Jump to content
Arkivverket

Anna Johannesdotter Hammarslott (1765-1844) - frå Luster til Vik - huslyden hennar? - ei stor utfordring!?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Med utgongspunkt i mellom anna denne vigsli frå Vik 4.3.1823 mellom

Jens Hermundson Lilleøren, ungkarl 25 og

Anna Johannesdotter Vigøren, jente 59 der far hennar er oppgjeven vera Johannes Sølfestson Hammerslott:

https://media.digitalarkivet.no/view/11757/91

 

og denne barnedåpen i Vik frå 9.3.1802 for

Johannes, «uekte» son av Anna Johannesdotter Skjerven, fødd i Luster, 1ste leigarmål, og Ole Sjurson Breien, tredje leigarmål:

https://media.digitalarkivet.no/view/11756/68

 

sette eg i si tid opp følgjande manuskript for huslyden til Anna Johannesdotter, dotter av Johannes Sølfestson og kona Martha Pedersdotter. husmannsfolk på plassen Hammarslott under garden Heltne i Luster:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Johannesdotter {Hammerslott}, døypt {i Luster} 6.9.1765,

Anna Johannesdotter flytte i svært ung alder til Vik og varrt truleg òg konfirmert der.  Ho tente på Vikøyri i mange år, men gifte seg so i Vik 4.3.1823 med Jens Hermundson frå

 

##### (kvar var han oppvaksen? – Hola i Vik? – 1801 fosterbarn på Åse i Vik!)

 

Han var son av

 

##### (Hermund Ingebrigtson Skjerven – opphav og bustad? – gift i Vik 8.6.1800 med Alis Hermndsdotter Steie)

 

og jenta Britha Jensdotter frå

 

##### (opphav og bustad?)

 

og vart døypt i Vik 4.10.1797.  Jens og Anna slo seg ned som plassfolk på Vikøyri i Vik der Anna d. 5.3.1844.  Jens gifte seg att i Vik 27.12.1845 med enkja Britha Nilsdotter, opphavleg frå Vikøyri.  Ho var dotter av husmann Nils Jonasson på Vikøyri, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Kari Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og vart døypt i Vik 8.3.1793.  Men Britha d. på Vikyri alt 19.11.1846, og Jens gifte seg tredje gongen i Vik 11.11.1847 med Gjertrud Andersdotter frå

 

##### (opphavet hennar Hove i Vik?)

 

Ho var dotter av

 

##### (yrkesttel?)

 

Anders Mortenson på

 

##### (bustad på eller under Hove? – 1801 dreng på Hove, f. 1777!)

 

og kona Mari Anfindsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – frå eit bruk på Seim og f. kring 1776?)

 

og vart døypt i Vik 8.9.1804.  Jens og Gjertrud vart buande på Vikøyri

 

##### (borte derifrå før 1865 – kvar vart det av dei?? – seinare lagnad??)

 

Me veit berre om eitt barn etter Anna Johannesdotter, og det var ein son som ho fekk før ho gifte seg:

 

##### (kan ho ha hatt fleire born? – oppl.?)

 

a. Johannes Olson, son av Anna og

 

     ##### (Ole Sjurson Breien  tredje leigarmål! – kven var han?)

 

     vart døypt i Vik 9.3.1802,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Som ein vil sjå, manglar eg ganske so mange detaljar om lagnaden til denne huslyden, ikkje berre det faktum at Jens Hermundson gifte seg att to gongar etter at Anna døydde og sidan forsvinn, men òg det faktum at einaste kjente barnet etter Anna, sonen Johannes Olson frå 1802, forsvinn for oss.

 

Kanskje er det med dei nye bygdebøkene for Vik og elles «moderne hjelpemiddel» mogeleg å oppgradera dette manuskriptet til «moderne standard»?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Lars: Jens Hermundsen f 1798, er omtala i Ættabokji frå 2008 på s. 222.

Foreldra til Jens på s 248: Far, Hermund Ingebr.son Skjervold f 1769 d 1838. Mor: Brita Jensdtr Seimsøyri f 1774

(G.Balvoll, forfattar av Ættabokji,  brukar Seimsøyri, der andre ville ha brukt Vetleøyri/Lilleøen) 

I 1801 er Brita på Åse i Arnafjorden. 

 

Brita Nilsdatr (1793-1846) sitt opphav/foreldre: Nils Jonasson f 1764 frå Lærdal gift 1793 m/ Kari Andersdtr «Karevoll» 1761-1834.

i og med at Karevoll er i hermeteikn, har ikkje Ættabokji frå 2008, vist kvar ho kom frå !!

 

Kone nr 3: Gjertrud Andersdtr Hove f 1804. På s 152 i Ættabokji frå 2008 er far, Anders Monsen Hove 1777-1826 og gift (når ?) m/ Marie Anfinnsdtr Seim f 1776. 

Familen byrja på Hove. 1810: Åberge, Sogndal. Så pakta Nybø, Leikanger. Marie døydde mogelig før dei kom attende til Hove.

 

Jens og Gjertrud reiser til Amerika i 1864.

Link to comment
Share on other sites

Jens og Gjertrud reiste frå Vik til Amerika 20.4.1864.  Nr 21 og 22.

Kjelde: URN:NBN:no-a1450-kb20070306620437.jpg

 

Dei er og nevnt i «Ein stad skal ein væra».  Men ikkje kor dei kom, og event når dei døydde.

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Grethe og Jon for nye spennande innlegg!

 

For å ta til med saki om utvandringi av Jens og Gjertrud frå 1864,. so finn me dei att i Amerika:

 

FT1870 Windsor township, Dane Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-GD5

 

FT1880 Windsor township, Dane Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBP-D4

 

Det er truleg han som ligg gravlagd ved Norway Grove og som døydde der 20.7.1880, sjølv om gravstøtta ikkje syner ein høgre alder enn 69 år og 9 månadar!?  Gjertrud ser eg ikkje noko til i gravferdsregisteret derifrå!

 

Elles, om eg forstår deg rett, Jon, so var Anders Mortenson opphavleg frå eit bruk på Hove og han hamna til sist som gardbrukar same staden!?  Men eg finn han ikkje avliden i 1826!!?

 

Og eg har òg vanskar med Hermund Ingebrigtson som du kallar Skjervold!  Han skal vera avliden i 1838, men det dødsfallet finn eg heller ikkje...  Den einaste som eg finn, er ein husmann Hermund Ingebrigtson Fjærestad som døydde 31.12.1837: https://media.digitalarkivet.no/view/11758/190

 

Når det gjeld sonen til Anna, so vert kanskje han den store «bøygen» her...  Eg veit ikkje om bygdeboki for Vik nemner han i det heile...?  Eg finn han ikkje mellom dei vigde i Vik fram til 1850!

 

Men kven var eigentleg Ole Sjurson Breien?  Det namnet kjenner eg ikkje frå Vik...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Ole Sjurson Breien. Kven er det, spyr du om Lars ! Ja, kven er han ??

 

Han får fleire ongar før han er gift, iflg Gamle DA:

28.9.1800: Raghilla m/ Cecilia Ingebrdtr. Då bur Sjur på Brekke.

5 dagar før: 23.9.1800:  Brita m/ Martha Johannesdtr. Då bur Sjur i Hagen.

9.3.1802: Johannes m/ Anna Johannesdtr, f i Luster. Sjur bur då i Skjerven.

 

Michel døypt 15.11.1812.  Då er Ole Sjursen gift for ingen er ekte !

Lars:  Alle datoer i dette innlegget her er dåpsdatoer !

 

Når gifta Ole Sjursen seg ?  Og kvar hen ?

 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.