Gå til innhold
Arkivverket

Trond (1724), Halvor (1726) og Peder (1728) Christopherssøner frå Bringe i Luster - vart foreldrelause som born og vaks opp hjå formyndarar, men forsvinn so alle frå Luster - kvar i all verdi kan dei ha vorte av? - Bergen? - ytreSogn? - kjempeutfordring!?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Christopher Olson, som skal ha vore veteran frå den store nordiske krigen, var visstnok fødd på husmannsplassen Slottet under garden Tandla i Gaupne sokn i Luster kring 1682.  Han gifte seg første gongen kring 1724 men Martha Narvesdotter frå plassen Stein under Fuhr i Luster, fødd kring 1705.  Dei fekk bygsel på eit brukj på garden Bringe der Martha døydde alt kring 1729.  So gifte Christopher seg straks att med Metta Tollefsdotter frå Haganes, fødd kring 1711.  Men dette gjekk ikkje so bra!  Alt kring 1734 vert det fortalt at Christopher «gjekk frå gard og grunn», samstundes som han skulda kona Metta for å ha vore utru mot han!

 

Me høyrer ikkje meir om saki, men Christopher er nok avliden, for i 1750 gifte Metta seg att med Asbjørn Østensoj i Skår i Luster og flytte dit.

 

Christiopher og Metta hadde to born i lag, og dei vart buande i lag med mori i Luster, men so hadde Christopher tre gutar frå første ekteskapet med Martyha Narvesdotter, og her er det me finn dei store utfordringane:

 

* Trond Christopherson, fødd i Luster kring 1724, budde i 1734 hjå Johannes Kolstad i Luster, som visstnok var formyndaren hans, men det er òg det siste me ser til Trond i Luster.

 

* Halvor Christopherson, fødd i Luster kring 1726, budde endå so seint som i 1741 hjå formyndaren sin, Erik Alme i Luster, men sidan høyrer me heller ikkje meir til han i Luster!

 

* Peder Christopherson, fødd i Luster kring 1728, budde i 1735 hjå formyndaren sin, Johannes Berge i Luster, men det er det siste me høyrer om han i Luster.

 

Ingen av gutane vart konfirmerte i Luster, so dei må vera flytte før dei kom i den alderen...!  Men kvar??  Dei mest relevante alternativi er vel Bergen, ytre Sogn eller kanskje Gudbrandsdalen?  Eller reiste dei nordover til Møre og Romnsdal eller Nordland?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit svært spennande - og utfordrande - innlegg!

 

Ofte skal ein ikkje meir enn so vidt over bekken for å henta vatn, og eg lyt tilstå; denne Trond Christopherson som vart gravlagd i Hafslo hovudsokn i 1757, har gått meg heilt «hus forbi».  Eg kan ikkje sjå at han var korkje døypt eller gift i Hafslo, og konfirmasjonslistene for Hafslo manglar på den tidi!

 

Eg er forsovidt ganske so overtydd om at dette verkeleg må vera Trond Christopherson frå Bringe som døydde i Hafslo!  Dette er jo òg ein so spesiell namnekombinasjon, at me skal leita lenge etter ein som liknar!

 

Det same gjeld forsovidt broren Halvor Christopherson, og som du kanskje òg har observert, Grethe, hadde me i Hafslo ein Halvor Christopherson på same tid, men han var fødd på plassen Mosaviki under Valaker i Solvorn, og der vart han òg buande:

 

~~~~~~~~~~~

 

Halvor Christopherson Mosevig, son av føregåande husmann og herifrå plassen, vart døypt 29.9.1728 og d. som husmann i Mosaviki kring 1796.  Han gifte seg 24.10. 1757 med Ingeborg Asbjørnsdotter frå Fetbakken under Fet.  Ho vart døypt 25.3.1728 og vart gravlagd frå Mosaviki 1.1.1803.  Halvor og Ingeborg tok over som plassfolk i Mosaviki frå kring 1757 og budde her levetidi ut.  Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~

 

So den Halvor Christopherson frå Bringe som vert etterlyst, må ha hamna ein annan stad...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

I kveld har Terje Tandsether gjennom innlegg $322 i følgjande tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=13

 

kome på sporet etter neste sonen i denne huslyden:

 

Halvor Christoffersen Bringe, begravet ved Fjærland 21.8.1757, 33 år https://media.digitalarkivet.no/view/11566/47891/11

 

Då er med andre ord to av sønene etter Christopher Olson komne til rette, og me saknar berre Peder, men han vert nok værre å finna...

 

Ein kjempetakk til Terje for dette innlegget!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.