Gå til innhold
Arkivverket

Johan Johnsen (Hervig) (1836-1913) - frå Beitstaden - los i Bergen - gift to gongar - første kona frå Hafslo and den andre frå Värmland - fleire opplysningar om huslyden hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att tema #21025 frå det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/106746-21025-johan-johnsen-hervig-f-beitstaden-1836-matros-i-bergen-og-so-amerika/

 

Me greidde den gongen aldri å komma skikkeleg «til mål» med denne huslyden, men med hjelp av «moderne hjelpemiddel» er det no mogeleg å komma i alle fall litt vidare...  Det er likevel slik at eg står fast på ein del detaljar, og no vonar eg på lite vetta hjelp av ekspertane i Brukarforum til å løysa nokre av desse «flokene»...

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #12 under!

 

Pussig nok er denne eldste sonen som Johan fekk med Maria frå Hafslo, ikkje nemnd i dødsmeldingi hans frå Bergen frå 1913, utan at eg har noki forklaring på dette, men det er ingen tvil om at me har «rett son»: https://media.digitalarkivet.no/view/27859/232

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Martin Johansen Bartnes (f. i Bergen 18/11-1868, d. i Bartnes, Beitstad 4/8-1929), giftet seg 1/11-1887 med Karen Marta Mikalsdatter (f. 11/5-1860 i Beitstad, d. 17/7-1930 i Bartnes, Beitstad). Hennes foreldre Mikal Andreas Svendsen (sønn av Svend Erichsen fra Tolga i Hedmark og Marit Arntsdatter Ressem fra Beitstad) og Peteranna Margrete Christiansdatter (datter av Christian Jørgensen Røsæg fra Følling og Kirsti Pedersdatter Østbye fra Egge)

 

 

 Johan Martin og Karen Marta fikk 7 døtre:

 

            * Marianne, f. i Beitstad 2.3.1895, d. i Henning 20.6.1972. Gift med Anton Elias Langli  

 

            * Julie Bertine, f. i Beitstad 24.4.1897, d. i Steinkjer 22.1.1975. Gift med Johannes Johnsen Skjelvåg

 

            * Petra Emilie, f. i Beitstad 5.6.1899, d. i Beitstad 17.3.1971

 

            * Margot Kristine, f. i Beitstad 28.12.1901, d. i Malm 6.11.1977. Gift med Ole Marius Løe   

 

            * Eline Justine, f. i Beitstad 24.1.1888, d. i Malm 29.10.1976. Gift med  Ole Peter Petersen/Knudtsen   

 

            * Paulianna, f. i Beitstad 24.4.1890, d. i Beitstad 30.1.1972

 

            * Jenny Marie, f. i Beitstad 25.12.1891, d. i Beitstad 7.1.1966.  Gift med Einar Edvin Karlsen Stamnes

 

 

Endret av Jan Aage Nyborg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi Elisabeth, Jan Aage of Ann-Mary for mange spennande og nyttige innlegg, og takk ogso til Jan Aage for direkte meldingar

 

Eg har no sete og studert denne huslyden, og eg ser at eg har fått svar på so å seia alt eg mangla for manuskriptet mitt!  Det som no står att som «hovudutfordringar», er følgjande:

 

** Dødsfallet til Marie Johannesdotter?  Eg ser at du Jan Aage nemner ei Marie Johannesdotter som skal vera gravlagd frå Krosskyrkja i Bergen 30.12.1873 som almisselem på 40 år.  No finn ikkje eg noki slik person i Bergenskjeldene, og dessutan er det vel so at «vår» Marie framleis levde i 1875, då huslyden heldt til på Nordherø i Herøy, sjølv om namnet hennar er noko «korrupt» - jmf. FT1875:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052413003048

 

** Opphavet til andre kona Johanna Jonasdotter frå Kila i Värmlands län i Sverige?

 

Johan Johnson (Hervig) la fram skifteattest etter første kona si då han i 1882 gifte seg att med Johanna Jonasdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/7171/152

men sonen hans med Marie, Johan Martin, ser me ikkje noko meir til i Bergen; han er ikkje ein gong nemnd i dødsmeldingi etter Johan frå 1913!

 

Derimot er Johan Martin tydeleg oppvaksen i Beitstaden, for der vart han konfirmert i 1885 med bustad Renden: https://media.digitalarkivet.no/view/6581/80

 

Eg vil gissa på at dødsfallet til mori Marie først og fremst må søkjast i Beitstaden eller kanskje i Herøy?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript som erstattar manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Maria Johannesdotter {Lad}, f. {i Hafslo} 23.3.1831,

Maria Johannesdotter flytte i ung alder til Bergen der ho 18.2.1866 gifte seg i Nykyrkja med Johan Johnson frå Hervig i Beitstaden, kjend som Johan Hervig.  Han var son av gardbrukar John Nilsson på Hervig, opphavleg frå Melhus i Beitstaden, og kona Beret Johansdotter frå Elnan og f. i Beitstaden 20.8.1836.  Johan var matros og sidan skippar.  Parfolket budde fleire stadar, m.a. i Bergen og på Nordherø i Herøy, men Maria d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – kring 1877? – kan henda i Herøy eller Beitstaden?)

 

og Johan gifte seg att i Sandvikskyrkja i Bergen 3.8.1882 med Johanna Jonasdotter frå Kila i Värmlands län, Sverige.  Ho var dotter av gardbrukar Jonas Olson

 

##### (fulle namn på foreldri med bustad (Vestre Takene?) og opphav? – sjekka fødselsdatoen til Johanna?)

 

og f. i Kila sokn i Värmlands län 27.12.1846.  Johan og Johanna vart buande i Bergen der Johan sidan livnærte seg som dampskipslos.  Han d. som los i Bergen 29.11.1913, medan Johanna d. som losenkje same staden 31.5.1915.  Me kjenner til to søner etter Johan; ein av dei var frå første ekteskapet med Maria:

 

##### (kan det ha vore fleire born i huslyden? – frå andre ekteskap:

       * Karl Johan, f. FØ, Bergen 4.4.1879 – faren var Albert Lysholmen – Johanna var mori!!

       * Rudolf Joachim, f. SK, Bergen 5.2.1882)

 

a. Johan Martin, kjend som Martin Johansen Bartnes, f. i Bergen 18.11.1868, d. på Bartnes i Beitstaden 4.8.1929.  Martin gifte seg i Beitstaden 1.11.1887 med Karen Martha Mikalsdotter frå Haugen under Kjelset i Beitstaden, f. i Beitstaden 11.5.1860.  Ho d. i Steinkjer 17.7.1930.  Martin var gards- og skogsarbeidar, og han og Karen busette seg som husmannsfolk på plassen Rauka under Bartnes i Beitstaden.  Dei fekk sju døtrer i lag.

 

     ##### (døtrene:

            * Eline Justine, f. i Beitstaden 24.1.1888, d. Malm 29.10.1976

            * Paulianna, f. i Beitstaden 24.4.1890, d. Beitstaden 30.1.1972

            * Jenny Marie, f. i Beitstaden 25.12.1891, d. Beitstaden 7.1.1966

            * Marianne, f. i Beitstaden 2.3.1895, d. Henning 20.6.1972

            * Julie Bertine, f. i Beitstaden 24.4.1897, d. Steinkjer 22.1.1975

            * Petra Emilie, f. i Beitstaden 5.6.1899, d. Beitstaden 17.3.1971

            * Margot Kristine, f. i Beitstaden 28.12.1901, d. Malm 6.11.1977)

 

~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan Aage for siste innlegget som gjeld opphavet til Johanna Jonasdotter!

 

So vidt eg tolkar dette, var Johanna og likeins søskeni og mor hennar, Lena Andersdotter, fødde på Västra Takene som synest vera ein større gard i Kila socken?

 

Men kva med faren Jonas Olsson.  Kvar var han fødd?  Er Bro Skjolde òg ein større gard i Kila socken?

 

Med denne utfordringi (nesten) løyst, sit me no att med lagnaden til Marie Johannesdotter.  Kva i all verdi kan ha skjedd med ho?

 

Eg takkar endå ein gong for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jan Aage for siste innlegget om opphavet til Jonas Olsson.  Då er det «på plass»!

 

Då er det berre lagnaden til Marie Johannesdotter som står att, og det ville gle meg mykje om det kjem for ein dag kvar det vart av ho!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.