Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Elling Nilsson Bringe (1795-1859) gift med Ingrid Larsdotter Svarverud frå Odalen (1795-1851) - huslyden deira i Bergen og Christiania? - ein utfordrande huslyd!?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med på 1980-talet, men grunna utilgjengelege kjelder var eg den gongen ikkje i stand til å finna «riktig» ut om dei.  Denne lustringen var ei tid lærar og klokkar i Luster og henta seg ei kone frå Odalen(!).   Dei flytte til Bergen, der i alle fall ei av døtrene vart buande, men dei andre ser alle ut til å vera bortflytte!  Ein son var i Christiania i 1865, men vert sidan borte ogso derifrå.  Kvar vart det av dei??

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande innlegg og nye oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips og ville òg setja stor pris på oppslag i bygdeboki for Odalen for å fylla på med detaljopplysningar om Ingrid Larsdotter Svarverud og foreldri hennar!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
16 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

   * Terese Larsen, f. Christiania 1853 – n. 1865

            * Aksel Larsen, f. Christiania 1856 – n. 1865

            * Hjalmar Larsen, f. Christiania 1859 – n. 1865

            * Amandus Larsen, f. Christiania 1963 – n. 1865

            * NN son Larsen, f. Austre Aker 1865 – n. 1865)

 

Wilhelm Roland, f. 1865, døpt 1866:  

Akershus, Oslo fylke, Østre Aker i Østre Aker, Ministerialbok nr. I 1 (1861-1869), Fødte og døpte 1866, Side 93
https://media.digitalarkivet.no/view/579/103

 

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

   * Adolph Andreas, f, NK, Bergen 24.2.1849

 

            * Johan Cato, f. NK, Bergen 26.7.1850

 

            * Joachim Cato, f. NK, Bergen 17.8.1851

 

            * Johanne Cathrine, f. NK, Bergen 2.12.1852

 

            * Adolf Andreas, f, NK, Bergen 8.11.1853

 

            * Inger Berthine, f. NK, Bergen 3.3.1855

 

            * August Emil, f. NK, Bergen 24.5.1856

 

            * Sigvald Abel, f. NK, Bergen 6.2.1859

 

            * Marius Alexander, f. DK, Bergen 12.8.1860

 

            * Olaf Marius, f, DK, Bergen 10.12.1861)

 

 

 

 

Giftermålet i 1848:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000194363

 

Johan Cato døde i 1850

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000795051

 

Johanne Cathrine døde i 1852

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000646268

 

Joachim Cato døde i 1852

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000644383

 

Adolph Andreas døde i 1852 (eldste sønn f. 1849)

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000644356

 

Marius Alexander døde i 1860 - far er forhenværende kjøpmann: 

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000774280

 

Bergens Adressecontoirs Efterretninger 28.12.1852:

 

Dødsfall 1852.jpg

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Trond Geir Strandhaug
Sitat

Bygdebok for Nord Odal nr 1 er vel digitalisert. Jeg har en god del av forfedrene til Ingrid og jeg ser at vi har felles "stammor"     Det er avstander mellom Nord Odal og Luster, faktisk i dag og mye "større avstander" før 1800.    Da det er slike avstander lurer jeg alltid på hvor og hvordan de to personene treftes og ble kjente og til slutt gifte.  Det er vel her muligens en teoretisk mulighet at de kunne treffes i Christiania. 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Lars Andreas Ellingson, f. i Bergen 1.9.1830, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1865!)

 

Utvandret til Chicago rundt 1867.

 

Lars Andrew Ellingson på Find-A-Grave: https://www.findagrave.com/memorial/138617356/lars-andrew-ellingson

Dødsfallsregisteret i Illinois: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q2MQ-CMYW

 

Sønnen Axel med obituary: https://www.findagrave.com/memorial/114236177/axel-ellingson

 

Bosatt i Chicago i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MSQ2-M1L

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe, Trond Geir og Lars W. for kjempefine og nyttige innlegg!

 

Sjølv har eg oppdaga at Anna Gurine og mannen Andreas Erikson òg utvandra til Chicago, IL, rimeligvis i 1862 eller 1863, so den einaste me no er heilt «blanke» på, er sonen Elias.  Han var fråverande alt i 1859, men kvar kan no han vera faren??  Eg ser ingen «kandidatar» i FT1865 nokon stad i landet, so kanskje var han alt då utvandra til Amerika??

 

Når det gjeld Ingrid Larsdotter frå Svarverud, trur eg at eg har ei rimeleg god forklaring på korleis ho hamna i Luster:  Me hadde ei svært sterk haugianarrørsle i Luster på den tidi.  Det er sannsynleg at Elling Nilsson høyrde til denne, men sikkert er det at kvernbrukseigar Johannes Rasmusson Feigum i Luster (1775-1827) var ein særs ihuga haugianar, og han henta seg ei kone frå Odalen, Kari Eriksdotter.  Ho var fødd på Haug i Odalen og vart døypt der 7.7.1776 som dotter av gardbrukar Erik Hansson på Haug og kona Eli Olsdotter frå Holt.  Eg har aldri finne vigsli deira, men dei må ha gift seg kring 1812 og fekk fire born i Luster mellom 1814 og 1820!  Kanskje kom Ingrid til Luster for å tena hjå Johannes og Kari?  Du, Trond Geir, kan sikkert seia om Ingrid og Kari var i slekt?

 

Elles ville det vore kjekt om nokon kunne finna t kvar foreldri til Ingrid Svarverid hadde opphavi deira...?  Og er dette Nord-Odal eller Sør-Odal?

 

Her følgjer ein ny versjon av manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at opphavet til Ingrid Larsdotter no er oppklart, er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Trond Geir Strandhaug

Ingrid og Kari var faktisk i slekt.  De var søskenbarn.  Frem til 1819 var Odalen én kommune, basert på det gamle hovedsognet Strøm som omfattet kirkene Strøm, Ullern, Opstad, Øyset, Sand og Mo. Øyset ble borte etter reformasjonen, mens de andre fortsatte å eksistere. Da ble kommunen delt og Sør og Nord Odal kommune "ble opprettet", dog ikke med den inndelingen som vi har i dag.  Ingrid og Kari var fra Nord Odal eller Nordre Odalen som det het i "gamle dager"   Deres forfedre kommer fra gårdene Haug og Holt som ligger nord i Nord Odal fra et område vi i dag kaller Bruvoll.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Frank H. Johansen

I bygdebokverket finner jeg familien på plassen Svarverud under Songnes i Nord-Odal, selv om de står oppført under Øvre Øyen i Sør-Odal i FT 1801. Grunnen til det er at eierne av Øvre Øyen også eide Songnes, derfor er flere steder Svaverud omtalt som en plass under Øvre Øyen.

 

LARS HANSEN fra Haug i Nord-Odal ca. 1758-1831, g. 1784 m. GORO OLSD. fra Hansstua Holt i Nord-Odal 1759-1801. Barn 1) Hans, f. ca. 1785, tok over Svarverud, seinere bruker av Nord-Songnes, 2) Ola, f. 1787, 3) Erik, f. 1789, 4) Kari, f. 1792, g. 1818 m. Hans Sørensen Suterud, 5) Ingrid, f. 1795, 6) Eli, f. 1797, 7) Lars, f. 1800.

Lars Hansen ble 2. gang gift 1803 med Dordi Olsdatter på Fossen.

 

Som du ser er det flere av barna her som ikke er "gjort rede for" i bygdeboka - det kan jo tyde på at flere i søskenflokken flytta ut fra Odalen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Trond Geir og Frank for nye spennande og nyttige innlegg!

 

Då er opphavet til Ingrod Larsdotter godt «definert», og eg har oppdatert ,manuskriptet frå innlegg #9 i følgjande versjon:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Elling Nilsson Bringe, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 1.2.1795 og fekk 22.10.1810 bygsel hjå far sin på den vesle parten som faren i 1807 hadde kjøpt frå Bringe (bnr. 1).  Men Elling kan ikkje ha drive denne jordi meir enn eitt år eller to.  Derimot vart han lærar og klokkar liksom faren, i alle fall for ei tid, men han hadde nok ikkje same lynnet som far sin, for han vart avsett i dei stillingane alt kring 1821.  Han gifte seg elles i Luster 4.11.1821 med Ingrid Larsdotter frå Songnes i Nord-Odal.  Ho var dotter av husmann Lars Hansson på Svarverud under Songnes, opphavleg frå Haug, og kona Guro Olsdotter frå Hansstua under Holt og vart døypt i Odalen 4.3.1795.  Elling og Ingrid vart buande på Bringe fram til kring 1823.

Kring 1824 flytte Elling og Inger Bringe til Bergen, og der fekk Elling arbeid som tollrorskar eller røyert.  Dei budde helst i Fritznersmuget i Bergen der Inger d. 5.7.1851.  Elling Bringe sette livet til ved drukning i Bergen 18.11.1859, og då budde han i Døschergården.  Inger og Elling Bringe fekk sju born i lag:

 

 

##### (NB: dødsmelding 1851 seier fire born – eitt fråverande! – 1859 seier fire born, derav to fråverande – skiftet registrert 26.11.1859: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/261

 

 

a. Abelone Ellingsdotter Nielsen, f. i Luster 15.7.1822, flytte til Bergen med foreldri og d. som skipparenkje i Bergen 3.8.1893.  Abelone gifte seg i Nykyrkja i Bergen 7.1.1849 med Samuel Nilsen Samuelson Amland frå Bergen, f. i Bergen 25.4.1817.  Han d. som tidlegare skippar i Bergen 19.1.1891.  Samuel Amland var styrmann og sidan skipsførar og skipparborgar i Bergen der parfolket budde levetidi ut.  Dei fekk to søner i lag.

 

 

     ##### (sønene:

            * Samuel Nicolai Amland, f. NK, Bergen 28.2.1851 – d. i Bergen 2.12.1879!

            * Julius Emil Amland, f. NK, Bergen 25.2.1854 – n. 1891 ugift styrmann – 1893 farer på Amerika!)

 

 

b. Lars Ellingson Bringe, f. i Bergen 3.4.1824. d. i Bergen 3.6.1828.

c. Nils Olai Ellingson Bringe, f. i Bergen 6.5.1826, d. i Bergen 17.3.1834.

d. Anna Gurine Ellingsdotter Nielsen, f. i Bergen 4.9.1828, gifte seg i Nykyrkja i Bergen 24.9.1848 med enkjemannen Anders Erikson, opphavleg frå Bergen, kjend som Andreas Erichsen.  Han var f. i Bergen 3.8.1817 og livnrte seg som kjøpmann i Bergen til han og Anna i 1862

 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1863 eller til naud 1864?)

 

 

     utvandra til Amerika.  Under namni Andrew og Anna Erickson finn me dei at i Chicago, Cook Co., Ill. der Andrew livnærte seg som dagarbeidar («day laborer»).

 

 

     ##### (at death called merchant! – both buried Mt. Olive!)

 

 

     Han d. i Chicago, Ill. 31.12.1890, medan Anna Erickson d. same staden 7.2.1896.  Dei fekk tolv born i lag.

 

 

     ##### (sjekka borni? – inkl.:

            * Adolph Andreas, f, NK, Bergen 24.2.1849 – d. 27.6.1852

            * Johan Cato, f. NK, Bergen 26.7.1850 – d. 23.8.1850

            * Joachim Cato, f. NK, Bergen 17.8.1851 – d. 27.8.1852

            * Johanne Cathrine, f. NK, Bergen 2.12.1852 – d. 26.12.1852

            * Adolf Andreas, f, NK, Bergen 8.11.1853

            * Inger Berthine, f. NK, Bergen 3.3.1855 – n. 1870

            * August Emil, f. NK, Bergen 24.5.1856 – n. 1870

            * Sigvald Abel, f. NK, Bergen 6.2.1859 – n. 1870

            * Marius Alexander, f. DK, Bergen 12.8.1860 – d. 4.9.1860

            * Olaf Marius, f, DK, Bergen 10.12.1861 . n. 1870

            * Caroline, f. IL 1864 – n. 1870

            * Johanna, f. IL 1868 – n. 1870)

 

 

e. Lars Andreas Ellingson, f. i Bergen 1.9.1830, gifte seg i Christiania (Oslo) 18.6.1857 med Dorothea Nilsdotter frå Kolstadeiget

 

 

     ##### (kva plass? – foreldri Nils Monsson og Tonetta Larsdotter!)

 

 

     på Ringsaker, f. på Ringsaker 20.7.1832.  Lars var snikkar, og han og Dorothea budde dels i Christiania og dels på Rodeløkka i Austre Aker til dei i 1867

 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret? – 1900 seier Lars i 1867 og Dorothea med borni i 1868!)

 

 

     utvandra til Amerika.  Dei busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der Lars heldt fram som møbelsnikkar («cabinet maker»).  Han d. i Chicago, Ill. 2.11.1904, medan Dorothea Ellingson d. same staden 24.1.1908.  Dei fekk elleve born i lag, men Dorothea hadde òg ei dotter frå før.

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Therese Natalie Larsen, f. DK, Christiania 7.4.1853 (far Christian Gundersen) – n. 1865

            * Axel Larsen, f. DK, Christiania 14.2.1856 – n. 1865

            * Inga Amalie Larsen, f. DK, Christiania 14.9.1857, d. 1858

            * Hjalmar Larsen, f. DK, Christiania 1.8.1859 – n. 1865/1880/1900

            * NN dotter Larsen, f. Austre Aker 25.9.1861, d. 25.9.1861

            * Ingjer Amandus Larsen, f. Austre Aker 18.4.1863 – n. 1865/1880 (Amandus)

            * Wilhelm Roland, f. Austre Aker 6.10.1865 – n. 1865

            * Valborg Dorothea, f. Illinois 15.9.1870 – n. 1880/1900

            * Girard Alfred, f. Chicago, IL 9.8.1873 – n. 1880/1900)

 

 

f. Elias Ellingson Bringe, f. i Bergen 26.6.1833,

 

 

     ##### (n. 1851 «til stades» - levde 1859, men fråverande! – finn ikkje FT1865! – lagnaden hans?)

 

 

g. Nils Olai Ellingson Bringe, f. i Bergen 24.11.1836, d. i Bergen 23.3.1837.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Hadde me no berre greidd å finna ut kvar det vart av Elias...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Tore Nilssen
3 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

  Lars var snikkar, og han og Dorothea budde i Christiania til dei i 1867

 

I 1865 bodde de i Vågeby, som i dag heter Rodeløkka, og som ikke ble innlemmet i Christiania før i 1878. Så strengt tatt bodde de da altså i Aker.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038012001694

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Trond Geir Strandhaug

Lars. gårdsnavnet skrivers Songnes.     

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tore og Trind Geir for korreksjonane.

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt tilsvarande og korrigert teksten i innlegg #12!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Då er det kome ei attendemelding frå Statsarkivet i Bergen med omsyn til skifteregistreringi etter Elling Nilsson Bringe frå 1859.  Den eine fråverande var som me alt visste sonen Lars i Christiania, medan hin, heller ikkje uventa, var yngstesonen Elias.  Elias var «søefarende», men dei hadde ikkje høyrt gjete han på fem år, og den gongen reiste han frå HOLLAND!

 

So då spørst det om det let seg gjera finna ut noko meir om lagnaden hans...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.