Jump to content
Arkivverket

Bygdebokoppslag Naustdal i Førde - Fimmeland, please?


Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg syner til følgjande dåp i Førde;

 

Petrine Nicoline Randolphine, fødd 21.5. og døypt 24.5.1858 av foreldri kjøpmann Peter Nicolai Heide frå Ålesund og Nicoline Bendiksdotter Fimmeland: https://media.digitalarkivet.no/view/11638/201

 

Eg er ikkje sikker, men eg reknar med at dette er mori: Nicoline Marie, fødd 22.4. og døypt 25.4.1829 i Førde av husmann Bendik Nilsson på Fimmeland og kona Christiane Olsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11407/65

 

Er det mogeleg å få gjort eit oppslag i bygdeboki fpor Naustdal for ån sjå etter:

 

* Har eg finne rett barnemor?

 

* Kva heitte husmannsplassen under Fimmeland der denne huslyden budde?

 

* Står det elles noko meir om lagnadane til Nicoline og dotteri Petrine?

 

Eg kan leggja til at Petrine vart «adoptert» av kunstmålar Anders G. Wigdahl i Bergen og tok livet sitt ved drukning i Puddefjorden 27.9.1887: https://media.digitalarkivet.no/view/310/19

 

Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Naustdal bygdebok, Gards- og ættesoge, band II - Fimland:

 

Husmannsfamilier på Fimland, side 493: 

 

"Kr. 1829

 

Bendik Nilsson og Kristina Olsdotter fekk et barn her. 

a. Nikolina Maria, f. 1829. Ho fekk i 1858 et barn, Petra Nikolina, med ein Per, kjøpmann frå Ålesund. ". 

 

Det står ikke noe mer i bygdeboka, men det bekrefter vel dine funn om barnet, født 1858, Lars. Jeg kan ikke se at det er oppgitt noe navn på plassen. 

Edited by Grethe Flood
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Nicoline Bendixdatter f. 1829 er registrert i fattigmanntallet for Bergen - dels som pige, dels som kone:

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000040245

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000047168

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000051060

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000041806

 

Hun giftet seg i Sandviken i 1880 med Peter Nicolai Randulf Heide:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001674941

 

SAB, Sandviken Sokneprestembete, H/Haa/L0002: Ministerialbok nr. A 2, 1878-1896, s. 144
https://media.digitalarkivet.no/view/7171/143

 

Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Ekteparet Heide i Bergen i 1891:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994012160

 

Peter og Nikoline i fattigmanntallet for Bergen - jf. Nikoline i fattigmanntallet ovenfor: 

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000051058

https://www.digitalarkivet.no/view/50/oc0000000004056

 

Nicoline Marie døde 17.01.1898 og ble gravlagt fra Johannes i Bergen 22.01.1898:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000437912

 

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 06/06Na/L0006: Dødsfallsjournaler, 1893-1898, s. 213b-214a
https://media.digitalarkivet.no/view/27888/215

 

Hun ble gravlagt av fattigvesenet. Etterlot seg ektemannen Petter. 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for kjempespennande og nyttige innlegg!

 

Det var jo særleg interessant å sjå at Peter Heide og Nicoline Marie kom saman att etter so mange år og levde dei siste åri i lag som mann og kone i Bergen!

 

Men det er altso ikkje oppgjeve noko namn på denne husmannsplassen under Fimmeland der Nicoline var fødd og oppvaksi.  Og båe foreldri var tydeleg avlidne før 1865, so me finn ikkje plassen nemnd der heller!?

 

Men kanskje er det nokom med lokal kunnskap som kan ha «peiling» på kvar plassen deira låg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne «gåta»!

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg.

 

Petrine Nicoline voks opp som adoptivdotter hjå Anders G. Wigdahl frå Luster, som sidan vart kjend som kunstmålar, og det er ogso òrsaki til at eg nemner ho i mitt manuskript.  Ho budde òg hjå dei i 1870, og i 1875 nytta Petrine sogar Vigdal-namnet: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295018961

 

Linken til konfirmasjonen i Kinn 1845 er forresten feil.  Her er den rette: https://media.digitalarkivet.no/view/6891/21

 

Pussig at Nicoline vart konfirmert i Kinn.  Kanskje foreldri hennar døydde tidleg?  Dei fekk visstnok ikkje fleire born enn denne eine dotteri det eg kan sjå...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til «oppklaring» av denne huslyden!  Hadde berre nokon kunne kasta ljos over denne bustaden under Fimmeland...

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.