Gå til innhold
Arkivverket

Østen Larsson Heltne - fødd i Luster 1832 - maskinist i Bergen - døydde på 1880-talet - døtrene hans i Christiania?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg er heilt mållaus.  Hjarteleg takk til Grethe og Lars W. for heilt fantastiske innlegg!

 

Særleg er eg imponert over at dødsfallet til Østen Larsson Heltne kjem «nærare» ei løysing.  Han døydde med andre ord i Shanghai, tydeleg mellom september 1878 (eller kanskje 1877?) og april 1880.  Eg har blatt litt i dødsmeldingslistene for Bergen for perioden september 1878 til april 1880, men kan ikkje sjå spor etter Østen, men eg KAN ha oversett noko.  Den skrifti er ikkje alltid like god å tyda...

 

Då er eg glad for å kunna syna fram eit manuskript som etter mine mål er heilt komplett, bortsett frå dødsfallet til Østen...

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Østen Larsson {Heltne}, f. {i Luster} 9.9.1832,

Østen Heltne flytte òg til Bergen i ung alder og gifte seg i Domkyrkja 16.5.1858 med Halfrid Halvorsdotter frå Risen i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Halvor Trondson på Risen og kona Ingeborg Hansdotter frå Dingen og f. i Gulen 23.6.1828.  Østen Heltne var fyrbøtar og sidan maskinist.  Han og Halfrid budde ei tid i Sydnæskleven og sidan i Skivebakken i Bergen, men Østen d. undervegs i Shanghai, China

 

##### (dødsdatoen hans? – mellom september 1878 og april 1880?)

 

Halfrid Heltne d. som enkje i Baglergaten 18.1.1896.  Dei fekk seks born i lag:

a. Laurits Ananias Østenson Heltne, f. i Bergen 5.5.1859, d. i Bergen 8.4.1874.

b. Herman Johan Østenson Heltne, f. i Bergen 13.12.1860, d. som kontorbod i Bergen 8.4.1880, ugift.

c. Laura Caroline Østensdotter Heltne, f. i Bergen 16.6.1863, d. i Bergen 4.6.1877.

d. Thora Henrikke Østensdotter Larsen, f. i Bergen 9.7.1865, d. i Christiania 28.11.1923.  Thora gifte seg i Nykyrkja i Bergen 28.11.1886 med Otto Johan Christoffersen frå Bergen, sidan kjend som Otto Thallaug.  Han var f. i Bergen 16.7.1863 og d. på Jar i Bærum 1.5.1939.  Otto var maskinist, først dampskipsmaskinist til sjøs og sidan ved vegstellet før han vart fabrikkmaskinist for so sidan å gå attende til maskinist i vegstellet.  Han og Thora budde i Christiania (Oslo) levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg to pleieborn.

 

     ##### (pleieborni;

            * Petra Olefine, f. Bergen 6.4.1890 – n. 1900/1905 – gift med Kristian Løvstad og d. 11.7.1972

            * Rolf (Knutsen) Thallaug, pleieson, f. Christiania 11.11.1903 – n. 1910!)

 

e. Hilda Gurine Østensdotter Heltne, f. i Bergen 22.8.1867, d. i Bergen 20.4.1873.

f. Anna Johanne Østensdotter Larsen, f. i Bergen 25.11.1869, d. i Oslo 28.9.1951.  Ho gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 21.11.1896 med Marentius Martinusson Sundseth frå Storsveet under Sundseth øvre i Mosvik, Ytterøy, f. på Sundsethaug i Mosvik 5.10.1869.  Han d. i Oslo 10.2.1947.  Marentius var dampskipskokk, men vart sidan vegstellsarbeidar og valseførar.  Han og Anna budde i Christiania (Oslo) levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg ein pleieson.

 

     ##### (pleiesonen:

            * Alf Olsen Sundseth, f. Christiania 23.11.1903, d. Oslo 21.5.1970 – gift med Anna Margit 1904-1963)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.