Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Johannes Guttormson Vigdal, fødd i Luster 1840 - gift to gongar i Bergen - først med ei enkje frå Skogn og sidan med ei jente frå Lindås - kven var desse konene hans, og kvar vart det av Johannes til sist?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Johannes Guttormson Vigdal var fødd i Luster 15.5.1840, men flytte på 1860-talet til Bergen.

 

Ved FT1870 (som digitalarkivet diverre ikkje vil gjera tilgjengeleg...) syner Johannes som handelsbetjent hjå brennevinshandlar Christopher Munthe i Stølegaten i Sandviken, Bergen, men 12.11.1871 gifte Johannes seg første gongen i Domkyrkja i Bergen med:

 

Oline Birgitte Larsen, enkje, fødd i Trondheim 14.8.1828.  I merknadsfeltet står det at første mann hennar døydde 2.2.1865: https://media.digitalarkivet.no/view/8333/162

 

FT1875 for Bergen syner at kona heitte Oline Vigdal, f. Bertelsen, fødd i Levanger 1828: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295017703

 

Eg finn dei ikkje i FT1885, men i FT1891 er kona kalla Oline Bergithe Vigdal, fødd 1828 i Alstahaug Bruvik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994058227

 

Oline Vigdal døydde i Bergen 25.3.1899, og her er ho oppgjevi fødd i Levanger 1828: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000280509

 

Skal me tru fødselsdatoen oppgjevi ved vigsli hennar, kan det sjå ut til at det er denne jenta me er på leiting etter:

 

Olianna Bergitte, fødd «uekte» 14.8.1828 og døypt 31.8.1828 i Alstahaug sokn i Skogn av foreldri enkjemann og kårmann Bertel Pederson Brendmaal og jenta Magdalene Olsdotter Røslien under Hasloe: https://media.digitalarkivet.no/view/16394/40

 

Og då må dette vera første ekteskapet hennar i Krosskyrkja i Bergen 24.3.1861 med Anfind Johan Larsen, fødd i Domkyrkjesokni 30.5.1829: https://media.digitalarkivet.no/view/8345/122

 

Men noko dødsfall finn eg ikkje for Anfind Larsen, i alle fall ikkje i Bergen, og heller ikkje finn eg Olina/Olianna i FT1865 for Bergen!

 

~~~~~

 

Når det gjeld denne første kona til Johannes Guttormson Vigdal, har eg følgjande utfordringar:

 

** Kven var far hennar, Bertel Pederson Brendmaal?

 

** Kven var mor hennar, Magdalene Olsdotter Røslien under Hasloe?

 

** Kvar vaks Olina/Olianna opp?

 

** Kvar budde Olina/Olianna i 1865?

 

** Dødsfallet til Anfind Johan Larsen, som skal vera avliden 1865?

 

** Fekk Olina/Olianna born?

 

~~~~~

 

So finn eg Johannes G. Vigdal som enkjemann og steinarbeidar i Bergen i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335026838

 

Men han gifte seg att i Krosskyrkja i Bergen 8.10.1904 med Anne Christine Andersdotter Fæste, f. Lindås 1861: https://media.digitalarkivet.no/view/314/14

 

Og i 1910 finn eg Johannes og kona Anna Kristine som plassfolk under Feste søndre på Lindås: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036704002828

 

Anna Christine var fødd på Lindås 17.12.1861, og kyrkjeboki seier foreldri var husmann Anders Monsson Saltnæs med kona Anna Fredriksdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005142811

 

Her er huslyden som husmannsfolk på ein plass under Saltnes på Lindås i 1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1263&kenr=015&bnr=0068&lnr=000

 

Her er vigsli til foreldri på Lindås 30.4.1852: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000783287

 

Og her er endeleg Anna Kristine med foreldri sine i 1891 på plassen Pestviken under Fæste på Lindås: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052991000802

 

Eg tolkar dette slik som at Anders Monsson og kona Anna Christine Fredriksdotter (Kramer) på eitt eller anna tidspunkt flytte frå plassen deira under Saltnes til plassen Pestviken under Fæste, og det ser likeins ut til at Johannes Vigdal flytte inn der då han i 1904 gifte seg med Anne Christine Fæste?

 

Noko dødsfall har eg so langt ikkje greidd å finna for Johannes Vigdal, men Anna Christine Vigdal døydde som enkje på pleiestiftelsen i Bergen 29.10.1925: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000002032477

 

~~~~~

 

Når det gjeld andre ekteskapet til Johannes Guttormson Vigdal, har eg følgjande utfordringar:

 

** Dødsfallet til Johannes Guttormsn Vigdal - mellom 1910 og 1925?

 

** På kva gard/plass på Lindås var Anders Monsson (Fæste) oppvaksen?

 

** På kva gard/plass på Lindås var Anna Christine Fredriksdotter Kramer oppvaksi?

 

** Har eg tolka dette rett når det gjeld flyttingi til Anders Monsson frå Saltnes til Fæste og at Johannes Vigdal overtoki same plass?

 

** Kva plass under Saltnes budde Anders Monsson på før han flytte til Fæste?

 

Er me heldige, vil vel bygdebøkene for Lindås kunne gje oss svar på det meste av dette?

 

~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om huslyden til Johannes Guttormson Vigdal og konene hans!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

** Dødsfallet til Anfind Johan Larsen, som skal vera avliden 1865?

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 3 (1861-1878), Dødsfallsprotokollside, Side 188b-189a
https://media.digitalarkivet.no/view/8333/162

 

Fant dødsfallet anmeldt her og gikk så til dødsfallsprotokollen - Bergen Adressecontoirs Efterretninger 01.08.1871:

 

 

Anfind Johan Larsen dødsfall.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1875 bodde Anne Christine og familien på Fæstevigen i Lindås:

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1263&kenr=013&bnr=0010&lnr=00

 

Anders Monsen er født i Myking sokn Lindås prestegjeld i 1822. Ved giftermålet har han bosted Skouge, men bruden har bosted Munkeberg. Brudgommens far er Mons Olsen, medhjelper, og brudens far er Fr Chr Kramer, "afg. Klokker". 

 

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=86229

 

Her kan du kanskje også finne en del stoff: 

 

Dåpen til Anne Kirstine, datter av avdød klokker Frederik Cramer og Marthe Aschildsdatter Munkeberg (farsnavnet til mor er vel egentlig Steffensdatter):

Hordaland fylke, Lindås, Austrheim, Fedje, Myking, Lygra, Sandnes i Lindås, Ministerialbok nr. A 7 (1816-1823), Fødte og døpte 1816, Side 10
https://media.digitalarkivet.no/view/11577/10

 

Her er tvillingbroren Hans Albrecht - se nr. 43:

Hordaland fylke, Lindås, Austrheim, Fedje, Myking, Lygra, Sandnes i Lindås, Ministerialbok nr. A 7 (1816-1823), Fødte og døpte 1816, Side 9
https://media.digitalarkivet.no/view/11577/9

 

Anne Christines konfirmasjon i 1832 - Munkeberget: 

Hordaland fylke, Lindås, Austrheim, Fedje, Myking, Lygra, Sandnes i Lindås, Ministerialbok nr. A 8 (1823-1836), Konfirmerte 1832, Side 254
https://media.digitalarkivet.no/view/11578/263

 

---------------------------------------------------------------------------------------

Giftermålet i 1796 mellom Fredrik Cramer og Martha Steffensdatter:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000610893

 

Her er trolovelsen i 1796:

Hordaland fylke, Lindås, Austrheim, Fedje, Myking, Lygra, Sandnes i Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1796, Side 65
https://media.digitalarkivet.no/view/11575/66

 

Og her er giftermålet i kirkeboka:

Hordaland fylke, Lindås, Austrheim, Fedje, Myking, Lygra, Sandnes i Lindås, Ministerialbok nr. A 5 (1791-1813), Kronologisk liste 1796, Side 66
https://media.digitalarkivet.no/view/11575/67

 

Her er vel dødsfallet til klokker Kramer - nr. 42 - 77 år gammel: 

Hordaland fylke, Lindås, Austrheim, Fedje, Myking, Lygra, Sandnes i Lindås, Ministerialbok nr. A 7 (1816-1823), Døde og begravede 1817, Side 96
https://media.digitalarkivet.no/view/11577/97

 

Hordaland fylke, Lindås, Austrheim, Fedje, Lygra, Myking, Sandnes i Lindås, Klokkerbok nr. A 1 (1816-1823), Døde og begravede 1817, Side 96
https://media.digitalarkivet.no/view/11580/97


Dødsfallet til Martha Steffensdatter, f 1773

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000223292

 

Det stemmer bra med oppgitt fødselsår (beregnet) 1774 i folketellingen 1801:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058388000036

 

Martha var 27 år i 1801 og ektemannen var 62. Det gir en aldersforskjell på 35 år! Og klokkeren døde altså 77 år gammel, kort tid før hans siste to barn ble født og døpt i 1816! 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Lars J. for nyttige og spennande innlegg!

 

Dette må ein vel seia er ein «viderløftig» huslyd med mange «eksotiske» innslag, men so vidt eg kan sjå, er det aller meste komme på plass.

 

Noko som framleis for meg står som lite vette «uklårt», er kvar Olianna Bergitte Bertelsdotter kan ha vokse opp.  Difor har eg no blatt meg fram til konfirmasjonen hennar, som eg ser fann stad i Skogn i 1843: https://media.digitalarkivet.no/view/2469/155

 

Når det gjeld mor hennar, Magdalena eller Malena Olsdotter, so var ho frå plassen Røslien, men gardsnamnet må vera Stavlo og ikkje Haslo, og då er det vel eit spørsmål om det kanskje var ho som 3.11.1831 gifte seg i Skogn med Aage Olson Nordre Sandberg.  Far hennar er oppgjeven som husmann Ole Nilsson Nedre Stavloval, og han er òg ein av forlovarane: https://media.digitalarkivet.no/view/16394/169

 

Aage og Malena fekk mange born, og i 1865 budde dei som husmannsfolk på Rendenaunet under Renden i Skogn: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038337001131

 

Men før dette ser det ut til ut dei i mange år var plassfolk under Alnæsval, som til dømes her:

 

* Ane Martha, f. i Skogn 3.7.1838: https://media.digitalarkivet.no/view/2469/21

 

* Ingeborg Anna, f. i Skogn 27.1.1845: https://media.digitalarkivet.no/view/2469/73

 

* Elisæus, f. i Skogn 24.7.1849: https://media.digitalarkivet.no/view/2469/103

 

Det hadde vore litt interessant å sjå korleis denne huslyden er omskriven i bygdeboki for Skogn?

 

Her følgjer då eit tilsynelatande komplett manuskript for Johannes Guttormson og huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Guttormson {Vigdal}, f. {i Luster} 15.5.1840,

Johannes Vigdal flytte til Bergen i 1860‑åri, og i 1870 finn me han som handelsbetjent hjå brennevinshandlar Christopher Munthe i Stølegaten i Sandviken.  Johannes gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 12.11.1871 med enkja Olianna Bergitte, kjend som Olina Bertelsdotter Larsen, visstnok frå Rendenaunet under Renden i Skogn.  Ho var dotter av tidlegare gardbrukar og dåverande kårmann og enkjemann Bertel Pederson på Brendmål i Skogn og jenta Malena Olsdotter frå Røslien under Stavlo nedre i Skogn, sidan husmannskone på Rendenaunet under Renden i Skogn, og f. i Alstahaug, Skogn 14.8.1828.  Ho gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 24.3.1861 med Anfind Johan Larsen (Bøe) frå Bergen.  Han var son av bøkkarsvein Lars Gullak Anfindson Bøe i Bergen, opphavleg frå Herdlevær i Manger, og kona Giske Andersdotter frå Bergen og f. i Bergen 30.5.1829.  Anfind var matros, og han og Olina budde i Bergen, men Anfind siglde i utanriksfart og d. under opphald på Haïti 2.2.1865.  Johannes var steinarbeidar og sidan kommunearbeidar Bergen, og han og Olina budde mellm anna i Sydnæsgaten og sidan i mange år i Lille Øvregaten i Bergen der Olina d. som almisselem 25.3.1899.  Johannes gifte seg att i Krosskyrkja i Bergen 8.10.1904 med Anne Christine Andersdotter frå Feste på Lindås.  Ho var dotter av husmann Anders Monsson i Pestviken under Feste søndre, opphavleg frå Skauge på Lindås, og kona Anna Christine Fredriksdotter Kramer frå Munkeberget under Lindås prestegard og f. på Saltnes på Lindås 17.12.1861.  Johannes tok med Anna over som plassfolk i Pestviken under Feste søndre på Lindås der Johannes d. som husmann 15.3.1921.  Anne Christine Vigdal var i mange år spedalsk og d. som enkje på pleiestiftelsen i Bergen 29.10.1925.  Johannes Vigdal fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, og Olina fekk heller ikkje born i første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Om noko ser noko her som er feil, vonar eg de seier frå om det...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste avklarande innlegget!

 

Jau, du har nok finne «rette» folki, ingen tvil om det.  Forfattaren har rett nok ikkje følgd Ole Nilsson vidare til Røsslien under Stavlo, men me veit jo han budde der då dotteri Malena gifte seg i 1831!

 

Elles vert ikkje dotteri Oliane Bergitte nemnd med eit einaste ord, so kvar ho kan ha vakse opp, er framleis ganske so uvisst...

 

Men nærare sanningi trur eg ikkje me kjem, so eg vil no oppfatta dette problemet som løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand til å oppnå dette!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.