Jump to content
Arkivverket

Ole Johnson med foreldre frå Røros - fødd i Tolga 1807 - gift i Christiania 1833 - gardbrukar i Krødsherad - utvandra 1842 til Amerika - opphav og lagnad til denne huslyden? - ei kjempeutfordring - særleg lagnaden!?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Utgongspunktet for denne huslyden finn me på Røros - vigde 27.11.1789: John Andersson Colgen og Olava Olsdotter Jemt - so ser det i alle fall ut som det står: https://media.digitalarkivet.no/view/2449/12

 

FT1801 syner at John då er husmann og hyttearbeidar, busett på Sandmæhlen i Tolga: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058247000136

 

Sonen Ole Johnson (d.y.) er fødd i Tolga 20.4.1807 og døypt same stad 7.5.1807: https://media.digitalarkivet.no/view/9220/196

 

So gifte Ole Johnson Sandmæhl seg i Oslo Domkyrkje 7.10.1833 med Rønnaug Jensdotter frå Lestebergeiget i Krødsherad: https://media.digitalarkivet.no/view/661/128

 

Rønnaug er dotter av Jens Evenson og Berit Bjørnsdotter og vart døypt i Krødsherad 27.10.1799, og huslyden budde 1801 som plassfolk på Tostenrud i Krødsherad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058273002800

 

Jens og Berit gifte seg i Krødsherad 17.3.1799, men ingen gardsnamn er oppgjevne: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001459448

 

Bygdeboki for Krødsherad nemner desse berre svært kort og at dei sidan budde i Lestebergeiget!!

 

Ole og Rønnaug flytter straks etter vigsli til Krødsherad der dei får tre born:

 

* John Olson, fødd 15.4.1834: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/10

* Olava Olsdotter, fødd 23.5.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/18

* Berit Olsdotter, fødd 2.5.1840: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/30

 

Dei var sjølveigarar på Ormerud og sidan på Gigernes, båe parsellar av Ørgenvika, men i 1842 utvandra heile huslyden (utan gardsnamn) til Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/1103/215

 

Gerhard B. Naeseth omtalar dei i emigrantsoga si under namnet Lesteberg, men han har ingen opplysningar om lagnaden deira!!

 

Eg finn derimot at Rønnaug Jensdotter som enkje gifte seg att i Columbia Co., WI 16.11.1850 med enkjemannen Bertel Olson frå Bringe i Luster, døypt på Kaupanger i Sogndal 14.6.1789, og denne Bertel er oppført som farmar i Lewiston township, Columbia Co., WI i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9LWB

 

Bertel bur i 1860 åleine med ein svensk Isaacson huslyd.  Kona Ronnaug og borni hennar ser eg ikkje noko til!

 

Eg er særleg oppreken av å finna ut/kontrollera:

 

**  Frǻ kva gard/plass (på Røros?) hadde John Andersson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass (på Røros?) hadde Olava Olsdotter opphavet sitt?

 

** Sandmælen er gnr. 58 i Tolga - kva heitte plassen der John Andersson og Olava budde?

 

** Frå kva gard/plass (i Krødsherad) hadde Jens Evenson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass (i Krødsherad) hadde Berit Bjørnsdotter opphavet sitt?

 

** Er det mogeleg å slå fast på kva plass under Lesteberg Jens Evenson og Berit Bjørnsdotter busette seg?

 

** So er eg sjølvsagt svært interessert i opplysningar om lagnaden til denne huslyden i Amerika - kvar vart det av Ole, Rønnaug og dei tre borni deira?

 

Eg vonar det skal vera mogeleg å supplera med dei fleste opplysningane på «norsk» side om opphavet til slekti, men ser klart ei kjempeutfordring i å spora dei opp i Amerika!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
34 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Dei var sjølveigarar på Ormerud og sidan på Gigernes, båe parsellar av Ørgenvika, men i 1842 utvandra heile huslyden (utan gardsnamn) til Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/1103/215

 

Gerhard B. Naeseth omtalar dei i emigrantsoga si under namnet Lesteberg, men han har ingen opplysningar om lagnaden deira!!

 

 

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=522&ps=18452

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-5F6T-D?i=112&cc=1849782

Ole Jonsen Lesteberg

New York Passenger Lists
Name Ole Jonsen Lesteberg
Event Type Immigration
Event Date 1842
Event Place New York City, New York, United States
Gender Male
Age 35
Birth Year (Estimated) 1807
Birthplace Norway
Ship Name Ellida

 

 

 

Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
42 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Sonen Ole Johnson (d.y.) er fødd i Tolga 20.4.1807 og døypt same stad 7.5.1807:

 

Hedmark fylke, Tolga i Tolga, Klokkerbok nr. 1 (1814-1877), Konfirmerte 1826, Side 478-479
https://media.digitalarkivet.no/view/9221/213

 

Hedmark fylke, Tolga, Vingelen, Os i Tolga, Ministerialbok nr. 4 (1815-1836), Konfirmerte 1823, Side 258
https://media.digitalarkivet.no/view/9226/160

 

 

Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

?????

Tolga : Holdalen, Kasa, Holøydalen, Øversjødalen : gards- og slektshistorie 1:

 

 

 

 

Sandmælen 1.jpg

Sandmælen 2 .jpg

Olsgård.jpg

Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for fleire interessante innlegg!

 

Om eg forstår dette rett, so var John Andersson, sjølv om han i 1801 er kalla husmann og hyttearbeidar, likevel sjølveigar (eller leiglending?) på Sandmælen øvre - det som i dag er gnr. 58, bnr. 2?  Soleis er det ikkje relevant å tala om at han var husmann på ein plass under garden!?

 

Elles er opphavet til Ole Johnson godt forklart, noko eg set stor pris på!

 

Og etter grundige studiar av bygdeboki og kyrkjebøkene for Krødsherad har eg òg fått på plass det meste om opphavet til Rønnaug.  Det einaste eg der manglar, er namnet på plassen under Lesteberg der Jens og Berit budde, og det vert truleg svært vanskeleg å finna ut av...

 

Elles er «hovudutfordringi» i denne huslyden å finna ut av lagnaden til denne huslyden i Amerika, og her følgjer eit manuskript som eg har bygt opp kring Bertel Olson som utvandra frå Luster i 1849:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Bertel Olson Bringe, frå Kaupanger i Sogndal, var son av husmann Ole Andersson i Hamni øvre under Kaupanger, opphavleg frå Hauståker, og kona Bertha Johannesdotter frå Hamni øvre og vart døypt i Sogndal 14.6.1789.  Bertel kom til Luster som «vaksinatør» og skulehaldar og gifte seg her første gongen 13.6.1822 med Siri Pedersdotter frå Lereim i Sogndal.  Ho var dotter av husmann Peder Pederson på Rygg under Lereim, opphavleg frå Kvåle i Sogndal, og kona Kari Madsdotter og vart døypt i Sogndal 27.4.1793.  Siri kom til Luster som jordmor, men d. på Dalsøyri alt 12.4.1824.  Bertel Olson var soleis enkjemann då han 23.10.1826 fekk skøyte på dette bruket på Bringe og flytte hit.  Men heller ikkje Bertel hadde godt for å greia seg her, og i 1831 vart garden seld på auksjon og delt i to bruk for fjerde gong.  Bertel vart likevel buande på garden heilt fram til 1849, men gifte seg ikkje att so lenge han var her.

Bertel Olson utvandra til Amerika i 1849 og gifte seg att i Columbia Co., Wis. 16.11.1850 med enkja Rønnaug Jensdotter, opphavleg frå Lesteberg i Krødsherad, då kjend som Ronnaug Johnson.  Ho var dotter av husmann Jens Evenson på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Lesteberg, opphavleg frå Råen, og kona Berit Bjørnsdotter frå Jokerud under Flatin og vart døypt i Krødsherad 27.10.1799.  Rønnaug gifte seg første gongen i Domkyrkja i Christiania 9.10.1833 med Ole Johnson frå Sandmælen øvre på Tolga.  Han var son av husmann og hyttearbeidar John Andersson på Sandmælen øvre, opphavleg frå Olsgard, Tolgensgard på Tolga, og kona Olava Olsdotter Jemt frå Røros og f. på Tolga 20.4.1807.  Ole flytte til Aker i 1829, men han og Rønnaug flytte kort etter vigsli til Krødsherad der Me finn dei att som gardbrukarar på Ormerud og sidan på Gigernes, båe parsellar av Ørgenvika.  I 1842 utvandra dei so til Amerika der 

 

##### (occupation and place of residence for Ole and Ronnaug in America? – perhaps Columbia Co., WI?)

 

Det ser ut til at Bertel og Ronnaug busette seg som farmarar i Lewiston township, Columbia Co., Wis.,

 

##### (Ronnaug died by 1860?)

 

##### (1860: Bertel widowed farmed in Lewiston township! – what later??)

 

##### (born av Ole og Rønnaug:

       * John, f. Krødsherad 15.4.1834 – utv. 1842

       * Olava, f. Krødsherad 23.5.1836 – utv. 1842

       * Berit, f. Krødsherad 2.5.1840 – utv. 1842

       what became of these children in America???)

 

Men med første kona Siri fekk Bertel Olson to born; dessutan hadde Siri ein son frå før:

 1. Peder Pederson, son av Siri og husmann Peder Pederson på Veberg under Kroken i Hafslo (1804-1846), var f. i Sogndal 18.4.1821, men d. i Sogndal 20.4.1821.

 2. Ole Bertelson (1822‑1822).

 3. Karen Bertelsdotter (1822‑1864),

Caroline Bertelson utvandra til Amerika med far sin i 1849 og vart der borte gift med gardbrukarsonen Ole Tollefson frå Nes (1822‑1898) (s.d.).

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Bertel Olson utvandra til Amerika i 1849 og gifte seg att i Columbia Co., Wis. 16.11.1850 med enkja Rønnaug Jensdotter, opphavleg frå Lesteberg i Krødsherad, då kjend som Ronnaug Johnson.  Ho var dotter av husmann Jens Evenson på ein plass

 

##### (kva for ein plass?)

 

under Lesteberg,

 

Krødsherad B1: Gard og slekt

 

191138884_Skjermbilde2018-06-30kl_11_54_47.png.afeb98ceb1e12d0fed58d8aa0d867542.png

427444247_Skjermbilde2018-06-30kl_11_55_31.png.8ece3b4f371a4e3f2c1e1860c8b01130.png

 

4955879_Skjermbilde2018-06-30kl_11_56_20.png.274efb393415006b10a7ec988060b833.png

1542544538_Skjermbilde2018-06-30kl_11_56_47.png.65063aa2c88c24715247ec3eb0e36a18.png

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Som det tydeleg går fram av dette utsnittet frå bygdeboki frå Krødsherad, budde Jens Evenson i mange år som husmann på ein plass under Lesteberg, men me får ikkje vita kva for ein plass dette var.  Han budde der i alle fall til 1832 då andre kona døydde der, men synes vera bortflytt snart etter.  FT1865 syner berre to plassar under Lesteberg, Stua og Åsen, men Stua skal ifølgje bygdeboki ha vore svært liten og heilt utan jord, so då har eg meir tru på at det var i Åsen Jens budde...

 

Elles vonar eg framleis at nokon kan finna spor etter Ole Johnson og Rønnaug Jensdotter og borni deira i Amerika?  Eg ser no i FT1850 at det var ein Ole Bertelson på 63 år som farma i Fort Winnebago township, Columbia Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XCZ6-9G

Eg trur dette er feilskrive for Bertel Olson, for so vidt eg kan forstå, vart Lewiston township utskild frå Fort Winnebago township ein gong på 1850-talet.  Betsey Olson på 27 år som bur med Ole i 1840, er rimelegvis dotteri Karen (f. 1822) som gifte seg i Columbia Co., WI berre to dagar før far sin i november 1850!

 

Men Rønnaug bør jo òg ha vore ein eller annan stad i 1850...!?  Me har vel enno ikkje leitt på «rette» staden...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempeutfordringi!

Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp

Øverst i avsnittet om Jens Evensen står det "Bruk 1. Liubråtan". Den er nevnt som en plass under Lesteberg litt lenger ut i bygdeboka:

 

628266948_Skjermbilde2018-06-30kl_19_40_33.png.6952b8d71ab294f8793b4d2b1f77905e.png

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget!

 

Det skal tydeleg ikkje vera so enkelt å finna ut av desse plassane under Lesteberg.  Om Dynge les eg til dømes at bruket frå å vera sjølveige sist på 1700-talet, på ny vart «Lestebergeige» til bruket endeleg vart utskildt att i 1825, men eg tykkjer bygdeboki er svært uklar med omsyn til å definera desse bustadane!

 

Ser me på FT1801, har Lesteberg då tre husmenn med jord samt ein som har ein «halv» plass og to husmann som er «utsagde».  Sjølve gardbrukaren på garden driver elles garden òg berre «halvt»: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058273002453

 

Det heile ser for meg ut til å verta eit «vitskapleg» studium for å finna ut av...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
  • 1 month later...

Olavas foreldre Ole Joensen Jemt og Margrete Olsdatter Berg ble gift i 1761 30/4. De bodde på Nyplassen ca 5 km nord for Røros Bergstad.

 

Skifte etter Olavas far:  

Ole Jonsen Jemt 14/5-1808 RB (1797-1813, side 526)

Avdøde Ole Jonsen Jemt bodde på Nyplassen, han etterlot seg følgende barn i ekteskap med avdøde Margrete Olsdatter Berg: 1: Jon Olsen død, og etterlot seg en sønn Ole Jonsen 12 år som bor hjemme hos Moderen, 2: Ole Olsen myndig og boende i Trondhjem, 3: Ingebrigt Olsen myndig og boende i Trondhjem, 4: Torber Olsen, ved forretningen nærværende, 5: Olava Olsdatter, gift med Jon Andersen på Tolgen, 6: Maritte Olsdatter, gift med Peder Hansen Sund, 7: Ildri Olsdatter 27 år, tjener hos Stiger Christen Iversen på Sandkjernan.

Ole Jonsen Jemt ble begravet 6/3-1808 72 år gammel. Han var sønn av Jon Olsen Jemt og Maritte Torbersdatter, se skiftet etter faren i 1741, se videre skiftet etter Margrete Olsdatter Berg i 1802.

 

Edited by Astrid Ryen
retting
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.