Gå til innhold
Arkivverket

FT1910 - Ikkje lenger mogeleg å leggje inn korrekturmeldingar


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Dersom ein prøver å leggje inn korrekturmelding eller merknad til FT1910 får ein vite at dette ikkje lenger er mogeleg, at Arkivverket brukar for mykje ressursar på å sjekke originalen, at det i dei fleste tilfelle viser seg at det likevel ikkje er feil i transkripsjonen, og at det ikkje vil vere mogeleg å få retta eventuelle feil utan at ein har behov for det i ein yrkesmessig eller juridisk samanheng.

 

Eg tykkjer det er skuffande at denne mogelegheita er teken vekk. Eg tykkjer dessutan at det er skuffande at det heller ikkje er mogeleg å leggje inn ein merknad (som ikkje treng å gjelde feil i avskrifta), slik som i andre kjelder. (Dette burde det vere mogeleg å opne for). Samstundes har eg forståing for at Arkivverket må bruke knappe løyvingar på ein mest mogeleg effektiv måte, men tykkjer etter kvart at sparetiltaka går litt vel langt.

 

Eg lurer på

 

Får de inn mange korrekturmeldingar for FT1910 samanlikna med andre kjelder?

Vil det bli opna for å leggje inn merknader?

Er det planar om å skanne folketeljinga?

Vil det (evt. etter skanning) bli opna for å leggje inn korrekturmeldingar i framtida?

Skal ein berre "drite" i det dersom ein finn feil som er heilt openberre, og som burde ha vore sjekka? (Eg tenkjer då ikkje på datofeil, som det er svært mange av i denne folketeljinga samanlikna med kjelder som FT1922 Bergen eller FT1923 Oslo). Eller vil det vere mogeleg å få nokon til å sjå på dette i heilt spesielle tilfelle, sjølv om ein ikkje har nokon yrkesmessig eller juridisk behov for å få feilen sjekka ut?

 

Sjå også innlegg #22 her: 

 

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg kan gjerne gjenta innlegget mitt frå tidlegare i kveld, jf. tråden som er nemnd i innlegg # 1 over:

 

Eit hjartesukk i samanhengen: Eg var i kveld inne i folketeljinga 1910 for Rauland herad, teljingskrins 1, Møsstrond (ført som Møsstrand i 1910). Under garden 0009 Kaavesand lever to huslydar, og den eine er innført med etternamn Fornes. Det rette er Førnes, eit velkjent gardsnamn på Møsstrond. Ein ø er tolka som o.

Eg prøvde å sende korrekturmelding på knappen for dette,  men etter 1. juli 2018 blir ikkje lenger endringar i folketeljingane fylgde opp fekk eg å lesa. Altfor mange korrekturmeldingar om feil i transkriberinga har vist seg å ikkje vera feil likevel. Arkivpersonalet har bruka tid på å slå opp i originalen, berre for å fastslå at originalen har same "feilen". Eg anar ikkje om dette står til truande, men det er iallfall grunngjevinga som er å lesa.

Ergerleg! Hadde eg oppdaga denne openberre transkriberingsfeilen for nokre dagar sidan, hadde meldinga mi blitt sjekka. No vil det visst for all framtid bli slik at dei som søkjer etter Førnes på Møsstrond ikkje vil finne huslyden på Kåvesand. Trist er det.

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er har vært veldig mange korrekturmeldinger i 1910-tellingen, og vi har kontrollert dem og rettet i de tilfelle vi skulle rette. Om det er flere inn i 1900 vet jeg ikke på stående fot, men det er mange.

 

Det er flere grunner til at det  blir ekstra mange innmeldte rettelser i 1910 telling. For det først er det den første tellingen der alle skulle ha oppgitt fødselsdato. Og det ble ikke alltid like nøyaktig. For det andre er den jo ikke skannet, og dermed famler jo alle i blinde med hensyn til om avvik er feil i digitaliseringen eller om det virkelig var slik det ble notert i 1910. 

 

Nei, det er ikke mulig å legge inn merknader. Vår erfaring er at de fleste ikke helt skiller mellom korrekturmelding og merknader, slik at vi hvis vi stenger det ene, blir det antagelig bare veldig mange av den andre sorten.

 

Nei, det er ikke noen plan for å skanne tellingen. Det skulle vært gjort i forbindelse med registrering, det ble ikke gjort, og dermed står vi her. Vi gjør ikke den feilen en gang til håper jeg. Å skanne er i dette tilfellet er kjempejobb, av samme grunn som det er så tidkrevende å kontrollere korrekturmeldinger. Den er veldig skjør og pakket slik at det er svært tidkrevende i jobbe med den. Vi vurderer det rett og slett slik at det ikke er viktig nok.

 

Man må rett og slett ta den søkbare tellingen for det den er, en god avskrift av en kilde som er vanskelig tilgjengelig. 

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Tone Merete Bruvik skrev:

Nei, det er ikke noen plan for å skanne tellingen. Det skulle vært gjort i forbindelse med registrering, det ble ikke gjort, og dermed står vi her. Vi gjør ikke den feilen en gang til håper jeg. Å skanne er i dette tilfellet er kjempejobb, av samme grunn som det er så tidkrevende å kontrollere korrekturmeldinger. Den er veldig skjør og pakket slik at det er svært tidkrevende i jobbe med den. Vi vurderer det rett og slett slik at det ikke er viktig nok.

 

For å nyansere dette ytterligere: Folketellinga 1910 burde ha vært skanna; det er lett å se i ettertid. Men det var aldri et alternativ, for arbeidet med transkribering av FT1910 startet tidlig på 2000-tallet, på et tidspunkt da planmessig skanning av arkivmateriale knapt var påtenkt. Planmessig skanning kom først i gang ved årsskiftet 2004/2005, og da var det kun snakk om skanning av mikrofilm. Ennå på det tidspunktet så man for seg ei produksjonslinje med mikrofilming først, og deretter skanning fra mikrofilm. Det var først ca. 2007 at mikrofilming ble lagt til side, slik at vi i 2008 så smått kom i gang med skanning direkte fra original.

 

Folketellinga 1910 ser ut til å kunne bli den eneste landsdekkende folketellinga som ikke er skanna. 1920, 1930 og 1950 er allerede skanna, i stor grad finansiert av forskningsprosjektet Historisk befolkningsregister.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for tilbakemeldingane.

 

Eg ser poenget med at det har lite for seg å bruke ressursar på å rette i FT1910 når det i dei fleste tilfelle likevel ikkje er feil i avskrifta. Men eg tykkjer at det likevel burde vere mogeleg å leggje inn merknader, slik som i dei andre kjeldene. Om det er slik at det store fleirtalet ikkje ser skilnad på korrektur og merknad er det jo mogeleg å lage ein plakat som tydeleggjer dette, og der ein evt. også må hake av for "Ja, eg har forstått skilnaden på korrektur og merknader, og at merknader til 1910 ikkje blir behandla", før ein får lov til å leggje inn merknaden. Slike merknader kan vere til nytte for andre brukarar enten det gjeld FT1910 eller andre kjelder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.