Gå til innhold
Arkivverket

Michael Pettersen - målar frå Bergen - gift med Ingrid Nilsdotter frå Slidre - budde ei tid i Kroken i Hafslo - sidan i Valdres, men kven var dei, og kvar vart det av denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har i dag fått i handi ei ny utfordring som direkte gjeld Hafslo, og eg står i grunnen ganske so fast:

 

Denne vigsli er registrert i Hafslo 20.6.1847 (#4): https://media.digitalarkivet.no/view/11459/32

Michael Petersen, malergesel, fødd i Bergen, 29 år, son av Johan Peter Petersen

Ingrid Nilsdotter Quul, fødd Quul i Slidre, 28 år, dotter av Nils Olson

 

Eg finn Ingrid Nilsdotter, fødd 16.10., døypt 8.11.1818 på ein husmannsplass under Quul i Vestre Slidre, foreldri Nils Olson og Ragnhild Gundersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/9386/58

 

MEN, eg har søkt over alt i og kring Bergen, men finn ikkje spor etter nokon Michael Pettersen med far Johan Peter fødd der!

 

Dei får ein son i Hafslo, og ein son i Vestre Slidre:

 

* Hans Andreas, fødd Kroken i Hafslo 20.9.1850: https://media.digitalarkivet.no/view/11457/148

 

* Nils Christopher, fødd i Vestre Slidre 21.11.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/8995/8

 

FT1865 syner huslyden som plassfolk på Moen under Røvang i Vestre Slidre, berre sonen Nils er nemnd: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0543&kenr=002&bnr=0034&lnr=000

 

FT1875 syner huslyden same stad, men då som sjølveigarar, utan sonen Nils, men med sonedotter Ingrid Hansdotter, fødd Hurum sokn i Vang 1872: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0543&kenr=002&bnr=0030&lnr=00

 

FT1900 syner ei legdekone Ingrid Nilsdotter, fødd i Vestre Slidre 1817, busett som enkje på Høyme nedre i Vestre Slidre, som eg trur må vera «vår» Ingrid: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037102000068

 

Og her er dødsfallet hennar som fattiglem og enkje 12.2.1904: https://media.digitalarkivet.no/view/4078/99

 

Og her er dødsfallet til mannen Mikal Petersen, 30.12.1887, målar og fattiglem: https://media.digitalarkivet.no/view/4078/90

 

Sonen Hans Andreas Pettersen, målar, Rødvang i Vestre Slidre, 23 år, gifte seg i Rogne sokn, Austre Slidre 23.1.1874 med Anna Haakensdotter, sjølveigardotter Hovi, 26 år: https://media.digitalarkivet.no/view/8996/192

 

Her bur dei 1900 på Høgden i Austre Slidre med seks born: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037103001671

 

Sonen Nils Christopher Mikaelson, målar Rødvang i Vestre Slidre, f. 1855, gifte seg i Eidfjord 19.7.1877 med Helga Paulsdotter Kvammen, frå Eidfjord: https://media.digitalarkivet.no/view/8322/133

 

Her bur dei 1910 som gardbrukarar på Kvammen i Eidfjord med ei dotter: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036677000232

 

Utifrå desse opplysningane sit eg med følgjande utfordringar:

 

** Er det mogeleg å finna fødsli til Michael Pettersen med fulle namn på foreldri hans?

 

** Er det mogeleg å seia noko om kva plass under Kvul i Vestre Slidre Nils Olson og Ragnhild Gundersdotter budde på?  Og kvar dei kom ifrå?

 

** Seier bygdeboki frå Vestre Slidre (Moen under Røvang) noko om opphavet til målar Michael Pettersen?

 

** Er det mogeleg å finna supplerande opplysningar (lagnad/dødsfall?), til dømes gjennom bygdeboki frå Austre Slidre, om Hans Andreas og Anna Pettersen?

 

** Og endeleg, er det mogeleg å finna supplerande opplysningar (lagnad/dødsfall?), til dømes gjennom bygdeboki frå Eidfjord, om Nils Christopher og Helga Pettersen?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tykte det var so merkeleg at denne Michel Pettersen ikkje skal finnast fødd  Bergen!  Dei fleste kjeldene, vigsli, folketeljingane og dødsfallet, seier jo at han skal vera fødd der, og fødselsåret vert oppgjeve til 1816-1818.

 

Eg har no på morgonen sjekka ut konfirmantlistene for Bergen, som (diverre) ikkje er databaseregistrerte, og her finn eg som einaste alternativ:

 

KK1837: Michael Petersen, 17 år, f. i St. Maria - par: fiskeveyer Hans Petersen og Anna Kling: https://media.digitalarkivet.no/view/1964/10

 

Går me so til Mariakyrkja i Bergen, finn me ein fiskevegar Hans Peter Peters som med Anna Marie f. Kling får fleire born:

 

* Johan Peter, fødd 19.5.1812: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009216876

* Johann Heinrich, fødd 30.1.1814: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009216936

* Michael, fødd 21.3.1816: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007419965

* Hans Peter, fødd 4.5.1817: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007420034

* Michael, fødd 12.8.1819: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007420173

* Martha Marie, fødd 19.4.1822: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007420197

 

og her er vigsli til Hans Peter Petersen og Anna Marie Kling i Krosskyrkja i Bergen 12.2.1812: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000434426

 

Anna Marie Kling vart enkje og oppattgift i Krosskyrkja 27.10.1833.  Då får me vita at ho var fødd i Krosskyrkjesokni 1790 og at far hennar var gesell Johan H. Kling: https://media.digitalarkivet.no/view/8344/17

 

Når me so veit at Michael ved konfirmasjonen kalla seg Petersen, er det etter mitt syn ingen tvil om at dette MÅ vera «vår» Michael, han som er fødd 12.8.1819, og spørsmålet om opphavet hans frå innlegg #1 er soleis løyst.

 

Men eg takkar på ny for alle gode tips når det gjeld dei attståande utfordringane frå innlegg #1:

 

** Er det mogeleg å seia noko om kva plass under Kvul i Vestre Slidre Nils Olson og Ragnhild Gundersdotter budde på?  Og kvar dei kom ifrå?

 

** Er det mogeleg å finna supplerande opplysningar (lagnad/dødsfall?), til dømes gjennom bygdeboki frå Austre Slidre, om Hans Andreas og Anna Pettersen?

 

** Og endeleg, er det mogeleg å finna supplerande opplysningar (lagnad/dødsfall?), til dømes gjennom bygdeboki frå Eidfjord, om Nils Christopher og Helga Pettersen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anne fødd 7. okt 1847 – døypt 17. okt - # 70

SAH, Slidre prestekontor, Ministerialbok nr. 4, 1831-1848, s. 240

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603990630

 

Anna Haakonsdtr – konfirmert 14. juni 1863 - #56

SAH, Øystre Slidre prestekontor, Ministerialbok nr. 1, 1849-1874, s. 152

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070207650148

 

Mora heitte Barbro Johannesdtr.

 

Valdres Bygdebok I – gardar og slekte i Øystre Slidre del B – Volbu og Rogne – av Geir Beitrusten – skriftstyrer Ivar Aars – Valdres Bygdeboks Forlag 1987:

Det står på side 296 om foreldra Haakon og Barbro under 45/22 Olstad – før 1907 Søre Grobakkin.

Her står det at Håkon (1807-1880) var husmann her i bortimot 40 år og skal ha vore ein flink og skikkeleg kar på alle vis.

 

(Eg får ikkje til å kopiere frå slike bøker eg...)

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif og Jostein for mange nye spennande innlegg!

 

På bakgrunn av dei opplysningane som er framkomne, har eg no sjølv sete og jobba litt med denne huslyden, og har faktisk finne dei fleste detaljane som mangla for Hans Andreas og Nils Christopher og huslydane deira.

 

MEN, eg står framleis fast på opphavet til Ingrid Nilsdotter!

 

Her fann eg vigsli i Vestre Slidre 4.10.1805 til foreldri Nils Olson Qviil og Ragnhild Gundersdotter Røvang: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000336001

men både FamilySearch og originalen syner dei gifte seg 4.10.1803: https://media.digitalarkivet.no/view/9381/525

 

Eg ser at ein av forlovarane er Ole Nilsson Quil, so då reknar eg med at dette er dei i FT1801 - alt då plassfolk under Kvul i Vestre Slidre: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058265001125

 

Elles er det vel ymse som kan tyda på at denne Ingeborg Gundersdotter, gardkone på Røvang i 1801, kan vera søster til Ragnhild, og at Ragnhild var «gardjente»: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058265000870

 

Eg veit at bygdebøkene frå Slidre diverre ikkje er av dei mest komplette, men vil våga å tru at dette er spørsmål som boki frå Vestre Slidre kan greia ut om?

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden som syner «status» pr. i ettermiddag:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye informative innlegg frå Leif er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ingrid Nilsdatter døpt 08 nov. 1818  i Lomen sogn i Slidre.

Oppland fylke, Hegge, Rogne, Volbu, Slidre, Lomen, Røn i Slidre, Ministerialbok nr. 2 (1814-1830), Fødte og døpte 1818, Side 114-115
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603980135
 

Foreldrenes vielsen 04 sept. 1803 (øverst på høyre side)

Oppland fylke, Hegge, Rogne, Volbu, Slidre, Lomen, Røn i Slidre, Ministerialbok nr. 1 (1724-1814), Viede 1802-1804, Side 1064-1065
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603970334
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noen ganger er det vanskelig å finne ut hva gårdene heter nå.

Gården Røvang er jo grei men Kvul/Qvul var litt verre.

Gården heter i dag Kvissel

 

Her er en kort omtale om Ole Nilsen og sønnen Nils på plassen Sukken under Nigar'n Kvissler (Søre Kvissler delt i to, Nigar'n og Opigar'n.)

Sukken.jpg

 

Jeg antar at det er Ragnhild som tjente på Kvissel ( Qvul) i  1801 og traff Nils der.

https://www.digitalarkivet.no/census/rural-residence/bf01058265001081

 

Ragnhild kom fra gården Nedre Røvang. Her er hele slekten.

 

 

Røvang.jpg

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for kjempeflotte og nyttige innlegg!

 

Dette var nettopp dei opplysningane som eg mangla frå Vestre Slidre, so no er har eg gjort ei oppdatering av manuskriptet til erstatning av manuskriptet i innlegg #8 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Michael Hansson Pettersen, frå Bergen, var son av fiskevegar Hans Peter Johanson Petersen i Bergen og kona Anna Marie Johansdotter Kling, òg frå Bergen, og f. i Bergen 12.8.1819.  Han kom til Kroken som målar på 1840-talet og gifte seg i Hafslo 20.6.1847 med Ingrid Nilsdotter frå Kvissel nedre i Vestre Slidre.  Ho var dotter av husmann Nils Olson på Sukken under Kvissel nedre og kona Ragnhild Gundersdotter frå Røvang nedre og var f. i Vestre Slidre 16.10.1818.  Michael og Ingrid busette seg truleg i ei mindre stove attmed tunet på garden som me har kalla Målarstova, og Michael heldt fram som målar i Kroken til kring 1853.

Michael og Ingrid Pettersen flytte kring 1853 til Vestre Slidre.  Michael heldt fram som målar, og han og Ingrid busette seg på Moen, etter dei kalla Pettersmoen, under Røvang i Vestre Slidre der Michael d. som målar og fattiglem 30.12.1887.  Ingrid d. som enkje same staden 12.2.1904.  Dei fekk tre søner i lag:

a. Nils Christopher Michaelson Pettersen, f. i Hafslo 31.7.1849, d. i Hafslo 10.8.1849.

b. Hans Andreas Michaelson Pettersen, f. i Hafslo 20.9.1850, d. som vognmann på Rogne i Austre Slidre 14.4.1909.  Hans gifte seg i Rogne, Austre Slidre 23.1.1874 med Anna Haagensdotter frå Grobakken søndre under Hovi i Austre Slidre, f. i Austre Slidre 7.10.1847.  Ho d. som kårenkje på Bergli i Austre Slidre 12.1.1916.  Hans var målar og vognmann, og etter nokre år som gardbrukarar på Bolstad i Austre Slidre var han og Anna frå 1883 gardbrukarar på Bergli, Rogne i Austre Slidre.  Dei fekk ni born i lag.

 

 

     ##### (borni var:

            * Haakon Andreas, f. indb. Hovi, Austre Slidre 13.7.1874 – n. 1900 skifersteinhoggar for eigi rekning – sidan til Amerika

            * Ingrid, f. sjølveigb. Bolstad, Austre Slidre 22.5.1876 – d. 1886

            * Marit, f. sjølveigb. Bolstad, Austre Slidre 14.7.1878 – n. 1900 meierske

            * Johan Peter, f. indb. Bolstad, Austre Slidre 30.5.1881 – n. 1900/1910 ug. skiferarbeidar

            * Hanna Marie, f. sjølveigb. Rogne, Austre Slidre 2.3.1884 – d. 1896

            * Andreas, f. sjølveigb. Rogne, Austre Slidre 16.4.1886 – n. 1900/1910 ug. køyrekar hadde vore målararbeidar i Wisconsin 1905-1908

            * Ingrid, f. gdb. Rogne, Austre Slidre 16.1.1889 – n. 1900/1910 Ingrid Bergli i Eidsberg - utv. 1912 til MN

            * Hans, f. vognmannsb. Rogne, Austre Slidre 11.2.1891 – n. 1900/1910 ug. køyrekar og skiferarbeidar – sidan til Amerika

            * Barbro, f. vognmannsb. Rogne, Austre Slidre 18.12.1893 – d. 1894)

 

 

c. Nils Christopher Michaelson Pettersen, fødd i Vestre Slidre 21.11.1855, d.

 

 

     ##### (dødsstaden hans? – gravlagd i Eidfjord!)

 

 

     15.3.1938.  Nils gifte seg i Eidfjord 19.7.1877 med Helga Paulsdotter frå Kvammen i Eidfjord, f. på Tveit i Eidfjord 14.8.1847.  Ho d. som kårkone på Kvammen 8.11.1922.  Nils var målar, men han og Helga vart gardbrukarar på ein parsell av heimebruket hennar på Kvammen i Eidfjord og budde der levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

 

 

     ##### (borni var:

            * Paul, f. uekte Kvammen, Eidfjord 18.3.1877 – n. 1900

            * Peder, f. målarb. Kvammen, Eidfjord 22.7.1879

            * Inger Marie, f. gd og målarb. Kvammen, Eidfjord 31.8.1883 – n. 1900

            * Synneva, f. gdb. Kvammen, Eidfjord 19.12.1887 – n. 1910

            * Gjertrud, f. målarb. Kvammen, Eidfjord 22.4.1894 – n. 1900)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

No er det med andre ord berre ein detalj som manglar før dette manuskriptet er heilt komplett:

 

** Dødsstaden til Nils Christopher Pettersen Kvammen i 1938?

 

Kanskje finst svaret i  bygdeboki (ætteboki) for Eidfjord?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit kjempefint innlegg!

 

Utdraget ditt får bygdeboki for Eidfjord har då på eit effektivt vis avklart dei attverande spørsmåli kring denne huslyden på Kvammen, og berre spørsmålet om dødsstaden til Nils står att.  Eg har oppdatert manuskriptet i innlegg #12 over!

 

For det lét seg vel ikkje gjera finna ut kva tid Nils var i Amerika?  Eg vil gissa på perioden kring 1873-1876, for han var ikkje heime hjå foreldri i Vestre Slidre ved FT1875, men eg veit ikkje...

 

Kan det kanskje vera han som reiser her til Decorah, IA i 1876 med «feiltolking» av namnet?

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIOSLO&gardpostnr=36944&merk=36944#ovre

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.