Jump to content
Arkivverket

Christen (1863) og Christopher (1868) Johannessøner Søvde (Kleivi) - frå Luster til Amerika på 1880-talet - truleg til Chicago, IL, men sidan vidare til Minnesota og California? - ei svært «mystisk» utvandrarsoge!


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Tidleg på 1980-talet intervjua eg norske etterkomarar etter Johannes Christenson (1819-1907) og kona Anna Monsdotter (1828-1881), som fram til garden deira vart seld på tvangsauksjon i 1880, hadde vore gardbrukarar på Kleivi, eit bruk av garden Søvde i Dale sokn i Luster.  Dei kunne då fortelja meg følgjande om dei to sønene etter Johannes og Anna som tvandra til Amerika:

 

* Christen Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 17.4.1863, utvandra til Amerika i 1884, skal ha busett seg i Chicago, IL der han gifte seg, men kona døydde barnlaus, og Christen flytte som enkjemann til Minneapolis, MN der han skal vera avliden...

 

* Christopher Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 7.5.1868, utvandra til Amerika i 1889 og skal òg ha busett seg i Chicago, IL.  Han gifte seg òg, og med kona som dei ikkje kjente namnet til, flytte han til Pomona, CA der dei båe døydde.  Dei hadde ingen born.

 

Når eg no etter so mange år freistar gripa tak i desse brørne att for å greia ut biografiane deira, råkar eg på skikkelege utfordringar:

 

* Christen Johannesson Søvde ser eg absolutt ikkje noko til.  Ei ekstra utfordring er det at me har fleire personar med same namn som òg hadde tilknytting til Luster, mellom anna ein Christen Christopherson Søvde (1865-1931) som attpåtil gifte seg i Chicago, IL i 1896 og budde der nokre år før han flytte til Washington state.  Den einaste eg ser som KAN vera Christen Johannesson, er ein Christian J. SOVD som er nemnd «coachman» og innskriven i Minneapolis city directory frå 1894 busett på 2303 Park Avenue: https://www.ancestry.com/interactive/2469/13545871?pid=821215215&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D821215215%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11799%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11799&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

* Christopher Johannesson Søvde finn eg derimot att, men ikkje før i FT1910, og då er han gift med ei Agnes, og dei er alt komne til Pomona, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVG-RM3

Her er dei òg i FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6X-9D2

og i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR4F-N7Q

I 1940 er Christopher vorten enkjemann: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MT-F3F2

 

Hjå ancestry finn eg dessutan eit family tree som inneheld Christopher, og der går det fram at kona hans heitte Agnes Barbara Slebiska, og ho var fødd i Winneshiek Co., IA 20.1.1870 av «Bohemian« foreldre.  Agnes var i 1900 framleis ugift, men då busett i Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-68DV-YH

 

Agnes Sovde døydde i Los Angeles Co., CA 26.12.1939, medan Christopher Sovde døydde same staden 16.7.1953.

 

Dei store utfordringane i denne huslyden kan oppsummerast slik:

 

** Opplysningar om Christen Johannesson Søvde, fødd 1863, etter han utvandra i 1884?

 

** Dato og stad for vigsli til Chrístopher Søvde med Agnes Barbara Slebiska?

 

Kan det tenkjast, sidan me ikkje ser noko som helst til Christen, og Christopher ikkje dukkar opp før i 1910 med ei noko «merkeleg» skrivemåte av namnet sitt (Sode?). at dei kan ha nytta eit anna namn i Amerika?  Kanskje Kleven?  Kanskje Johnson?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse brørne?

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp

Jeg har ikke klart å finne Christopher før 1910, men er det han som giftet seg på nytt i 1943? Alderen stemmer ikke helt, men han var bosatt i Pomona:

 

San Bernardino Sun, Volume 50, 15 September 1943

1684439689_Skjermbilde2018-07-07kl_18_02_24.png.2a993271c8aaaef193b6f9690ec16390.png

 

https://cdnc.ucr.edu/cgi-bin/cdnc?a=d&d=SBS19430915.1.9&srpos=1&e=-------en--20--1--txt-txIN-christopher+sovde-------1

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for nye fantastiske innlegg!  Eg er skikkeleg imponert!

 

Kven kunne vel gissa på at desse brørne skifte namn frå Sovde til Sode??  Rett nok vart Christopher òg kalla Sode i 1910, men eg tenkte berre det var ei feilskriving...

 

Og no fann eg ogso Christen i 1910, og for å vera heilt på den «sikre» sida, so har dei greid å sortera mannen under namnet LODE: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVZ-874

 

I 1910 er kona kalla Helen, og interessant er det å sjå at dei skal ha vore gifte i 16 år!  Mon tru kva namn dei er gifte under og kvar...  Ehg finn ikkje noion i Chicago, IL som høver...

 

Her er forresten dødsattesten til kona, som ved det høvet er kalla for Mathilde;

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Name    Mathilda Sode
Event Type    Death
Event Date    19 Feb 1930
Event Place    Chicago, Cook, Illinois, United States                        
Address    2725 Iowa
Gender    Female
Age    59
Marital Status    Married
Race    White
Occupation    Housewife
Birth Date    25 Jun 1870
Birthplace    Mürsen, , Norway
Funeral Home    E C Haususann
Burial Date    21 Feb 1930
Burial Place    Chicago, , Illinois
Cemetery    Mt Olive
Father's Name    Johannes Nelson
Spouse's Name    Christ Sode
Informant's Name    Christ Sode
Entry Number    5198

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Kvar kan no «Mürsen, Norway» vera??

 

Framleis sit desse brørne og gøymer på diverse opplysningar som me gjerne skulle hatt tak i...

 

** Kvar kan dei ha vore i 1900?

 

** Og dato og stad for båe vigslene?

 

Eg fann elles ut at andre kona til Christopher, Elsie Marie, var fødd i Indiana 19.10.1887.  Jentenamnet hennar var Van Sant, men ho hadde i mellomtidi òg vore gift med ein Philo Marcus Crawe som i 1940 dreiv bensinstasjon i San Bernardino Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9MT-F3D6

 

Elsie Sovde døydde i South Gate, Los Angeles Co., CA 26.5.1972.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja lagnadane til desse brørne i Amerika!

Link to post
Share on other sites
Stine H Kvistad
23 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Dato og stad for vigsli til Chrístopher Søvde med Agnes Barbara Slebiska?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939Z-BN9M-JW?i=222&cc=1804002

 

Name Christopher Forde
Event Type Marriage
Event Date 18 Oct 1901
Event Place Los Angeles, California, United States
Gender Male
Age 32
Birth Year (Estimated) 1869
Spouse's Name Agnes Slabiska
Spouse's Age 32
Spouse's Gender Female
Spouse's Birth Year (Estimated) 1869
Link to post
Share on other sites
Stine H Kvistad
13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Kvar kan dei ha vore i 1900?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6GTW-2HB?i=20&cc=1325221

 

 

United States Census, 1900
Name Christ Sode
Event Type Census
Event Year 1900
Event Place San Jose Township Pamona city Ward 5, Los Angeles, California, United States
Gender Male
Age 27
Marital Status Single
Race White
Race (Original) W
Relationship to Head of Household Boarder
Relationship to Head of Household (Original) Boarder
Birth Date May 1873
Birthplace Norway
Immigration Year 1891
Father's Birthplace Norway
Mother's Birthplace Norway
Link to post
Share on other sites
Stine H Kvistad

??

 

Name Christ C. Sovda Or Sovde
Age 29
Birth Year (Estimated) 1867
Birth Date 1867
Spouse's Name Hannah M. Moord
Spouse's Age 22
Spouse's Birth Year (Estimated) 1874
Spouse's Birth Date 1874
License Type Marriage
Event Date 24 Aug 1896
Event Place Chicago, Cook, Illinois
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for fantastiske og kjempespennande innlegg!  Eg er imponert!

 

Du fann altso Christopher gift i Los Angeles, CA i 1901, og han var alt komen dit i 1900.  Sidan Agnes i 1900 framleis budde i Chicago, IL, vil eg gissa på at dei vart kjende der og at han sende «bod» etter ho etter at han sjølv hadde «prøvd ut» livet i Pomona, CA!?

 

Med omsyn til vigsli til Christ Sovde i Chicago, IL som du nemner i innlegg #8, so er det diverre «dobbeltgjengaren» som eg kort nemnde i innlegg #1.  Eg trur nok at ogso «vår» Christen kan ha gift seg i Chicago, IL om lag på same tid (16 år før 1910!), men kva for eit «fantasifullt» namn kan han ha nytta?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Stine for siste innlegget frå i ettermiddag!

 

Jau, det kan vel ikkje vera mykje tvil om at du har finne Christen og Mathilda i FT1900.  Eg ser at Christen kalla seg Christopher, og han har ljuge litt på alderen, men det MÅ vera han.  Dei hadde vore gifte i åtte år, og Mathilda skal vera fødd i juli 1869.

 

Eg har tinga ein kopi av båe dødsattestane, og kanskje særleg er eg spent på den for Mathilde, om skal greia identifisera ho...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Eg har i dag motteke kopiar av dødsattestane til Mathilde og Christian Sode.  Av ein eller annan grunn fekk eg ikkje lasta opp båe, men her er i alle fall den viktigaste, Mathilde Sode:

 

Den oppgjev mellom anna følgjande:

 

* fødestad Mürsen, Norway! - kva kan no det vera for ein stad?

 

* fødselsdato 25.6.1870

 

* far: Johannes Nelson

 

* kor lenge i Chicago og i US - 35 år

 

Desse opplysningane harmonerer godt med dei som er attgjevne i innlegg #5 over!

 

Men kven var no denne Mathilde - som i 1900 og ved dødsfallet i 1920 er kalla Mathilde, medan ho i 1910 er kalla Helen og i 1920 Ellen?

 

Me har til dels store «sprik» ogso når det gjeld utvandringsåret hennar, og me veit ikkje om ho kom i lag med foreldri sine...

 

Kanskje vi eg freista eit eige tema basert på denne fødestaden «Mürsen».  Kanskje ein eller annan får «assosiasjonar»?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
  • 2 weeks later...
Egil Johannessen

* Christian Sode, d. Minneapolis, MN 17.6.1941 (frå Chicago, IL)

 

The Minneapolis Star (Minneapolis, Minnesota) 20 Jun 1941, Friday, Page 17

The Minneapolis Star (Minneapolis, Minnesota) 20 Jun 1941, Friday, Page 17.jpg

 

Star Tribune (Minneapolis, Minnesota) 19 Jun 1941, Thursday, Page 21

Star Tribune (Minneapolis, Minnesota) 19 Jun 1941, Thursday, Page 21.jpg

Edited by Egil Johannessen
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for denne dødsnotisen for Christian Sode frå Minneapolis, MN.

 

Eg ser Christian budde på same hotellet i Minneapolis, MN som han budde på alt i 1935.  Elles er det nok lite å henta hjå gravferdsbyrået.  Mathilda var avlidi mange år før, og dei var barnlause...

 

Eg vonar framleis at ein eller annan greier å identifisera Mathilda og opphavet hennar og takkar på ny ny so mykje for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
  • 1 year later...
Lars E. Øyane

Eg ønskjer i kveld å henta fram att denne debatten frå i fjor der eg no har sjekka fleire kjelder og sett opp eit oppdatert manuskript for desse brørne frå Luster.  Men framleis sit me att med eit par kjempeutfordringar:

 

** Dato og stad for vigsli til Christian Sode og Mathilde/Helene Nelson kring 1892/1894?

 

** Det norske opphavet til Mathilde/Helene - dotter av Johannes Nilsson - fødd 1869/1870 - Mürsen, Norway?

 

Her følgjer det oppdaterte manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

 3. Christen Johannesson, f. 17.4.1863,

Christian Sode utvandra til Amerika i 1884 og gifte seg

 

##### (date and place of his marriage? - 1892/1894?)

 

med Mathilde Helene

 

##### (born Norway July 1869? - June 25, 1870? - born «Mürsen», Norway - father: Johannes Nelson)

 

Christian var tømmerarbeidar («lumber worker»), og han og Mathilda budde i Chicago, Cook Co., Ill. der Mathilda d. 19.2.1930.  Som enkjemann flytte Christian Sode til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der han d. 17.6.1941.  Dei var barnlause.

 6. Christopher Johannesson, f. 7.5.1868,

Christopher Sode, sidan kjend som Christopher Sovde, utvandra til Amerika i 1889 og budde òg ei tid i Chicago, Cook Co., Ill., men flytte kring 1899 til Pomona, Cal. og gifte seg første gongen i Los Angeles, Cal. 18.10.1901 med Agnes Barbara Slabiska, f. Winneshiek Co., Ia. 20.1.1870.  Dei vart buande i Pomona, Los Angeles Co., Cal. der dei var appelsinfarmarar («orange farmers»).  Agnes d. i Pomona, Cal. 26.12.1939, og Christopher gifte seg att

 

##### (date and place of his 2nd marriage? - marriage license issued San Bernardino Co., CA – announced Sep. 15, 1943)

 

med Elsie Marie Crawe, f. Van Sant, f. i

 

##### (place of her birth? - Indiana!)

 

19.10.1887. 

 

##### (she married 1st 1907/1908 Harry Van Deusen - a building engineer – res. 1930 East Orange, Essex Co., NJ with two children - apparently remarried (1940 res. Ontario, San Bernardino, CA) Philo Marcus Crawe, service station owner – born Earlville, Madison or Chenango Co., NY May 29, 1890, d. Watertown, NY 7.5.1955  - res. 1935 – he at Adam, Jefferson Co., NY – she at Huntington Park, Los Angeles Co., CA – had granddaughter Joan Marlar, born 1932 CA – res. 1935 at Long Beach, CA)

 

Christopher d. i Pomona, Cal. 16.7.1953, medan Elsie Sovde d. i South Gate, Cal. 26.5.1972.  Christopher fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre kona Elsie hadde to born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.