Jump to content
Arkivverket

Anna Christine Krogen alias Tina Crogan - fødd i Dane Co., WI i 1872 av foreldre frå Luster i Sogn - kan følgjast fram til Arkansas i 1920, men kvar vart det av ho?? - ei ny amerikansk utfordring!


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette emnet gjeld ei svigerinne til Walter Mikesell som vert drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223612-walter-mikesell-avliden-i-missouri-i-1953-var-gift-med-norske-ragnhild-krogen-«lena-crogan»-kven-kan-denne-mannen-vera-og-kva-tidkvar-gifte-han-seg-med-lena-ei-amerikansk-utfordring/

 

Christen Olson Krogen (1844) og kona Sophie Ellingsdotter Talle (1834), båe frå Luster, utvandra til Amerika i 1866 og busette seg i McFarland, Dane Co., WI der dei båe skal vera avlidne i året 1880 (ikkje stadfesta!).  Dei lét etter seg sju born i alderen 4-15 år, som truleg voks opp hjå dei to søskeni som faren hadde i Grant Co., WI,..  Mellom desse borni var:

 

Anna Christine Krogen, fødd i Dane Co., WI 14.11.1872.  Ho tok i ung alder namnet Tina eller Tena Crogan, og i 1900 finn me ho som hotellarbeidar i lag med to av søstrene (mellom anna Lena Crogan Mikesell) i Mason City, Cerro Gordo Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PCH-GGH

 

Tina og søsteri er nemnde i city directories frå Mason City, IA i fleire år, men forsvinn so frå Mason City, for på ny å dukka opp der kring 1913.  I 1915 forsvinn båe søstrene på ny, og me veit at Lena i 1916 gifte seg i Sapulpa, OK med Walter Mikesell.

 

I 1920 dukkar dei to søstrene opp i lag på ein farm i Springdale township, Washington Co., AR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6C-V3P

 

Då legg me merke til at Tina Crogan er oppført som DIVORCED.

 

Ifølgje slekt skal Tina ha butt i lag med Lena Mikesell i mange år og dei meinte Tina òg skulle vera flytt til Sheldon, Vernon Co., MO, men eg kan ikkje sjå noko til Tina der og finn heller ikkje nokon dødsattest for ho i Missouri!  Eg har ein gong sett ein kort obituary for Lena Mikesell frå 1950, og då er Tina IKKJE nemnd, so ho må med andre ord vera avlidi mellom 1920 og 1950!

 

Dersom det stemmer at Tina var skild før 1920, vil eg tru at ekteskapet hennar kan ha vore inngått ein gong mellom 1900 og 1913, og at ho tok attende jentenamnet sitt då ho vart skild og på ny dukka opp i Mason City, IA på den tidi!?

 

To store utfordringar kjem ut av dette emnet:

 

** Opplysningar om ekteskapet til Tina Crogan?  Kanskje finst ho i FT1910 som kona til ein eller annan...?

 

** Opplysningar om dødsfallet til Tina Crogan - mellom 1920 og 1950?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget!

 

Sanneleg står det i 1915 at Tina var single, so då hadde ho ikkje mykje tid til å gifta - og skilja - seg før 1920!

 

Her er forresten søsteri Lena i 1915, som budde på same adressa: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89PZ-22NF

 

Ei tredje søster, den eldste av dei alle, Andrea Johanna, kjend som Anna Crogan, fødd 1867, var òg der, men ho var ikkje snauare enn at ho ljugde over 20 år på alderen sin!  Då var både Tine og Lena meir «beskjedne»...: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89PZ-2J3C

Anna flytte attende til Wisconsin og d. ugift i Crawford Co., WI 21.9.1929 - då hadde ho teke att namnet Krogen!

 

Pussig er det forresten, eg finn ikkje nokon av dei i FT1910!

 

Eg ser forresten òg at eldste bror deira, Ole Krogen, døydde i Hickory Grove, Grant Co., WI 1.5.1935.

 

Og ein annan bror John Crogan døydde i Kansas City, MO 5.12.1939.

 

Kunne det vera ein tanke å leita etter obituaries for Anna, Ole og John for å sjå kva som står om søsteri Tina??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa utfordringi med Tina Crogan!

Link to comment
Share on other sites

19 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Kunne det vera ein tanke å leita etter obituaries for Anna, Ole og John for å sjå kva som står om søsteri Tina??

 

Fant kun denne - Kansas City Star Monday, Dec 18, 1939 Kansas City, MO Page 16

Kansas City Star Monday, Dec 18, 1939 Kansas City, MO Page 16.png

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget.

 

Eg hadde nok frykta for at ein obituary frå Kansas City, MO kunne vera heller «tunn», men følte eg kunne ikkje la freistnaden stå «ugjort»!

 

Det er so underleg at Tina ikkje kan finnast avlidi i Missouri endå om slekti påstår ho døydde der.  Kan ho ha gift seg (att) etter 1920 og vera avlidi under eit anna namn...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Dette har du i #1, men legger det inn her - for ordens skyld:

 

Tina Crogan

United States Census, 1920
Name Tina Crogan
Event Type Census
Event Date 1920
Event Place Springdale, Washington, Arkansas, United States
Gender Female
Age 37
Marital Status Divorced
Race White
Race (Original) White
Can Read Yes
Can Write Yes
Relationship to Head of Household Sister-in-law
Relationship to Head of Household (Original) Sister-in-law
Birth Year (Estimated) 1883
Birthplace Wisconsin
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Sheet Letter A
Sheet Number 3
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
W M Mikesell Head M 50 Iowa
Lena Mikesell Wife F 48 Wisconsin
Tina Crogan Sister-in-law F 37 Wisconsin

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6C-V3P?i=4&cc=1488411

 

 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.