Gå til innhold
Arkivverket

Unni Larsdotter (1752) og Sjur Jensson (1794) - mor og son - forsvinn frå Luster kort etter 1801 - kvar i all verdi vart det av dei? - ytre Sogn? - Bergen? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Jens Sjurson (1740-1800) var husmann på Tadlagjerdet under garden Heltne i Luster, den EINASTE bustaden i Luster der soli ALDRI når fram til stovehuset, sjølv ikkje midt på sommaren.  Første kona hans døydde barnlaus i 1791, og han gifte seg i 1792 att med:

 

Unni Larsdotter, fødd på Prestegard i Hafslo kring 1752.  Dei fekk en son i lag:

 

* Sjur Jensson, døypt i Luster 19.12.1794.

 

FT1801 syner mor og son som plassfolk under Heltne (mori med feil farsnamn Sjursdotter - skal vera Larsdotter!):

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398000108

 

Men Unni treivst nok ikkje i den evige skuggen, og i 1802 fekk ein ny husmann feste på plassen, medan Unni og Sjur flytte herifrå.

 

Det har ikkje vore mogeleg å finna ut kvar mor og son flytte i 1802.  Eg ser ikkje noko meir til dei korkje i Luster eller i Hafslo, so no ber eg Brukarforum om hjelp til å leita etter dei?

 

Ein kompliserande faktor her er at det finst fleire personar lokalt med namnet Sjur Jensson, nemlig:

 

* Sjur Jensson (1792-1878), i 1801 busett på Bergheim i Luster, vart buande levetidi ut på Bergheim og døydde der.

 

* Sjur Jensson (1797-1862), i 1801 busett på Nes i Luster, vart buande levetidi ut på Nes og døydde der.

 

Kanskje flytte mor og son til ytre Sogn?  Eller fór dei til Bergen?

 

Redigert: Eg har no etter ein ekstra «sjekk» oppdaga at i tillegg til dei to andre personane med dette namnet i Luster (Bergheim i 1809 og Nes i 1815), vart ogso ein Sjur Jensson Vigdal konfirmert i Luster i 1812, 16 år gamal, og det er nok mykje som tyder på at dette er «vår» Sjur: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/65

 

Og truleg er det same karen som i 1865 var ugift legdekall på garden Rønnei i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005270

 

Men eg har ikkje registrert noko dødsfall korkje for Sjur eller mori i Luster - merkeleg!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for eit interessant og utfordrande innlegg!

 

Eg trur so absolutt at du har rett.  Dette kan jo ikkje vera nokon av dei andre to personane med dette namnet i Luster...  Kanskje levde Sjur Jensson eit ganske so «anonymt» liv i Luster, men som sagt; eg kan ikkje sjå at han døydde her...  Og mori ser me heller ikkje noko til...!  Kan Sjur ha vore «bortsett» på sine eldre dagar?  Kan henda i ytre Sogn?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å skaffa oversyn over denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Jens Sjurson (1740-1800) var husmann på Tadlagjerdet

 

Er dette skiftet etter Jens?

Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn, Skifteprotokoll nr. A 11b (1800-1805), Skifteprotokollside, Side 502-503 - venstre side, kolonne 3: 
https://media.digitalarkivet.no/view/24145/62

 

Er Hans Pedersen Wigdahl nevnt i skiftet? - her i f.t. 1801 for Luster:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398000362

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste meldingi!

 

Jau, du har finne skiftet etter Jens Sjurson på Tadlagjerdet, men eg er jamen glad eg i si tid kunne lesa originalprotokollen!  Den skrifti er jo berre heilt forferdeleg, men me greier å lesa at Unni og sonen Sjur var ervingane hans.

 

Det ville vel ikkje vera so urimeleg at storbonden Hans Pederson Wigdahl er nemnd i skiftet.  Vigdals-garden ligg ikkje so langt unna...

 

Elles har eg no sjølv truleg finne gravferdi til Unni Larsdotter!  Det må no vel vera denne Unni Larsdotter på 53 år som vart gravlagd i Hafslo 22.8.1802 (sjå tredje spalte litt nedanfor midten!): https://media.digitalarkivet.no/view/1992/154

 

Og her må det meldast inn ein feil til Digitalarkivet, for ser me på lista over gravferder i Hafslo prestegjeld for 1802: https://www.digitalarkivet.no/search/79/1992?forenamn=&etternamn=&kjonn=&rolle=&stilling_stand=&bustad=&fodestad=&fodselsdato=&fodselsaar=&dodsaar=&dodsdato=&aarsak=&aar=1802&grdato=&jfdato=&sokn_kyrkje=&merknader=&laekjar=&meldt=&meldar=

 

vil ein oppdaga at ingen gravferder er innmelde mellom 4.7.1802 og 3.10.1802; dei 22 gravferdene i nemnde kyrkjebokspalte er rett og slett «gløymde»!  Eg vil tru at dette må ha skjedd då ein freelancearbeidar ved Statsarkivet i Bergen tok på seg å databaseregistrera kyrkebøkene for Hafslo tidleg på 1980-talet!

 

Dette tyder samstundes at problemet kring Unni Larsdtter no er løyst, bortsett ifrå at me framleis saknar dødsfallet til sonen Sjur Jensson...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til oppklaring av denne utfordringi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Etter at eg i dag frå Statsarkivet mottok ei liste over fangar på Bergenhus festning frå 1830, vil eg gjerne få henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» sidan i fjor sommar.

 

Her kjem det nemlig fram opplysningar om at Sjur Jensson Kalhagebakken eller Gjeldene sat inne for andre gongs tjuveri frå 1825 til 1830, so då veit me han levde då, men den seinare lagnaden hans er framleis eit mysterium.

 

Her følgjer eit manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Jens Sjurson Tallegjerdet, opphavleg frå Gjellene under Rønnei, vart døypt 24.3.1740 og vart gravlagd frå Tadlagjerdet 30.3.1800.  Han gifte seg første gongen 10.2.1770 med Synneva Andersdotter frå Lunden under Rønnei.  Ho vart døypt 29.12.1740, men vart gravlagd frå Lunden 21.8.1791.  Jens vart so trulova andre gongen (vigsledatoen vantar) 29.5.1792 med Unni Larsdotter frå Prestegard i Hafslo, f. i Hafslo kring 1752.  Ho vart gravlagd i Hafslo 22.8.1802.  Jens Sjurson var først i mange år husmann i Lunden under Rønnei og budde visstnok òg ei tid i Kalhagebakken under Rønnei.  I 1797 flytte han so til ein plass under Vigdalen, og derifrå bytte han seg kring 1799 hit til Tadlagjerdet.  Det var ikkje lenge Jens levde etter han kom hit, og våren 1802 flytte Unni som enkje attende til Hafslo.  Jens på Tadlagjerdet fekk tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre:

 1. Anders Jensson (1769‑før 1797), ugift.

 2. Ole Jensson (1773‑før 1797), likeins ugift.

 3. Sjur Jensson, døypt 19.12.1794, voks opp i Luster og tente på Haugen i 1815.

Men Sjur Jensson vart 21.4.1825 innsett på slaveriet på Bergenhus festning i Bergen for andre gongs tjuveri og sat inne i fem år til han slepte ut 21.4.1830.

 

##### (seinare lagnad - kom ikkje attende til Luster det eg veit!)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det hadde vore svært so kjekt å finna ut kva som skjedde med Sjur, og eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne kjempegåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den Norske Rigstidende 15. mars 1832.

Sjur Jensen Kalhagebakken i 1831 ble dømt for 3. gangs tyveri og til straffearbeid på livstid.

sjur jensen kalhagebakken.jpg

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.