Jump to content
Arkivverket

Brigt eller Ingebrigt Sjurson frå Bergsnes i Strandebarm (1832) gift i Bergen 1858 med Christi(ne) Andersdotter frå Luster (1823) - flytte til Skånevik og sidan til Fjelberg - fleire detaljar om dei?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Me finn denne vigsli i Krosskyrkja i Bergen 5.4.1858:

 

Ingebrigt Sjurson Bergsnes, fødd i Strandebarm 4.8.1832, smedsvein, og Christi Andersdotter (Qvale), fødd i Luster 1822

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000948969

https://media.digitalarkivet.no/view/8345/88

 

Kyrkjeboki for Strandebarm syner at Ingebrigt er døypt under namnet Brigt Sjurson: https://media.digitalarkivet.no/view/11682/40

 

Men då han vart konfirmert i Strandebarm i 1849, heitte han Ingebrigt Sjurson: https://media.digitalarkivet.no/view/8305/179

 

Kanskje har han «adoptert» Ingebrigt-namnet undervegs?  Finst det kan henda ei bygdebok for Strandebarm som har opplysningar om denne huslyden?

 

Uansett: Den store utfordringi her er følgjande:  Kvar vart det av Ingebrigt og Christi etter dei gifte seg i Bergen våren 1858?

 

Eg ser ingen born fødde korkje i Bergen eller andre stadar i Noreg, og eg lurer på om dei straks etter vigsli i april 1858 kan ha «hoppa på» ei seglskute og utvandra til Amerika?

 

Til orientering hadde Christi to søstrer:

 

* Anna Andersdotter (1818-1878) - gifte seg med Lars Narveson (Skildum) og utvandra i 1861 til Columbia Co., WI

* Susanna Andersdotter (1825-1912) - gifte seg i 1856 med Peder Friis i Flakstad og budde der levetidi ut.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Ingebrigt og Christi!

 

NBNB: Tematitelen er vorten endra etter at denne huslyden vart oppdaga i Skånevik og sidan i Fjelberg!!  Innhaldet elles er stort sett uendra!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Henning for eit vidunderleg innlegg!  Eg har tydeleg vore altfor mykje fokusert på å leita etter desse folki under namnet Brigt Sjurson og særleg i Amerika, sidan eg ikkje kunne finna barnefødsler for dei nokon stad i Noreg!

 

So denne smeden på Nausthammaren i Skånevik hadde eg heilt oversett!

 

Det ser for meg ut som om Nausthammaren er ein husmannsplass under garden Vågen i Skånevik, og sovidt eg veit, skal det finnast gode bygdebøker for Skånevik.  Er det mogeleg å få greie på kva som der er skrive om dette parfolket?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å kartleggja denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth for eit kjempeflott innlegg!

 

Det er nok ikkje so enkelt å halda «styr» på denne huslyden so lenge som dei tydeleg ikkje hadde born og godt kan ha flytt både ein og fleire gonger frå Skånevik før dei hamna på Kvitevold i Fjelberg(?).

 

Eg ser at Kristine i 1910 hadde vorte enkje på Kvitevold: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036663003343

 

Og då ser eg at Ingebrigt Sjurson døydde som kårmann på Kvitevold 22.8.1908: https://media.digitalarkivet.no/view/2125/183

 

Kristine ser ut til å ha vore i live i 1918 då bøkene sluttar...

 

Men kanskje kan bygdeboki for Fjelberg no bidra med litt hjelp?

 

Eg har endra på tematitelen slik at andre brukarar vert merksame på flyttingane til Skånevik og Fjelberg!

 

Her følgjer eit lite manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Christi Andersdotter {Heltne}, f. {i Luster} kring 1823,

Christine Andersdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 5.4.1858 gifte seg i Krosskyrkja med Brigt Sjurson frå Berge i Strandebarm.  Han var son av husmann Sjur Johnson på Bergsneset under Berge ytre i Strandebarm og kona Anna Brigtsdotter frå Bjerke i Kvam og f. i Strandebarm 4.8.1832.  Ingebrigt var ei tid smedsvein i Bergen, men kring 1860 flytte han og Christine til Skånevik der dei busette seg som husmannfolk på Nausthammaren under Vågen, samstundes som Ingebrigt livnærte seg som smed.  Men i

 

##### (kva år?)

 

flytte Ingebrigt og Christine til Kvitevold i Fjelberg der dei vart buande som gardbrukarar og sidan som kårfolk levetidi ut.  Ingebrigt d. som kårmann på Kvitevold 22.8.1908, medan Christine d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910!)

 

Dei var barnlause.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne kjempegåta!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Marie Skålnes

Ifølge Skåneviksoga forliste Ingebrikt med "Folgefonden" i 1908. Han var på veg til Åkra for å gjera noko arbeid på eit fartøy. Han fekk foten fast i riggen og kom seg ikkje laus.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Marie for ein interessant merknad!

 

Slike opplysningar bidreg jo alltid til å «krydra» soga lite vetta...

 

Men at dette står i Skåneviksboki...!?  Han hadde jo då alt i mange år butt i Fjelberg!?

 

Eg er framleis spent på kva som måtte stå om flyttingane til dette parfolket og om dødsfallet til Christine, og takkar endå ein gong for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Marie Skålnes

Det står at dei flytta til Skånevik i 1860, men blei ikkje der så mange år før dei flytta til Halsnøy, ikkje noko årstal.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Marie for siste innlegget!

 

Det er aldri so enkelt å fastslå kva tid folk flytte når dei ikkje har barnefødsler å halda seg til, men eg reknar med at FT1875 vil avsløra at Ingebrigt då var komen til Kvitevold, som, om eg forstår deg rett, Marie, må liggja på Halsnøy...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand når det gjeld denne huslyden!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Marie for stadfestingi av bustaden.

 

Då veit me at dei busette seg på Kvitevold i alle fall før 1875, men eg vonar framleis det kan finnast ei bygdebok som har fleire detaljar om dette og ikkje minst som nemner dødsfallet til Christine.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.