte i aftes, og eg ser òg kvifor:  Der det skulle ha stått «Ellingsdotter» etter førenamnet, står det Nikoline!

 

Eg kan ikkje sjå noki anna forklaring på opphavet til denne jenta!  Men når me ser at kona til Elling døydde 5.7.1851, brukte han ikkje lang tid på å finna trøyst...  Kanskje var Ingrid Sjursdotter i heimen deira for å pleia kona den siste tidi ho levde...

 

Når det gjeld Ingrid Sjursdotter, går eg ut ifrå det må vera denne:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000004898737

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000007263296

 

Ho var fødd på Ølmeim i Sogndal i 1820...  Eller har Fjesboki finne noko anna?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei. Jeg har innlegget på Facebook. Tusen takk for at dere hjelper til med dette underlige prosjektet.

Har prøvd å finne ut hvorfor hun eventuelt ble satt bort som lædgslem i fattigvesenet sine protokoller. Men fant ingenting på arkivverket. Må muligens kontakte de direkte.

 

Kan hun ha bytta mellom navn til Abelone for å hedre bestemora si?

 

Finnes det eventuelt noe dokumentasjon på dette?

Siden hun står som Nikoline ved fødsel.

 

Link til konfirmasjonen :

https://www.digitalarkivet.no/kb20070306640646

Endret av KineHal
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Kan vere den samme

På 25.4.2021 den 13.31, Lars E. Øyane skrev:

Innlegg #23:

 

Hjarteleg takk til Jon for eit nytt utfordrande innlegg!

 

Eg «oversåg» konfirmasjonen hennar då eg søkte i aftes, og eg ser òg kvifor:  Der det skulle ha stått «Ellingsdotter» etter førenamnet, står det Nikoline!

 

Eg kan ikkje sjå noki anna forklaring på opphavet til denne jenta!  Men når me ser at kona til Elling døydde 5.7.1851, brukte han ikkje lang tid på å finna trøyst...  Kanskje var Ingrid Sjursdotter i heimen deira for å pleia kona den siste tidi ho levde...

 

Når det gjeld Ingrid Sjursdotter, går eg ut ifrå det må vera denne:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000004898737

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000007263296

 

Ho var fødd på Ølmeim i Sogndal i 1820...  Eller har Fjesboki finne noko anna?

 

Kan vere den samme "Inger Sjursdtr." som er i "Gulen" i ft 1865 : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038250003430

Og ft 1875 : https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052297000766

 

Men innen dette så får hun ett uekte barn "Brithe" 15 des. 1853 på "Sognefest/ Gulen", far gift mand "Lars Knudsen Smaadal" i "Fanöe pr.gjeld", nr. 19 : https://www.digitalarkivet.no/kb20070305360190

 

I konfirmasjonen til "Brithe Larsdtr. Henriksbö"  nr. 3 står mora oppfört som "Ölmeim"? : https://www.digitalarkivet.no/kb20070305620637

Endret av Svehn Ruskelöv
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.